Jump to content
silverdoe

Mamma for andre gong :)

Recommended Posts

Knøtteliten

Innom og legger igjen et spor :goodbye:

Her vil jeg følge med :) Skal lese igjennom resten av dagboka når jeg får tid.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

Almera

Hadde legen min vore med meg på jobb i dag og tatt blodtrykket under timen, så trur eg det hadde vore skyhøgt! Åh, eg blir så sint når elevane bråkar!! :kjefte: Grrrr!! Eg trøstar meg med at det snaaart er helg, og at neste veke blir ei to-dagersveke for min del :) (Har fri på onsdagar, og så er det Kristi Himmelfartsdag på torsdag + elevfri på fredag) FLOTT! :jepp:

Kjenner til den der ja..! Sitter her og er helt utkjørt. Har vært på tur med klassen min i hele dag, og det er en tålmodighetsprøve. Jeg har verdens snilleste gjeng, men tilogmed dem blir "høye" på sånne turer. Men, det er koselig å finne på noe annet enn å ha vanlig skole også da :)

Deilig med kort skoleuke neste uke ja :) Ei på jobben har også fri onsdager, og hun har kommet så bra ut når det gjelder fri i det siste. Så onsdag må være en bra dag om en skal jobbe 80% :gjeiper:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Innom og legger igjen et spor :goodbye:

Her vil jeg følge med :) Skal lese igjennom resten av dagboka når jeg får tid.

:velkommen: Knøtteliten! :) Kjekt at du stikk innom her, eg kjem til å følge med deg også :)

Ja, Almera, onsdagar er slett ikkje ein dum dag :) Det er innmari godt å ha ein kviledag midt i veka, og i alle fall når torsdagen og fredagen blir fri! :tommelsmil: Mange skjønne ungar i klassa mi også, men der er nokre få som bråkar for 20 stk! Hehe :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Endeleg helg og halleluja for det! :) Det er alltid godt med helg på fredagar, for då har vi kunst og handverk og då er elevane så bråkete! :kjefte: I dag var dei heldigvis relativt greie, så eg har i det minste ikkje vondt i hovudet i dag da :)

Steig på vekta i dag, og no nærmar det seg minus 5 kg! Eg syns det er litt rart å gå NED i vekt, men for all del, eg skal ikkje klage! Det er godt over 1/2 år sidan eg såg dette talet sist, så det er hjarteleg velkoment :) Og så kjem nok gramma til å kome på att om ikkje så altfor lenge :gjeiper: Eg har heldigvis mykje å ta av! :)

I helga har vi planar om å få måla ferdig siste strøk på dei veggane vi har att i gangen :) Då blir den lys og fin og klar til å få nytt golv! Den var brun og mørk før, med brunt panel, brunt golvteppe og brune taklampar.. No blir det kremfarga veggar, taklampar med "krystallar" og laminatgolv i valnøtt :) Gleder meg til den er ferdig! :jepp:

No mjauar katta og vil inn :fnise: GOD HELG!!

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Endeleg mandag..not! Har hatt ei finfin helg, og GLEDAR meg til langhelg denne veka! :)

Har gått bra på jobb i dag, men kjenner eg blir litt (VELDIG) irritert når foreldre klagar på konsekvensar som ungen deira har fått, som var ein heilt grei konsekvens for handlinga eleven gjorde.. LITT vanskeleg å forklare utan å røpe for mange detaljar, så det får halde med det.. Eg er ikkje kontaktlærar, berre faglærar..så kontaktlæraren sa at han også hadde reagert på same måten som mora..då svarte eg berre "Å? Det hadde IKKJE eg gjort! Eg hadde syns at det var flott at handlinga til ungen min fekk ein konsekvens.." Blæh..eg kjenner eg blir litt sånn :regler::sinnatagg::sinna::rasende::murvegg::klaske::kjempesinna::angry::frustrert::sur::nei::kjefte: når mødre syr puter under armane på ungen sin og blir sur fordi han/ho får same "straff" som dei andre elevane ville gjort! Grr...

Eg skal i alle fall lære ungen får at handlingar fører til konsekvensar - positive eller negative! Så det så!

Nok om det...

