Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Glukosebelastningstesten var visst heilt fin :) Eg personleg syns det virka litt høgt ut..fastande blodsukker 6,3 og etter to timar 6,2. Då eg tok det med M var det nede på 5. Eg må visst ta testen endå ein gong om eit par mnd, det er visst nye reglar. Så då får eg sjå om det endrar seg :) Heldigvis var det litt betre drikke denne gongen, det var komt noko nytt med eit hint av sitronsmak. Betre enn druesukker rørt ut i vatn ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Då har eg bikka 25 veker og vel så det, hjelpe meg så fort tida går! Snart er det jul, og då er ventetida over!! :O Eg kosar meg som gravid heldigvis, har absolutt ingen plager og det hjelper nok på :) Jobbar framleis 100% og håper å kunne jobbe det så lenge som mogleg. Når det er sagt, så er eg veldig trøytt på ettermiddag- og kveldstid, så om noko skal føre til sjukmelding etterkvart så er det nok det. Sånn reint fysisk er det ingenting som plagar meg, bortsett frå det. Men eg skal nok halde ut litt til :)

M gler seg veldig til å bli storebror, og han syng til lillesøstra si og er ein veldig fin gut <3

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig. :) Søskenkjærligheten vises fort. :) I starten er det selvsagt kun fra storesøsken sin side, men det tar jammen ikke lang tid før de små lyser opp når de ser som bror eller søster. :) Her har det heller ikke vært noen negativ reaksjon fra O din side på å få et søsken. Kan jo komme senere, men enn så lenge er han bare veldig glad i, og stolt av lillebror. :)

Så fin at formen er bra!

Endret av Teriyaki
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig. :) Søskenkjærligheten vises fort. :) I starten er det selvsagt kun fra storesøsken sin side, men det tar jammen ikke lang tid før de små lyser opp når de ser som bror eller søster. :) Her har det heller ikke vært noen negativ reaksjon fra O din side på å få et søsken. Kan jo komme senere, men enn så lenge er han bare veldig glad i, og stolt av lillebror. :)

Så fin at formen er bra!

 

Er spent på korleis M faktisk reagerer, når jenta kjem..men foreløpig er han berre glad og fornøgd ;) Kanskje det hadde vore verre om han var yngre, ser jo barn i bhg som får søsken (og som er eit par år yngre enn M) som slit litt med sjalusi :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jordmortime i dag, er jo allereie bikka 26 veker! Tida går så altfor fort! Til tider syns eg at svangerskap kunne vart minst eitt år ;)

Alt stod i alle fall bra til med både meg og lillejenta :) Blodtrykk på 107/68, fin urin, ingen ødem, mage såvidt under raudestreket, fine hjarteslag etc. Og den glukosetesten hadde jo heilt andre resultat enn det ho dama på blodprøvekontoret sa til meg! Ho sa jo 6,3 og 6,2, men på papira jordmora fekk frå laben var svara 4,3 og 4,8! Det var jo mykje betre! :tommelsmil: Ho skjønte ikkje heilt kvifor eg fekk andre tal, men ho går i alle fall ut i frå det som står på papiret :)

 

No er det på tide å starte NAV-papirmølla, det blir litt av ein jobb å sette seg inn i det igjen :P Satsar på å strekke permisjonen lengst mogleg, slik at ho ikkje startar bhg før nytt bhg-år når ho er 1 år og 8-9 mnd :) Får sjå kor lenge vi klarer å strekke den ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her blir vi "tvunget" til å gå hjemme til han er ett år og fem mnd. :P Altså, det er jo supert for han, mrn økonomisk sett skulle jeg dratt tilbake på jobb. Vi har strukket den lengst mulig med 80% og fire uker ferie, men han er likevel bare 13 mnd når R er ferdig med pappapermisjon. Men med min turnusjobbing, mamma i bare 50% arbeid og svigermor med 60% nattarbeid så håper vi på å få kabalen til å gå opp fram til 1 august. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Her blir vi "tvunget" til å gå hjemme til han er ett år og fem mnd. :P Altså, det er jo supert for han, mrn økonomisk sett skulle jeg dratt tilbake på jobb. Vi har strukket den lengst mulig med 80% og fire uker ferie, men han er likevel bare 13 mnd når R er ferdig med pappapermisjon. Men med min turnusjobbing, mamma i bare 50% arbeid og svigermor med 60% nattarbeid så håper vi på å få kabalen til å gå opp fram til 1 august. :)

 

