Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Hei Silverdoe :)

Gratulerer med 8 mnd :D

Vil bare si at jeg syns IKKE oppførselen til mannen din er akseptabel!!! Syns du virker alt for snill. Du bør ikke akseptere at han kaller deg stygge ting. Virker jo som om det skjer gang på gang. Og så er det heller ikke ditt ansvar å ta med svigermor på trilletur, syns jeg da. Han kan vell ta henne med han og??

Tusen takk! :hoppe: 8 mnd (og 1,5 veke) - kvar er lille babyen blitt av?! :hakeslepp:

Nei, det er ikkje akseptabel oppførsel frå mannen min, og eg håper snart vi går tomme for ting å krangle om..det virker av og til som om han leiter etter ting å krangle om. Menmen, vi har det heldigvis stort sett bra :)

Eg er spent på om han kjem til å følge opp den der trillegreia..om vi kjem til å gå kvar fredag. Eg syns i alle fall at når han faktisk har fri ein dag i veka, så kan han vere den som tek initiativet.

Hvordan går det? :)

Hei! Litt lenge sidan sist eg var her inne.. Enkel grunn: eg var skikkelig barnslig ovenfor mannen min.. :gjeiper: Det har seg nemlig slik at eg sit på pc-en når han ikkje er tilstades, og så skrur eg den av når han kjem, for eg veit at han ikkje liker at eg sit med pc-en (for då blir eg så asosial og sånn, han har blitt sur pga det mange gonger). Men no midt i ferien så vart han så sur og mistenkte meg for at eg var utro på internett sidan eg skrudde av pc-en med ein gong han kom. Så då var eg skikkeleg barnslig og brukte ikkje pc-en i det heile tatt på 1,5 veke.. Men no er han på skytebana, så då drit eg oppi det og bruker den ;)

Jaja, her går det i alle fall bra! :) Ferien har gått kjempefort, vi har brukt mykje av tida på oppussing av bibliotek i kjellaren. Dvs. mannen min har jobba med det, eg har jo måtta passa M. Vi er ikkje heilt ferdige enda, men det kjem seg :) Og det blir veldig fint :jepp:

M utvikler seg masse! No har han begynt å stå! Ikkje åleine, men han reiser seg opp når han held i ting, f.eks. bord, stolar, hender etc. Dessverre er ikkje balansen heilt i orden enda, så det blir litt knall og fall.. Eg har hjertet i halsen kvar gong eg ser han reiser seg, og vil så gjerne fjerne han frå situasjonen..men han MÅ lære..og eg kan ikkje pakke han inn i bobleplast.. Så då får eg heller trøyste masse når han faller og slår seg. Han har ca 4 blåkuler i panna og ein på kjeven, stakkaren..

På mandag begynner mannen på jobb igjen, så då er det tilbake til kvardagen. Det har vore fint å ha han heime på heiltid i nokre veker, og få litt avlastning. Han har stått opp nokre morgonar (men eg har tatt brorparten, f.eks. dei morgonane som starta kl 4..), og det har vore deilig å få sove lenger nokre dagar. Har vore veldig trøytt den siste veka. Men i dag fekk eg sove i 3 timar under første lur. M og eg stod opp kl 5.45 og så la vi oss kl 8 ca. Og så sov han heilt til 11.20! Herleg!

I morgon skal vi heim til mamma og pappa ein tur - det blir kjekt! :)

God helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Så først blir han sur fordi du sitter på pc når han er hjemme, så blir han sur, og beskylder deg for utroskap fordi du lukker pc når han kommer inn? :klo: Som jeg har sagt før: Deam if you do, and deam if you dont. ;)

Ellers flott at dere har hatt noen fine uker sammen. :) Alltid deilig å ha de hjemme! Spesielt når man har blitt vant til å være så mye alene.

Hva skal du forresten framoer? Skal M i barnehage når han blir rundt året, eller skal du være hjemme ett år til?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så først blir han sur fordi du sitter på pc når han er hjemme, så blir han sur, og beskylder deg for utroskap fordi du lukker pc når han kommer inn? :klo: Som jeg har sagt før: Deam if you do, and deam if you dont. ;)

Ellers flott at dere har hatt noen fine uker sammen. :) Alltid deilig å ha de hjemme! Spesielt når man har blitt vant til å være så mye alene.