Snakka med niesene mine i helga, dei er småbarnsmødre allereie (eigentleg niesene til mannen min..dei er på min alder.. eg er gift med ein litt eldre mann :)), og dei har mykje utstyr vi kan få låne eller kjøpe! Flott :) Har allereie fått låne med meg sånn sikkerhetsbelte til bilen :)

No skal eg sjå ein episode Grey's Anatomy på dataen før mannen min kjem heim :nigo:

Edited by silverdoe

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Då var episoden ferdigsett, i god tid før mannen kjem heim :gjeiper: (Han likar ikkje Grey's, så eg ser det i smug :fnise: )

Eg merkar det at det blir godt med ferie snart..er mykje sliten og trøytt, både fysisk og psykisk! Slitsomt på jobb med bråkete ungar.. og så har eg ei svigermor som kan vere litt slitsom.. Eg føler meg veldig slem når eg seier det, for eigentleg er jo ho berre ei kjempekoseleg gammal dame som vil meg det beste! Men så syns eg det er slitsomt å høyre på alt eg ikkje må gjere for då går det galt.. Ho fokuserer aldri på at det faktisk kan gå bra, berre at det kan gå galt.. Ikkje må eg løfte noko (ikkje ein gong ein handlepose), ikkje må eg trille handlevogna, ikkje må eg sykle, ikkje må eg takke nei til mjølk (som eg kan få vondt i magen av), ikkje må eg gjere ditt og ikkje må eg gjere datt.. Då eg mista i september sa ho indirekte at det var min feil, for eg burde jo gjort sånn og sånn.. Ho mista sitt første også, for mange herrens år sidan, og dermed veit jo ho aaalt om dette temaet. Men eg syns altså det er slitsomt å heile tida få høyre negative ting og formaningar! I går sa eg (då ho sa at mannen min måtte køyre forsiktig og ikkje køyre over humpar i vegen for då kunne eg miste ungen) at "veit du, mannen min og eg prøver faktisk å tenke positivt og at det går bra dette, så vi vil ikkje fokusere så mykje på alt det negative".. Og jada, ho var jo einig i det. Men ho lyttar ikkje, det går inn det eine øyret og utatt det andre.. Men som sagt, ho er ei relativt gammal dame, så eg får vel berre leve med det!

Mannen min skjønar kva eg meinar da, men ein kan ikkje lære gamle hundar nye triks.. Så vi får berre halde ut!

Måtte berre få det ut!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

silverdoe

Juble litt for 15 veker! :):strix:

No skal eg berre kome meg gjennom denne dagen her, så er det straks langhelg! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Du store, eg overlevde denne dagen også!

Men eg er kjempetrøytt og har vore både litt svimmel og låk i ryggen i dag..sånn trøyttlåk, ikkje sånn smertefullt låk.. Kanskje eg har lagt i ei dårleg stilling i natt..

Huff, gruer meg forresten til eg ikkje kan sove på magen lenger! Det er favorittsovestillinga mi.. buhu! :sukk: Men foreløpig går det heldigvis heilt greitt :)

Og så håper eg at puppane mine held seg på same str! Dei har ikkje vokst endå (men eg trur brystvortene har blitt større!!), og det prisar eg meg lukkeleg for! Det er ikkje berre å gå inn på H&M og kjøpe seg bh til 129 kr når ein brukar i-cup.. Så eg blir veeeeldig glad om dei ikkje blir større! Bikinien min er i j-cup..det er ille nok! (Det blir fint når eg er ferdig med å få alle ungar vi skal ha..då blir det brystreduksjon! :):jepp: )

No er den verste arbeidsdagen i veka over, tirsdagar er dagen eg alltid grur meg til.. I morgon er det berre 1 time for min del, og så er det laaaaanghelg! Åååå, som eg gledar meg! :) Mannen min har fri torsdag og fredag, så då blir det nok ei finfin helg ja! :jepp:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Hurra for langhelg! :romeo: (det fortjener ein song!)