Det blir nok litt triksing og miksing med oss også, og godt mulig litt ulønna permisjon på meg.. Men eg vil ikkje at ho skal begynne i bhg så innmari tidlig, så eg vil helst vente til nytt bhg-år 2017, då er det ein grei alder. Eg skulle gjeeerne gått heime lenger, viss vi hadde hatt råda :) Får håpe ein lottokupong slår til ;) Kjem definitivt til å velge 80% permisjon eg  også, sjølv om vi i lengda taper økonomisk på det. Men dei kronene veier ikkje opp for gleda med å vere heime lenger :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Onsdag og heimedag. Det var eit godt valg å velge onsdagar som sjukmeldingsdag :) Plutseleg er det snart helg igjen! ;)

 

Eg er eit kosedyr av rang, så eg har iiingen problem med å kose meg heime åleine! :) Har liiitt dårlig samvittighet for å levere M i bhg medan eg drar heim, han har tross alt lange dagar i bhg han også! Men onsdagar blir litt kortare framover da, og etterkvart skal han nok få vere heime i ny og ne han også :)

 

Ellers har eg bikka 28 veker og har det veldig fint :) Den småstressa følelsen av å ikkje rekke å bli ferdig med alt forsvinn ikkje...skulle til tider ønske at eit svangerskap varer i 1 år! Då hadde eg framleis hatt eit halvt år til på meg ;) Om eit par veker reiser eg til London på jentetur, og det blir innmari kjekt! :D Då blir det shopping for alle penga, både til meg sjølv, og gulla mine + julegåver :) Vi har valgt eit hotell nært Oxford Street, så det blir lett å svinge innom for å legge frå seg shoppingposane :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du trenger ikke ha dårlig samvittighet for å levere i bhg. Du ble ikke sykemeldt for å gi han fridager fra barnehagen. :) Hadde du vært i god nok form så hadde du jo vært i jobb og han i barnehagen. :)

Her var O i bhg så og si hver dag i perioden jeg var sykemeldt. Men jeg leverte 09 og hentet 15, så dagene ble kortere i alle fall. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er det dei andre på jobb seier også, at eg ikkje skal ha dårlig samvittighet :) Men det er lett å få det..! Hentar han før 15, så han får jo kort dag + at eg veit jo at han har det veldig kjekt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

31+3 i dag, og forma er framleis veldig fin :) Har fridag i dag, og kosar meg heime. Måtte levere urinprøve hos legen i dag, fordi det var utslag på leukocytter då eg var hos jordmor på torsdag. Så ho ville eg skulle sjekke om eg hadde eit snev av uvi, men testen i dag var heilt fin :)

 

Var jo i London for eit par veker sidan, og der kunne eg godt vore nokre dagar ekstra med nokre tusen ekstra kroner! ;) Så mykje fint å kjøpe til barn! M fekk seg masse nye fine og kule klede, og eg kjøpte såklart ein del rosa til lillesøster også ;) Og litt til meg sjølv, men eg er blitt sånn som mamma var - ungane først :P

 

Ellers så skal vi til med oppussing av badet i hovudetasjen, og dei har lovd å bli ferdig i good tid før jul! Heldigvis! Har ikkje lyst å stå utan badet oppe når babyen kjem! Gler meg noko innmari til å få det nytt og fint, for no er det så nedslitt og dritstygt! :P Skal ha fliser (litt sånn sand/beigefarga) på golv og vegger, badekar og kvit innredning. Blir finfint! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

33+3 i dag, og det begynner så smått å nærme seg! :) Under ein månad igjen til permisjon - tida går skremmande fort!

Vi har begynt med julegåvehandelen, og satsar på å vere ferdig uti november. Det er ein del gåver å kjøpe, mellom 30 og 40 stk, så vi lagar liste og går etter den ;) Nyttar ikkje å kome på kjøpesenteret og ikkje heilt vite kva vi skal ha :P

Ellers er eg framleis i god form, jobbar 80% og trur eg skal klare det i dei vekene som er att :) Merker jo at magen veks og det blir stadig liiiitt tyngre å bøye seg og sånn, men det er ikkje noko å klage over :) Eg har hatt det veldig lett hittil, og er veldig glad og takknemlig for det! :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

I går bikka eg 35 veker, og har vel gått over til å bli høggravid (det er vel i  løpet av veke 34..?) Det betyr at ting begynner å nærme seg! Det er ca to veker att til permisjonsstart, nesten så det er litt surrealistisk!

Ellers så føler eg at eg burde jobba nokre dagar ekstra før eg tek permisjon, for dei siste par vekene har blitt veeeldig amputert! Eg er såpass heldig at verken eg eller M blir ofte sjuke, men for to veker sidan var eg heime mandag til torsdag med febersjuk M, torsdag forrige veke måtte eg dra heim med M, og i går fekk eg spysjuka, sånn at eg må jo vere heime i 48 timar (+ eg er sjukmeld onsdagar), så det blir ikkje jobb før torsdag igjen! Syns det er heilt grusomt å seie ifrå om sjukdom, men ein må jo berre..

