Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Håper legginga går bra i dag, det er litt slitsomt når det tek 1 time og meir.. Men eg skal huske på dei fine kveldane for ei veke sidan, då det tok berre 15 minutt :) Kan ikkje forvente at kvar kveld blir like bra ;)

Fekk gått trilletur i dag, gjekk i 1,5 time, men det var inkludert ein tur i butikken (men eg går jo då også ;) ). M sov i ca 25 minutt, for han våkna då det for forbi tre ungar på sparkesykkel, og så stoppa dei like ved oss og hoia og styra på.. Så det var den luren.. :gjeiper: Men han sov ein god lur no i stad da, frå 14.15 til 15.30 :)

Begynner å glede meg til Trondheimstur no :jepp: Blir deilig med hotell, og det er jo alltid kjekt på Ikea ;) Har kika litt på nettsidene og funne litt ting eg skal ha :)

Både feriepengar, skattepengar og foreldrepengar har kome inn på kontoen, så no føler eg meg superrik! :fnise: Sjeldan eg har mykje peng ;) Farlig å stikke på Ikea då :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

M sov heile natta i natt! Heile natta! :daane::hoppendeglad: Det har aldri skjedd før, ikkje ei einaste oppvåkning!

Tok litt tid å legge han, han sovna ikkje før 20.15..då var eg så lei at eg tenkte eg kunne teste å legge han i senga si (eg såg han var trøytt), og der sovna han, utruleg nok! Og så sov han frå 20.15 til 5.15! :hoppe:

Skulle såklart lagt oss enda tidlegare, men vi sovna ca kl 24, så det vart jo ein del timar samanhengande da :) Og det er stor forskjell på å sove frå 24 til 5.15 samanhengande enn frå 24-1, 1-3 og 3-5 ;)

Fekk snakka med ei av dei beste venninnene mine i går kveld, endeleg! Har ikkje snakka med ho sidan før fødselen, berre sendt sms. Så no har ho bestilt flybillettar og skal besøke oss i august! :hoppe: Hurra! :D

Skal ut på trilletur i fineveret i 9.30-tida :) M sov berre 20 minutt den første luren, så eg håper han sover liiiitt meir på trilleturen ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nydeleg trilletur i fineveret i dag :) Gjekk til og med i kortbukse ;) Men hadde ulltrøye på meg, for det var bittelitt nordavind. M sovna før vi stakk ut og våkna akkurat halvvegs, så han sov vel i ca 40 minutt.

Er spent på kor lenge han held seg våken no da, han bør ikkje sove igjen før i alle fall to-tida..så det blir ca 3,5 timar våken - litt lenge til å vere han :) Han har fått litt graut og frukt no da, så han er vel full av energi ei lita stund til ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig med gutt som har sovet hele natten! Det kan man være fornøyd med. :) er uten internett jeg, har kun mobil, så er ikke så aktiv i disse dager.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Hurra for M som sov natten! :strix: Er deilig når det skjer. C har nå sovet to fulle netter! :strix: Var morgen 5.45, men det var faktisk helt greit, siden vi begge sov hele natten. Av og til lurer jeg på om C er i live når hun sover fulle netter, siden jeg våkner opp og det ikke er bekmørkt. Etter 3 måneder med oppvåkning enten en gang eller to ganger i løpet av natta, så blir man overrasket (selv om C sov fulle netter fra hu var 1 uke til hu var omtrent 6 måneder).

Så koselig med besøk! :strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig med gutt som har sovet hele natten! Det kan man være fornøyd med. :) er uten internett jeg, har kun mobil, så er ikke så aktiv i disse dager.

Ja, det var skikkeleg deilig! Håper det fortsetter ;)

Hurra for M som sov natten! :strix: Er deilig når det skjer. C har nå sovet to fulle netter! :strix: Var morgen 5.45, men det var faktisk helt greit, siden vi begge sov hele natten. Av og til lurer jeg på om C er i live når hun sover fulle netter, siden jeg våkner opp og det ikke er bekmørkt. Etter 3 måneder med oppvåkning enten en gang eller to ganger i løpet av natta, så blir man overrasket (selv om C sov fulle netter fra hu var 1 uke til hu var omtrent 6 måneder).

