Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

I dag har vi kjøpt stellekommode og vippestol :rodmer: Kjøpte på BabyComfort, ein sånn som heiter noko med Bijoux :gjeiper: Den er veldig fin! :jepp:

Det er så kjekt å handle ting til han lisjegull :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gløymde å juble for 23 veker i går! :danse: Hurra! 23 veker er vel den magiske grensa, då legane faktisk kjem til å prøve å redde gullet om han skulle kome for tidleg.. Så hurra for den milepælen! :)

No held mannen på å liste golvet på barnerommet, eg hjelper litt til..dvs. eg ser på, og held listene der det trengs :fnise: Trur det blir innmari fint :) Eg gler meg! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at nokon har hatt sånn "statusoppdatering" på denne tida, så eg kan jo slenge ut ei eg også:

Statusoppdatering

Termin: UL-termin er 14.11.11, menstermin er 10.11.11.

På veg: 23+2 :)

Igjen til termin: 16+5 (iiik, det begynner å nærme seg!)

Kjønn: Gut :rodmer:

Utålmodig? Eg gler meg såklart VELDIG til han kjem, men han kan godt få vere der inne biiiittelitt lenger! Det blir fantastisk å få han ut, men foreløpig vil eg nyte tida han har igjen i magen :)

Aktivitet i magen: Kjenner lisjegullet kvar dag, mest om kvelden når eg set meg ned i sofaen. Då er sparka der :)

Namn: Mellomnamnet er sånn ca bestemt (og vi kallar han faktisk for det sånn eg og mannen imellom :gjeiper: ), men det er ganske uvanleg. Det er det same mellomnamnet som farfaren min har, og når eg googler det, så er det faktisk farfar som kjem som første treff! :) Men vi vil ha eit litt meir "normalt" fornavn, og det kan gjerne vere bibelsk :) (Men ikkje Lukas eller Noah..det må vere noko som ikkje tre andre i klassa kjem til å heite..)

Vektauke: Minus 2 kg hittil.. dvs, eg var nede i minus 5 kg, og så har eg dei siste månadane lagt på meg 3 kg.. No må eg prøve å bremse utviklinga, for legen sa eg ikkje treng å legge på meg så veeeldig mykje, sidan eg har ein del frå før :fnise:

Vatn i kroppen: Nei.

Kynnere: Ikkje som eg veit om..og eg reknar med eg hadde visst det hadde eg hatt det :gjeiper:

Humør: Ikkje endra seg noko særleg, eg føler meg ganske lik meg sjølv! Ikkje noko grusomme humørsvingingar :)

Barnerom: I full gang! Målt veggane (måla over gammal tapet) i lys syrin, ein slags lys lilla. Valnøtt laminat og kvite lister. Skal ha ein kvit gyngestol med saueskinn i hjørnet, som ammestol. Relativt nøytralt, i tilfelle vi får jente seinare :) Har kjøpt inn blå gardiner og kjem til å ha litt blått tilbehør.

Utstyr: Har fått vogn med mamma, den som dei to yngste brødrene mine brukte. Simo, mørkeblå :) Har kjøpt inn kvit sprinkelseng med nokre sengesett, som skal stå på barnerommet. Inne på vårt soverom har vi kjøpt ei "sovegynge", der babyen skal sove dei første månadane, om nettene. Ein del klede er kjøpt inn. Vippestol (i nøytralt stoff) og stellekommode er også kjøpt inn :) Men manglar ein del enda, føler eg..bilstol etc.!

Mjølk i brysta: Nei, ikkje endå.

Fødsel: Ser på det med skrekkblanda fryd! Det kjem til å vere det vondaste eg har opplevd, men med den mest fantastiske belønninga! :rodmer: Er veldig redd for å rivne, så peanøttolje er kjøpt inn :jepp:

Plager: Ingenting, bortsett frå litt småkvalm i veke 9-10 (men utan å spy).

