Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Det vart ikkje måling i går..trur han var for sliten (han går ein fjelltur kvar dag etter jobb, ca 1 time). Så det vart middag og tv resten av kvelden :) I dag MÅ vi klippe plenen, det er ca den einaste soldagen vi har hatt på lang lang tid.. og det er ikkje akkurat meldt nydeleg sommarver på langtidsvarselet heller.. Trur det blir ein Grandiosa til middag i dag, sånn vi kan komme oss fort ut :)

Svigermor ringte no i stad, ho bor slik til at ho kan sjå skulen og skuleplassen og no hadde ho sett ein gut som klatra i eit klatrestativ, så ho lurte på om eg hadde kome heim eller om eg skulle hjelpe han ned, for det måtte eg IKKJE gjere bla bla bla.. Då blir eg litt sånn oppgitt og svarer litt kort at verken eg eller ho kan gjere noko med at ungar leikar (ho er jo redd for at han skal falle ned og dø da) og det er ikkje vits i å ringe til meg, då må ho i så fall ringe til rektor på skulen, og at vi kan ikkje hindre ungar i å leike seg.. Og så blir eg litt oppgitt fordi ho alltid tenker at det verste kan skje og skal formane meg å ikkje gjere sånn og sånn.. Det går liksom ikkje an å tenke positivt for ho! Huff... Eg ser LETT for meg kva som skjer viss vi kjem på ul på mandag og fosteret er dødt! Då kjem eg til å få høyre leeeeeenge om ALT eg har gjort galt! Eg kjem til å bli sprø..Derfor håper eg alt går bra på mandag!

No er det berre 1 arbeidsdag igjen og så er det helg og det blir fine saker! Og på tirsdag er det feeeerie!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Merker at eg gleder meg til mandag! Litt sånn skrekkblanda fryd! Og så blir det veldig fint, men litt skummelt også, å faktisk få vite kva vi får! Då blir det så veldig konkret! :) Men gjett om vi skal sporenstreks til kjøpesenteret og kjøpe noko rosa eller blått da!! :rodmer::jepp:

Men først skal eg nyte helga! Berre ein skuletime igjen + litt jobbing på kontoret, rydde pulten og sortere og sånn :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til på UL mandag! :klemmer: blir spennende å lese hva du får...... :sjenert: heller litt mot jentefølelse på meg selv jeg nå. Men i morgen er det sikkert guttefølelse, såeh.... :sjenert: hehe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til på UL mandag! :klemmer: blir spennende å lese hva du får...... :sjenert: heller litt mot jentefølelse på meg selv jeg nå. Men i morgen er det sikkert guttefølelse, såeh.... :sjenert: hehe.

Tusen takk! :) Timen er kl 8, så vi slepp heldigvis å vente så lenge :) Eg heller litt mot jente eg også.. Men det er sikkert fordi eg har drøymt nokre gonger om jente.. Men eg er fornøgd berre ungen lever! :) Vanskeleg å tippe i alle fall! Men viss eg MÅ, så tippar eg jente! :fnise:

Får sikkert ikkje oppdatert før i morgon kveld eller tirsdags morgon, så du må vente i spenning :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du tenkt å pine meg til i morgen kveld eller tirsdag?? :daane: :gjeiper:

Hehe..neida, jeg klarer vel og vente jeg :) har ganske fullt opp med program i morgen, så får vel ikke sjekka nettet før leggetid. Skal til jordmora imorgen jeg! :) også har jeg fri fra jobb, så jeg skal besøke mamma og pappa.. og kanskje :shoppe: litt....... :sjenert: de fleste buskene mine har krympa skjønner du, og er enten ubehagelige eller for små - kan ikke skjønne hvorfor... :vetikke::fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du slapp å vente så veeeldig lenge likevel! :) Mannen har sovna på sofaen, så då nyttar eg anledninga til å sladre litt her :fnise:

Ul-en gjekk kjempefint! Babyen låg og vifta med armane og kosa seg og hjartet banka og den var akkurat som den skulle! :rodmer: Og no slepp eg å skrive "den" meir, for det var ein "HAN"!! Vi skal få ein liten gut :babygutt::rodmer: Og han var så nydeleg fin! :):strix::hjerter: Vi er såklart heilt forelska! :)

Resten av dagen benytta vi til vill shopping, hehe :fnise: Vi kjøpte blant anna babyseng, ei sånn hengeseng (vi har ikkje plass til babyseng inne på vårt soverom, så vi plasserer sprinkelsenga på babyrommet og den "henge"senga inne på vårt soverom), dyne, pute, dynetrekk, putetrekk, ein kosedress, 3 bodyar, to par sokkar og "Bamse - Verdas sterkaste bjørn" pysjamas :rodmer:

Eg er litt merkeleg da, eg har tatt av meg sidan eg vart gravid, mellom 4 og 5 kg (alt etter om det er rett etter helga eller ikkje :ler2: ), så eg treng IKKJE nye klede endå! Alt passar! Men det skal nemnast at eg er godt polstra frå før av, så eg har hatt stor mage leeeenge, i maaaaange år :fnise: Men eg gledar meg til NOK ein grunn til å shoppe da ;) Håper du fann noko! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratuleeeeerer med en perfekt gutt! :babygutt: Jeg har ikke vært på dataen før nå.... men var det første jeg sjekket :fnise: Ble forandring i planene mine, så ble ikke noe shopping.... men jeg må gjøre alvor av det nå, for knappen i (den eneste) buksa som er behagelig å ha på må være oppe... :sjenert:

(svarer på jordmor-sp.m inne hos meg :) )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratuleeeeerer med en perfekt gutt! :babygutt: Jeg har ikke vært på dataen før nå.... men var det første jeg sjekket :fnise: Ble forandring i planene mine, så ble ikke noe shopping.... men jeg må gjøre alvor av det nå, for knappen i (den eneste) buksa som er behagelig å ha på må være oppe... :sjenert:

(svarer på jordmor-sp.m inne hos meg :) )

Tusen takk, Knøtteliten! :) Det var så artig å sjå han ligge der og ha det fint :) Nusselig nase hadde han, og sutta litt på tommelen :) Og på det eine biletet vi fekk, ser det ut som om han ligg og smiler/ler! :fnise:

Artig at du begynner å få litt mage da! :) Eg har sikkert mage eg også, berre at den foreløpig ikkje er større enn det eg har hatt frå før :fnise: Eg har ALLTID hatt utståande mage, sikkert skikkeleg slappe magemusklar, hehe :) Eg veit i alle fall kva eg må trene etter fødselen :gjeiper: Trur eg skal kjøpe litt mammaklede i sommar, for eg må jo uansett ha ein eller annan gong..og det er lurt å kjøpe FØR eg må gå naken til butikken, pga for små klede :fnise: Men eg får foreløpig igjen knappane i buksa mi da, i motsetning til deg :skratte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

SÅ herleg med ferie! :) Fullstendig avslapping, sove til kl 11 og sjå Grey's Anatomy på pc'n, aaah! Men er snart ferdig med Grey's! :O :tristbla: Då er sesong 7 ferdig, og eg er faktisk komt like langt som USA..æsj, då må eg vente lenge...eg har vore bortskjemt med å kunne sjå så mykje eg ville når eg ville :gjeiper:

I dag er det jonsok, men eg veit ikkje om vi skal feire.. Mamma ringte og spurte om vi ville komme utover til dei og grille på badestranda.. Men mannen min var ikkje så keen, for vi må ta ferge..og då blir det seint med sisteferga tilbake, for han skal jo på jobb i morgon.. Eg syns det er litt synd, for vi bur ikkje SÅ langt ifrå dei og eg skulle gjerne sett familien min litt oftare.. Men mannen min er ikkje så veldig sosial av seg.. Og mamma foreslo at eg kunne jo kome sjølv om mannen min ikkje ville/kunne.. Og når eg sa det til mannen min vart han litt sur, for då har eg såklart ikkje lyst å vere saman med han og eg vil heller vere saman med familien bla bla bla.. Så vi ender vel opp med å vere heime og sjå på tv..