Så koselig med besøk! :strix:

M har hatt 1-3 oppvåkninger kvar natt dei siste mnd, så dette var veldig deilig :) Men eg blir alltid litt bekymra når han sover lenge, for det er ikkje likt han :)

Ja, hurra for besøk! :hoppe: Eg gler meg veldig :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:sjenert: No har eg og M sove kjempelenge.. :sjenert: Han la seg for lur ca 13.45, våkna litt før 14.30..det var litt for tidleg syns eg, og han var tydeleg trøytt..og sovna ved puppen igjen..så då la eg meg ned saman med han i dobbeltsenga vår..og så sov vi til 16.30 :)

Spørs no da, på legginga i kveld..typisk om han ikkje vil sove :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legginga gjekk veldig bra i går, vi starta kveldsstellet 19.30, han fekk pupp 19.45 og sov innan kl var 20 :) Natta var ikkje liiiike god, men han sov heilt til kl 1 (men vi la oss så seint, kl 24, og mannen snorka sånn at eg fekk nesten ikkje sove før M våkna), og så våkna han i 3-tida, men då gav eg han berre smukken og det godtok han. Og så våkna han kl 5 og fekk pupp, og sov vidare til kl 7.25. Men det var mykje oppstykking, for eg våkna jo også då mannen skulle stå opp 5.30 og då han sa hadet kl ca 6.30.

Er spent på korleis kveldane og nettene blir i Trondheim, om vi klarer å halde på rutinene :) Vi skal i alle fall prøve :)

Snart skal vi på trilletur (ca 9.30), og innom butikken for å kjøpe med oss mat til bilturen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvorfor kan ikke mannen si hadet når han står opp, sånn at han ikke vekker deg mer enn nødvendig? ;)

Kos dere masse i trondheim, det blir nok stas!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Lurer på det jeg også, at han ikke sier hadet når han har det våken første gangen. :klo: Her får jeg bare et kyss mens jeg er i koma (altså i relativt dyp søvn). :skratte::sjenert:

Dere må kose dere så mye i Trondheim! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvorfor kan ikke mannen si hadet når han står opp, sånn at han ikke vekker deg mer enn nødvendig? ;)

Kos dere masse i trondheim, det blir nok stas!

Lurer på det jeg også, at han ikke sier hadet når han har det våken første gangen. :klo: Her får jeg bare et kyss mens jeg er i koma (altså i relativt dyp søvn). :skratte::sjenert:

Dere må kose dere så mye i Trondheim! :jepp:

Jooo, han kunne nok gjort det, men så er jo det litt koseleg å seie hadet når han faktisk skal dra da :) Av og til er eg så trøtt at eg veit nesten ikkje kva eg seier til han :fnise: Men eg sover såpass lett at eg stort sett våkner når han tek i soveromsdøra :)

Tusen takk, begge to! Vi skal kose oss masse! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den guten altså, han slutter aldri å overraske/imponere! Vi starta trilleturen 9.40, han sovna etter ca 15 minutt (i bakken der han alltid sovnar ;) ), og så sov han heile turen. Og til og med medan vi var på butikken, og det gjer han aldri! Han bruker å våkne med ein gong eg går inn på eit senter eller ein butikk :gjeiper: Og så sov han heile butikkrunda, også medan eg prata med butikkdama. Og han bruker alltid å våkne viss eg pratar med nokon, både ute og inne. Og no sover han jammen enda, sjølv om vi har kome heim. Og han bruker alltid å våkne når eg parkerer han i gangen!

Eg syns eg høyrde nokre lydar frå vogna no, men det gjer ingenting, for han har imponert meg med å sove i godt over 1 time! :hoppe:

(Og forresten, i stad lo han, og eg syns eg såg noko kvitt komme ut i overkjeven der! :daane: Tann!!)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er hotellweekenden over :) Vi hadde ein veldig fin tur til Trondheim og kosa oss masse! Vi fekk shoppa ein del, ikkje så mykje til meg, men ein del til M og litt til mannen min :) Eg handla litt stoff på Stoff og Stil da, eg tenkte eg skulle prøve å lære meg å sy litt :) Det kan gå så som så :fnise:

På laurdagen var vi på Ikea og svei av 10000 kr! :daane: Kjøpte mange bokhyller til biblioteket vårt som vi skal ferdigstille i sommar, og så vart jo det som alltid litt ekstra småplukk ;) Kjøpte også litt leiker til M der, det var jo litt artige og annleis type leiker :)

