Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Phui, då har eg rydda i huset! :husarbeid: Blir alltid så sveitt! Men no er i alle fall badet vaska, stova rydda og støvsugd og kjøkkenet shina litt opp :)

Mamma og pappa var nettopp innom og leverte brødrene mine :) Og då fekk vi ein påhengsmotor med dei! :hoppendeglad: Sikkert ein dei hadde til overs :) Berre 4 hk, men kva gjer vel det?! Vi skal berre ha late dagar ute på fjorden uansett, treng ikkje noko meir då :) Håper vi får prøvd den ut i helga :)

No trur eg eg skal dusje, sånn eg blir rein og fin til helga :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

:danse: 29 veker :danse: Juhuu :D :D

Flink du er og holde hus og him i orden :tommelopp: og det er så deilig når det er gjordt :) Kjekt med reint hjem og rein kropp til helga vet du ;):fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

: danse: 29 veker : danse: Juhuu :D :D

Flink du er og holde hus og him i orden : tommelopp: og det er så deilig når det er gjordt :) Kjekt med reint hjem og rein kropp til helga vet du ;) : fnise:

Ja, eg kan vere flink viss eg vil ;) Men som oftast er eg frykteleg lat :fnise: Men VELDIG godt når det er gjort ja! Og så blir det så fint :)

: hoppe: 29 uker : hoppe:

Litt på etterskudd : sjenert:

Tusen takk! Betre seint enn aldri :ler:

: hoppendeglad: 29 uker : hoppendeglad: enda mer på etterskudd... : sjenert: : smilyblomst:

Tusen takk! Etterskudd fungerer også bra :fnise:;) Hopping for veker er alltid positivt! :ler:

-----------------------------

Har hatt ei veldig fin helg, med besøk av brødrene mine. Dei har stort sett spelt data, hehe :) Det regna stort sett heile helga, så det vart ingen båttur :( Dei reiste i går, og såklart; 1 time etter at dei reiste lysna det opp, det vart blikkstille på fjorden og sola titta fram... tyyyypisk! Dei får kome att ei anna helg og fiske :jepp: Laga vaflar og brownies til mamma og pappa kom, og det var skikkeleg godt! Nam nam! :)

Og forresten, det blir ikkje Dublintur på oss..det blir LONDONtur!! Hurra! :hoppendeglad: Det blir heilt fantastisk! Og eg skal jammen begynne å drømme meg vekk i kva eg skal kjøpe! Åh, herleg! Skal kjøpe litt til meg sjølv, og litt til han lisjegull!

Eg trur eg må surfe litt på nettsidene til butikkane.. Åh, Topshop! NEW LOOK!!! :hjerte: Primark! Dorothy Perkins! Oooooh, eg gledar meg sånn! :hoppe:

Og så vart eg ferdig med smetteskjerfet i går :) Det var strikkemålet for veke 34 (altså, kalenderveke, ikkje svangerskapsveke :fnise: ), så då har eg ei lue og eit matchande skjerf! Målet for veke 35 er å gjere ferdig eitt av teppa eg held på med! :tommelsmil:

(Måtte ta vekk nokre smileys..)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag vog eg berre 8,3 kg! Ikkje verst! :tommelsmil: Vog 9,2 på fredag, så målet for neste fredag er max 9,7.. Så 8,3 lover godt :) (Og eg presiserer, for dei som ikkje har fått det med seg, at eg kuttar ut første siffer i vekta mi.. eg veg jo ikkje 8,3 da :fnise: Men 68,3 - 78,3 - 98,3 - 158,3 f.eks.) ;)

Har brukt litt tid på å sikle meg gjennom Topshop og New Look sine sider no, gler meg til Londontur! Mykje fint der! Ein gong eg var i England kom eg heimatt med 7 par sko :ler: New Look har alltid så mange fine sko!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag då eg steig på vekta fekk eg sjokk - den viste 7,7 kg! :hakeslepp: Det er fleire veker sidan eg såg 7-talet, har holdt meg stabil på 8-9-talet i nokre veker.. Men eg reknar med det er berre midlertidig, det er nok tilbake på 8-talet i morgon ;)

No har eg nettopp vore ute og kløyvd litt ved, det er dagens husarbeid :fnise: Ja, eg har jo satt på ei oppvaskmaskin også da! :jepp: Vi har ein haug med oppsaga ved ute, men den er ikkje kløyvd ferdig, og det plagar mannen min. Vi har stor stove (nærmare 60 kvadrat), så vi treng mykje ved til fyringssesongen.. So no har eg vore snill mot fine mannen min som jobbar overtid :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flinke flinke du :) Godt å være klar til vinteren med mye ved :D Koooselig å fyre i ovnen :rodmer: Ser for meg dere og lillegullet deres kose dere i stua med fyr i ovnen, ndåå :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flinke flinke du :) Godt å være klar til vinteren med mye ved :D Koooselig å fyre i ovnen :rodmer: Ser for meg dere og lillegullet deres kose dere i stua med fyr i ovnen, ndåå :rodmer:

