Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

I helga var eg og M heime hos mamma og pappa, og det var kjekt :) Mannen ordna noko heime i huset, og trengte arbeidsro, og det er ikkje mogeleg å få med M tilstades :P Makan til fingreklå og destruktiv adferd altså! :fnise: I dag kom det eit lyspunkt: han reiste oppatt planta han bruker å rive ned, hehe :)

Ellers så pratar han fint lite..det går i "MAMMA!!" "mamamamamaMAMMA" og "blblblblbl"...ikkje så mykje å skryte av, altså :fnise: Men det var ingen grunn til bekymring, sa helsesøstra :) Prøver på at han skal bruke mindre smukken på dagtid, håper det blir fortgang i sakene då :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Fortsetter under...

Har hatt ein fin påskeferie, fått pussa opp litt på kvardagane og slappa av på heilagdagane :)

M utvikler seg nesten frå dag til dag, og er blitt flink til mykje :) Han er sikkert ganske normal motorisk, men det er artig å sjå kva han klarer :) Han fyk opp trappa i ei rasande fart, og har begynt å øve seg på å gå ned trappa, med hjelp frå oss. Heldigvis held han seg unna trappekanten når vi ikkje er der, foreløpig. Han når opp til dei fleste dører no, så dei må låsast om vi skal halde han inne :P Vindauge er heller ingen problem, men han når heldigvis ikkje opp til barnesikringa, og han når jo ikkje opp til sjølve vindauget heller, utan at vi er der. Men han eeeelsker å få åpne dei!

Det ser ut til at han er bittelitt musikalsk, for han bruker å dirigere til klassisk musikk frå leika si, og han har lært seg å folde hendene når vi skal synge for maten :) Og av og til danser han (dvs. tramper) til musikk :)

Han skjønner også maaaasse, både av beskjedar, setningar og enkeltord. Men prate, nei, det gjer ikkje han :P Men det er heilt tydeleg at han øver seg, for bablinga går i eitt sett :)

Og så er han innmari god og fin :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig :hjerte: Og så koselig at dere synger før maten, da. :) Er det type "takke"-sang til Gud eller er det disse andre type "kua mi jeg takker deg"? :)

O sa sin første setning i dag :jepp: "Meire kjeks" :jepp: Ifølge barnehagepersonalet sa han kjeks veldig tydelig også! Det var litt artig. Spesielt siden vi nesten aldri har kjeks hjemme, men de har jo div. sunne kjeks de serverer barna når det er mellommåltid. :)

Noen barn samler jo opp mange ord inni seg før de plutselig begynner å snakke masse. Kanskje det er det M gjør. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig :hjerte: Og så koselig at dere synger før maten, da. :) Er det type "takke"-sang til Gud eller er det disse andre type "kua mi jeg takker deg"? :)

O sa sin første setning i dag :jepp: "Meire kjeks" :jepp: Ifølge barnehagepersonalet sa han kjeks veldig tydelig også! Det var litt artig. Spesielt siden vi nesten aldri har kjeks hjemme, men de har jo div. sunne kjeks de serverer barna når det er mellommåltid. :)

Noen barn samler jo opp mange ord inni seg før de plutselig begynner å snakke masse. Kanskje det er det M gjør. :)

Vi bruker å synge "Å, du som metter liten fugl" :) Vi har ikkje noko til overs for desse tøysesongane..då eg underviste 4. trinn song ho eine læraren om pulverheksa Abelone, og eg veit at i barnehagen der mamma jobbar syng dei eit eller anna om Ormen den lange. Men dei har jo ikkje noko med at vi får mat på bordet, så vi velger den kristne versjonen :) Men hallo, folk får gjere som dei vil :fnise: M er i alle fall kjempeflink og folder hendene, hihi :)

