Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

I natt sov M heile natta! :daane: Han har hatt nokre veldig gode netter no, utan oppvåkning før i 5-tida, og i går sovna han i 20-tida, våkna ca 20.45 for litt påfyll og sov resten av natta heilt til kl 6! Eg veit det ikkje varer, men det har vore innmari godt å få sove heile netter og få kome seg litt ovanpå igjen. Og eg anar ikkje kvifor han plutseleg har sove så godt..eg propper han full med kveldsgraut og fruktmos like før sengetid, i håp om at han skal sove lenger, så kanskje det funker? :vetikke: Ikkje veit eg.. :)

Og i går hadde vi ein tilnærma perfekt dag sånn sovemessig, med to lurar på 2,5 timar..det har vel heller aldri skjedd før :fnise:

Ellers så er han framleis ein liten sjarmør som bablar iveg med dadada og mamamamama og babbababba og neineinei (det siste der har han vel lært av meg.. :gjeiper: ). Han leiker "titt-tei/kvar er mamma/Magnus/pappa hen?", er glad i mat og VELDIG glad i pupp, rekk stadig høgare opp på kommodar/bord/vinduskarmar etc og syns stereoanlegget er kjempespennande :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I dag var eg på kafé saman med ei av dei som eg var på sånn gruppemøte med på helsestasjonen. Det var kjekt :) M fekk helse på ein jamnaldring, ikkje så ofte det skjer, så eg håper vi treffast fleire gonger også :)

Ellers så går det i same tralten ;) M har såvidt begynt å vinke no, så det er jo stas :) Og så har andre tanna begynt å kome opp også, så no har han nesten to tenner nede :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er deilig når de sover hele natten da. :)får håpe det blir en trend framover. ;)

Ja, det er superherlig! :) Viktig å hugse på slike netter i dårlige perioder ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er alltids herlig når de sover natta. C fikk mme i går (for første gang) og sov litt da, men det var først når hun fikk påfyll av mm (rundt 22) at hun sovnet og sover enda. C er en baby som står opp kl. 06.30 hver dag, så.. Ja.. Er nesten litt overrasket.

Det er stas når de vinker, og så søtt! :jepp: C gjør det bevisst til alle som går.. :rodmer: Blir jo stolt av henne da! :jepp:

Det er greit at de små får komme i kontakt med andre i deres aldersgruppe, synes jeg. Får vondt av C når hun bare er med meg, da hun er veldig sosial og nå har begynt å synes mamma er kjedelig, med unntak av når hun skal ha klem. :skratte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er alltids herlig når de sover natta. C fikk mme i går (for første gang) og sov litt da, men det var først når hun fikk påfyll av mm (rundt 22) at hun sovnet og sover enda. C er en baby som står opp kl. 06.30 hver dag, så.. Ja.. Er nesten litt overrasket.

Det er stas når de vinker, og så søtt! :jepp: C gjør det bevisst til alle som går.. :rodmer: Blir jo stolt av henne da! :jepp:

Det er greit at de små får komme i kontakt med andre i deres aldersgruppe, synes jeg. Får vondt av C når hun bare er med meg, da hun er veldig sosial og nå har begynt å synes mamma er kjedelig, med unntak av når hun skal ha klem. :skratte:

Ja, han har hatt eit par netter no der han sover heile natta, og det er veldig deilig :) Men laurdag var det morgon kl 5, så sjølv om han sov heilt frå kl 20.30 (vi var ute på tur, og kom heim litt seint) til 5, så var det gaaanske tidleg for meg da :sjenert: I dag sov han heilt til kl 6.55 og det gjorde godt :jepp:

Eg er redd M skal kjede seg saman med meg, men eg trur han har det ganske fint eigentleg. Men eg håper likevel at han skal få seg nokre venner på same alder, sånn han kan vere litt sosial med babyar, og ikkje berre meg og pappaen :) Han er i alle fall alltid interessert når han ser babyar :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

De blir ekstra interessert når de ser barn og babyer ja, så de skjønner jo tydeligvis at det er forskjell på barn og voksne

:)

Hvordan gjør du det når du legger han? Sovner han selv?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De blir ekstra interessert når de ser barn og babyer ja, så de skjønner jo tydeligvis at det er forskjell på barn og voksne

:)

Hvordan gjør du det når du legger han? Sovner han selv?