Ja, det er veldig koselig med ovn, spesielt når det er kaaaaldt ute og vaaaarmt inne! :fnise: Har kløyvd siste rest av veden i dag, så då blir det mykje kos i vinter! :)

----------------

Våkna i dag tidleg og var litt smånervøs, for eg kom på at eg ikkje kjente lisjegullet i løpet av natta.. Eg sov sikkert veldig godt da, for vanlegvis kjenner eg han no og då.. Men kanskje han også sov??! Heldigvis tok det ikkje lange tida før eg kjente bevegelser, så då slappa eg av :) Og seinast for 5 minutt sidan sparka han så heile magen dissa! :ler: Så no er eg ikkje nervøs lenger :rodmer:

Eg har eit lite dilemma for tida, som eg må løyse innan i morgon.. Mannen min og ein kompis skal på rådyrjakt på hytta.. Han vil såklart at eg skal vere med. Men samtidig så er det akkurat denne helga det er "marknad" på heimplassen min, som eg liker å vere på (det er standar med div. tilbod, kafé, arrangement etc.).. Og mamma og søstra mi vil jo gjerne at eg kjem da.. Men eg vil jo også vere saman med mannen min, samtidig som eg veit at dei kjem jo til å vere vekke nokre timar kvar dag, på jakt..

I fjor vart det skikkeleg krangel utav det her.. Mannen min vart driiitsur og sa masse stygge ting, fordi eg foreslo at eg kunne vere heime.. Men eg vart jo med til slutt. I år har han ikkje vore sur, altså! Og han skjønner viss eg vil dra heim til familien i helga og vere der i staden for.. Huff, dilemma! Eg veit ikkje, eg.. :vetikke: Eg trur eg har mest lyst heimatt da, for det er jo kjekt å få treffe familien litt :) Men for all del, eg lid inga naud om eg må på hytta heller, altså! :) Då kan eg ta med meg strikketøyet og bok 2 i Twilight (når eg treng litt hjernedød litteratur, så les eg anten Superstjernebøker eller Twilightbøkene :ler: ) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er godt han sparka som magen disser :D :rodmer:

Jeg hadde blitt hjemme, ikke tvil en gang ;) Kjekt å være med mannen, men når han likevell er borte såpass mye i løpet av dagen så ville jeg vært hjemme med familien :) Så har du min mening ;) Blir nok kjekt begge deler, uansett hva du velger :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Flott at lillegutten sparket såpass hardt! :fnise:

Jeg hadde dratt på markedet, og vært med søster og mor. Er litt koselig å være med familie synes jeg. Dog, det er jo et dilemma. Kjenner jeg hadde hatt litt problemer med å velge jeg egentlig. Liker å være rundt forloveden, men også med mamma.. Så.. DILEMMA!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig med magedissende spark :rodmer:

Om min kjære skulle på hytta og skyte Bambi, hadde jeg nok nektet å bli med :snurt::fnise:

Men for å legge mine følelser for Bambi og andre søte dyr tilside :gjeiper: :

Jeg hadde nok fortsatt dratt hjem og på marked. Hvis det bare er mannen og kompisen, så kan det jo bli litt morro for dem med guttetur også tenker jeg? :) men jeg forstår at det er et dilemma, begge ting er jo hyggelig. Det å være sammen med sin kjære er jo somregel alltid veldig hyggelig, men samtidig så tror jeg at det er bare sunt å ta små avbrekk en gang i blandt, der man finner på ting på hver sin kant :jepp: Som f.eks han på jakttur med kompis og du henge med mor og søster :)

Endret av Knøtteliten
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg så at du hadde skrevet i Pitteliten sin dagbok og da kom jeg over det at du var hele 30 uker på vei i dag : hoppe: : strix:

:velkommen: HenLu! Kjekt at du vil hoppe litt for meg :) Eg må jo berre innrømme at eg har lest igjennom heeeeile dagboka di UTEN å legge igjen spor.. eg er litt sjenert av meg.. :sjenert:

Benni, Delphina og Knøtteliten: Ja, det er skikkeleg dilemma! Men eg blir nok med mannen.. De skjønner, han skal vekk heile neste veke, på heimevernsøvelse.. Så viss han reiser i dag, så blir det ca ei veke til neste gong vi får sett kvarandre (vi får sett kvarandre litt på søndags kveld, når han kjem tilbake).. Og det blir jo litt lenge da.. Så eg tenker at eg blir med no i helga, og så kan eg heller reise heim ein tur i løpet av veka. Eg er jo arbeidsledig, så eg kan gjere det eg vil, sånn sett.. Og mamma har fri ein dag i veka, så eg kan reise heimatt den dagen :) Sjølv om eg går glipp av marknaden da.. Menmen..den skal jo vere neste år også! Æsj, eg hater sånne konflikter! Eg føler at uansett kva eg velger så blir det feil! :(

