Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

I dag får eg besøk av dama til broren min, og lillejenta deira :) Det blir kjekt med besøk :) Ho er ein litt roligare type enn M, så eg må nok passe på slik at han ikkje bruker ho som klatrestativ :fnise:

Vi ser framskritt med M nesten kvar dag, og det ser ut til at han skjønnar ein heil del ord, sjølv om han nødvendigvis ikkje bruker dei sjølv ;) Det går framleis i mamma, babba, dadda og neineinei :gjeiper: Men han peiker på fisk, pippip og bæbæ og trykker på mjaueknappen i boka, når vi spør kva pusen seier :)

Håper litt på å få meg ein tur heim til mamma og pappa i helga, men det spørs om mannen min skal på jakt eller ikkje. Viss han ikkje skal, så blir eg her heime :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Det var veldig kjekt med besøk i dag :jepp:

M sov berre ein lur, så han var heilt knust no kl 18.30. Vi åt ferdig middagen og la han litt før kl 19, og det tok ikkje lange stunda før han sov :)

Vi fekk vite på laurdag at broren min og dama (dei som fekk baby no i februar) skulle ha små igjen, men i dag fortalte ho meg at ho dessverre hadde mista no denne veka :( Veldig leit å høyre.. Får håpe dei snart får klaff igjen :)

M syns nok det var kjekt med besøk han også, og var nysgjerrig på søskenbarnet sitt :) Viste ho mange av leikene sine :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg og M var heime hos mamma og pappa i helga medan mannen jobba masse overtid - det var kjekt! :jepp: Godt å få tilbringe litt tid saman med dei, og eg trur det gjer godt for M også :)

M er visst den mest makkete og aktive ungen dei har sett, ingen av deira ungar (og dei har mange :fnise: ) har vore slik. Han er i farta heile tida. Det har han ikkje arva frå meg, for eg var den lataste av ungane deira :fnise: Eg trur mannen min må ha vore slik :gjeiper:

Det er artig å sjå utviklinga hans, og han skjønar stadig meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heime hos mamma og pappa denne helga også! :) Mannen er på jakt, så då stakk eg heim til dei :) Vi har nett vore på trilletur og innom mormor og morfar i nokre timar, det er alltid koseleg å besøke dei :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du store tid, plutseleg er lille gullet mitt 11 månader! :strix: Tida går sååå fort! Det er jo ikkje lenge sidan eg sat på sjukehuset med eit lite nurk sovande på brystet mitt..og no er lille nurket blitt til ein rakett som er overalt og som ikkje har tid til å kose lenger :grine:

Vi har så smått begynt å tenke på 1-årsselskapet, og skal få ut invitasjonar snart. Det blir eit enkelt selskap med ca 20 stk. Ca dei samme som var i dåpen :) Det blir nok kjekt, sjølv om M kanskje ikkje skjønner så masse av det :fnise:

Han utviklar seg stadig, flotte guten vår! Tipper han går om ikkje så altfor lenge, for han har såvidt begynt å sleppe seg..men han tør ikkje heilt, så det er som oftast ubevisst. Blir han bevisst på kva han gjer, så setter han seg ned eller støtter seg igjen :gjeiper: Prater ikkje så mykje, men viser at han skjønner ord, f.eks. pus, hund, isbjørn, fly, båt, skifte bleie (viss eg opner stovedøra og seier "skal vi skifte bleie?" så kryp han ut på gangen og mot badedøra ;) ), bæbæ, mø.. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag slo lillegullet seg..han liker så godt å få klaske på magen min og lage prompelyder når eg ligg på ryggen, og så liker han å kravle over meg. Men i dag datt han med ansiktet ned i golvet då han kravla over, og slo seg slik at han blødde frå munnen. Det gjekk heldigvis over etter ca 5 minutt med kos og smukk. JA, eg fekk kose!! Det var det positive med hendinga ;) Det var heldigvis ikkje så alvorleg, men ikkje kjekt med blod uansett :(

Det ser også ut til at mensen endeleg er komt! Blør ikkje så mykje, bruker berre truseinnlegg, men det er i alle fall noko da! Etter over 2 mnd utan pille.. Så då er det vel mogeleg å komme inn i ein syklus ganske snart :) Då må vi få opp dampen ;)