Oppegåande: Fullt oppegåande både fysisk og psykisk! :jepp:

Svolten: Ikkje noko meir enn før, nei. Hadde litt lita matlyst i byrjinga, men den har tatt seg opp igjen! :)

Spesielle matlyster: Godt med dundersalt :ler:

Og så har navlen min begynt å bli annleis! :sjokkert: Eg har alltid hatt skikkeleg djup innovernavle - no har den begynt å kome utover! Ikkje mykje, men litt! Eit sikkert tegn på at magen veks! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En forsinket :danser: for 23 uker :D Wiiihuuu :D

Koselig å handle babyting :rodmer: og så gøy å pusse opp barnerom :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk! :) Veldig kjekt ja, både å handle inn og å pusse opp! Det blir så kjekt når alt er på plass, og han lisjegull berre kan komme :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var barnerommet klart til innflytting! :rodmer: Senga er montert, stellekommoden er montert, gardinene er hengt opp og lampane er på plass! :) Då kan vi slappe av til november ;)

Rommet vart kjempefint! Eg gler meg til vi får tatt det i bruk! :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ojojoj, såg på lista frå Babyverden at: Fosteret begynner å høre:

16. juli 2011!! Det er jo over den datoen no! Og eg som skulle spele mykje klassisk musikk til babyen, sånn han blir smart! Heldigvis er det ikkje for seint endå :) Best å sette på litt Mozart og Beethoven ;)

Men så søtt da, då kan han høyre oss :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Danse litt for 24 veker!! :danser:

Då er golvet på gangen ferdig, og det blir riktig fint :jepp: Då gjenstår berre listing, så er det inn med kommode og sånn :) Då blir gangen mykje triveligare :)

Vi har fått "ny" pus i huset..dattera til vår eigen pus :) Naboen fekk den, men no har dei reist på ferie og pusen er att ute..så vi har tatt den inn, så ho får mat og sove litt hos oss :) Vi syns litt synd i den da.. Dei har fått ei anna nabojente til å gi den mat og vatn i skålene sine, som står ved ytterdøra.. Men hallo, det er ca 15 kattar i nabolaget, og fleire av dei er store hannkattar.. Så den skåla blir fort tom, gitt! Ho kom mjauande til oss då vi gjekk ut av bilen for litt over ei veke sidan..Og sidan har ho fått kome inn til oss når ho vil, for mat og avslapping!

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag var eg hos jordmora, og alt såg fint ut :)

Urinprøva viste ingen spor etter sukker, eggekvite eller protein, og blodtrykket mitt var lavt og fint (106/69). Det var bra, for eg var litt redd for at det skulle begynne å bli høgt..

Fekk også høyre hjertelyden for første gong, og det var jo litt artig da :) Det låg på rundt 158-160 og høyrdes bra ut. Han låg og bevega seg mens ho målte, så vi kunne høyre at slaga gjekk fortare nokre gongar :) Av og til kom det nokre ekstra kraftige dunk, og det var når han sparka inn i "sensoren" :) Nusseleg :rodmer:

Symfyse-fundusmålet mitt vart også registrert, og det låg i øvre del av kurva, men det gjorde ingenting. Sidan eg har litt stor mage frå før, så vil nok det påvirke litt målet, for det går ikkje an å måle berre livmora. Og eg har MI kurve, og så lenge den held seg jamn, så er det ikkje noko problem. Godt å vite :jepp: Eg håper eg ikkje får ein kjempebaby... :sjenert: Det blir nok vondt å presse ut :fnise:

Og så har eg fått rekvisisjon (hmm..var det rett stava..?) på glukosebelastning, så då kan eg gå opp på legekontoret og ta den når som helst :)

Har hatt nokre fine feriedagar denne veka, sjøl om veret har vore dårleg. Håper på sol i august! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for 25 veker!! :hoppendeglad:

Dette står på Babyverden om 25 veker:

Fra 25 uker og 0 dager til 25 uker og 6 dager av svangerskapet.

Vekt: 800 g

CRL: 22 cm

Full lengde: 30 cm

Fosteret er i begynnelsen av denne uken 23 uker gammelt. Allerede nå begynner det å bli liten boltreplass for fosteret i livmoren. Øyevipper dukker opp denne uken, og øynene vil snart kunne åpnes og lukkes!

Hjernen vokser fremdeles fort, og fosteret er en velproporsjonert liten minibaby. Fosteret begynner også å få lengre hår på hodet.

Då passa det bra at mannen min for første gong fekk kjenne dult utanpå magen! :rodmer: Då vart han veldig glad :) (Og det vart eg også!) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, forresten, eg var på legekontoret i dag og tok glukosebelastningstest.. Måtte betale 125 kr, som eg reknar med er for materiell..Flaks eg tok med lommeboka! :jepp: Blodprøvedama lurte på kvifor eg var der.. "eeeh..fordi jordmora sa eg skulle...?"... "Ja, men kvifor??" "eeeeh...fordi eg er tjukk...?" :fnise: Då trakk ho heldigvis på smilebandet :gjeiper:

Sukkervatnet smakte så som så.. Gjekk heilt greit å få det ned, men var litt uggen i magen etterpå.. Så sat eg og strikka og las litt, i dei to timane eg måtte vente.