Men over til noko gledeleg: HURRA for 30 veker!! :hoppendeglad::strix: Då er det berre 10 veker igjen, sånn ca! Ojoj, det nærmer seg! :hoppe:

Og i natt har eg kjent han lisjegull maaaange gongar, så han har det nok fint :) Eg trur ikkje han liker så godt når eg prøver å legge meg på magen :fnise: Kanskje eg skviser han?? Han sparkar iallefall godt frå seg då..på ein måte ned i madrassa.. Så det blir mest sidesoving frå no av :)

Oooh ja, og i dag er det offisiell vegedag, og i dag vog eg 7,8 kg! Godt innanfor målet om max 9,7! :ler: Så då trur eg eg beheld målet om max 9,7 ei veke til! Viss eg er flink, blir det max pluss 5 kg da, dei neste 10 vekene.. Det hadde vore fint :) For eg tenker at kvar einaste kg som blir over 9,4 kg, det er reine plusskilo.. Det treng ikkje eg så mykje av.. Klart, gullet kjem nok til å vege ca 4, pluss diverse anna inni der som veg litt.. Så f.eks. 5 kg pluss hadde nok gått heilt fint :)

Då vil eg ønske alle ei GOD helg! :goodbye: (Det er ikkje internett på hytta :(:sukk: så eg får ikkje oppdatert før til mandagen igjen.. )

No skal eg lage sveler og pizzahorn, tenkte eg :) Til å ha med oss :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

hipp hurra for 30 uker :strix: (hvor har det blitt av tiden??? :hakeslepp: )

Blir nok hyggelig på hyttetur med mannen, når han skal bort neste uke :hjerte:

Det var jo en lur ordning med å bli med på hytta nå og besøke familien neste uke når han alikevel er borte :) God tur! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Jeg har vært inni dagboken din flere ganger, men det har aldri passet å "skrive seg inn" :sjenert::fnise:

Kos dere på hyttetur. Jeg må bare si at du ikke legger på deg så mye. Heldiggris :fnise: Gruer meg til neste veiing :overrasket:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

hipp hurra for 30 uker : strix: (hvor har det blitt av tiden??? :hakeslepp : )

Blir nok hyggelig på hyttetur med mannen, når han skal bort neste uke :hjerte:

Det var jo en lur ordning med å bli med på hytta nå og besøke familien neste uke når han alikevel er borte :) God tur! :)

Ja, hurra! :strix: Tida har visst forsvunne.. Plutseleg er det berre ca 2 mnd igjen! :hakeslepp:

:danse: litt sent for 30 uker!

Håper dere får en koselig hyttetur! :strix:

Tusen takk! :hoppe:

Jeg har vært inni dagboken din flere ganger, men det har aldri passet å "skrive seg inn" :sjenert : : fnise:

Kos dere på hyttetur. Jeg må bare si at du ikke legger på deg så mye. Heldiggris :fnise : Gruer meg til neste veiing : overrasket:

Hehe, kjenner igjen følelsen av å ikkje vite heilt kva ein skal skrive ;) Forresten så har eg mange kg å ta av, så eg treng ikkje å legge på meg all verda :fnise: Er i godt hold, for å seie det slik :ler:

Er visst en dag for sen denne uken også : fnise:

:hoppe : 30 uker : hoppe:

Tusen takk! Her kan folk få hoppe NÅR dei vil/har tida! :fnise:

----------------------

I går kom vi heim frå hytteturen. Det var forsåvidt ein kjekk tur da, men eg var jo ein del åleine. Fekk strikka og lest ein del i alle fall :) Det vart dessverre ikkje noko jaktutbytte denne gongen, men det var NESTEN! Dessverre bomma mannen min på råbukken..noko som plaga livet av han, hehe :fnise: Han skal få ta seg nokre fleire jaktturar i oktober, men i november trur eg eg held han heime, i karantene ;)

Tenkte å dra heimatt i morgon. Då reiser mannen min på heimevernsøving og blir borte til fredag. Så då kan eg i alle fall ta meg eit par dagar heime :) Det blir kjekt :jepp:

I går var det forresten akkurat 1 år sidan eg måtte ta utskraping :( Det er faktisk litt trist å tenke på endå, for vi skulle jo eigentleg ha blitt foreldre i april.. Men sånn gjekk det dessverre ikkje. Men, på den andre sida, hadde ikkje det skjedd så hadde eg ikkje hatt verdas mest fantastiske lisjegull i magen no! Og det var jo han som var meininga skulle komme :rodmer: Og eg er så glad i han! :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klemmer: til deg. Det er bra du ser det positive i det at du måtte ta utskrapning. Det er virkelig ikke en kjekk opplevelse (har gjort det selv), men du har gullklumpen i magen din nå som kommer ut om ikke så altfor lenge :strix:
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...