Hva skal du forresten framoer? Skal M i barnehage når han blir rundt året, eller skal du være hjemme ett år til?

Jaa, det er ikkje alltid eg skjønner logikken hans.. Eg føler generelt at eg gjer veldig mykje feil, og det er ikkje alltid eg skjønner kva som var feil.

Trur forresten han er litt seksuelt frustrert..sexlivet er IKKJE tilbake til god gammal rytme.. Eg må jobbe meir med den saken! Men det tek seg forhåpentlegvis oppatt utover hausten når vi skal prøve på ny baby :)

Vi har ikkje søkt barnehage enda..eg har permisjon til midt i oktober, og så får vi sjå kva som skjer etter det. Eg har jo lyst å vere heime lengst mogeleg, samtidig som eg burde få meg jobb slik eg kan jobbe opp eit godt grunnlag til neste runde med foreldrepengar. Vi har snakka om at kaaanskje mamma kan vere dagmamma viss eg skal jobbe, det hadde jo vore fint :) Det ville ho også, så det er jo absolutt eit alternativ. Viss ikkje, melder eg meg arbeidsledig og går heime så lenge eg får lov.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Morgon kl 5.20 i dag. Litt tidleg, men heldigvis var han oppe berre 1 gong i natt. Er mykje trøtt for tida, burde legge oss tidlegare. Ikkje så lett når det er OL på tv ;)

Og plutseleg kryper M! Eg har sett tendensar tidlegare, men i dag viste han at han faktisk kan! Eg anar ikkje kor lenge han har kunna krype, han har berre ålt seg ;) Så eg trudde han var ein slik unge som aldri kryp, berre åler seg, men det er han visst ikkje :)

Det ser også ut til at M ikkje er ein kresen unge, men eg skal ikkje juble for tidleg altså :) Men han vil så gjerne smake på alt vi et, og nokre gongar rynkar han på nasen og dreg seg i strømpa, men gaper like villig neste gong :) I dag fekk han ete ei halv skive med makrell i tomat, ser ut til at han liker det godt :) Han har også fått smake skive med prim og med heimelaga jordbærsylte, og det også glei ned :) Middag likar han også godt, men eg er dårleg husmor og gir han frå glas foreløpig.. :sjenert: Men eg har tatt vare på alle glasa og lokka, så eg har planar om å lage sjølv ;)

Og så syns eg eg ser utvikling nesten frå dag til dag! Han veks og blir ein god og fin gut :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slitsom natt i natt. Ei slik natt der ein føler ein nesten ikkje har sove, pga så mange avbrudd. M la seg kl 20 (pga litt sein sistelur) og sov fint heilt til kl 23. Våkna og fekk pupp og sovna igjen. Så våkna han kl 1.30, kl 3.30 og så ringte vekkerklokka til mannen 5.30, mannen sa hadet 6.10 og M våkna ca kl 6.40.

Fekk heldigvis sove i 2 timar frå 8.45 til 10.45 :)

I dag blir det nok berre tid til to lurar, så trilleturen blir litt sein i dag, men det gjer ingenting. Håper berre M sover heile turen, slik at det ikkje blir altfor lenge å vere våken til kvelden.

Ellers fortsetter M å krype rundt :) Flinke guten min! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

M sov til 7.05 i dag, men eg er likevel trøtt som ei strømpe. Han sovna ca kl 20, våkna kl 22, 1.30, 4.30 og 7.05. I tillegg så ringte klokka til mannen 5.30 og han sa hadet ca 6.10, så det vart ganske oppstykka i natt også. Veit ikkje heilt kva eg skal gjere for at M skal sove meir uavbrutt..

I kveld reiser vi til gården vår og skal vere der til søndag. Mannen og nevøen vår skal jakte rådyrbukk. Svigermor skal også vere med, og eg må innrømme at eg veit ikkje heilt om eg gler meg eller grur meg. Eg må jo passe M heile tida, så eg frykter eg må vere mykje saman med svigermor, og viss det blir 3 dagar samanhengande saman med ho så blir eg nok sprø. Håper mannen min skyt rådyr første morgonen, så blir han ikkje så mykje vekke. Dei skal jo jakte både morgon og kveld, og midt på dagen blir nok brukt til f.eks. ved og måling av hus. Så eg blir mykje åleine. Tenker å gå lange trilleturar når M skal sove, og kanskje også av og til sove når M sover. Og så må eg jo såklart vere saman med svigermor også, men eg trur ikkje eg orker det heile tida.