Ja, det er heilt tydeleg at dei skjønner at barn er barn, og då får dei ein spesiell conncetion :)

Huff, eg gjer det heilt sikkert heilt feil etter lærebøkene, men eg ammer han til han sovnar, og viss han ikkje sovnar så koser eg med han (bysser, stryk han, syng etc) til han sovnar. Så ber eg han ut i senga og legg han der... Alle helsesøstrer hadde sikkert steila hadde dei høyrd det :fnise: Eg har berre ikkje hjerte til å legge han våken i senga og høyre gråten :sjenert:

Haha, men tidlegare i dag satte eg han i senga saman med masse leiker, for eg skulle berre kvile meg bittelitt..etter ei stund vart det mistenkeleg stilt, og då hadde han sovna! :fnise: Med handa rundt ei bok og midt oppi alle leikene :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er sjokkert, rett og slett! :sjokkert: M la seg kl 20 i går, sov til rundt 3, fekk pupp og sov litt saman med oss. La han i senga si kl 5, han sov til 7.30 (som var veldig bra til å vere han, tenkte eg..). Høyrde at han leika seg litt i senga, men ingen gråt eller noko sånt, så eg tok ikkje han opp. Så vart det stilt igjen, og han sov heilt til 9.30!! Då tok eg i døra for å høyre om han levde (eg såg for meg hovudet gjennom sprinklane og kvalt.. :sjenert: ) og då våkna han. Men hallloooooo, 9.30?!?! Det har aldri skjedd før! :daane:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilbake etter ei helg i øydemarka ;) Vart med mannen på tur til gården vår, han gjekk på jakt saman med ein kompis, eg var inne og passa M. Gjekk meg eit par trilleturar på laurdagen og ein tur på søndagen, medan dei var på jakt. Vart litt einsamt på laurdagen, men M er ein god gut som er god å klemme på :) Sjølv om han ikkje alltid svarar så fornuftig, så er det mykje glede i han :)

I dag var vi på helsestasjonen, og M har blitt ein stooor gut på 11150 gram og 76,5 cm :) Helsesøstra spurte om eg framleis ammar, og det gjer eg, så då var det ikkje så gale at vekta aukar jevnt og trutt. Det hadde visst vore verre viss han fekk mme, for den er visst feitare. Ellers så sa ho at mykje har skjedd motorisk sidan sist, men det er ikkje så rart, for det er jo snart 2,5 mnd sidan ;)

Fine guten min er heile 10 månader i dag! :daane: Tida går fort! Berre 2 månader igjen til 1-årsdag! Vi har så smått begynt å tenke på selskap, men berre så smått ;) Det blir ikkje noko storselskap, men vi blir ca like mange som til dåpen, altså mellom 20-25. Spørs kor mange som kan kome :) Stova er heldigvis stor nok ;)

Var på fotograf på fredag og fekk tatt siste rest av bileta av M :) Vart mange fine, og vi skal tilbake 5. oktober og få sjå bileta og snakke litt om kva vi kan bestille og sånn :) Gler meg til å sjå :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har hatt eit par gode veker no, men eg tør framleis ikkje håpe på at det er noko som kjem til å vare. M sover ca til kl 8 kvar morgon no for tida. Det er veldig deilig :jepp: Og nokre netter sover han heile natta. I går sov han frå 21 til 4.30, og så (etter litt makking i senga) frå 4 til 8 :) Og i dag sov han frå ca 22 (då våkna han for litt pupp) til 2, og så vidare til kl 8 :) Det gjer godt å komme seg litt ovanpå igjen :)

Han har også begynt meir og meir med berre to lurar, spesielt no i denne perioden der han våknar såpass seint. Han våkna kl 5 ein dag, og då måtte vi ha tre lurar :)

Ellers så er han ein innmari aktiv unge, som skal utforske alt mogeleg. Det aller mest spennande er ting som er forbudte, f.eks. vegguret (som har slike "kjettingar" som heng ned), tv-en, tv-benken, stereoanlegget, panelovnane (som for tida er avslått) og alt av leidningar. Det skal heller ikkje ligge noko på borda, han reinskar dei for alt av fjernkontrollar og aviser, og dei har difor heller ikkje dukar eller pynt på seg :) Det aller kjekkaste er når vi lagar til ein stooor bunke med reklame og aviser som han kan rive ned ein etter ein :fnise:

Og så trur eg tann nr 3 snart er på veg :) Framtann i overkjeven :) Frå før har han fått opp framtennene nede, dei har kome no siste månaden :)

Han er ein liten sjarmør, smiler til dei fleste, og liker å leike titt-titt og ellers tulle og le :)

Lille gullet mitt :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så deilig med gode netter. Dethar vi også for tiden. Men han har våknet klokken fem siste dagene da, fårhåpe det går fort over...:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så deilig med gode netter. Dethar vi også for tiden. Men han har våknet klokken fem siste dagene da, fårhåpe det går fort over... :)

Gode netter innimellom er gull verdt! :) Klokka 5 er tiiidlig, har hatt ein del slike morgonar..då er det ikkje mykje futt i meg (men i M, derimot..). Håper de får litt seinare morgonar de også snart :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ok natt i natt, M våkna ein gong (det er jo bra!), men han våkna også då mannen min skulle dra på jobb kl 6.30 ca. Låsen i døra vår smell ganske høgt, så eg vil eigentleg at han ikkje skal låse etter seg når han stikk, for det kan ofte vekke opp M (som har rom rett ved døra). Men når eg vil at døra skal stå ulåst, så trur mannen min det er fordi eg skal ha mannebesøk, så då får han berre låse da, og så blir eg litt morgongretten når M våknar, slik som i dag. Heldigvis, etter pupp og litt makking, så sovna han til att, og vi sov til 8.40.

