Jump to content
silverdoe

Mamma for andre gong :)

Recommended Posts

silverdoe

Rakk berre å kome 2 sider førre gong, så på side 2 startar dei nye innlegga for gong nr. 2 :) Og har blitt 26 sidan førre gong ;)

 

Hei!

 

Eg hadde eigentleg tenkt å starte ei "prøver-dagbok", men førre mandag fann eg ut at det var visst ingen vits i - testen viste + !! :jepp:

 

 

Litt om meg sjølv: er 25 år, har vore gift i snart 4 mnd og slutta på pillen like etter bryllaupet og har latt naturen få gå sin gong :) Det har vore spanande kvar gong mensen skulle kome, og i juli var testen endeleg positiv :) Eg er ikkje så veldig langt på veg, maks 1 mnd, men det går jo an å gle seg litt likevel, sjølv om eg veit at ting kan gå gale :)

 

Svigermor og mamma og pappa har fått vite det, pluss dei to søstrene mine, men vi vil ikkje seie det til fleire før det har gått nokre veker til. Stakkars brødrene mine, dei blir diskriminerte, haha :gjeiper:

 

No må eg berre finne ut kva dei neste stega er.. Eg reknar med eg må til legen ein eller annan gong, for å komme inn i systemet. Og eg må finne ut kva eg kan og ikkje kan ete.. og vere flink til å vaske hendene mine, for vi har 5 kattar i huset (1 vaksen, og 4 kattungar som skal gis bort snart).

 

Og så må eg krysse fingrane for at alt går bra! Mannen min er livredd, han spør kvar gong eg er på do "gjekk det bra?" :)

 

Ingen symptom endå, men eg tok to testar, så eg reknar med at ting er der.. Kjøpte test på apoteket i Noreg, og på apoteket i Sverige då eg var der.. og begge viste positiv, så når både Norge og Sverige er einige, då MÅ der vere noko! ;)

 

Eg reknar med det blir fleire oppdateringar sånn etterkvart, denne første posten var eigentleg berre for å seie at EG ER GRAVID! JUHU!!! :ler:

Edited by silverdoe

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

silverdoe

Bydag i dag, saman med mamma, dei to søstrene mine og den yngste lillebroren min :)

Hadde ikkje tenkt å kjøpe noko, men mamma spanderte to gensarar/tunikar frå Cubus, som var godt tøyelege, for no trengte eg litt sånne klede, meinte ho :) (Og så fekk eg Buzz, hurra!) :)

I morgon skal eg ringe legen, tenkjer eg.. Mamma sa det var like greit å berre ringe, for det kan jo vere ventetid. Ho brukte å vere på kontroll ca i veke 9. (Eg høyrer på mamma, ho har mange ungar :gjeiper: ) Greit å ha ei mor som har vore gjennom dette mange gongar, hehe :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Typisk, legekontoret var stengt i dag... :kjefte:

Første jobbdag i morgon, ny jobb og heile pakka! Blir spanande :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Muskat

Gratulere som nygifte :bryllup: , spire i magen :babysmokk: og ny jobb :briller2::)

Ser ut til å bli mye nytt og spennende i livet ditt framover ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Tusen takk! :) Min første gjest :) Det blir litt omrokkeringar i livet mitt framover ja, og det blir veldig spennande :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Fekk endeleg ringt fastlegen i dag, og har fått time 13. september :)

Og eg har visst telt feil, fordi eg telte veker ifrå ca befruktning, men legen sa at ein må telle frå første mensdag i siste menstruasjon..og vips, var eg sju veker på veg, ikkje fire :gjeiper: Men det er eigentleg fint, då er det ikkje så lenge å vente til 12 veker :)

Men eg har mista ein mnd verdifull strikketid, hehe :)

Og eg har framleis ingen symptom...ikkje er eg kvalm, ikkje har eg ømme bryst, ikkje noko som helst.. Då bruker eg å tenke sprø tanker som f.eks. at eg ikkje er gravid, det er berre fordi eg er så tjukk at hormonane tullar..eeh.. LITT flaut å komme og ikkje vere gravid likevel :O Men to positive testar, det må vel vere rett?!

Har hatt litt mikroskopiske blodspor på papiret når eg har vore på do, men legen sa at det var ikkje noko farlig, så lenge det ikkje er mensen-mengde på det :) Bittelitt er ikkje noko å bry seg om :) Flott! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

~lillefot~

Titter bare innom for å si gratulerer :duskedame:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Ikkje så mykje å fortelle for tida..

Driv og blør litt no og då, berre sånn rosa farge på dopapiret, men håper det ikkje gjer noko og at alt går bra likevel..