I dag har eg hatt fri, og har gjort på følgjande: satt på ei vaskemaskin, sett 3 episodar med Grey's og ete gulrot med Holidaydip, og no gått over til Sørlandschips med Holidaydip :gjeiper: Veldig produktiv dag! :) MÅTTE berre sjå ferdig sesong 6 av Grey's og sat og sippa for meg sjølv :fnise: Det er ikkje svangerskapssipping da, eg har ikkje blitt noko særleg hormonell (endå...bank i bordet!), eg sippar generelt av Grey's :):trist:

Mamma ringte i stad for høyre korleis eg hadde det, snill ho mamma :rodmer:

Og i går ringte eine tanta mi og lurte på kva type ull eg ville ha til teppet ho skal strikke til oss :) Eg valgte rein ull :)

På fredag skal mannen min og eg på hytta og lage til litt ved (han skal såklart stå for saginga, eg tek meg av vedkløyvaren). Då han snakka med mor si og sa det, kom ho såklart med ei formaning om at det var jo kanskje ikkje så lurt å køyre dit (er ca 2,5 time) for det er så dårlege vegar (det er asfaltert heile vegen, heilt normal vegstandard), så det var altfor humpete, så han måtte passe på å køyre i halv fart. (Det vart ei dårleg setning, merkar eg...) Eg føler vi ikkje kan fortelje noko til ho utan at ho skal kome med noko negativt å seie.. Men vi snakka om det etterpå, og han forstod veldig godt kva eg følte og eg måtte ikkje føle meg slem og sånn som føler det slik. For eg blir veldig sliten av det, og må ofte bite i meg mange krasse og sinte ord! Men vi vart enige om at viss ho gjer sånn medan vi er på besøk med ho, så røyser eg meg opp og går på do.. Utan å svare ho.. Så kan han irettesette ho medan eg er på do. Det var slik vi gjorde det i haust, då ho heile tida skulle fortelje alt gale eg hadde gjort slik at ungen døydde inni meg..

Æsj, no vart det klageinnlegg, det skulle jo det ikkje vere! Eg skulle jo vere glad for at det er langhelg!! :ler: Og no må eg finne noko å gjere, for no har eg snart ete opp enda eit (lite) beger med dip! Eg kan strikke litt, på det fine teppet eg strikkar :jepp:

Edited by silverdoe

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Ah, så deilig med langhelg! :jepp:

Torsdag slappa vi berre av, det var jo Kristi Himmelfartsdag så då er jo det ingen jobbing :) Fredag var vi ein dagstur på gården/hytta, og laga til eit tilhengjarlass med ved. Var nydeleg ver den dagen og herleg å jobbe ute! :) Laurdag gjekk med til handling (når svigermor blir med, tek det fort dobbelt så lang tid) og ellers så kosa vi oss med taco og fotballkamp :) Og søndag øvelseskøyrde eg, og det var spennande det! Huff, og eg skal liksom tørre å ta lappen?! Men det er uansett lurt å gjere det FØR babyen kjem, så eg må vel berre bite i det sure eplet og manne meg opp til å køyre :fnise: Eg kræsja i alle fall ikkje :)

Det gjorde innmari godt med fire dagar fri, sjølv om det var litt småkrangling innimellom. Mannen min har nemlig litt problem med å akseptere at eg (før vi vart i lag) gjorde noko snuskete med ein fyr...Eg låg ikkje med han, altså! Eg var jomfru til eg vart ilag med mannen min :jepp: Men mannen min har altså problem med å takle at eg har ei bittelita seksuell erfaring frå før.. Det var berre ein gong, og eg skulle ønske at eg ikkje hadde gjort det. Men det blir ikkje betre av at mannen min heile tida skal ta det opp og slenge stygge kommentarar om det kvar gong han blir minna på det. Og sidan eg gjorde dette ein gong, trur han at det ligg i min natur å gjere det mange gongar til.. Noko som ikkje er sant! Eg har ikkje vore og kjem ikkje til å vere utro! Og då blir eg veldig lei meg, når eg blir beskyldt for sånt..og når han alltid skal dra fram dritten igjen.. Eg har mest lyst å leggje det bak meg.. :sukk:

Jaja, anyway.. Jobbveke igjen, og eg ser allereie fram til neste mandag som er FRI! Onsdag er det første time hos jordmor og eg anar ikkje kva eg skal vente meg. Veit ikkje kva som skjer hos jordmora, eg! :) Men det finn eg altså ut på onsdag :) Og mandag er det fri ja, og mandagen etter det er det ul, så det blir også ein fridag! Mykje å sjå fram til, med andre ord! :jepp: Og i morgon er eg 16 veker på veg, men det kan ikkje eg juble for før i morgon da..men det går an å glede seg :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Almera

Uff, kjedelig at samboeren din reagerer på den måten om noe som har hendt i fortiden. Jeg har også enkelte ting som jeg håper at sambo aldri får vite noe om, selv om ikke det var noe "ulovlig". Men, det er feil av din å henge seg opp i det.