Dei siste dagane har eg vore plaga med veldig vondt i sida mi..litt bak på ryggen og utover mot sida.. Det kjem i bølgedalar, 3 sekund vondt, 3 sekund ikkje vondt.. Heile kvelden og natta.. Skikkeleg kjipt, og eg veit ikkje kvifor det har komt. Ein teori er at det er fordi eg klipte hekken med sånn hekksag i helga, i mange timar holdt eg på.. Så kanskje eg har strekt noko?! :vetikke: Eg måtte i alle fall ta 2 paracet i natt, for å få til å sove.. Det trur eg skal gå greit, med tanke på babyen.. Eg har ikkje tatt smertestillande før i svangerskapet, så eg trur ikkje 2 paracet skal ha noko å seie..

No trur eg eg skal ta meg ei gulrot og litt dip! Nam!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åh, så vondt i sida! :tristbla: Tok 2 paracet i 16-tida i går..og 2 paracet før eg la meg ca kl 23..Og alt var fint, heilt til eg våkna i 3-tida, då var tydelegvis virkninga ute :( Tok 1 paracet, men funka ikkje, så eg tok 1 paracet til i 4-tida.. Virka heller ikkje, så eg låg og makka og vrei meg, for alle stillingar er vonde å ligge i.. La meg inntil mannen, så la han handa på sida, og det virka i alle fall psykisk, for då sovna eg ei stund :) Men stod opp halv åtte, etter å ha sove til og frå sidan mannen min stod opp 6.10. Kjenner at eg er skikkeleg trøytt, og må kanskje sove litt på sofaen etterpå. Tok meg ein paracet då eg stod opp, men no kan eg IKKJE ta fleire! Føler meg som den junkien! Og det er vel ikkje bra å ta for mange paracet heller.. Så no får eg berre leve med smertene :( Det må vel gi seg snart?!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huffda.... vondt i sida av rygg, mage eller bekken eller noe? Jeg vet ikke hvor mye paracet man kan eller bør ta når man er gravid, jeg vet bare at man skal ta det istedet for ibux :sjenert: jeg tok noen paracet selv noen dager på rad (1 i døgnet, når jeg skulle legge meg) i starten da jeg ble gravid, hadde så "menssmerter" akkurat i starten av svangerskapet. Jeg følte meg heller ikke noe særlig da jeg tok de, men klarte rett og slett ikke å la være. Nevnte det til legen på første kontroll og da sa han bare "det går nok helt greit ja", uten å utdype det noe mere... :sjenert: hva med å ta en telefon, bare for å høre? er du bedre, forresten? :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Huffda.... vondt i sida av rygg, mage eller bekken eller noe? Jeg vet ikke hvor mye paracet man kan eller bør ta når man er gravid, jeg vet bare at man skal ta det istedet for ibux :sjenert: jeg tok noen paracet selv noen dager på rad (1 i døgnet, når jeg skulle legge meg) i starten da jeg ble gravid, hadde så "menssmerter" akkurat i starten av svangerskapet. Jeg følte meg heller ikke noe særlig da jeg tok de, men klarte rett og slett ikke å la være. Nevnte det til legen på første kontroll og da sa han bare "det går nok helt greit ja", uten å utdype det noe mere... :sjenert: hva med å ta en telefon, bare for å høre? er du bedre, forresten? :klemmer:

Ja, eg er heldigvis blitt bedre, takk for omtanken :klemmer: Kjenner det litt om kveldane, før eg skal legge meg.. I går tok eg 1 paracet før eg la meg, det var alt på heile dagen (og det same dagen før), så det går heldigvis mykje bedre :) Det var ikkje vondt i ryggen og ikkje i bekkenet, men i sida..så eg trur det var muskulært, ikkje noko med bein/skjelett å gjere.. Det ser heldigvis ut til å vere på tilbakegang :)