Så flink O er som har sagt ei setning da! :) Det er jo eit kjempeskritt :jepp: M seier "mamma", "MÆH" (det betyr "meir" og blir som oftast sagt slik: "MÆHMÆHMÆH!!!" medan han peiker på det han vil ha meir av :P ), og næ/nei :) Ellers går det i mhhh, brrrrr og slike lydar :fnise:

Men han kan masse..ingen problem med å peike på to bananar, alle marihønene, eremittkrepsen, elefanten (og då peiker han alltid også på leikeelefanten sin), bukse, genser etc :) Maaaange ord i ordbanken sin :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

I helga var eg og M heime hos mamma og pappa medan mannen min pussa opp heime. Det er nesten umogeleg å få gjort noko heime med M tilstades, for han er jo såå nysgjerrig og går og trakkar rundt beina til mannen min, slik at han ikkje får gjort noko :P Men vi kosa oss heime hos familien min :)

M snakkar framleis ingenting, men guri kor mykje han skjønner. Og han lærer fort. Pappa vart nesten imponert over kor fort han tek ting, og kor mykje han eigentleg skjønnar. Etter éin gjennomgang av figurane i Ole Brum-boka, klarte han å identifisere både Sprett, Tigergutt, Kristoffer Robin, Nasse Nøff, Ole Brum og Tussi, på første forsøk. Og han kan mange kroppsdelar, både hovud, hår, krøllar (han har nemlig masse fine korketrekkarar som han tek på når vi sei "fine krøllar" ;) ), øyre, auge, nase, munn, kinn, hake, mage, navle, peikefinger og storetå :) Og han kan bukse, genser, strømpe, vottar, lue, skjerf, jakke, støvlar, sko...og eg bruker å seie "M skal ha på seg lue, mamma skal ha på seg lue" og då peikar han først på sitt hovud og så på mitt :) Og samme med votter :P

Eg hadde ikkje blitt overraska det grann viss han plutseleg snakka med laaaange setningar, haha :P Neida, det kjem nok etterkvart, ord for ord. Men det er innmari artig at han skjønner så mykje :) "Plukk opp buksa di og legg den i badekaret"..okej, så gjer han det :) Og i går snakka vi om at viss han kjenner han må tisse eller bæsje, så kan han seie ifrå, så kan vi hente potta slik at han kan få sitte på den. Og då gjekk han og henta potta :) Men eg trur han hadde nettopp tissa, for han måtte ikkje tisse i alle fall :) I dag holdt han også på med potta, og hadde eg vore litt meir oppmerksom så skulle eg satt han på den, for han bæsja eit halvt minutt etterpå :P

Ellers så har vi fått barnehageplass frå hausten av, så då er det på tide å forberede seg :grine: Guten min skal ikkje vere heime med meg lenger.. hulk! Det skal nok gå bra, og det kjem til å gjere godt å jobbe, og eg er glad for å ha fått vere heime med han såpass lenge :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Artig når de forstår så mye, ja! Jeg blir også stadig overrasket over hvor mye O faktisk forstår! :) Herlig.

Det blir nok kjempebra for M å komme i bhg skal du se! Om han ikke snakker så mye innen da, så blir han nok å "knekke koden" når han kommer i barnehagen. :) De har veldig godt av å være der. Samspill med andre barn og voksne er viktig for utviklingen. :)

Dette med at barn er så stresset osv. av barnehage, det kommer mest fra slike store barnehager med opptil 60 barn med 20 barn fra 0-6 år per avdeling. O går i en barnehage på totalt 20 barn hvor hans avdeling er 10 barn fra 0-3 år. Det er veldig fint og rolig der og han stortrives og har aldri vist tegn til stress, noe man lett ser hos barn som går i store barnehager.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Annonse

Snart 17. mai og i år skal vi feire på heimstaden min :) M skal jo i barnehage til hausten, og då reknar eg med at frå då av så blir feiringane her vi bur no, for eg trur barnehageungane har eigen plass i toget..