M var ein helt i helga! Det var jo laaaang biltur til og frå Trondheim, og laaaang tur på Ikea..litt klaging må ein rekne med då ;) Rutinene vart skipla litt, og han var nok dødssliten på laurdag, for då sovna han ca 21.30 på veg heim, ved Lesja, og sov heeeeile resten av turen heim (ca 3 timar), våkna såvidt på stellebordet, fekk pupp og sovna igjen. Våkna kl 5 for litt pupp og sov vidare til 10.30! :daane:

Heldigvis var det rett innatt i dei vante rutinene, og han sovna som ein stein ca 19.15 i går :) Våkna ca 21 for litt pupp, og sov vidare heilt til 6.20 i dag! :tommelsmil:

Og så har han funne ut at han kan rynke på nasen :fnise: Det ser så artig ut, og han er kjempesøt når han gjer det :rodmer: Han bruker å rynke på nasen og lage prompelyd og så smiler og ler han etterpå :)

Og han klatrer stadig meir! På hotellrommet var han høgt og lavt, og skal gjerne klatre oppå ting, f.eks. slike plater under bord og sånn. Og oppi vippestolen (men berre halvvegs, sånn han ligg med ansiktet ned i setet og suttar på selen :fnise: ). Han kryp ikkje enda, men vi ser tendensar til flytting av armar og bein..men ikkje samtidig ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I går sov eg og M ein laaang middagslur, og stod ikkje opp før 17.15.. :sjenert: Så då fekk M vere oppe til kl 20, og det gjekk heldigvis fint å legge han. Måtte få ei flaske Nan, men ellers gjekk det radigt :) Våkna ca kl 22 for litt påfyll og så sov han heilt til kl 5! Men det beste av alt?! Han sovna igjen og sov heilt til 8.20! :hoppendeglad: Det var sååå deilig!

Gjekk trilletur ca 10.30, og M sovna før vi begynte å gå. Men han sov ikkje meir enn ca 20 minutt, for vi gjekk forbi ein fyr med kantklippar og då våkna såklart M.. Men han låg berre og kika og hadde det fint han, så han var snill heile turen, inkl. butikken. :)

Han er ein liten solstråle, fine guten min :rodmer: Tuller og ler, og viss han får god respons, så tuller han litt til :fnise: Rynker på nasen og brummer med leppene så spyttet flyg..sjarmerande ;) Gode klumpen min :hjerte:

No sover han siste lur for dagen, håper den blir littegranne lang :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink som sov så lenge! :jepp: Herlig. Her har det begynt å være morgen halv seks..Menmen..

Har rett og slett ikke så mye å si og skrive om for tiden jeg, så er litt borte for tiden.. :jepp: Men det kommer seg vel!

Er forresten ganske fremmed for meg at ungen våkner av slike lyder, eller i løpet av turen i det hele tatt..O har aldri våknet under tur, og han sover seg gjennom rushtrafikken med pendlere og alt når han sover ute i vogna.. :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink som sov så lenge! :jepp: Herlig. Her har det begynt å være morgen halv seks..Menmen..

Har rett og slett ikke så mye å si og skrive om for tiden jeg, så er litt borte for tiden.. :jepp: Men det kommer seg vel!

Er forresten ganske fremmed for meg at ungen våkner av slike lyder, eller i løpet av turen i det hele tatt..O har aldri våknet under tur, og han sover seg gjennom rushtrafikken med pendlere og alt når han sover ute i vogna.. :gjeiper:

Ja, det var veldig deilig at han for ein gongs skuld sov såpass lenge :jepp: Vanlegvis er jo det morgon mellom 5 og 6 ein gong, så det gjorde godt ;)

Deilig med unge som sover seg gjennom det meste da :jepp: M er litt var på lydar, og vi bur ikkje ein plass med rushtrafikk, så når eg går trilletur langs hovedgata så er det større sjans for at han våknar.

Håper du får litt meir å skrive om snart, for her var litt stille her inne på KG, syns eg :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

To netter på rad utan oppvåkning! :tommelsmil: Skulle ønske dette vart ein trend, for det gjer innmari godt :) Men det er nok å håpe på for mykje ;)

Brukte litt tid på å legge han i går, og han måtte få ei flaske. Så no har eg faktisk gått til innkjøp av Nan-pulver, for viss det blir slik at han må få flaske i tillegg til pupp fleire kveldar i veka då blir det for dyrt med slike kartongar. Dei er jo så greie å ta med seg på tur og sånn, men dyrt i lengda om det blir oftare enn det det har vore hittil.