Eg googla Paracet før eg tok det, og eg las også i ei brosjyre på apoteket om at paracetamol går heilt greit å ta, men vi må halde oss unna Ibux.. Så eg trur ikkje eg har gjort noko gale :)

I helga hadde eg søstrene mine på besøk, frå laurdag til søndag, og det var veldig kjekt :) På søndag var vi hos foreldra mine og det var også veldig kjekt :) Vi fekk med oss barnevoga tilbake igjen :rodmer: og vi gjekk gjennom mange posar med barneklede som mamma hadde på loftet, og tok med oss tilsaman fire posar med klede! :):rodmer: Blant anna nokre strikkagenserar og jakker som storebroren min fekk for 30 år sidan :fnise: Kjempefine! :)

På onsdag skal vi på ul igjen, og etter det skal eg møte eine lillesøstra mi :) Då blir det nok litt shopping på oss, hehe :) Både til meg og han lisjegull :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig med ferie! :) Men syns synd i mannen som må opp 6.10 kvar dag :fnise:

Såg for moro skyld oppatt 1. episode i 1. sesong av Grey's, og fniste litt då eg såg kor unge dei var! :) Artig å sjå, men eg skal IKKJE begynne påatt med sesong 1 - det tek aaaaltfor lang tid! :) Eg har lasta ned både Frustrerte Fruer, Ugly Betty og the Vampire Diaries, så eg har jo litt å sjå på likevel, medan eg ventar på sesong 8 av Grey's :jepp:

Søstra mi kjem i kveld, og så blir ho med oss til byen i morgon, og så heng vi ilag etter at mannen min stikk på jobb, etter ul :) Kan hende ho kan få vere med inn på ul, det hadde ho sikkert syns var kjekt :) Mannen min syns det er greit, men han vil ikkje ha med nokon andre inn når det er fødsel, og det er HEILT greit for meg! :ler: Trur vi må be dama dobbeltsjekke at det faktisk er ein gut der inne, før vi setter igong med å strikke i blått :fnise: Ho var jo ikkje heilt sikker forrige gong, så det kan jo vere greit å få det bekrefta :)

I dag må eg gjere noko fornuftig, trur eg :) Måle litt, anten på gangen eller barnerommet.. Har lyst å bli ferdig no :) Sjølv om det er veldig behagelig å sitje i sofaen da.. :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følgje tickeren min er eg visst 19 veker i dag! :hoppe: Men forrige gong eg var på ul, var eg i følgje tickeren min 17+6, men fekk beskjed om at eg var 18+5 då..så eg er kanskje nærmare 20 veker eigentleg :) Men det får vi vel endeleg beskjed om i morgon :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Heia! :goodbye:

Så spennende med en liten prins på vei - gratulerer! Blir spennende å høre hva de sier i forhold til termin i dag, kanskje du bli litt flytta:)Om ikke lenge vil du nok kjenne lillegutt mer på utsiden av magen også, hvis du ikke allerede har gjort det. Jeg husker hvertfall at det ble mye mer virkelig for mannen da storebror begynte å sparke slik at det kjentes utenpå.

Håper du fant noen fine klær i dag da - også så heldig du er som har fått fra mamman din. Synes det var så kjekt å finne gamle ting etter mannen da han var liten, min mamma hadde derimot nesten ikke spart noe.

Nå kaller pliktene her i huset - ha en flott kveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heia! :goodbye:

Så spennende med en liten prins på vei - gratulerer! Blir spennende å høre hva de sier i forhold til termin i dag, kanskje du bli litt flytta:)Om ikke lenge vil du nok kjenne lillegutt mer på utsiden av magen også, hvis du ikke allerede har gjort det. Jeg husker hvertfall at det ble mye mer virkelig for mannen da storebror begynte å sparke slik at det kjentes utenpå.

Håper du fant noen fine klær i dag da - også så heldig du er som har fått fra mamman din. Synes det var så kjekt å finne gamle ting etter mannen da han var liten, min mamma hadde derimot nesten ikke spart noe.

Nå kaller pliktene her i huset - ha en flott kveld!