Har ikkje festdrakt til M i år, det får heller bli til neste år. Han har ein fin blågrå lindress (bukse og vest) med kvitskjorte, som eg kjøpte i London, så han kan bruke den :)

Den siste månaden og litt til har M hatt veldig gode netter, og har sove stort sett natta gjennom dei fleste netter. Bortsett frå i natt, då tulla han litt frå 4 til 6. Problemet no, er at etter at vi skrudde fram til sommartid så har han brukt lang tid på å sovne, og sovnar seint. Nokre gongar sovnar han ikkje før 21..Det er for seint! Resultatet er at han sover heilt til 8-9-tida, og det er såklart fint det, men han burde legge seg før. Han brukar ofte over ein time på å sovne.. Prøver å ikkje la han sove for langt ut på ettermiddagen, og bør nok vere enda strengare på det. Og så må eg prøve å slite han ut meir ;)

Har lyst på leikeapparat i hagen, då blir det så kjekt å få komme seg ut og leike :)

Ellers så er han framleis ein godgut, og finn på mykje artig :) Han pratar særdeles lite, men har heldigvis begynt å seie pappa i tillegg til mamma :) Og PÆH om Postmann Pat :P Han er kjempeglad i bøker, og blir alltid superglad når eg spør om vi skal lese bok :) Og i det siste har han faktisk kunne sette seg ned og "lese" sjølv også, på golvet eller i ein stol :) Vi er veldig glade for at han liker det, for både eg og mannen min liker å lese :)

GOD 17. mai, folkens!! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Helsestasjon i dag, og M har blitt 86 cm lang og 13560 gram :) Lang og tung, men innanfor normalen :) Finfin bmi, sa helsesøstra :)

Skal prøve å stå opp litt tidlegare med M framover, for å prøve å få han til å sovne tidlegare på kvelden. For luren sin må han ha, men eg trur den må komme tidlegare på dagen. Derfor må eg gå og vekke han NO!! :P

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Var i barnehagen i dag og helste på dei som skal begynne der samtidig som M, og dei som jobbar der. Verkar triveleg der, og det var 9 nye barn i 1-2årsalderen :) M skal gå der saman med kompisen sin, som er nokre dagar yngre, så det trur vi blir kjekt. Men litt trist å sende han frå seg :P Men det er nok uunngåeleg, dessverre :)

M er litt sjenert, verkar det ut som :fnise: Dei fleste ungane gutsa på og leika seg frå første sekund, men M stod og sonderte terrenget litt, fann seg nokre bøker som han ville eg skulle lese saman med han, og var ganske rolig i begynnelsen. Etterpå fann han seg nokre dører og skuffer å holde på med ;)

Men ute, å, der trivast han :) Så forhåpentlegvis blir det veldig kjekt for han, og forhåpentlegvis er dei mykje ute og leikar og ute på tur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

1 stk febersjuk gut. Merka det i går kveld, han var varm og pusta lett og fort då eg la han. Merka ikkje noko tidlegare på dagen, han var akkurat den samme guten som alltid, så eg veit ikkje heilt kva som gjer det. Trur ikkje det er noko alvorleg, men det har vore ei litt uroleg natt. Han var jo sjuk i februar også, og då sov ikkje eg på heile natta, fordi han heller ikkje sov. Men i natt sov han i lengre periodar, så då fekk eg også sove. Låg mellom oss i dobbeltsenga frå ca 23 til 7, då la eg han inn på rommet sitt, og der sov han til 10. Så har vi tilbrakt dagen i dobbeltsenga igjen, men no ligg han og sover inne på rommet sitt. Håper alt går bra med han.. Han kasta opp i går kveld, og ein gong tidleg i natt, men ellers ikkje..så eg trur ikkje det er spysjuka. Kanskje noko han har ete? (F.eks. badevatnet han sat og supa av i går? :P )

Hadde 39,3 i feber i går kveld, og fekk ein stikkpille då, og ein i natt. Han pratar jo ikkje noko særleg, men han forstår mykje, så eg syns han har klart å kommunisere likevel :) Han har rista på hovudet når vi har spurt han om han frys, har vondt i magen, vondt i hovudet etc., og har komt med "mhm" når vi har spurt om han vil ha drikke, vil kose litt, om eg skal synge for han og sånn. Så eg trur han har hatt det greit, sånn sett. I natt låg han lenge og rista og skalv, og gjespa mykje, og akkurat det var litt ekkelt. Og så kasta han opp etter det. Etter det så slutta han å skjelve.