Snart helg, og i morgon skal mannen få jobbe med biblioteket, som mååå bli ferdig snart! På laurdag skal vi på samling i kyrkja, alle 1-2-og 3-åringar er inviterte :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Overgangen frå sommartid til normaltid har heldigvis gått greit :) På laurdag sov han heilt til kl 9 ( :daane: ), på søndag til 7.30 (8.30 ifølge sommartid), på mandag 6.45 og i dag 7.30 :) Eg likar godt at han har begynt å sove litt lenger, for det var eit tøft halvår med kl 5-6..snork! Dei siste dagane har han også vore veldig enkel å legge, kan hende det er eit resultat av tilbakestilling av klokka. Har brukt 15-30 minutt berre, og det har vore veldig godt :)

I dag hadde vi besøk av ein gut og mammaen hans, dei som vi var på kafé saman med for ein månads tid sidan :) Veldig kjekt å få treffe andre folk, og sjølv om M ikkje akkurat leiker så mykje saman med guten så trur eg det er fint for han å omgås andre barn på samme alder også :jepp:

M forstår meir og meir, sjølv om han har akkurat samme ordforråd som for 2 mnd sidan :) Han kjem krypande når eg spør om vi skal skifte bleie, då kryp han ut på gangen og inn på badet :) Og viss eg ser at han puttar noko han finn på golvet inn i munnen, så bruker eg å spørje "ka du ejt??" og då fyk han avgårde i ei rasande fart, fordi han veit at no kjem eg for å ta ut det han et på :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

M og eg er åleine heime i helga, mannen er på jakt. Hadde besøk av søstra mi eit par dagar, noko som var veldig kjekt, og så var vi på bytur på fredagen. Var litt spent på å ta buss med M, men han var som ein engel og sat stille heile turen! Var sikkert så mykje å sjå på ut av dei store vindauga :) Kjøpte masse, altfor masse.. :sjenert: M fekk seg litt nye klede, blant anna uttapåjakke, 2 stk! Og skibukse til neste haust :)

I dag har vi gått to trilleturar, og no har eg nettopp ete taco, åleine :gjeiper: Tenkte å strikke litt, og feste trådar på selabuksa til M som endeleg nærmar seg ferdig! ;) Det er litt deilig med ein stille og fredeleg kveld, sjølv om eg såklart saknar mannen min :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om ikkje så altfor mange timar kjem mannen min heim :hoppe: Dessverre ikkje noko jaktutbytte denne helga heller.. syns det var dårleg gjort av dei som skaut hjort og rådyr på vår eigedom tidlegare i haust, det er jo strengt tatt ikkje lov.

Har nettopp gått trilletur, og M sover enda. Men han må ikkje sove for lenge, for han må rekke ein lur til. Tenkte å prøve å rekke kyrkja i dag, allehelgensgudteneste, så då kan han ikkje vere trøytt og grinete.

Merker godt på gullet mitt at han skjønner meir og meir. Viss eg spør "skal vi gå ut?" eller "skal vi trille?" så kryp han ut i gangen og mot vogna :) Og "skal vi skifte bleie?" så kryp han mot badet :) Og "skal vi ta nattastellet?", då kryp han også mot badet :)

Og søstra mi lærte han "god dag, god dag" medan eg var do :fnise: Då eg kom att, hadde ho lært han at viss vi rekk fram handa og seier "god dag, god dag" så skal han også rekke fram handa og ta vår hand og riste den :gjeiper:

Søte guten min :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Har visst vore litt slækk i det siste med å skrive her..dagane går med til så mykje anna! (Sjølv om "anna" eigentleg berre er leik, kos, mat, trilletur etc.) :)

M veks og er ein fin gut :) Han er frykteleg aktiv og vi må verkeleg passe på heile tida.