Ho seier av og til litt sårande ting, sjølv om eg trur ikkje ho meiner å vere slem. Men når eg då blir sur tilbake, så blir ho lei seg (og då blir såklart EG den slemme).. Men det er ikkje så kjekt når ho seier at ho trur ikkje vi har vett til å vite kva som er rett og galt for M, at vi ikkje har forstand til å oppdra han, at vi gjer slik og slik galt, at ho ikkje vil at vi skal kjøpe gave til mamma frå ho, fordi ho ikkje stoler på at vi klarer å finne ei fin nok gåve etc. etc. Og så er det litt leit at når eg blir såra pga det, og prøver å seie det til mannen min, så blir han sur på meg og seier at eg liker ikkje ho og vil ho skal dø. Og så tek han ho i forsvar, og ho hugsar ikkje alltid at ho har sagt slike ting, så då virker jo eg ut som ei slem svigerdatter. Så derfor grur eg meg litt til å vere så mange dagar saman med ho, for eg er redd det skal bli dårleg stemning pga noko ho seier.

Men eg får berre prøve å gjere det beste utav det.. Det er jo berre frå torsdags kveld til søndag, eg held nok ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hvor mange måltider spiser M per dag nå? Hvis han spiser minst tre gode måltider, så er det ingenting i veien for å nattavvenne han. Han våkner mest av vanen da, spesielt siden han våkner så ofte. O våknet også like ofte som M gjør nå, og han spiste villig pupp i 20-30 min, så det kunne jo virke som sult var problemet. Men det var kosen som var grunnen, og han lå der og koste seg helt til han sovnet, han. Nå våkner han for det meste en gang per natt, av og til to, men da er det gjerne før vi legger oss at han våkner første gangen.

Han har sluttet å sutre etter pupp, og det tar bare ca 20 min å få han i seng igjen. Derimot har det først til at det er morgen halv seks hver morgen. ;) Men det må man bare ta det. Går helt fint.

Det er slitsomt de første nettene man avvenner, men det er verdt det. Dessuten kan dere jo ta det i helgen, slik at mannen din kan ta de to første nettene. De godtar det lettere når det ikke er melkefabrikken som sier nei. ;) For å si det sånn, det er lettere å godta at man ikke får spise sjokolade, dersom butikken er langt unna, enn hvis den ligger rett foran deg. :fnise:

__

Ellers må jeg bare si det nok en gang: Hvorfor kan ikke mannen din si hade når han står opp?? Det tar jo i fra deg søvn! En time sammenhengende gir mer enn en to halvtimer oppstykket, spesielt siden det tar tid å sovne igjen også. Synes det er egoistisk, og selv om det er koselig at han vil si hade hver morgen, og du synes det er koselig at han vil det, så bør han kunne gjøre det før han drar. Hvorfor tar han ikke hensyn til deg?

Skjønner dette med svigermor, altså. Hun høres litt slitsom ut.. :sukk: Men du får prøve å finne på litt andre ting også. Hvis det blir fint vær, uansett om det er sol eller ikke, kle på M passende klær og ta han ut. :) Jeg pleier å kle på O i gråvær også. Da tar jeg bare på regndressen hans, også går vi ned i fjæra utenfor huset og leker litt. Det liker han veldig godt. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor mange måltider spiser M per dag nå? Hvis han spiser minst tre gode måltider, så er det ingenting i veien for å nattavvenne han. Han våkner mest av vanen da, spesielt siden han våkner så ofte. O våknet også like ofte som M gjør nå, og han spiste villig pupp i 20-30 min, så det kunne jo virke som sult var problemet. Men det var kosen som var grunnen, og han lå der og koste seg helt til han sovnet, han. Nå våkner han for det meste en gang per natt, av og til to, men da er det gjerne før vi legger oss at han våkner første gangen.

Han har sluttet å sutre etter pupp, og det tar bare ca 20 min å få han i seng igjen. Derimot har det først til at det er morgen halv seks hver morgen. ;) Men det må man bare ta det. Går helt fint.