Ikkje noko kjekt med sjuk gut..reknar med at når han byrjar i barnehage så blir det oftare sånt, dessverre. Han har ikkje vore sjuk kjeeeempemange gongar hittil i livet sitt, syns eg.. Forkjøla i mai i fjor, desember i fjor og mai i år...pluss sjuk eit par dagar no i februar.

Ellers så er han blitt meir kosete, noko eg syns eg finfint :) Han har ofte lyst å ligge i sofaen eller i dobbeltsenga og kose med øyra mi :P Og han pratar ikkje så mykje enda, har berre nokre få lydar..men skjønnar utruleg masse, kan nesten prate med han som normalt :) Og han rister på hovudet og seier "mhm", som nei eller ja :) Og FOR eit temperament da! :fnise: Å prøve å ta han bort frå noko han held på med? HYYYL! :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Nå har jeg lest gjennom dagboken din i rykk og napp de siste månedene, synes du skriver så koselig om M (han virker som en herlig liten gutt altså!!), og fint og ærlig om forholdet til mannen din. Jeg må si at det du har skrevet om forholdet dere i mellom gjør at mine varselklokker også ringer, jeg synes det er en grusom måte å snakke til deg på, en form for psykisk undertrykking/mishandling som kan gi store sår hos deg. Men samtidig så håper jeg virkelig ikke tilbakemeldingene herfra gjør at du slutter å skrive om ting som er vanskelige dere i mellom. Det er jo kjempeviktig å ha et sted å dele det som kanskje er vanskelig å fortelle andre!! Vi skjønner at du skriver når du er lei deg selv, og man skriver jo ikke det positive (og om man gjør det er jo ikke det det vi henger oss opp i!). Så, fortsett å bruk dagboken som et sted du får utløp for følelsene dine!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei! Nå har jeg lest gjennom dagboken din i rykk og napp de siste månedene, synes du skriver så koselig om M (han virker som en herlig liten gutt altså!!), og fint og ærlig om forholdet til mannen din. Jeg må si at det du har skrevet om forholdet dere i mellom gjør at mine varselklokker også ringer, jeg synes det er en grusom måte å snakke til deg på, en form for psykisk undertrykking/mishandling som kan gi store sår hos deg. Men samtidig så håper jeg virkelig ikke tilbakemeldingene herfra gjør at du slutter å skrive om ting som er vanskelige dere i mellom. Det er jo kjempeviktig å ha et sted å dele det som kanskje er vanskelig å fortelle andre!! Vi skjønner at du skriver når du er lei deg selv, og man skriver jo ikke det positive (og om man gjør det er jo ikke det det vi henger oss opp i!). Så, fortsett å bruk dagboken som et sted du får utløp for følelsene dine!

Hei! Endeleg får eg svart deg :) Blir ikkje så mykje pc-tid i ferien :P

Tusen takk for ord og tankar! Er mykje enig med deg, men eg må berre få sagt at mannen min gjer ikkje beeeerre negative ting altså. Det er veldig lett å skrive kun om det negative, slik at dei som les får eit negativt inntrykk. Men han gjer masse fine ting også, og han er ein supergod pappa :) Men nei, det er ikkje bra måten han pratar til meg på av og til. Det veit han nok sjølv også.. Vi prøver å jobbe oss gjennom det :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er kvardagen her igjen, og mannen tilbake på jobb. Eg bruker ikkje pc-en så mykje i helger og fritid, for det blir så lett asosialt.. Men no kan eg oppdatere! ;)