Håper på positivt svar no da, at eg ikkje har diabetes! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hoppe: 25 uker :hoppe:

Så koselig at mannen din kunne kjenne den lille :)

Skal krysse fingrene for positivt svar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag var eg på jobbintervju, for ein butikkjobb i nærleiken.. Trur det er ein del andre søkarar også, så eg er ikkje alt for optimistisk.. Eg prøvde å kle meg slik at det ikkje skulle sjå ut som eg var gravid, hehe :fnise: Hadde på meg jakke og greier - dritvarmt! Måtte kjøpe meg ei t-skjorte etterpå, for å kjøle meg ned, hehe :) Og best av alt? Eg fekk 30 kr rabatt på t-skjorta (kvit mamma t-skjorte frå H&M) fordi det var flekk på den og det var den siste igjen i XL..så då kosta den berre 50 kr!! :jepp: Flotte saker! :tommelsmil:

Får vite om eg får jobben i løpet av neste veke, så eg får vente i spenning :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Oi, nå la jeg merke til at vi har jo faktisk samme "hoppe-dag" igjen :hoppe: Du ligger med andre ord nøyaktig 4 uker før meg i løypa :jepp: i morgen kan vi hoppe for 22 og 26 uker :duskedame:

Endret av Knøtteliten
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oi, nå la jeg merke til at vi har jo faktisk samme "hoppe-dag" igjen :hoppe: Du ligger med andre ord nøyaktig 4 uker før meg i løypa :jepp: i morgen kan vi hoppe for 22 og 26 uker :duskedame:

Åh, kult! :tommelsmil: Eg må hoppe for oss i dag eg da, for i morgon reiser eg og mannen på overnattingstur til hytta vår, uten internett.. Så hurra!!! for 22 og 26 veker! :hoppendeglad:

Har jobba ein del med ved i dag, og no sit eg og prøver å kjenne etter om han gut er der.. Han har vore rolig i dag, håper det er berre ein rolig-dag og at han er i full vigør i morgon igjen! Eg syns eg har kjent nokre dult, så eg håper han berre chiller :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingenting i vegen med han gull, i alle fall :) Han hadde nok berre ein rolig dag på torsdagen :) I går gav han pappaen sin det sterkaste sparket hittil, hehe :)

Var på hytta i helga, det var kjekt å få ta seg ein tur dit. Svigermor var også med, og turen vart nok litt annleis pga. det. Det vart jo ikkje noko "kjærastetur" akkurat då da.. :) Og det vart nok meir slitsomt enn om ho ikkje hadde vore med, men ho hadde det veldig kjekt og ho var veldig glad for å få vere med, og det var jo det viktigaste :) Vi skal kanskje tilbake no i helga også, og då blir det berre eg og mannen :)

Prøvesvara frå glukosebelastninga låg i posten då vi kom att, og der stod det at prøvene var heilt normale! HURRA! :tommelsmil: Fastande blodsukker var 4,6 og to timar etter testen var blodsukkeret 5,0 :) Eg veit ikkje heilt kor høgt skalaen går før det er fare på ferde, men eg har alltid hatt rundt 4,5-5, gravid eller ikkje gravid.. Så det var godt å få vite :) (Sjølv om eg natta etter drømte at eg var hos legen og så begynte han å flire, og innrømte at han ikkje hadde peiling på kva han skulle skrive i brevet, så han hadde berre dikta nokre tal!! :ler: )

Og i dag skulle eg på butikken og hente dei 4 kiloa med jordbær som eg hadde bestilt, og som eg hadde gleda meg til både å maule og å lage god heimelaga jordbærsylte av...og så kom ikkje bæra! :( Pga. dårleg kvalitet så får ikkje butikken inn meir av desse 4 kgs bæra..:( Og dei skulle jo ringe og seie ifrå om dei ikkje kom..men dei ringte ikkje, så då trudde eg dei hadde komt! SKUFFA! :tristbla:

Mannen har begynt på jobb igjen i dag, så i dag har eg berre slappa av og lest ut Arven av Katherine Webb. Hadde begynt på den, men har lest faktisk 300 sider i dag... ikkje ofte eg har tida til det, hehe :) Likte i alle fall boka :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

