Gå til innhold

Mamma for andre gong :)

silverdoe

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Her er alt bra! :tommelsmil:

Har hatt ei veldig fin helg, har fått henta båten vår og sjøsatt den :) Så laurdagskvelden vart brukt til ein rotur inn fjorden, med blikkstille vatn og dorging :) Resultatet vart ein liiiten småsei :fnise: På søndag blåste det så mykje at vi ikkje kunne stikke ut og ro, så då fiska vi heller frå fergekaia. Det vart berre ein småsei då også, hehe :)

På laurdag var vi også på besøk med svigermor, som er veeeldig bekymra over den båten vi har kjøpt oss. Ho er overbevist om at vi kjem til å drukne (sidan vi ikkje døydde av å sjøsette den..mannen kom til å få hjarteinfarkt og eg kom til å drepe ungen) når vi er ute med den. Så vi besøkte ho, for å vise at vi lever, og er ellers flinke å ringe :) Men æsj, fekk servert mygla skulebolle :( Ho hadde kjøpt inn på torsdagen (men eg trur det var lenger sidan), men eg syns dei såg litt gamle og sveitte ut..så eg var litt skeptisk..lukta litt rart gjorde dei også! Tok nokre bitar, men så syns eg eg såg noko grønt i vaniljekremen. Og så kika eg meir nøye på nokre av dei andre stykka, og der var det tydeleg myggel. Eg klarte ikkje å ete meir, og stakkars mannen min hadde ete ein heil halvdel! Sjølv om han syns den smakte litt rart.. Eg har vore litt skeptisk til å ete ferskmat hos ho, for ein annan gong vi var der og åt frukost, merka eg også myggel! Og då hadde mannen begynt på si 4. skive! Eg kika bort på han i det han skulle ta ein bit, og då var der STORE grøne flekkar på skorpa! Huff :( Så det var IKKJE kjekt å på ein måte få bekrefta frykta mi.. Men svigermor vart også lei seg..ho hadde gleda seg til å servere skulebollar til oss.. Heldigvis var der andre gode ting der, som vi åt :)

I dag tidleg kom endeleg katten heimatt også! :) Ho hadde vore vekke sidan fredags morgon, så det var godt å endeleg høyre mjauinga hennar utanfor døra :) Ho brukte å ta seg nokre sånne turar før i tida (og kom tilbake gravid, for 2 mnd etterpå kom det ungar.. :fnise: ), men no er ho kastrert, så eg veit ikkje kva ho har gjort på.. Men det har vore fine dagar no i helga, så ho har vel kost seg ute :) Men i dag regna det, så då ville ho vel innatt :gjeiper: Ho vart veldig glad då eg la fram ein småsei til ho :)

No skal eg sette på ei vaskemaskin, og så skal eg strikke litt :) Mannen jobbar overtid, så det blir åleinetid lenge i dag.. Men eg overlever :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Avslapningsdag i dag, sånn som dei fleste andre dagar for tida.. Jaja, ikkje den verste tida å ha avslapning på - eg er trass alt gravid! ;) Men skulle ønske eg kunne jobbe litt likevel, sidan eg er såpass sprek!

Men det nærmar seg veke 9-vekta mi no! Ojoj! Eg er litt sær, og seier ikkje til folk kva eg veg..viss nokon spør, bruker eg å svare 150 kg..for folk ser at eg veg ikkje det da :gjeiper: Mannen min fekk vite kva eg veg no etter veke 9, då legen skreiv det på arket..men det var berre såvidt eg turde å seie det til han! Dvs. eg sa ikkje det, eg viste han arket :) Men når eg snakkar om vekta mi til han, så liker eg best å seie berre dei bakerste sifra, t.d. 9,8 eller 4,7 eller 2,1..ikkje f.eks. 89,8, 64,7 eller 102,1, lol! Eg er raaaar :fnise: Han skjøner kva eg meiner da, for han veit kva som står på tiarplassen ;)

Men eg starta altså på 9,4..og så var eg nede i 3,9..og no er eg oppe i 8,7! Så det er berre 700 gram igjen til veke 9-vekta mi! Målet er maks 500 gram i veka opp, resten av svangerskapet.. Håper det går! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra! Snakka med storebroren min i dag, dei var på ul i dag, og mest sannsynleg får dei ei jente! :strix: :strix: Dei var ikkje heilt sikre, så dei har fått ny time om nokre veker for å få det bekrefta :) Då blir det ein baby av kvart kjønn i familien, berre på knapt 3 mnd! :rodmer:

Og så er det litt artig, for han bror har alltid vore sånn stor og tøff, slåst litt, hardhaus, trene mykje, tatovering..og no skal han bli pappa til ei lita jente og han gler seg sånn :rodmer: Det blir eit artig syn! :fnise: Og sikkert veeeeldig nusselig! :jepp:

Han lisjegull er aktiv i dag, har kjent han mykje :) Stod opp kl 6 for å lage niste og frukost til mannen, og la meg igjen då han reiste på jobb i sju-tida. Sov i nokre timar (hehe, til klokka halv tolv.. :sjenert: ) og då eg våkna, etter å ha lagt på magen ei stund (heldigvis klarer eg det endå!!), så snudde eg meg, og då var magen kjempehard akkurat i navleområdet! Sikkert han lisjegull som har "falt" ned mot mageskinnet medan eg låg på magen, for etter ei lita stund "falt" han lenger innover mot ryggen igjen :) Og så gav han meg nokre kraftige spark! Rart dei ikkje klarer å sparke hol i magen, altså! :ler:

I går var mannen og eg ute på rotur i fjorden her, båten vår ligg fortøyd på utfar rett nedom huset vårt. Var stille på fjorden og fint ver :) Fiska litt, og då fekk eg først ein lyr. Eg trudde først kroken hadde satt seg fast, men neida, det var ein fisk! Hurra! Og etterpå fekk eg DEN STORE torsken! Ojoj, eg trudde stanga skulle knekke, hehe :ler: Mannen måtte dra den opp, eg turde ikkje, i tilfelle eg øydelagde stanga :) Vi skal ha kokt torsk til middag i dag, i alle fall! :)

Og LOL til pusen vår! Ho vart med oss ned, men turde ikkje å gå oppi båten..så ho låg trufast og venta på oss på ein tangklase til vi kom att, etter ca 1,5 time. Ho var veldig usikker på om ho ville oppi båten då vi kom att..så til slutt løfta eg ho oppi. Ho var gaaanske redd og klamra seg til meg. Og då eg løsna grepet litt, ca 5 m frå land, tok ho sats og hoppa frå skuldra mi og mot land! PLASK i vatnet :ler: Ho kom seg gaaanske fort opp på land ja, hehe :) Var litt bekymra for at ho skulle slikke av seg alt saltvatnet, men ho lever i dag, så det har visst gått bra :) Men tipper ho ikkje vil på båttur meir, hehe :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe, huff dakar pusen - fikk seg litt av et sjokk sikkert :fnise:

Pusen vår har blitt skikkelig, skulle til å si drama-queen men må vel bli drama-king siden det er en gutt, når det gjelder vann :fnise: da han var liten elsket han å ligge i vasken og leke seg klissbløt med strålen (tror du DET var søtt å se på, eller? :rodmer: ). Nå er det krig om han må dusjes :gjeiper:

Han var ute i plaskregnet en gang her, fant han stående som en gjørmeklomp ute på gårdsplassen hvor han sto å bare freste ut i lufta (åååå så sinna på regnet! :fnise: ). Så jeg måtte bære han inn og lempe han inn i dusjen. Etter noen minutters kamp mot en LITE dusjevillig pus på 6 kg, måtte jeg ty til vasken. Den var så liten og glatt at han "la inn årene" og ga opp stakar :gjeiper: så jeg fikk vaska av han lorten og balla han inn i håndkle som en svøpt baby - da var vi brått bestevenner igjen, for det var visst koselig å ligge inntulla i et varmt håndkle og kose med matmor på soffan :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hehe, nusselig pus da :rodmer: Vår pus har aldri vore glad i vatn, men heilt ifrå ho var kattunge skulle ho vere med på badet når vi skulle dusje og sånn da :) Og ho eeeelsker å drikke rennande kaldevatn frå badekarskranen :fnise:

-----------------------------------

Det går mykje i avslapping for tida! Ikkje fått meg jobb (eg reknar med dei hadde ringt frå der eg var på jobbintervju om eg faktisk hadde fått jobben..), så eg går berre heime. Håper å få vere litt vikar der som eg jobba no fram til sommaren da, på barneskulen.

Dei siste nettene har eg drøymd om at eg spør folk om dei ser eg er gravid, eller om eg berre ser tjukk ut, hehe :) Eg er jo litt (ok, ganske :fnise: ) kraftig frå før av, så eg føler ikkje magen har vokse så mykje. Den er hardare, og meir utståande, spesielt øvre del av magen. Men ellers så passer eg jo f.eks. buksene mine fint..

Så då kan eg legge ut eit magebilete her, og så kan dei få som leser her seie om dei syns eg ser gravid ut, eller berre tjukk! :jepp: Eg viser ikkje magen min offentleg da, så det blir med singlet ;) Og eg blir IKKJE såra viss de syns eg ser berre tjukk ut, for eg syns jo eg ser tjukk ut sjølv også :)

Magebiletet er tatt i dag, 27+6 :)post-21766-0-67168700-1313674322_thumb.j

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du ser da ikke tjukk ut, nå må du gi deg! :hakeslepp: Jeg synes absolutt det ser ut som en gravidmage jeg! :) den ser hard, fast, rund og fin ut - så jeg får langt ifra tanker om fleskemage når jeg ser den magen der, helt ærlig :) en flott gravid kvinne er du :klem:

Vi har alle forskjellig kroppsfasong og sliter med kiloer enten den ene eller andre veien, og det er nok vi selv som ser det best. Jeg er en av dem som synes at gravide kropper i alle fasonger er fine på hver sin måte jeg da, alle har sin sjarm :) Jeg selv er en av se som ser ut som en "stælk" med badeball, og selv synes jeg ikke nødvendigvis tynne gravide ser best ut... :sjenert:

Kanskje jeg skal våge meg ut på å ta et magebilde og legge ut jeg også.... eh, litt sjenert av meg :eeeh:

Nåååh, tusen takk! :klemmer::sjenert: Eg også er litt sånn sjenert av meg, og det er KUN mannen min som får sjå meg utan klede (jaja, no etter at eg vart gravid føler eg at eg har vist underlivet mitt til alle da.. :fnise: ), og magen min har ikkje eg vist til venninner ein gong! Så det vart MED singlet hos meg.. :sjenert: Men eg syns du burde legge ut magebilde! :jepp: Du er sikkert kjempefin!

Eg syns også at gravide er noko av det fiiiinaste som fins! Det er noko med formene damene får, dei ser så fine ut :) Og det er jo bra at det fins gravide i alle moglege fasongar, og eigentleg er alle vakre! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg syns du hadde en fin mage jeg :) Det som er så spesielt med magehus, de er alltid fine :D Og det er som hun over her sier, vi er forskjellige og har forskjellige mageformer osv osv. Men likevell så er det et babyhus :D Helt fantastisk syns jeg. Og alle gravide mager er nydelige syns jeg. Syns du stolt kan vise frem magen din, om det så er med singlett over :) Vi ville jo ikke dratt opp singletten om man ikke var gravid, så om du ikke føler for å vise deg frem i bar mage når du er gravid, så skal du ikke gjøre det :D

Tusen takk, benni! :klemmer: Du har heilt rett, magen er fantastisk uansett, for det bur eit lite mirakel inni der! :) Kroppen gjer ein utruleg jobb i 9 mnd, og då burde ikkje vi damer vere redde for å vise fram vidunderet :)

-------------------------------------

HURRA for 28 veker i dag!! :hoppendeglad: :hoppendeglad: :hoppendeglad: Då går faktisk startskuddet for 3. trimester, og det er jo litt av ein milepæl! :jepp: Det er deilig å tenke på at for kvar dag som går, så blir lisjegullet endå litt sterkare og betre rusta til livet utanfor :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Å hurraaaa for 28 uker og 3.trimester (hoi hvor fort tiden går!) :skya::hoppendeglad::strix:

Ja, hipp hurra! :danser: Tida går kjempefort, eg syns eg nettopp testa positivt :ler:

Så fiin mage! :strix:

Og så skal jeg forsøke å hoppe for 28 uker. :hoppe::fnise: Velkommen til siste trimester! :sjenert:

Tusen takk, og hei til deg! :velkommen::vinke: Det er heilt greit om du ikkje klarer å hoppe så mykje, hehe ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jippiiii for 28 uker :rodmer::danse: Er så gøy å telle ned og se at det bare blir nærmere og nærmere for HVER dag :D Johuuu!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jippiiii for 28 uker :rodmer::danse: Er så gøy å telle ned og se at det bare blir nærmere og nærmere for HVER dag :D Johuuu!!!

Ja, det er kjempegøy! :jepp: Berre 12 veker igjen! :daane: Eg syns eg nettopp kom over den magiske 12-vekers grensa, med "berre" 28 veker igjen! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Ja, det er kjempegøy! :jepp: Berre 12 veker igjen! :daane: Eg syns eg nettopp kom over den magiske 12-vekers grensa, med "berre" 28 veker igjen! :fnise:

:fnise: så tenk nå då da, da har du BARE 12 uker igjen :D Jeg syns det har gått fort, men er redd høsten skal gå sakte..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:fnise: så tenk nå då da, da har du BARE 12 uker igjen :D Jeg syns det har gått fort, men er redd høsten skal gå sakte..

Eg har ein følelse av at dei siste par-tre vekene kjem til å gå kjeeeeempesakte! :ler: Og I ALLE FALL viss eg går over termin! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ein følelse av at dei siste par-tre vekene kjem til å gå kjeeeeempesakte! :ler: Og I ALLE FALL viss eg går over termin! :fnise:

Sitter med samme følelsen.. Men håper vi tar feil begge to :D :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Da er man aktive og gjør noe for å ikke bare vente på babyen. :fnise:

Jeg skrev jo at jeg fikk sjokk at det kun er 33 dager igjen, rett og slett fordi dagene går og jeg prøver å gjøre andre ting enn å telle ned. :fnise: Det er greit å lese en bok eller tjue, vaske babysaker, gå turer, ja.. Bare være aktiv.. :sjenert: Vet jeg har 5 uker igjen, men det går fort.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...