Vi har hatt ein fin ferie. Tilbrakte 2 veker på hytta vår og pussa opp der. Det var veldig nødvendig, sjølv om vi også burde pussa opp heime :P Hadde det veldig fint der, og hadde besøk av fleire av familien vår :) Veldig koselig :) Hadde nokre fine dagar med masse sol, så M fekk gå rundt naken i ca 4 dagar :) Vi fekk også bada i elva fleire dagar - herleg!

Til neste veke skal M i barnehage, og det er jo litt sånn blanda følelser. Det blir sikkert kjekt for han å få treffe andre på sin alder, men eg skulle jo aller helst vore heime med han enda lenger. Han er ein god gut :) Pratar lite, men forstår masse :) Sterk, motorisk flink, teknisk flink, tek ting fort, oppfinnsom..you name it ;)

Ellers så skal eg bli tante igjen i slutten av november :D Eg trur ikkje eg har skrive det her før :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Annonse

Då har M vore ei heil veke i bhg + ein dag, og eg trur det går ganske greit med han :) Han gret når eg går frå han (buhu, mammahjertet mitt grin!! :grine: ), men eg trur det stilnar ganske fort. Han eeelsker samlingsstunda dei har kl 9, for då syng dei. Det er han kjempeglad i, og sjølv om han ikkje pratar, så gjer han masse bevegelser og smiler og ler, og seier "mæh" (meir) når dei er ferdige å synge ;) Han trivast også ute, sjølv om han ikkje leiker seg så masse. Han er fullt opptatt med å utforske, han ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at han trives. :) er ikke noe særlig når de gråter, men det går seg til. :)

Bare vent, plutselig kommer det mange ord og setninger. :) noen holder jo alt inne før de plutselig begynner å snakke masse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Så bra at han trives. :) er ikke noe særlig når de gråter, men det går seg til. :)

Bare vent, plutselig kommer det mange ord og setninger. :) noen holder jo alt inne før de plutselig begynner å snakke masse.

Det går heldigvis bra med han, seier dei som jobber der :) Og det tviler eg ikkje på, for han liker å vere ute og sånn, så det er nok kjempekjekt :)

Foreløpig går det i "mamma", "babba", "mæh" (meir), "bæsj", "æsj", "HEI!" (aldri brukt i rett sammenheng :P ), "bæ" og "mø"...og ein slags bjeffelyd når han ser hundar :fnise: Men vi forstår han veldig godt, og han svarer "mhm" eller ein slags nei-lyd, så han forstår oss også :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

I dag var første gong M ikkje gråt då eg leverte han! Han berre gjekk inn i gangen frå garderoba, vinka fint, eg fekk ein kos, og så vart han med barnehagetanta :) Det er jo kjempebra, men BUHUUUU han klarer seg utan meg!! :grine::fnise: Heldigvis er han verdas gladaste gut når eg kjem og hentar han, då får eg masse kos :)

Ellers så skal han overnatte hos mamma og pappa i helga, for første gong heilt åleine. Det blir spanande! Håper det går bra :) Han har vore veldig fin å legge dei siste månadane, og også veldig lite tull om natta, så eg håper det ikkje blir stress for mamma :) Dei skal passe han ei vekes tid i oktober også, for då skal mannen min og eg på ei etterlengta bryllaupsreise, berre vi to :) Så det kan jo vere greit for M å få øve seg litt :) Men eg trur dette går heilt fint :)

Ellers så er det lite som skjer her.. Eg er framleis ikkje gravid, enda eg slutta på pillen for eitt år sidan! Skikkeleg treige vi da :P Det har nok med for lite sex på feil tidspunkt, haha :P Vi skal prøve å guffe på litt meir i dei rette periodane, men eg gidd ikkje å stresse. Det har eigentleg vore greit å få vente til M har blitt litt større og meir sjølvstendig. :)