Det er slitsomt de første nettene man avvenner, men det er verdt det. Dessuten kan dere jo ta det i helgen, slik at mannen din kan ta de to første nettene. De godtar det lettere når det ikke er melkefabrikken som sier nei. ;) For å si det sånn, det er lettere å godta at man ikke får spise sjokolade, dersom butikken er langt unna, enn hvis den ligger rett foran deg. :fnise:

__

Ellers må jeg bare si det nok en gang: Hvorfor kan ikke mannen din si hade når han står opp?? Det tar jo i fra deg søvn! En time sammenhengende gir mer enn en to halvtimer oppstykket, spesielt siden det tar tid å sovne igjen også. Synes det er egoistisk, og selv om det er koselig at han vil si hade hver morgen, og du synes det er koselig at han vil det, så bør han kunne gjøre det før han drar. Hvorfor tar han ikke hensyn til deg?

Skjønner dette med svigermor, altså. Hun høres litt slitsom ut.. :sukk: Men du får prøve å finne på litt andre ting også. Hvis det blir fint vær, uansett om det er sol eller ikke, kle på M passende klær og ta han ut. :) Jeg pleier å kle på O i gråvær også. Da tar jeg bare på regndressen hans, også går vi ned i fjæra utenfor huset og leker litt. Det liker han veldig godt. :)

M får 3-4 måltid pr dag, pluss amming. Han får graut tidleg på morgonen, litt skive kanskje til lunsj, middag og så graut igjen like før leggetid. Han bruker som oftast å sovne ganske fort igjen om natta, etter berre nokre minutt med pupp, så eg mistenker han for berre å ville kose litt.. :) Burde nok nattavvenne han snart, men det kan ikkje bli no til helga, for då får eg ei venninne på besøk (og ho skal få sleppe alt styret ;) ). Eg hadde håpt at han snart skulle sove så å seie heile natta, men det skjer veldig sjelden. Håper mannen min trår til da, han er ikkje sånn kjempetålmodig når M grin :gjeiper: Blir lett oppgitt, og trur at M ikkje liker han og sånn.. Men å få sove samanhengande ei natt hadde vore innmari godt! :)

Det var ein prøvelse å vere på tur i helga, men det gjekk greit. Eg måtte trekke pusten ekstra godt eit par gongar, fordi det blir utruleg mykje å høyre på alle bekymringane i 3 dagar. Ho ser noko galt i kvar einaste situasjon med M..han kan falle og slå seg, han kan miste vettet (viss mannen min løftar han høgt opp), han kan kutte strupen sin med handtaket på tutekoppen (det går jo ikkje..) osv osv. Det er ikkje måte på kva ho ser for seg kan skje - fantasi har ho i alle fall! Eg følte meg mykje ensom, for mannen og nevøen var jo ein del ute på jakt, men vi (mannen min og eg) gjekk ein trilletur saman kvar dag, og det gjorde godt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag sov M heilt til 8.30! :hoppe: Grunnen var enkel, han var ikkje i seng før kl 22, fordi vi køyrde heim frå hytta. Stakkaren sov kanskje 20 minutt på turen som tok nærmare 4 timar, og den siste timen var pur viljestyrke frå M si side. Han sovna som ein stein då vi kom heim og våkna ca kl 2 og kl 6.30, og eg var sååå glad då han sov enda litt til :)

Hytteturen gjekk greit, vi hadde det stort sett fint, men stemninga var litt anspent til tider. Eg føler at eg ikkje er noko særleg god svigerdatter, for eg blir lett utålmodig og er nærtakende når det gjeld svigermor. Ho er jo ei gammal dame og dei gjorde ting annleis før, og tidlegare var jo det ho som var "husfrue" på gården vår. No er jo det eg og mannen min som eig, men det er ikkje berreberre for ho å legge frå seg alt ansvar. Det virker ut som om ho ville understreke at joda, no er ho berre gjest. Så det førte til at ho nesten ikkje turte å ta seg eit glas vatn utan at eg sa det var greit.. Og det var jo litt slitsomt da. Og ho prater og prater. Stakkars gamle dama er ensom, så å få dra på tur saman med oss var jo heilt fantastisk for ho. Fredagskvelden var gutta ute på jakt, så eg og ho sat på stova. Eg ville jo sjå litt OL og strikke litt, men ho prata og prata og prata. I 4 timar samanhengande :daane: Då var eg sliten når kvelden var omme. Fekk strikka ein del da :gjeiper:

Mannen min og nevøen var på jakt kvar morgon og kveld unntatt søndagen. Og ellers på dagen holdt dei på med ved og slikt. Han var med meg på trilletur ca 1 time kvar dag og det var fint da, å få litt åleinetid saman. Men det er ikkje så lett for meg å prøve å forklare han at eg syns det var litt slitsomt å vere der, for det er jo tross alt mammaen hans. Han veit at ho kan vere slitsom, men han kan bli sur på meg likevel. Eg prøvde å bite i meg det meste av kommentarar om M, men det er ikkje så kjekt at ho nesten alltid ser kun det negative i ein situasjon. Men samtidig er ho kjempeflink med M, og ho prater og prater til han og tøyser og tuller og er så glad for å få vere saman med han. Og då er jo det på ein måte verdt det. Ho hadde ein kjempefin tur og var så glad for at vi ville ha ho med og at ho fekk vere attmed folk.

Ellers så er siste nytt at eg har slutta på Cerazette :) Vi har bestemt oss for å prøve å få ein unge til, og den får komme når den kjem :) Vi må nok auke sengeaktiviteten litt, for til no har det vore labert.. Men det blir verken eg eller mannen min lei oss for ;) Har foreløpig gått utan pille sidan laurdag, så det er ikkje så lenge enda :fnise: Eg anar ikkje kor fort mensen bruker å komme, og eg kjenner at det har vore veeeldig deilig å gå i 1,5 år utan den! :jepp: Men det blir litt lettare å halde styr på syklusen når eg får tilbake mensen, så eg håper jo sånn sett at den kjem relativt fort :) Det blir i alle fall spennande! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Det er såpass et aldersspenn mellom dere at jeg kan forstå det blir en del gnisninger mellom dere. Det er to vidt forskjellige tidsperioder dere har barn i, hun var hjemmeværende og gjorde ting annerledes, gjorde ting vi kanskje ikke ville gjort. Så, jeg tror nok hun mener godt, og de fleste gamle damer blir litt negative når de blir gamle (farmor var litt sånn kjerring, altså hun var negativ til det meste, om det var Mette Marit eller sånt, men ikke oss barnebarn). Ikke det at jeg forsvarer svigermoren din, jeg har bare en viss forståelse. Mannfolka beskytter forresten mødrene sine om vi sier noe om dem, selv om det kanskje ikke er ment slik de tror. :fnise: Av og til må jeg presisere at jeg digger moren til forloveden (hu er 20 år eldre enn meg og som ei venninne, har vært heldig), men han blir allikevel fornærmet i ny og ne. :skratte:

Oj! så spennende! Er 3 stk av de jeg har fulgt med som har hatt termin rundt den samme tiden som meg (med et slingringsmonn på 2 måneder) som planlegger nestemann. Håper det klaffer snart! :jepp: Her venter vi til C er hvertfall 2 år gammel, og om ting er i orden da, blir det sengekos uten beskyttelse.. :sjenert:

Beklager at jeg ikke har fått skrevet så mye her, er så opptatt for tiden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er såpass et aldersspenn mellom dere at jeg kan forstå det blir en del gnisninger mellom dere. Det er to vidt forskjellige tidsperioder dere har barn i, hun var hjemmeværende og gjorde ting annerledes, gjorde ting vi kanskje ikke ville gjort. Så, jeg tror nok hun mener godt, og de fleste gamle damer blir litt negative når de blir gamle (farmor var litt sånn kjerring, altså hun var negativ til det meste, om det var Mette Marit eller sånt, men ikke oss barnebarn). Ikke det at jeg forsvarer svigermoren din, jeg har bare en viss forståelse. Mannfolka beskytter forresten mødrene sine om vi sier noe om dem, selv om det kanskje ikke er ment slik de tror. :fnise: Av og til må jeg presisere at jeg digger moren til forloveden (hu er 20 år eldre enn meg og som ei venninne, har vært heldig), men han blir allikevel fornærmet i ny og ne. :skratte:

Oj! så spennende! Er 3 stk av de jeg har fulgt med som har hatt termin rundt den samme tiden som meg (med et slingringsmonn på 2 måneder) som planlegger nestemann. Håper det klaffer snart! :jepp: Her venter vi til C er hvertfall 2 år gammel, og om ting er i orden da, blir det sengekos uten beskyttelse.. :sjenert:

Beklager at jeg ikke har fått skrevet så mye her, er så opptatt for tiden!

