Jump to content
silverdoe

Mamma for andre gong :)

Recommended Posts

silverdoe

Snakka med legen i dag, fått time 6. april :)

Det KAN hende eg er kortare på veg enn først antatt, pga eg testa negativt 6. mars, og hadde eg hatt normal syklus, burde eg strengt tatt testa positivt då..Men det hadde eg på ein måte forventa, sjølv om det er kjipt å tenke på at eg kanskje er berre 5 veker på veg i staden for 7.. Og at det då er endå fleire veker å gru seg til, for då blir veke 8-9 endå lenger vekke..

Eg er ikkje noko kvalm, akkurat sånn som førre gong, og derfor er eg litt nervøs. Samtidig så prøver eg å tenke positivt.

Så no skal eg kike gjennom strikkebøkene/hefta mine og sjå om eg finn noko fint å strikke :) Til babyen såklart :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

Dalmore

Grattis med positiv test! :)

Så koselig at det gikk i orden for deg, og så krysser vi fingrene for at du kommer over både den magiske uke 8, den enda mer magiske uke 12 og ikke minst at du kommer helt til målstreken denne gangen. Jeg har stor tro på at det blir novemberbaby for dere!

... her kom kvalmen for fullt i uke 7, så du trenger ikke bekymre deg så mye for det. Noen er jo ikke kvalme i det hele tatt heller. Og ingen er vel perfekte gravide, du visste jo ikke om den lille spiren en gang, så ikke ha dårlig samvittighet for verken folat eller spekepølse, du. Det går så bra, så! :klem:

Her er vi nå godt inne i uke 29, magen vokser og det er TO små nurk som sparker mammaen sin... Det blir en spennende vår for oss begge to! :hjerte:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Tusen takk, Dalmore! :)

Eg følgjer med i dagboka di, og syns det er så artig å lese der :) Og så kjekt at det klaffa med TO da, sjølv om det sikkert er superskremmande til tider, hehe :) Har familien din historie med tvillinger? Her eg bur er det ein familie der alle søstrene (pluss mora eller tanta) har fått tvillingar, hehe :) Men broren, han får kun ein og ein :gjeiper:

Når har du termin forresten? Håper og tipper på ein kjempefin vår for oss begge :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

8 veker i dag, i følgje terminkalkulatoren! :) Det er jo liksom litt sånn magisk grense det da, men det kan jo hende at noko skjer likevel.. Men får håpe ikkje! :)

Sa det til mamma og pappa i helga, og skal seie det til svigermor snart. Men har ikkje tenkt å seie det på jobb endå, skal først søke på ei stilling til neste år (er i vikariat no).. Får eg den, DÅ kan eg seie det :) Fristen er 5. april, trur eg..

Er framleis ikkje kvalm.. Skulle på ein måte ønske eg var det, for det er jo liksom teiknet over alle teikn det da.. Men samtidig er eg jo veldig glad for at eg ikkje er det, for det er heilt grusomt å vere kvalm og spy! Spysjuka er noko av det verste eg veit! Men NOKO symptom hadde jo vore kjekt å ha da..:)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

8+2 i dag :)

Framleis ikkje kvalm, men har litt mindre matlyst for tida (noko som eigentleg er heilt greit, sidan eg er verdas tjukkaste dame..)

I går hadde vi pølse med brød til middag, det var godt! Men eg åt veldig mange, 4 stk! Då var eg kjempemett! I dag blir det potetball :)

Og så er eple veldig godt, spesielt Pink Lady..nam nam! Mykje betre enn skive :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

8+6 i dag, dvs 9 veker i morgon.. Foreløpig har ingenting gått galt, så dei neste par vekene blir jo spanande :) Er bittelitt uggen i magen, litt sånn småkvalm, har vore det dei siste dagane.. Men det kan like gjerne vere fordi eg et for mykje godteri eller noko sånt.. :gjeiper:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

silverdoe

9 veker i dag! :hoppe:

Legetime i morgon, det blir jo spanande. Er satt opp på dobbelttime, for eg må visst fylle ut litt papir og sånn.. Eg rakk jo aldri å kome på første legetime førre gong, det vart berre ein hastetime.. Så eg veit ikkje heilt kva som skjer der :)