Var hos legen førre veke og tok celleprøve. Tok også blodprøver, blodtrykk etc. og det meste såg fint ut. Manglar visst D-vitamin, så no tek eg og M tran kvar morgon til frukost. Eg tek med fruktsmak, han får vanleg (og han liker det sååå godt, raringen min!) :)

Ellers har M blitt skikkeleg kosegut, og det er så fiiint <3 Han liker at eg syng for han, eller at vi set og les bøker :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at han ikke gråt da du forlot han i bhg. :) Noe av det beste jeg gjør i løpet av en dag, det er å hente O i barnehagen. Er så deilig å få den god klemmen og gjensynsgleden. :) Ikke minst er de flinke til å fortelle om dagen hans, så jeg får innblikk i hva han gjør der. :)

Hadde sikkert vært veldig hektisk hvis du hadde hatt en baby i tillegg nå. :) Jeg er i alle fall glad jeg ikke har det. Her planlegger vi å bli gravid om ett år. Får håpe dere har blitt gravid før den tid! :jepp: Uansett er det jo veldig positivt at du prøver å gå ned i vekt, da øker jo ofte fruktbarheten. Så du får bruke det som en ekstra motivasjon, hehe. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at han ikke gråt da du forlot han i bhg. :) Noe av det beste jeg gjør i løpet av en dag, det er å hente O i barnehagen. Er så deilig å få den god klemmen og gjensynsgleden. :) Ikke minst er de flinke til å fortelle om dagen hans, så jeg får innblikk i hva han gjør der. :)

Hadde sikkert vært veldig hektisk hvis du hadde hatt en baby i tillegg nå. :) Jeg er i alle fall glad jeg ikke har det. Her planlegger vi å bli gravid om ett år. Får håpe dere har blitt gravid før den tid! :jepp: Uansett er det jo veldig positivt at du prøver å gå ned i vekt, da øker jo ofte fruktbarheten. Så du får bruke det som en ekstra motivasjon, hehe. ;)

Ja, hente M er fantastisk, for han bliiir sååå glaaaad! :) Då er det kos og nuss til meg og hadebra til alle andre :fnise: Stiller seg fint opp ved døra og vinkar ;)

Baby hadde vore slitsomt no ja! Bror min (som fekk unge 2 mnd etter meg) skal ha ny no i november, så dei får litt å gjere :) Er eigentleg greit at M blir i alle fall 2,5 år før han blir storebror :) Og då har eg jo lenger tid på å slanke meg ;)

---------------------

I dag fann vi ut at M har stålkontroll på kva som er høgre og venstre ;) Vi har eigentleg ikkje testa det før, men vi fortalte han det i dag, viste med våre eigne hender og sånn..og kvar gong vi har spurt han i kveld, så har han tatt rett. Både med armar, bein, øyrer og auge! Anar ikkje når sånt er vanleg å lære, kanskje han burde lært det for lenge sidan :fnise: Uansett artig å sjå framskritt! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Åleinedag saman med M i dag, mannen er på jakt. Han reiste i går kveld og kjem att i morgon ettermiddag. Så M og eg har kosa oss med yoghurt, plommer og trilletur :) Og litt synging og kos :)

I morgon er det barnehage igjen, og M trivast godt der :) Blid når han kjem og blid når han stikk :) Dei seier at han er ein liten solstråle som smiler berre dei kikar på han, og det er eg glad for å høyre :) Han er også kjempeoppmerksom og sit så fint under samlingsstunda (heldigvis! :fnise: ) Godt å høyre at han likar seg :)

Vi syklar kvar dag til/frå bhg, og M liker veldig godt å sykle. Var spent på både syklinga og det at han må ha på seg sykkelhjelm, men det gjekk så greit så! Han syns det var sååå artig at både eg og han hadde på oss hjelm :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...