Ja, eg er heilt enig i det du skriv, at aldersspennet blir så stort at det kan oppstå gnisningar. Ho fekk jo trass alt barn for ca 50 år sidan, og mykje har endra seg sidan då. Og det er ikkje alltid like lett for ho å skjønne, at hennar (heilt sikkert gode) råd ikkje er like aktuelle no til dags. Og så er ho generelt ein bekymra person, slik er ho berre (spesielt etter at ho vart enke). Ho er redd for alt og alle. Men for all del, ho er ei veldig hyggelig dame som vil familien sin alt godt. Det kan berre bli litt slitsomt i lengda. Eg prøøøver å vere tålmodig og forståelsesfull, og klart det ikkje er kjekt for mannen min når det blir litt gnisninger. Mamma er jo mykje yngre enn ho, det er minst ein generasjon forskjell mellom dei, så det er heilt annleis å vere saman med mamma enn med svigermor.

Ja, det blir veldig spennande å sjå om/når det klaffar! :) Vi hadde litt sengekos i går, men eg er såpass realistisk at eg trur ikkje det klaffa allereie :fnise: Det er ikkje så lenge til C er to år, så plutseleg er det dykkar tur igjen også ;)

Eg ser at de styrer med litt av kvart :) Skjønner at det ikkje alltid er like lett å halde seg oppdatert og skrive hos alle :) (Men det er alltid like kjekt når du gjer det :jepp: )

Wohoo, prøving på nummer to! :strix: Skal bli artig å følge md! :)

Jaaa, hurra! :strix: Det er veldig spennande å prøve igjen! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skjønner ikkje heilt kva som skjer, for M sov heilt til 8.30 i dag også! :daane: Han våkna riktignok ein del gongar i natt, ca annankvar time. Litt slitsomt i lengda, menmen..

Og så har vi gått trilletur, og var nede igjen kl 12, men han sover enda! :daane: :daane: Skjønner det ikkje.. Han er jo veldig aktiv for tida da, kanskje han er sliten? :vetikke: Han er jo høgt og lavt og skal stå overalt, kryper masse, leiker seg og babler. Han seier ikkje så mykje vetugt enda, ikkje "mamma" eller "pappa", men eg syns eg høyrer "heeeei" av og til, og "geh" når han ser noko spesielt (f.eks. ein pus i ei bok). Han ler masse, er veldig blid for tida :) Skal opp i fanget og klatre, og henge i beina når eg gjer noko. Eller henge i trusa når eg er på do.. :fnise: Han er veldig glad i mat, både pupp og fast føde. Han vil smake på alt nytt, både sin eigen og vår mat :)

Eg bruker å kike litt på denne sida: http://www.lekegrinda.com/det01.shtml og samanlikne litt, og eg trur M er ganske normal. Han er 8,5 mnd og han klarer noko frå alle tre kategoriane. Men f.eks. ikkje å seie "mamma" og "pappa", som visstnok dei fleste skal gjere no.. jaja :) Eg er ikkje så veldig bekymra, eg trur ikkje det har så mykje å seie enda :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Har hatt ei venninne på besøk i helga, og det var kjempekoseleg! :) Ho kom langveis frå, og vi har ikkje sett kvarandre på over 1 år, så det var verkeleg kjekt! M var ein solstråle heile helga og sjarmerte ho i senk ;) Lysta etter mann og barn vart ikkje akkurat mindre, hehe :)

M har verkeleg fått dreisen på bablinga, og no er det MASSE babling på gong :) Kjempesøtt! :rodmer: Han seier masse "babbababba", som eg trur snart kjem til å utvikle seg til "pappapappa" ;) Det er nok ein liten pappagutt, dette :fnise:

Han la seg kl 19.30 ca, våkna kl 1, 4 og 6.15, og sov bittelitt vidare til ca 7.30 :) Litt slitsomt med all oppvåkninga, men godt fornøgd med lengda på natta :) Sov også då vi gjekk trilletur i stad, og sov i ein heil TIME etter at vi kom att! :daane: No tek han siste lur, håper den varer til ca 16 :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slitsomt med mange oppvåkninger på natten. Må si det er godt å slippe. :)

O har begynt å bable mamamammamamamma :) artig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slitsomt med mange oppvåkninger på natten. Må si det er godt å slippe. :)

O har begynt å bable mamamammamamamma :) artig.