Er trøtt og har vondt i hovudet, men det er sikkert på grunn av Pepsi Max-abstinensar, hehe :) Prøver å la vere å drikke det på kvardagane, og det er hardt, for eg har brukt å drikke det kvaaaaar dag :)

Gler meg til helga, over halvvegs i veka no! :gjeiper:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Plutseliten

Ville bare titte innom for å si gratulerer! så moro :) Kan tenke meg du gleder deg.. :):klem:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest ~Milla~

Gratulerer så mye med positiv test :strix:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Ville bare titte innom for å si gratulerer! så moro :) Kan tenke meg du gleder deg.. :):klem:

Gratulerer så mye med positiv test :strix:

Tusen takk!! :D

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Mandag igjen, og det ser ut til at det har stoppa å blø.. Det har ikkje kome mykje, det har vore som siste dag i mensen kvar dag, i ei veke. Men i dag har det ikkje vore noko, så eg kryssar fingrane for at det fortsetter slik. :)

Men eg måtte grine litt på skuldra til mannen min på laurdag, for då var eg så sliten og lei av å vere redd for at det skal vere noko galt. Og tidlegare på kvelden så buste han ut med at eg ikkje brydde meg om babyen levde eller ikkje, og at det virka ut som om mamma og pappa også trur det kjem til å gå gale. Og då vart eg endå meir lei meg. Så dei to tinga førte til at eg måtte grine litt på kvelden. Men han sa unnskyld, og at det var ikkje meininga å sei sånne teite ting.

Men eg trur eg skal ta ein ny test om nokre dagar, berre for å sjekke om eg faktisk er gravid endå.. Ikkje er eg kvalm, og eg har blødd i ei veke (men ikkje friskt blod), så eg har lyst å sjekke, berre sånn for sikkerhets skuld..

Pappa sa at mamma (ho har mista tre gongar) faktisk mista dei gongane ho ikkje var kvalm, medan dei gongane ho var kvalm så gjekk det bra. Håper eg ikkje har arva det, sidan eg ikkje anar spor etter kvalme ein gong!

Eg håper det går bra :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Testa meg igjen i dag, og det kom to tydelege strekar fram, så eg er visst gravid endå.. :) Sjølv om det kom meir brunraud utflod i dag. Men akkurat no ser det ut til å roe seg litt da, får håpe det ikkje kjem meir i dag.

Men pysete som eg er da, så har eg ikkje lyst å ha sex medan eg blør, berre sånn for sikkerhets skuld.. Det er kanskje teit av meg, men eg føler at om det er sånn på kanten heile tida, at eg kanskje mister, så vil eg ikkje utfordre skjebna med heftig aktivitet i senga heller.. Men det syns mannen min er veldig dumt da, og klager på at no har det gått over ei veke sidan sist! Og han ser såklart for seg 1 år i sølibat! (Sjølv om eg seier at det går an å gjere andre ting enn samleie da!). Og eg har ikkje lyst å gå på fjelltur saman med jobben heller, på grunn av at eg blør. Men det kan eg vel ikkje seie til sjefen, for han veit jo ingenting endå! :S Jaja..eg finn vel ut av det :)

Akkurat no er den største bekymringa, sånn av trivielle ting, kor mykje puppane kjem til å vekse! Eg burde eigentleg ha slanka meg 40 kg FØR eg vart gravid (ja, faktisk!), sånn eg hadde hatt litt å vekse på under graviditeten.. Og puppane..eg bruker allereie 80i, og eg vil ikkje vil ikkje vil ikkje ha større! Bikinien min er 80j, og det er meir enn stort nok! Æsj! Eg har aldri sett større enn j-cup, sjølv om det heilt sikkert finst. Men det er jo også så heise dyrt :S

Og slanke seg under graviditet er vel uaktuelt..

Eg gler meg til eg er ferdig med alle ungane vi skal ha (ca 4, i mitt hovud :) ), for då skal eg gjere dei mykje mindre :)

Det var dagens bekymring.

I morgon: kvifor er eg ikkje kvalm??

No kjem mannen heim snart.. Eg har ikkje laga middag..eg har ete sjokolade..