Mannen min var litt gretten i går kveld også, fordi han blir sur viss eg er trøtt og vil sove, ikkje ha sex. Så når det går for lenge mellom kvar gong blir han usikker og sur. Og så blir han usikker fordi han meiner eg seier for mykje "glad i deg" og for lite "elsker deg"..så eg må få opp dampen her! Meir romantikk og sex! ;) Ikkje noko kjekt når mannen min er sur på meg..

I dag er det balldag, så i dag kjem svigermor på besøk og vi skal ha potetball til middag :) Og så er det endeleg helg igjen, er alltid godt å få mannen heim på torsdagane :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, han mannen din altså..Skjønner ikke hva det er han får for seg når han tenker som han gjør. Jeg hadde blitt kjempesur på kjæresten min dersom han hadde insistert på å låse døren (og vekke ungen) fordi han så for seg at jeg kom til å slippe inn mannfolk..Huff.

Jeg er redd du kommer til å bli gradvis ødelagt av at han holder på sånn som han gjør. Det er ikke sunt, og kan bryte deg helt ned :sukk:

Balldag..Hehe, her kaller vi det for komler! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, han mannen din altså..Skjønner ikke hva det er han får for seg når han tenker som han gjør. Jeg hadde blitt kjempesur på kjæresten min dersom han hadde insistert på å låse døren (og vekke ungen) fordi han så for seg at jeg kom til å slippe inn mannfolk..Huff.

Jeg er redd du kommer til å bli gradvis ødelagt av at han holder på sånn som han gjør. Det er ikke sunt, og kan bryte deg helt ned :sukk:

Balldag..Hehe, her kaller vi det for komler! :)

Av og til får han sprø tanker i hovudet ja.. Men etter at eg skreiv mld og sa eg vart lei meg når han tenkte slik, så har han faktisk latt vere å låse om morgonen :) Men han har massevis av gode sider også altså..eg må passe meg slik at de ikkje trur han berre er negativ, sidan det er veldig lett å fokusere på det negative.. Han er i bunn og grunn usikker på seg sjølv, og det går utover meg, dessverre.

Men han er veldig flink til å seie og skrive fine ting til meg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Her går dagane..dei er ganske like kvarandre ;) M er aktiv som alltid, men ser stadig utvikling :) Han er så søt når han sit der og bruker peikefingeren til forskjellige ting (klaffar i bøker, fikle med leiker, ta på ting) :rodmer: Masse babling på kaudervelsk, artig å høyre på :) Får han vondt, kjem det laaange utbroderingar som eg ikkje skjønner bæra av, anna enn at eg veit han har vondt, stakkaren.

Var i symjehallen på søndag, og det likte M veldig godt :) Masse å sjå på, og vatnet var godt og varmt. Snill i garderoba var han også :jepp:

På fredag skal vi til fotografen og sjå gjennom bileta som vart tatt av M, det gler vi oss til :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja er klart han har nok mange gode sider også. :) min klareste kan jo være ganske stygg når han er sint, men han har jo også mange fine sider. Så det vet jeg alt om, mi skjønner det er hovedsaklig når det er noe som plager deg at du skriver om det, noe som er helt naturlig..

Kos deg resten av uka! Jeg skal på konsert i helgen! Har gledet meg helt siden mai ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja er klart han har nok mange gode sider også. :) min klareste kan jo være ganske stygg når han er sint, men han har jo også mange fine sider. Så det vet jeg alt om, mi skjønner det er hovedsaklig når det er noe som plager deg at du skriver om det, noe som er helt naturlig..

Kos deg resten av uka! Jeg skal på konsert i helgen! Har gledet meg helt siden mai ;)

Ja, det er lettere å fokusere (og huske) på dei negative tinga..har høyrd at ein må komme med 12 positive ting for å veie opp for 1 negativ..Så då er det nok naturleg at ein husker så mykje betre på dei negative tinga, dei brenn seg lettere fast. Men vi hadde jo ikkje vore saman med fyrane våre viss dei ikkje var snille og gode også, så det må vi også huske på ;)

Kos deg på konsert! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag kjem svigermor til middag, og vi skal ha taco :) Gamle dama likar taco :fnise: Og ho er snill som spanderar, så gratis middag og kaffimat til oss ;)

M ligg og sover no, håper han sover ei stund :) Så kan eg få strikke litt ;) I dag har vi leika mykje, og kika i bøker. Han forstår meir og meir, f.eks. så har vi ei bok med teikningar av fisk, og når vi seier "fisk?" så peikar han på fisken! :) Og i går kika vi i ei dyrebok, og då kom der opp eit bilete av ein isbjørn..så då sa eg eit rim frå ei anna bok vi har; "Kulden bestemmer der isbjørnen bor, den lever på isen så langt mot nord". Og då kika han på meg, snudde seg til bokkassa, plukka fram den boka det verset står i, og bladde opp på isbjørnen ;) Flinke guten vår! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...