Av og til får eg tulleidear.. at eg kjem på legen og så finn han ut at eg ikkje er gravid, det er berre kroppen min som tullar med meg, fordi eg er så tjukk..jaja..sist gong eg føreslo det for legen, så flirte han berre :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Det gjekk bra på legetimen i går, fekk fylt ut nokre papir, målt blodsukker og blodtrykk (100/60) og snakka litt. Han er jo snill han legen, som ikkje seier at eg er tjukk, berre "litt overvektig".. :fnise: Men eg sa sjølv at eg er tjukk :) Vi vart enige om at eg burde ikkje legge på meg sånn alt for mykje i løpet av svangerskapet.

Så vart det den alltid kleine underlivsundersøkelsen..heldigvis varte den kort, sidan eg hadde tatt alle viktige testar då han undersøkte meg i september. Alt såg bra ut, og han kjente på livmora. Mest sannsynleg er eg litt kortare enn 9 veker, men veit ikkje heilt kor mykje. Og så får eg kanskje tidleg UL, berre sånn for å berolige meg :) Håper det!

Ny time i mai :)

Har dårleg matlyst for tida..det går mest i yoghurt og eple/frukt.. Skulle ete potetball i går, og eg klarte ikkje ein halv ein eingong! :tristbla: Men eg skal ikkje klage, for eg ønska meg å vere kvalm :fnise:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Ooh ja, og så har vi fått oss vogn! Skal få (låne?) mamma si bagvogn, som ho brukte med dei to yngste brødrene mine :) Den er jo nesten 15 år gammal da, men den er fin og stor :) Eg trur vi får den, for ho treng jo den ikkje lenger :gjeiper: Jej!

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

9+3 i dag :)

Ikkje i toppform, litt småkvalm og svimmel, og ganske trøytt. Ikkje så kjekt når ein jobbar på ein skule der ein liksom skal vere så opplagt..

Har funne ut at yoghurt er tingen, så eg et ein yoghurt og eit eple til frukost, og det same til lunsj :gjeiper: Middag får alltid magen til å slå seg vrang, men middag må jo ein ha :)

Men, eg har gått ned 1 kg da! Hurra! :jepp:

Eg snakka forresten med mamma, og ho sa at ho hadde aldri fått beskjed om å ikkje ete spekemat, fårepølse etc etc..og alle ungane er friske og fine som berre det! :) Så eg trur ikkje det er verdas undergang, i alle fall ikkje i Noreg, at ein et slikt når ein ikkje veit at ein er gravid eingong.. Men eg held meg unna no når eg veit det da :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

9+6 i dag, dvs at i morgon er det eit foster eg ber på, ikkje berre eit embryo :)

Stakkars mamma får stadig spørsmål frå nysgjerrige venninner om eg ikkje er gravid da (vi gifta oss for litt over eit år sidan, så det er vel naturleg å anta at noko snart kjem)..og ho har skikkeleg problem med å skrøne! :fnise: Ho seier at "dei prøver, så det kjem vel", eller at vi mista i september, så vi måtte begynne på nytt osv.. Og då kona til legen min spurde då dei var på besøk (og legen veit jo det så godt!) hadde ho også stotra fram noko, medan legen berre smilte litt, hehe :) Men viss alt går etter planen, så er det berre to veker til vi kan seie noko til offentlegheten :)

Har ikkje vore i toppform i det siste.. For det første litt forkjøla, for det andre litt småkvalm.. Uggen i magen og dårleg matlyst.. Droppa til og med symjing på fredag, pga kvalme og slapphet :tristbla: Men skal i morgon da :)

I går var eg og mannen min på kino og såg "Rødhette og varulven" :) Underhaldande film, det :) For første gong sidan ALLTID hadde eg verken brus eller snop med meg..!