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

Superlilje

:hallo:

Skjønner godt at du er bekymret når du blør litt! Men det er jo faktisk mange som blør litt i begynnelsen uten at det er noe galt, så vi får håpe at du er en av de! :jepp:

Og den bekymringen over puppene kjenner jeg godt til ja! Jeg er litt mindre enn deg da, men MER enn stor nok likevel! Brukte 75F før jeg ble gravid, og nå er 75G nesten for lite. Har kjøpt 75H i ammebh, og håper det holder! Det er godt det går an å operere! Får håpe dine ikke vokser noe særlig da :wink:

Har du regnet ut ca når termin er forresten?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest ~Milla~

Følger med, skal bli flinkere til å legge igjen spor :jepp:

Jeg merker endel til voksende pupper, for ikke snakke om hvor øm de er. Så nå er jeg på leting etter ammebh'er på ulike nettbutikker ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Følger med, skal bli flinkere til å legge igjen spor :jepp:

Jeg merker endel til voksende pupper, for ikke snakke om hvor øm de er. Så nå er jeg på leting etter ammebh'er på ulike nettbutikker ;)

Det er kjekt med litt spor i dagbøkene :)

Superlilje tipsa om figleaves.com, og eg trur Bravissimo også har ein del, verkar det ut som. Heilt opp til KK-cup, hoho! Då kanskje til og med eg finn noko! :ler:

----

Ellers har det gått bra i dag, ikkje blødd noko, men merkar litt stikk i magen no og då. Eg trur det er sånn at livmora (eller banda til livmora) strekker seg, så eg er ikkje så bekymra for det :)

Men det hadde vore innmari deilig å sleppe å vere nervøs kvar dag for evt blødning..

Er 8+6 i dag :)

http://www.c2g.ca/development.html

Her var det mange fine bilete :) Hihi :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Sa det til sjefen i dag, pga nokre aktivitetar som skal vere neste veke, som eg ikkje har så lyst å vere med på (pga blødningar). Han tok det fint, sjølv om "det var itj heilt ette planen" :gjeiper:

Ellers så har eg lest om såkalla Missed Abortion, og er no såklart overbevist om det er dèt som har skjedd.. At det er derfor eg blør. Det såg veldig bra ut i dag, heilt til eg kom att frå jobb, då var der litt spor igjen. Så eg er bombesikker på at når eg ein gong kjem på ultralyd, så blir det "sorry mac, men babyen døydde i veke 6"...

Eg er heller ikkje kvalm endå, og puppane kjennast ut sånn som dei alltid gjer.

Så eg blir slitt mellom to følelser: følelsen av å tru at det har gått gale, og følelsen av å ville rope ut til heile verda at eg skal ha baby!

Men i helga skal vi ein tur til Bergen, ned på laurdag og oppatt på søndag, og då får eg treffe søstra mi, og det blir veldig kjekt :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

9+3 i dag! :rødme:

Kom heim frå Bergen i går, og hadde ein fin tur. Bortsett frå at mannen min og eg krangla i bilen i frå litt før Førde til ca Byrkjelo..i over 60 km! :( Menmen, det ordna seg det også, sjølv om eg vart både sint og lei meg. Også sånne filleting da..

Fri frå jobben i dag (jobber foreløpig berre ca 50%, så har fri måndagar og onsdagar), og det er flotte saker! :)

Og så skremte eg meg litt i stad, for eg las om kva gravide kan og kan ikkje ete. Og då stod der at gravide ikkje bør handtere rått hjortekjøtt! Og eg som har gjort det fleire gongar dei siste vekene. Og hadde tenkt å gjere det i dag, overraske mannen med ytrefilet av hjort.. (vi har frysaren full av hjortekjøtt, mannen skaut ein svær hjort i fjor :) )... Eh, men eg kan jo ta kjøttet ut av frysaren da, så kan mannen få lage til når han kjem heim frå jobb ;)

Og ikkje skal eg ete salami heller, noko eg gjorde i helga (hadde salami på potetsalaten)..typisk! Vi får håpe det har gått bra, hehe :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Sitat frå babyverden.no: "TIL MOR

Forandring er mulig!

Hurra! Første dag uten å være kvalm. Ja, slik er det for mange nå. Noen tror nesten ikke på det før dagen er omme. De har ikke en gang fornemmet den ugne følelsen. Plutselig er man jo den gamle jenta igjen."

Eg har ikkje vore kvalm i det heile tatt, og no skal ein liksom vere ferdig med kvalmeperioden??!

På ein måte skulle eg ønske eg var bittelitt kvalm, for då har eg jo i det minste det symptomet som alle snakkar om, og som er SJØLVE symptomet på graviditet! Men neida, ingen kvalme her! :gjeiper:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Superlilje

Jeg var ikke noe særlig kvalm i begynnelsen jeg heller. Bare litt småuggen om morgenen, eller hvis jeg gikk for lenge og var sulten. Men tror den kvalmen om morgenen skyldtes at jeg var så utrolig trøtt. Og det finnes jo noen som ikke blir kvalme i det hele tatt :jepp: Vi skal nok bare være glad for at vi har sluppet unna å ligge å spy de tre første månedene :)

Og det går nok sikkert bra med den salamien, det er jo trossalt bare en mikroskopisk sjanse for at det kan være farlig. Men når man vet at det kan være farlig er det jo like greit å holde seg unna.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...