Men han sovna ca kl 20, våkna kl 22.30 for litt pupp og så sov han heilt til ca kl 6. Då fekk han pupp og utruleg nok sovna han igjen :) Sov ikkje så lenge da, men til kl 7.15 og det er eg veeeldig fornøgd med! :jepp:

Er akkurat ferdig med første lur, som varte nesten 2 timar. Også fornøgd med det :) Då fekk eg strikka ein heil del ;) Men det blir berre to lurar i dag, trur eg.. Så trilleturen må bli litt seint i dag, til neste lur i 14-tida.

Ellers har M verkeleg oppdaga stemma si og volumet..han roper og hyler og bruker stemma for det den er verdt :) Eg trur han utforsker lydane han klarer å lage :) Og han blir stadig meir klatremus :)

Ellers så skal vi på hytta vår neste veke, og svigermor skal vere med. Kjenner eg er litt spent på det, for det blir tre dagar (to overnattingar), og det blir nok litt slitsomt.. Ho har ein tendens til å fokusere på det negative og vere bekymra.. Og mannen skal jo jobbe ute, slå graset, måle huset, jobbe med ved etc... Så eg trur nok eg kjem til å gå eit par-tre lange trilleturar kvar dag, når M skal sove ;) Jaja..forhåpentlegvis blir det kjekt da :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

OK natt i natt. M sovna relativt fort, kl 19. Vi starta kveldsstellet litt tidlegare, for han var kjempetrøytt. Sov berre ein halvtime på trilleturen, så han var våken frå kl 14 og utover - lenge til å vere han!

Han våkna fleire gongar den neste timen, så til slutt fekk han flaske og drakk ein heil del. Og då sov han heilt til kl 3, fekk pupp og sov vidare til 6.30.

Eg sov ikkje sånn kjempegodt i natt, fordi eg syns mannen min var litt stygg med meg i går kveld. Vi såg ferdig ein episode av serien vi held på og ser, og då vart klokka 22. Han holdt på å sovne fleire gongar under episoden, så vi vart enige om å legge oss. Så då gjekk eg jo på badet, pussa tennene og la meg. Kl 22.20 kom han inn på rommet, då hadde eg neeesten sovna, det var like før. Men då vekte han meg med "åja, du gjekk og la deg du!". Og så var det akkurat som om han vekte meg kun for å seie teite ting. Han la seg i senga og la merke til at puta låg annleis enn slik han forlot den om morgonen (ikkje så rart, med ein gut som kravlar rundt i senga), så han spurte kven som hadde sove i senga. Og så la han fram ein teit teori om at eg er utro, fordi 1. puta låg annleis, 2. viss M sover når han stikk på jobb så vil eg helst ikkje at han låser døra, for eg er redd for at smellet skal vekke M. Men han tenkte at han ikkje får låse fordi ein annan mannn skal kunne komme seg inn. Og 3. Han syns ikkje eg viser noko interesse ovanfor han.

Eg vart jo lei meg, men eg var så trøtt at eg orka ikkje begynne å krangle med han. Eg berre spurde han nokre gongar om kvifor han var stygg med meg.

Litt innvikla, og eg klarer ikkje forklare alt. Menmen..sov litt dårleg, og mannen sa unnskyld i dag tidleg. Eg trur teorien hans slo rot då han las på teksttv om den norske mannen som slo i hel den russiske kjæresten sin då han fann ut at ho dreiv med prostitusjon frå leiligheta hans. For då sa han at viss han fann ut at eg dreiv med prostitusjon frå huset vårt så ville han ikkje slå meg i hel, men ja.. Så spann han nok vidare på den tanken.

JAJA, håper på ei god helg i alle fall! I dag skal vi opp og rydde litt hos svigermor for å lette litt på kvardagen hennar. Eg kan ikkje bli der så lenge, for M må jo legge seg i sju-tida.. Men eg trur vi skal ete middag der.

Og så blir jo det som vanleg ein trilletur i dag :) Men ikkje på første lur, for eg er så trøytt at eg trur eg også vil sove ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

M sov i nesten to timar, det gjorde godt :)

Må prøve å få lurt til slik at det blir tre lurar i dag, for i går var det tøft for stakkaren :gjeiper: Trur eg skal gå trilletur ganske snart, så kanskje han sover litt der. Då blir det passande avstand til siste lur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...