Og berre 5 (FEM!!) arbeidsdagar igjen til påske! :D :D

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

10 veker i dag! :strix:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Fekk brev i posten i dag - har fått UL-time onsdag 27.04 :) Hurra! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

silverdoe

Endeleg påskeferie :) Det blir jammen deilig! Berre slappe av heile tida, hehe :)

Og dagen etter vi begynner på jobb igjen er det UL, det blir stas! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Jej, 12 veker i dag!! :hoppe: Og i morgon er det ul! Klokka 12! Det blir jammen spennande! Eg grugleder meg.. grur meg, i tilfelle noko har gått galt (ma, innbilt svangerskap etc. etc.) og gledar meg, i tilfelle ALT har gått bra og babyen vår er kjempefin og nusselig og heilt perfekt!

Mannen min og eg skal uansett feire med mat ute..er det èin baby: Peppes Pizza. Er det to babyar (haha): Peppes Pizza OG Dolly Dimples. Er det ingen baby ( :tristbla: ): rullekebab på kebabsjappa.. Eg håper på Peppes Pizza :)

Og om alt går bra, kan eg fortelje det til resten av familien og til nokre venninner :) Og så får sladderen berre gå etter det, for i følge babyverden.no, så er eg kome hit i dag: Risikoen for spontanabort avtar: 26. april 2011. Ein veit jo aldri heilt sikkert, men 12+1 i morgon OG levande baby på ul bør vere nok til å tørre å offentleggjere det :)

Har hatt ei veldig fin og god påske. Har vore nokre dagar på gården vår, der er jo ikkje dyr da, men nok å styre med likevel.. Hogge ved og sånn.. (Eg drog ikkje tømmerstokkar da, eg kløyvde veden, med vedkløyvar) :) Og så var vi heime hos min familie ein tur og kosa oss :) Men det var litt hardt å gå på jobb igjen i dag, hehe :) Eg likar ferie :tunge1:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Det vart feiring på Peppes i går :) 1 stk fin baby på ul :rodmer: Vart satt tilbake eit par veker, så eg er plutseleg berre 10+1, og ny foreløpig termin er 25. november. Litt kjipt, for no må eg gru meg i to veker til, men eg hadde også forventa det. Knøttet var heile 3,3 cm lang og vi såg tydeleg at den låg og sprella med armer og bein :) Hehe :) Fekk med oss eit par bilete også :)

Etterpå stakk vi på kjøpesenteret, kjøpte ein kvit body og ei kvit sparkebukse i str 56, og håper at dei får vi brukt i år :) Og så åt vi på Peppes, pizzabuffet :)

Det einaste som eg tenkjer på no, er at legen oppdaga noko som ho kalla septum i livmora..eg skal tilbake neste tirsdag for å sjekke det ut. Ho meinte at det ville ikkje påvirke svangerskapet i noko grad, men eg har jo googla litt da, og funne ut at risikoen for spontanabort i 2. trimester er større, og risikoen for fortidleg fødsel er større. Så det er tydelegvis ikkje nok å komme seg til veke 12..eg må vere redd heile resten av svangerskapet også..

Typisk.. Eg føler meg totalt mislykka! Først så mister eg ungen vår..og når det endeleg sit ein ny ein på plass, så har eg noko i livmora som kan potensielt sett gjere at denne også døyr.. Og så er eg tjukk..sjølv om det kanskje ikkje har noko med septum å gjere da.. Men risikoen for kjempestor unge er jo større fordi eg er tjukk.. Og så får eg sikkert svangerskapsdiabetes og alt som høyrer med! :tristbla: Bra eg har gått ned eit par kg.. Eg treng ikkje å legge på meg meir!

Eg må vel prøve å tenke positivt, og fokusere på at legen meinte at det septumgreiene ikkje nødvendigvis var "farleg".. Det kunne vere ei blodansamling, restar av ein unge nr 2 som var i ferd med å forsvinne eller noko anna.. Derfor skal eg tilbake neste tirsdag. Det var forresten same dama som tok utskraping på meg i september. Eg hugsa ikkje ho, for eg var jo litt omtåka..men ho var hyggjeleg! Men eg er altså dritnervøs.. :tristbla: Men samtidig forelska i lille knøttet! :rodmer:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Endeleg helg :) I dag skal vi symje i symjehallen, og ellers skal vi berre kose oss i helga :) Og plutseleg er det tirsdag, slik at eg får kanskje litt meir svar på spørsmåla og bekymringane mine.