Så spennende med ultralyd da, ting blir så mye mer ekte da :) Innbiller jeg meg da ihvertfall :fnise:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Uff, kjedelig at samboeren din reagerer på den måten om noe som har hendt i fortiden. Jeg har også enkelte ting som jeg håper at sambo aldri får vite noe om, selv om ikke det var noe "ulovlig". Men, det er feil av din å henge seg opp i det.

Så spennende med ultralyd da, ting blir så mye mer ekte da :) Innbiller jeg meg da ihvertfall :fnise:

Ja, eg skulle ønske eg aldri hadde sagt noko, slik han ikkje fann det ut.. Då hadde nok kvardagen vore mykje enklare både for han og meg! Då kunne eg berre lagt det bak meg i fred..

16 veker i dag - hoppe litt for det! :hoppendeglad: Kvar veke er ein siger! :)

I dag er den mest slitsomme dagen på jobb..gleder meg til halv to, då er skuledagen ferdig! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Gjekk heim like etter undervisningsslutt i dag, og la meg litt på senga og slumra i ca 1 time - finfint! :)

Hadde ein litt ubehagelig episode i musikktimen i dag, vart så svimmel at eg måtte be assistenten ta over litt, slik eg fekk setje meg på do, og ta nokre supar med vatn.. Det gjekk heldigvis over, men det var ikkje noko kjekt :( Så derfor gjekk eg heim litt tidlegare..holdt ut skuledagen, men kontortida droppa eg..

Har sett ein episode Grey's, har komt til s7e03 no, dvs. er ferdig å sjå den episoden no :) Snart har eg tatt igjen USA :)

I morgon er det første jordmortime, det blir spennande. Anar ikkje kva som skjer der, men det finn eg ut i morgon :gjeiper: Ho kjem sikkert til å seie eg er altfor tjukk..! Men eg har jo tatt av meg ca 5 kg, det er vel positivt :) Gledar meg til å få gravidmage, slik eg endeleg har ein grunn til å ha stor mage :fnise:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

silverdoe

Då har eg vore hos jordmor og det gjekk jo greit :) Fekk nokre brosjyrer og bøker eg kan lese og så berre prata vi litt :) Målte blodtrykket, det var 114/75..har visst stege litt sidan forrige legetime (då var det 100/70), men ho sa det var finfint blodtrykk :) Og urinprøva var fin.

Og eg måtte i alle fall ikkje bekymre meg over at eg har tatt av meg nokre kg, for det hadde ho sett hos mange overvektige..babyen tek uansett det den treng, og er den feilernært så ser dei det på ul. Ho var einig at eg ikkje treng å legge på meg så mykje, for det treng eg rett og slett ikkje :) La på meg litt i helga, mykje god mat :fnise: , og det har ikkje kome av endå, så no er total vektnedgang 4 kg :) Flotte saker :)

Men eg kunne godt halde meg mest mogeleg unna unødvendig sukker, for eg er jo i faresonen for svangerskapsdiabetes, sidan eg er overvektig. Og ungane blir visst lettare store, og det kan føre til hardare fødslar.. Har lyst på ein liten, nett unge, eg! :gjeiper: Dumt at eg elskar Dundersalt da! :fnise:

Neste time blir i slutten av juli, den 28. Då er eg i veke 23..Enda ein dato å sjå fram til! Og tenk, då er eg "godt over" halvvegs! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Almera

Jeg misunner deg virkelig den tiden du er i nå altså. Alle forventningene og følelsene :rodmer:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Jeg misunner deg virkelig den tiden du er i nå altså. Alle forventningene og følelsene :rodmer:

Eg skal krysse fingrane for at du også om ikkje så altfor lenge får oppleve dette! :jepp:

Endeleg fredag og langhelg! Igjen! Fantastisk! :) No er det jammen ikkje mange arbeidsdagar igjen..pluss at mange av dagane går med til andre ting no dei siste vekene (idrettsdag, steinalderprosjekt, fotballcup, avslutningsdag etc) :) Trur faktisk at eg ikkje skal ha fleire engelsktimar i år, for dei går vekk alle saman.. Plutseleg er det snart sommar! Men det visast ikkje på veret da..skodde, pøsregn, skya, vind etc etc :( Gler meg til varme sommardagar der eg kan ligge i sola og ete is! Mmmm! :)

I går fekk eg pakke med Ellos, og då skulle eg liksom få ein marineblå genser.. Men så var det ein kvit tights som kom! Eeeeh..ikkje det same i det heile tatt! :fnise: Men eg veit ikkje om eg gidd å returnere, for tightsen var jo i min størrelse, og det er jo kjekt med tights om sommaren :jepp:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Hohoi, 17 veker i dag! No nærmar det seg halvvegs! :danse:

UL allereie på mandag, det er berre 6 dagar til :) (og hurra for ein ekstra fridag ;) ) Då får vi vite om det er gut eller jente også, forhåpentlegvis :) Eg anar ikkje kva det blir.. Eg bruker alltid å tippe rett når eg tippar for andre, eg kjem faktisk ikkje på om eg har tippa feil dei siste tja, 5 åra.. Men meg sjølv - nei, der klarer eg ikkje å tippe! Så det blir veldig spennande :) Sannsynlegheita er jo 51,4% for gut, og 48,6% for jente.. hehe :)

Har hatt ei fin langhelg, fått slappa av mykje og sett ein del film attmed mannen :) Tur til byen på laurdag, saman med svigermor. Det tek jo si tid, sidan ho er såpass gammal, men det gjekk bra. Møtte familien min der, og så åt vi pizza saman alle saman :) Kjøpte meg ny sykkel, hurra! No må eg berre finne sykkelhjelmen min, men den trur eg ligg heime hos mamma og pappa.. Og den MÅ eg ha, eg som til og med fekk trumfa gjennom at mannen min måtte kjøpe seg hjelm, viss ikkje ville eg ikkje sykle saman med han :)

I dag jobbar mannen min overtid, så i dag får eg sikkert sett TO episodar med Grey's! :) Og så kanskje eg skal overraske han med å måle litt i gangen :) No har eg lyst å bli ferdig med den, slik at den ikkje ser ut som ein byggjeplass! :)

Øvelseskøyrde også litt i helga, fy det er skummelt altså! Men fekk køyrd ca 10 mil til saman, og begynner å klare å gire og sånn no, utan å ha den i feil gir, hehe :) Men er litt nervøs endå ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Knøtteliten
:hoppe: hurra hei og hopp for 17 uker :hoppe:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

:hoppe: hurra hei og hopp for 17 uker :hoppe:

Jaaa, hurra for oss!! :danser:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Fridag i dag og det er såååå fint! :) Har sett 4 episodar Grey's og berre slappa av :) Ferien startar på tirsdag etter skuleslutt, så eg har berre tre arbeidsdagar igjen! :sjokkert: I morgon, fredag og tirsdag (og tirsdag er berre halv dag!), sidan eg har ul på mandag! Året har jammen gått fort :)

Sit og ventar på mannen min som skal kome att frå jobb snart. Då blir det chili con carne med kvitlauksbaguettar til middag (nam! :spise: ) Og så skal eg prøve å få overtalt han til at vi målar i gangen i dag, slik vi kan ta siste strøk kanskje i morgon, og då er det klart for å skifte dører i helga! Hurra! Har berre nokre få veggar igjen som manglar eit strøk :) Eg tenkte eigentleg å måle sjølv i dag, men det er veggen oppover trappa til 2. etg, og det blir litt høgt for meg..

Har forresten googla om det er skadeleg å ligge på magen, men det er det visst ikkje :) Eg var redd for at babyen skulle bli skvisa, men det ser ut til at det ikkje går an :fnise: Favorittsovestillinga mi er på magen, så då kan eg heldigvis ligge sånn litt til :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...