Og forresten så er spysjuka og høggravid ein dårleg kombinasjon..støl i magen!!

På onsdag skal eg avgarde og ta glukosebelastningstest nr 2, får håpe at den går bra :) Trur ikkje det er noko som tyder på det motsatte i alle fall :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Då har eg vore hos legen og tatt glukosebelastning, igjen. Forrige svangerskap måtte eg berre ein gong, men det er visst noko nytt med to gongar. Jaja, eg fekk i alle fall strikka ein del i dei to timane eg venta da ;) Blodsukkeret målte 4,5 før drikka og 5,0 etter to timar, så det er jo bra :tommelsmil:

 

Ellers så er arbeidarane snaaaart ferdige med badet vårt - vi begynner i alle fall å sjå ein ende på det! :) No har dei starta flislegginga, så då går det nok radigt framover :) Gler meg til å sleppe å gå ned i kjellaren om natta ;) Og eg saknar badekaret - det blir flott å få att! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jordmortime i går, og alt ser framleis veldig bra ut :) Hovudet ligg nedover, men er ikkje festa enda. Og magen ligg akkurat på raudestreken, så eg er fornøgd med det :) Hadde halvvegs forventa å sprenge alle skalaer med den feite magen min ;) Blodtrykket er på 116/78, godt unna faregrensa, og hb på 12,8. Og blodsukkermålinga kom tilbake med 4,9 og 5,4, og det var også finfint :) Og den kiloen eg har lagt på meg sidan før eg var gravid skulle eg iaaaaallefall ikkje tenke på  ;)

Merker at ting er litt tyngre på jobb no, spesielt mtp på å rydde opp leiker og sånn (eg er veldig flink til å få ungane til å hjelpe meg :fnise: ), men om 4 arbeidsdagar startar permisjonen, og eg kjenner at det gjer litt godt :) Samtidig er eg veldig glad i jobben, og kjem til å sakne både ungane og kollegaene mine! Men eg leverer jo M der, så eg får jo sjå dei nesten kvar dag likevel :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei nå er det ikke lenge igjen! :) Synes nettopp du ble gravid jeg, men det har nok med at jeg har baby selv om tar all tid. ;) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Nei nå er det ikke lenge igjen! :) Synes nettopp du ble gravid jeg, men det har nok med at jeg har baby selv om tar all tid. ;) 

Ja, eg syns også eg nettopp vart gravid! Det har gått veldig fort..nesten sånn eg syns svangerskap kan vare i 1 år, sånn for å få bedre tid til å rekke over alt som må gjerast ;) No er det under 3 veker til termin, så det kan jo i teorien skje nesten når som helst. Men helst ikkje før etter julaftan ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

To veker til termin i dag, tida går jammen fort! Eg har ikkje rukke å gjere noko endå..! Ikkje har vi kjøpt bilstol, ikkje stellebord, eg har ikkje pakka fødebagen, ikkje vaska babykleda og ikkje baka julekjeks! Og i tillegg var eg skikkeleg dårleg i natt og kasta opp 6-7 gongar, så i dag er eg heilt skutt. No skal eg strikke litt...eg MÅ bli ferdig med teppet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jordmortime i dag, og alt ser bra ut :) Blodtrykk på 114/79, vekta er ok (men eg er TO kilo over startvekt! Bra det er berre 2-3 veker igjen!) og eg føler meg i fin form :) Hovudet er også festa, så no har ho begynt å gjere seg klar :) Og i dag fekk eg (endeleg) satt på første vask med søte, små babyklede i str 50-56 :) Bittesmå og nusselege! 4-åringen min kjem til å bli ein gigant i forhold! :ler:

I morgon må eg prøve å gjere noko fornuftig..bake, vaske og rydde litt. Slappe av i permisjon, kva er det?! :P 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

39+2 i dag, og forma er framleis bra :) Merker jo såklart at der er noko relativt stort i magen min, får sånne "støng" i underlivet av og til (spesielt når ho er veldig aktiv), og å ha på meg sko er eit pes :P Men eg kosar meg, og kunne gjerne gått gravid i eit halvt år til :)

Skal prøve å få pakka litt av fødebagen i dag, den er snart på tide å ha klar. Ein veit jo aldri når fødselen skjer, men eg er så utruleg innstilt på at ho her er like treig som bror sin, så eg klarer ikkje å tenke at det er mulig å føde FØR termin! :P Eg rekner nesten med å gå over til nyttår, eg ;) Må også pakke ein overnattingssekk til M, i tilfelle han må overnatte hos tante og onkel eller besteforeldre.

Og i dag skal vi endeleg kjøpe babybilstol og stellebord! Det er også på tide! ;) Og M skal få seg storegutbilstol, han har bikka 18 kg og må ha seg ny.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...