Det stikk i høgre side av magen av og til, det kan vel umulig vere eit godt teikn.. Men eg håper babyen held ut i 30 veker til!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Dalmore

Så bra at det var en sprell levende unge inni der! :)

Skjønner godt at det er kjipt å få vite at det kaaaanskje er noe som ikke er som det skal der inne, men forsøk å ikke tenke på det og ta det som det kommer. Jeg tipper at det er "falsk alarm", jeg!

At du er tjukk (som du selv sier), synes jeg heller ikke du skal bekymre deg for. Jeg var så lei meg for det de første ukene, følte at alt handlet om meg, mat og vekt, og ingenting om den lille babyen vi skulle få (før vi fant ut at det var double trouble, hihi). Men så har egentlig svangerskapet gått kjempefint likevel, ikke noen egentlige komplikasjoner pga overvekten. Klart, det er ikke alltid morsomt å måtte løfte på mageflesket for at UL-bildene skal bli bra, men herlighet, det tåler jeg, og ingen har sagt noe vondt til meg om det. Og joda, jeg har dårlige blodsukkerverdier, men det kan jeg ha hatt før svangerskapet også, og med tvillinger er det uansett ikke lett å holde det i sjakk. Dessuten er det ikke SÅ ille, jeg spiser litt sunnere enn vanlig og det er egentlig det... :sjenert:

Stikkinger hadde jeg også lenge, forresten. Synes nesten det kan stikke litt enda, jeg. Det kan jo bare være livmoren som vokser??

Noen trøstende ord herfra altså, håper du klarer å legge unna de kjipe tankene og nyte følelsen av at det vokser en baby i magen din! :klem:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Så bra at det var en sprell levende unge inni der! :)

Skjønner godt at det er kjipt å få vite at det kaaaanskje er noe som ikke er som det skal der inne, men forsøk å ikke tenke på det og ta det som det kommer. Jeg tipper at det er "falsk alarm", jeg!

At du er tjukk (som du selv sier), synes jeg heller ikke du skal bekymre deg for. Jeg var så lei meg for det de første ukene, følte at alt handlet om meg, mat og vekt, og ingenting om den lille babyen vi skulle få (før vi fant ut at det var double trouble, hihi). Men så har egentlig svangerskapet gått kjempefint likevel, ikke noen egentlige komplikasjoner pga overvekten. Klart, det er ikke alltid morsomt å måtte løfte på mageflesket for at UL-bildene skal bli bra, men herlighet, det tåler jeg, og ingen har sagt noe vondt til meg om det. Og joda, jeg har dårlige blodsukkerverdier, men det kan jeg ha hatt før svangerskapet også, og med tvillinger er det uansett ikke lett å holde det i sjakk. Dessuten er det ikke SÅ ille, jeg spiser litt sunnere enn vanlig og det er egentlig det... :sjenert:

Stikkinger hadde jeg også lenge, forresten. Synes nesten det kan stikke litt enda, jeg. Det kan jo bare være livmoren som vokser??

Noen trøstende ord herfra altså, håper du klarer å legge unna de kjipe tankene og nyte følelsen av at det vokser en baby i magen din! :klem:

Tusen takk for trøstande ord! Det hjelper veldig å få andre sine synspunkt på det :) Skal på ul i morgon igjen, så det blir jo spennande å sjå om alt eigentleg er bra då da.. Eg håper! Men nokre nervøse tankar kjem jo no og då.. Prøver å glede meg mest, så får ein ta sorgene når dei kjem. Det blir jo ikkje noko kjekt om ein skal bekymre seg heile svangerskapet..det er jo kjekkare å kunne glede seg :) Har vore flink og ikkje lagt på meg hittil, hehe :) Har faktisk tatt av meg eit par kg, fordi eg har mindre matlyst.. Men eg har så mykje å ta av, at eg trur ikkje det gjer noko :gjeiper: Kiloa kjem tidsnok! :)

:klemmer:

Share this post


Link to post
Share on other sites
silverdoe

Ultralyd i dag, det blir spanande.. Er 10+6, viss eg har rekna rett.. Håper på gode nyheter i dag!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...