I går tok han sine 2 aller første steg heilt åleine! :rodmer: Men han er ikkje sånn kjempegira på å sleppe seg heilt, så vi trur ikkje han fyk avgårde heilt med det første ;)

Eg har fått innvilga dagpengar, så då får eg gå heime med han så lenge det er mogeleg :) Vi har ikkje søkt om barnehage, men vi må vel søke til våren, og så får vi sjå kva som skjer vidare..om vi etterkvart finn dagmamma, eller kva :)

Snart er gullet 1 år og snaaart er det jul! Gode tider i vente! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er det 1 år sidan ul-terminen :) Eg hadde på følelsen at eg kom til å gå over tida, og det er eg glad for, for det hadde blitt 10 laaange dagar viss eg ikkje var innstilt på det ;)

Jaja, det er IKKJE ein liten baby eg har no lenger i alle fall! :fnise: Han er ein tornado som er overalt :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sånn tenkte jeg også på søndagen da det var ett år siden termin, også har jeg tenkt at i morgen klokken halv elleve er det ett år siden vannet gikk...rart å tenke på. :) og litt trist siden det er så lenge til neste gang.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Plutselig er de ett-åringer alle sammen. Det var ikke så lenge siden C var bittelita heller. Dog, på terminen min, lurte jeg fælt på hvorfor dagen var så spesiell, det var ett-eller-annet med dagen. Hadde helt glemt at det var termindagen jeg.. :sjenert:

Før dere vet ordet av det, så går de. C gikk noen steg før bursdagen sin, men det var først en 11 dager etter 1-årsdagen at hun virkelig gikk. Nå kan hun komme seg opp uten støtte også, og så går hun hele tiden. Det er rart å tenke på at hun var 51 cm og bare sov, spiste og bæsjet.. :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Sånn tenkte jeg også på søndagen da det var ett år siden termin, også har jeg tenkt at i morgen klokken halv elleve er det ett år siden vannet gikk...rart å tenke på. :) og litt trist siden det er så lenge til neste gang.

Ja, det er rart at tida har gått så fort - eit heilt år allereie! Gler meg til neste gong det er min tur igjen, og håper det ikkje blir altfor lenge til :)

Plutselig er de ett-åringer alle sammen. Det var ikke så lenge siden C var bittelita heller. Dog, på terminen min, lurte jeg fælt på hvorfor dagen var så spesiell, det var ett-eller-annet med dagen. Hadde helt glemt at det var termindagen jeg.. :sjenert:

Før dere vet ordet av det, så går de. C gikk noen steg før bursdagen sin, men det var først en 11 dager etter 1-årsdagen at hun virkelig gikk. Nå kan hun komme seg opp uten støtte også, og så går hun hele tiden. Det er rart å tenke på at hun var 51 cm og bare sov, spiste og bæsjet.. :fnise:

M prøver seg stadig meir, men han liker å halde ein finger på noko :) Det treng ikkje vere så mykje støtte, berre bittelitt. Men ingen hast, han går når han går ;) Det er så rart å sjå på bilete av han frå då han var nyfødt..han var jo sååå liten! :fnise: Tida går verkeleg fort! :) C er ei veldig fin jente, artig å sjå bilete av ho :)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var bursdagshelga over og lilleguten min har blitt stor gut!

:danse::trist::blomst::grine::bolledeig::rodmer::daane::hjerte::bursdag::hoppendeglad::cry3::gratulerer::tommelsmil::klappe::hoppe::hjerter_rundt::strix:

(LITT blanda kjensler ja ;) Hihi)

Vi hadde selskap i går, med heile familien på besøk. Var 27 stk tilsaman, full rulle og veldig kjekt :) M fekk mykje fint, både klede, dvd, leiker, bøker og beremeis (det var til alle tre da, vi har bursdag i løpet av 1,5 veke). Mykje god mat og masse kaker (Kvæfjordkake, karamellpudding, blautkake, sjokoladekake, blåbærpai, is, muffins, gele, sjokoladepudding..) Så no sit eg og et sjokoladepudding, og blir vel til ein pudding sjølv i løpet av veka, pga alle kakerestane :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nettopp kome heim frå 1-årskontroll, og M har lagt seg ned for å sove litt. Om ein times tid skal vi treffe ei venninne som kjem på besøk, har ikkje truffe ho sidan før M vart fødd :) Det blir kjekt :jepp:

Flotte mål på M; vektkurva hadde flata litt ut, så no veg han 11520 gram, er 80,5 cm lang og er 49,6 cm rundt hovudet :) Det vart litt grining etter vaksina, men etter eit minutt eller så, så gjekk det over og han begynte å leike seg med dei spanande leikene helsesøstra hadde :) Han imponerte ho (og meg :gjeiper: ) med å putte ringar på ei stang ;) Det visste eg ikkje at han klarte, enda han har samme leika her heime :fnise:

No håper eg berre at han ikkje reagerer alt for mykje på vaksina. Vi har vore heldige og sluppe unna reaksjonar dei forrige gongane, men det treng ikkje å bety noko. Men eg krysser fingrane! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Krysser fingrene! Fine mål på gutten din. Vi skal i morgen,så er ganske spent på hvordan det går :)

Hittil ser det ut til å ha gått greit :) Litt smågrinete i går, og kanskje tendenser til litt varm, men ellers var han normal :) Lykke til til deg og O :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har gått overraskande greit å legge M denne veka her..har brukt kanskje 15-20 minutt :) Mannen min jobber overtid denne veka, så han får ikkje sett M før på fredag. Han reiser før M står opp og kjem att etter at han har lagt seg. Og han går jammen glipp av litt, for M har verkeleg begynt å knekke gå-koden :jepp: Han er blitt veldig flink, og går fleire meter i slengen :) Artig å sjå!

Har vore ein litt tung dag i dag, fordi M våkna ca 1 gong i timen i natt, og vi la oss seint (fordi mannen min absolutt skulle vere teit og krangle/diskutere..han meiner at eg fekk mensen "med vilje", at eg fekk den slik at eg slepp å ha sex på ei veke. Så han sa "gratulerer" då eg sa eg hadde fått mensen, medan eg syns det var dumt eg fekk den, eg hadde jo håpa på positiv test. Så då vart eg litt lei meg). Han ringte i dag og sa unnskyld, etter at eg skreiv mld og sa eg var lei meg. Så eg håper på ein litt betre kveld i kveld, og ei betre natt! M var litt varm, så det kan hende det var derfor han våkna såpass ofte. Slitsomt i alle fall! Og så sover eg alltid dårleg når mannen min er sur på meg.. Jaja..

Det var uansett veldig kjekt med venninnebesøk i går! :jepp: Vi skal prøve å få treffast i jula også, håper det går :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

M har verkeleg knekt gå-koden og går nesten meir enn han kryp no :jepp: Han kryp viss han skal forte seg, for framleis går det fortare å krype, hehe ;) Det er artig å sjå, han er blitt så flink berre på ei veke! No klarer han også å reise seg opp utan å støtte seg til noko :) Flink gut!

Prate gjer han framleis ikkje, men han skjønner utruleg mykje :) Eg kan seie mange ting, f.eks. "skal vi gå og henge ringen på elefanten din?" og då går han bort til gyngeelefanten sin for å henge plastringen på handtaket :) Eller "vil du ha sånn med mormor på?"..då blir han kjempeglad, for då får han rosiner! (SunMaid-dama liknar slik på mamma, då eg var lita trudde eg det var ho :fnise: )

Ellers så var mannen min teit i går, og prata stort sett berre bullshit like før vi skulle legge oss..vi las tekst-tv, og der var så himla mange nyheter om voldtekt, overgrep, drap etc., så han sa at han tenkte han skulle forgripe seg på nokon, fordi då kom han på nyhetene..og så gjekk det over til at han kalte MEG ein forgriper, pga det teite eg gjorde for ca hundre år sidan..ikkje fordi eg gjorde noko ulovleg altså, men fordi eg "greip" ein mulighet, ergo er eg ein forgriper. Eg vart sur på han, heldigvis våkna M akkurat då, så mannen min sovna medan eg amma M. Han sendte unnskyld-sms i dag, men eg skreiv tilbake at sjølv om han seier unnskyld så er eg framleis kjempelei meg.

Eg håper kvelden i kveld blir betre! Eg skjønner ikkje alltid korleis han tenker.."Forgriper" føyer seg no inn i rekka av alle andre stygge ord han har kalt meg.. :(

Men det skal ikkje gå utover skjønne, fine, gode M! Han er ein solstråle, og eg skal ha ein GOD dag saman med godguten min! :rodmer: Så får eg og mannen prøve å prate ut i kveld :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...