I dag har eg for første gong i livet vore inne på eit Nav-kontor :fnise: Har meldt meg arbeidsledig, og trong hjelp til søknad om dagpenger-skjemaet. Dama som hjalp meg var heldigvis hyggjeleg, så eg har jo fått eit godt førsteinntrykk, sjølv om eg har høyrd mykje dritt om Nav, både gjennom media og gjennom mannen min (som har ein jobb som inneber kontakt med Nav). Behandlingstida på søknaden er rundt 3-4 veker, så eg må nok berre smørje meg med tålmodighet :)

Hadde ein sær draum i natt.. I går las eg nemleg at ein Hollywood-versjon av tidenes beste film, Dirty Dancing :hjerte: , skal lagast.. Og det syns eg IKKJE det bør gjerast, rett og slett fordi den er perfekt allereie. Det er å pisse på Patrick Swayzes minne :( Så i natt drøymde eg at eg var inne hos Jens Stoltenberg og ba han lage ei lov (eg hadde med meg underskriftskampanje til og med) som forbaud å lage remakes av Dirty Dancing! :ler: Han var forøvrig heilt enig med meg, og vi var begge redde for at Johnny no kjem til å bli spelt av t.d. Zac Efron eller Justin Bieber, og Baby av Vanessa Hudgens eller Selena Gomez.. :fnise:

Huff, dei kan jo ikkje ha ein jentegut til å spele Johnny! Han skal jo ose av sex, eleganse, røffhet og maskulinitet! Det fins jo damer med meir maskulin utstråling enn Zac Efron (og JA, han er ein kandidat! Berre sjå her: Dirty Dancing) ! :eeeh::sjokkert:

JA, eg er over gjennomsnittleg interessert i Dirty Dancing, hehe :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Buhu, tannverk! Dvs. ei visdomstann som er på veg opp! :( Har hatt litt småvondt i eit par dagar no, og tok faktisk ein Paracet i natt, pga. bankinga og dunkinga baki der.. Og TO Paracetar no tidlegare i dag (haha, eg lurer på korleis eg takler rie-smerter, lol :fnise: ). Ikkje noko kjekt, men eg må vel berre vente til ho kjem opp før eg gjer noko med det. :tannverk:

Og då skjønar eg i alle fall kvifor små ungar sutrar når dei får tenner..for det er jo vondt!

Endeleg litt sol her i dag, men nordavinden øydeleggjer litt.. Skal likevel forsøke meg ut og lese litt i førerkortboka mi :)

Fekk forresten bilstol i forgårs, med ei bekjent av oss! Hurra! :tommelsmil: Den er brukt, men fint brukt, av typen Maxi Cosi (som eg har høyrd mykje bra om). Og så fekk vi stelleveske også med ho, det var snilt :) Og vi slepp å betale - endå snillare! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tenkte eg kunne driste meg til å lage ei lita utstyrsliste, som eg fyller ut etterkvart.

Utstyr til babyen:

  • Sprinkelseng (til barnerommet)
  • Vippestol
  • Mawok hengevugge (til å ha på soverommet vårt)
  • Stellekommode med badekar
  • Smikker: Frotté: 2
    Jersey: 4
  • Klutar: Frotté: 15 stk
  • Bilstol (Maxi Cosi)
  • Barnevogn (Simo, bag)
  • Dyne og pute x 2 (i ulike str.)
  • Sengesett (Str 65x80: 2. Str 80x100: 4)
  • Laken (Til seng: 3 blå. Til vogn: 2 kvite)
  • Smukk: 3 stk
  • Tepper: Helsetepper: 1 blått
    1 kvitt
    Strikkatepper: 1 i lyseblå bomullsgarn (Disney)
  • Handdukar: 2 stk
  • Voksipose
  • 1 kvitt lammeskinn
  • 3 Avent tåteflasker (med minste type tut)
  • Babygym
  • Babyhuske (til å ha ute eller inne..)
  • Tripptrappstol
  • Badebalje, til å ha med seg på tur (t.d. til hytta eller sommerferie)
  • Stellepledd 70x100cm

Klede:

  • Bodyar -
    Langerma:
    Str 50: 1
    Str 56: 1
    Str 60: 6
    Str 62: 7
    Str 68: 1
    Str 70: 1
    Str 74: 1
    Str 80: 3
    Str 0-3 mnd: 1
    Korterma:
    Str 50: 0
    Str 56: 0
    Str 62: 1
    Str 68: 1
    Str 74: 0
    Str 80: 0
  • Genserar/jakker:
    Str 50: 0
    Str 56: 0
    Str 62: 4
    Str 68: 0
    Str 74: 0
    Str 80: 0
  • Bukser -
    Sparkebukser:
    Str 50: 0
    Str 56: 2
    Str 60: 1
    Str 62: 1
    Str 68: 0
    Str 74: 0
    Str 80: 0
    Vanlege bukser:
    Str 50: 0
    Str 56: 0
    Str 60: 1
    Str 62: 4
    Str 68: 0
    Str 74: 0
    Str 80: 0
    Str 0-3 mnd: 2
  • Sokkar Str 0-1 mnd: 6 par
    Str 2-3 mnd: 2 par
  • Luer
    Bomull -
    Str 50: 0
    Str 56: 0
    Str 60: 1
    Str 62: 1
    Str 68: 0
    Str 70: 1
    Str 74: 0
    Str 80: 0
    Str 42/44: 1
    Str 44/46: 1
    Strikka: Djevellue i str 0-3 mnd (men kanskje litt stor??)
    Str 70: 1 (tova ull)
  • Pysjamasar
    Str 50: 1
    Str 56: 0
    Str 62: 3
    Str 68: 1
    Str 74: 1
    Str 80: 1
  • Jakker
  • Heil dress: 1 i str 62 (fleece)
    1 i str 0-3 mnd (velour)
    1 i str 70 (ull)
  • Strømpebukser:
    Str 60: 2
    Str 70: 2
  • Vottar: Str 70: 1 par i tova ull
  • Tøfler: Str 70: 1 par i tova ull

Utstyr/klede til meg:

?

Eg har jo litt mammaklede da.. :sjenert:

  • Avent manuell brystpumpe med oppsamlingsbeger
  • 2 amme-bhar (svart og kvit)
  • Ammeinnlegg i ull, 2 par
  • Singletar i både bomull og ull/silke
  • Velour kosebuksesett til føden

Utstyr/klede vi manglar:

  • Vottar
  • Skjerf (held på og strikkar)
  • Tåteflaske
  • Smokk
  • Smikker
  • Lammeskinn
  • Vognpose
  • Brystpumpe? Skal sjekke ut i London
  • Klutar (men kanskje nokre i flanell?)
  • Amme-bhar (Skal kjøpe i London, forhåpentlegvis).
  • Ammeinnlegg (vi har nokre prøver på eingongs..kanskje kjøpe nokre i ull? Må strikke nokon stooooore)

Eg kjem til å føre opp meir etterkvart som eg kjem på kva vi manglar ;)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for 27 veker! :danser::rodmer:

Tida går jammen fort..berre 1 veke igjen til 3. trimester! Iiiik! :haar:

Babyverden.no skriv dette om veke 27:

Vekt: 1000 g

CRL: 23,5 cm

Full lengde: 32 cm

OM BARNET

Fosteret er i begynnelsen av denne uken 25 uker gammelt. Denne uken åpner gjerne fosteret øynene for første gang, men det ser ikke særlig godt. Nyfødte barns syn er heller ikke særlig godt utviklet, og de er nærsynte. Hørselen er mye bedre enn tidligere, så fortsett å prate og synge for fosteret! Lydene vrenges nok noe av fostervannet, og fosteret har gjerne vernix i ørene også.

Nå samles nytt fett under huden hele tiden, slik at huden blir mindre gjennomsiktig og rynkete. Hjertelyden kan høres i stetoskop, og enkelte vil kunne høre det lille hjertet slå ved å legge øret mot magen.

Du begynner kanskje å merke at fosteret har fått tydeligere søvnmønster, og vil kunne kjenne igjen aktive og rolige perioder på omtrent samme tidspunkt fra dag til dag.

Tenk, han veg heile 1 kg! Ein heil sukkerpakke! Søskenbarnet mitt var litt over 800 g då ho vart fødd..ho overlevde heldigvis..men tenk så lita! Og no er han gull 1 kg! :hjerte:

I dag skal vi hente båten vi har kjøpt :) Brukt, lita jolle på 14 fot og billigbillig :) Eg gler meg til å fiske! :jepp: Skal ha den på utfar nedom huset vårt, det blir stas :) Berre å gå ned skråninga og ro ut i fjorden :tommelsmil:

Og så er eg snart ferdig med lua til han lisjegull! Ei djevellue.. Eg las ein plass at det var ei som kalte det for hjertelue..det var litt finare, syns eg..så eg trur eg vil kalle den for det :):rodmer: Blå og fin! Skal strikke matchande skjerf, tenkte eg..smetteskjerf :) (No er det best det faktisk blir gut, altså! :ler: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...