Hei og tusen takk! :) Blir veldig spennande med ein gut ja :) Kjenner han av og til inne i magen min, men det er ikkje så veldig framtredande endå..litt blafring og dulting :) Men dei harde sparka kjem vel tidsnok uansett :gjeiper:

Var på ul i går, og det er garantert ein gut der inne! :rodmer: Fekk til og med nærbilete av utstyret hans :fnise: Kan sjå for meg at det blir ein suksess i konfirmasjonen hans, haha :skratte: Alt såg bra ut, og terminen vart flytta endå eit hakk fram, til 14. november! :) Og det er berre 4 dagar etter mensterminen min, så då var det ikkje så gale likevel..kanskje eg berre er ein sånn som reagerer seint på testar, sidan det vart så seint positivt.. Men men..ikkje så viktig nå, hehe :)

Søstra mi fekk også vere med inn og sjå, ho syns at det var veldig kjekt :) Og så er jo det faktisk litt relevant for utdanninga hennar også, så det var sikkert ekstra interessant då :) Etterpå var vi i byen og shoppa, eg shoppa som ein gal både til meg og lisjegullet, og brukte sikkert 4000 kr, det er eg sikker på! :fnise: Men eg fekk jo meg mykje fint da; nokre slække bukser, to par snørestøvlettar i ulik høgd (med lav hæl, slik eg klarer å gå i dei..), ei veske, nokre singletar, eit par genserar, to skjorter, gåve til mamma..og mykje fint til lisjegullet; ein heil del bodyar (det var salg på h&m!), nokre sett med bukse og genser, nokre strømper..

Men no skal ikkje eg kjøpe meir! For det første så får vi mykje fint i gåve når han blir fødd, og så veks han jo fort ut av det! Og skal ikkje kjøpe meir til meg heller, for i haust så skal heile familien til utlandet ein tur, mest sannsynleg England..då skal eg spare, slik at eg kan kjøpe litt til både meg og han :) Vi må reise før 14. oktober da, dei fleste flyselskap har ein policy på max 4 veker før termin..

Men ein ting eg vart skuffa over i går: eg tenkte eg skulle stikke innom spesialundertøysforretninga i byen, og kjøpe meg ein ny bh..for den eg har er litt liten, og har vore liten i snart eit år..Sånn at puppen tyt ut over kanten, not nice! Så eg tenkte at sidan eg no har peng, kunne eg kjøpt ein romsleg bh.. Så eg går inn og får hjelp, og seier eg må ha minst j-cup (den eg har no er i-cup), og ca 85 rundt.. Og så kjem ho med ein G-cup, ho høyrde feil! Den fekk eg IKKJE på meg, og då sa ho at nei, butikken har ikkje større enn h-cup! Og ammebh-ar har dei ikkje i det heile tatt! :( Så eg må nok ta meg ein tur til Bergen eller Oslo eller liknande, for å finne stor nok bh..

Når eg er ferdig med å få unge, skal eg slanke meg! Og så skal eg ta brystreduksjon når eg er ferdig med alle ungane (ca 4)..då skal eg få bittesmå puppar, kanskje berre c-cup! Eller d? Og så skal eg hoppe og springe rundt, og kjøpe billige bh-ar på Lindex og kjøpe skjorter der knappane ikkje spriker! Ja, det skal eg gjere! :fnise: LOL! Eg gler meg allereie! :fnise:

Det var dagens utløp for frustrasjon over butikkar som ikkje fører bh-ar i store størrelser.. :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg endra tickeren min :)

Gjekk frå 19+2 til 20+6! Yaiks! Over halvveis! :)

Måtte ha anna termin på tickeren for å få veketalet til å stemme..11.11 vart terminen på tickeren, men eg veit jo sjølv at det er 14.. :)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Okej, TRE innlegg på ca 1 time..lol!

Men eg MÅ berre skrive: no fekk eg tre dult i magen, på rad! Og ingen tvil om kva det var, det var han lisjegull! :rodmer: Aldri kjent det SÅ markant før - hurra! :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...