Ja, det er nok godt å sleppe :) Våkner ikkje O i det heile tatt om natta no? Artig med mamamama da :) Dei er så søte når dei bablar :rodmer:

----------------------------

Framleis litt oppvåkning om nettene, men han sov i det minste heilt til 7,15 i dag da :) Trøytt igjen etter 1,5 time, så han tok seg ein 1,5 times lur frå 9.15 til 10.20, så sov han på trilleturen og no tek han siste lur. Den må ikkje bli for lang..så no skal eg straks benytte sjansen til å strikke biiittelitt på selabuksa eg held på med ;)

Ellers så går dagane med til kryping, leiking, babling, mat, sove, bleieskift, trilletur..ja..stort sett det samme kvar dag :fnise: Neste helg skal vi heim til familien min, det gler eg meg til :) Då kjem søstrene mine også! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Nei ikke så ofte han sover hele natten. Av og til gjør han det, men som oftest har han en oppvåkning som tar alt fra 15-20 min, men det er jo helt overkommelig. Dessuten er jo kjæresten hjemme, så da tar vi så klart annen hver natt og annen hver morgen. :)

Så koselig med familiebesøk! Det blir nok stas både for M og for deg som sikkert får litt ekstra avlastning da... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei ikke så ofte han sover hele natten. Av og til gjør han det, men som oftest har han en oppvåkning som tar alt fra 15-20 min, men det er jo helt overkommelig. Dessuten er jo kjæresten hjemme, så da tar vi så klart annen hver natt og annen hver morgen. :)

Så koselig med familiebesøk! Det blir nok stas både for M og for deg som sikkert får litt ekstra avlastning da... :)

Ja, det er jo veldig overkommeleg :) Heldig du som har ein kjæreste som tek annankvar natt og morgon ;) Mannen min tek av og til ein morgon i helgene altså, men ikkje netter sidan han jobber :)

Gler meg veldig til å besøke familien igjen ja :) Og så syns eg det er kjekt å få overnatte der, for då får vi litt meir tid der og M blir litt meir kjent med familien :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag holdt eg på å dåne.. M la seg i 20-tida, våkna kl 24 for litt mat, og så bråvåkna eg kl 5, fordi han hadde ikkje våkna på heile natta! Og han våkna ikkje før 6.45! :daane: Nesten 7 timar! Så i dag har eg vore relativt utkvilt, og eg kan ikkje hugse sist eg fekk sove så lenge i strekk :fnise:

Men lurane på dagtid i dag har vore så som så..første lur ca 30 minutt, andre lur ca 40 minutt og siste lur ca 1 time (då sov han i armkroken min i senga, koseleg :) ).

Men stakkaren i går da.. Eg la han ca kl 20, og så gjekk mannen min og eg ned på biblioteket og skulle sjekke fotografar på nettet.. Mannen min henta babycallen og satte den på bordet der nede.. Etter ca 15 minutt kasta eg eit blikk på den, og den var ikkje på! Og då vi skrudde den på så grein M masse :( Og eg anar ikkje kor lenge han har grått..15 minutt? 2 minutt? Eg skunda meg opp til han, og han bar jo preg av å ha grått i alle fall ei lita stund, men heldigvis roa han seg fort igjen. Og då sov han godt resten av natta :) Men huff, eg syns så synd i han der han kravla rundt i senga si og gråt..og mammaen hans kom ikkje.. :cry3: Så lenge har han ikkje grått sidan nyttårsaftan (då grein han i nesten 1 time).

I dag har han heldigvis vore i sitt vanlege solskinnshumør, så han har heldigvis ikkje tatt noko skade :)

Og så har vi bestilt fotograf :tommelsmil: Skal ta bilete av M på fredag, og det passar perfekt, for det er jo 9-mnddagen! :) Like lenge utanpå som inni! :rodmer:

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja er glad for det, men klart, når han har ferie skulle det bare mangle. :) nå har pappapermen hans begynt, så nå er det jeg som må jobbe og sove, og han som må opp om natten. Må innrømme det er litt deilig. ;)

Uff sånt er så kjipt når man ikke aner hvor lenge de har grått..de er jo vant til at vi kommer med en gang. Men hvis han ikke har grått mer enn 15 min siden nyttår, så er dere heldige ;) O har jo vært plaget med både det ene og det andre,så har nok hatt noen skriketokter ja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...