Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Ja, i dag har eg har fått resultatet av HCG-prøvane eg tok. Legen sa jo til meg at viss fosteret var dødt, så skulle HCG synka. Det hadde merkelig nok ikkje skjedd. HCG hadde stege frå fredag til måndag. Men stigningen var altfor liten, så det var tydelig at det var noko som ikkje stemte, sa legen til meg.

Tippar det er grunnen til at eg ikkje har begynt å blø, sjølv om det ikkje er noko liv lenger. Kroppen min trur sikkert at eg er gravid enda, sidan HCG tydeligvis fortsetter å stiga litt.

Eg har iallfall fått time på gynekologisk poliklinikk på sykehuset, på torsdag. Reknar med at eg får med meg tabletter heim då, som sist, som eg må ta for å setja i gang aborten. Gruar meg. :(

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var veldig leit, Mirabella :( Tenker på deg som må igjennom dette igjen, snakk om urettferdig. Håper det går greiere enn du tror og at du klarer å se fremover etter hvert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjekt å høyra at dåke har tenkt på meg. :klem: Det er litt av eit styr eg har vore gjennom, sidan eg hadde time på sykehuset i forrige veke. Glad eg ikkje visste på forhånd kva eg hadde i vente!

Det begynte med at eg fekk med meg tablettar heim då eg var på sykehuset torsdagen for 1 1/2 veke sidan, som skulle setja i gang aborten (Cytotec). Var dei samme tablettane eg fekk då eg mista forrige gang, og då gjekk alt som det skulle. Sånn gjekk det ikkje denne gangen.

Eg tok tablettane fredag morgon, og lite skjedde. Først langt utpå ettermiddagen, fekk eg litt magesmerter, og begynte å blø litt. I løpet av heile dagen blødde eg ut tre nattbind, men eg skjønte at ikkje alt hadde kome ut. Eg hadde også fått med to ekstra tablettar som eg kunne ta etter 6 timar om ingenting hadde skjedd, men det hjalp ikkje.

Så då måtte eg tilbake på sykehuset lørdagen. Heile fostersekken var igjen i livmora, så eg fekk nye tablettar + fire ekstra denne gangen.

Så då var det i gang med ein ny runde med tablettar søndag morgon, men det var fortsatt lite som skjedde. Eg blødde mindre denne gangen, sjølv om eg tok to nye tablettar etter 6 timar, og to nye igjen 6 timar etter det. Då kjente eg for alvor at no var det nok. :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Stakkars deg, Mirabella, dette høres ille ut :( Er du ferdig nå da? Hvis det fortsatt er noe igjen, bør du vel få kirurgisk abort?

Tenker på deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mandag morgon, for akkurat ei veke sidan, ringte eg sykehuset igjen, og dei var enige med meg i at viss det fortsatt var restar igjen i livmora, så skulle eg få narkose og utskraping. Mannen min skulle reisa på jobb onsdagen, og det var viktig for meg å bli ferdig med dette før han reiste.

Eg fekk beskjed om å fasta, fekk berre drikka vatn. Eg åt litt kl. 9 om morgonen, så vart det ikkje meir mat på meg.

Eg kunne koma til sykehuset kl. 12, så skulle dei ta meg inn når dei fekk tid, men ingen kunne fortelja meg kor lang tid det kom til å ta. Så det vart mykje venting på meg. Når klokka var ca 13, fekk eg ikkje ein gang lov til å drikka vatn lenger. Eg var forkjølt, hosta og hadde sånn kribling i halsen, så det var grusomt å verken få drikka eller ta ein halsdrops. Men eg måtte berre halda ut!

Når eg endelig fekk ny UL, så var det sjølvsagt fortsatt ein del restar igjen i livmora, men mindre enn første gangen. Så då skulle eg berre venta på utskraping, og det tok jammen tid!

Eg fekk heldigvis ei seng inne på eit firemannsrom til slutt. Eg begynte føla meg både svimmel og uvel etter kvart, for eg hadde ikkje fått mat og drikke på så lenge.

I tillegg så grua eg meg så ekstremt mykje til å få narkose. Etter min forrige fødsel måtte eg ha narkose og få utskraping, pga at litt av morkaka låg igjen i livmora. Det var ein kjempeubehagelig opplevelse, og det gjekk mange timar før eg var ordentlig våken igjen etterpå. Var så redd for at dette skulle bli ein like skremmande opplevelse.

På grunn av redselen min, kom anestesilegen inn til meg, for å snakka med meg om det som skulle skje, og prøva å beroliga meg. Og det klarte han virkelig, så eg er utrulig glad for at han tok seg tid til å forklara meg kva som skulle skje. Eg fekk blant anna vita at dette var ein veldig lett narkose, og at eg kom til å våkna raskt etterpå.

Endelig, tidlig på kvelden, fekk eg beskjed om at no var det klart for operasjon. Men rett før eg skulle bli kjørt ned, så fekk eg beskjed om at det hadde kome inn noko akutt, som dei måtte ta først, så då måtte eg venta i enda eit par timar. Det var nedtur det!

Så vart det endelig min tur, og då var klokka ca 9 om kvelden! Då hadde eg vore uten mat i omtrent 12 timar, og uten drikke i ca 8 timar. Berre det å fasta så lenge, var utrulig slitsomt. Eg følte meg heilt elendig.

Anestesilegen hadde iallfall rett, dette vart ein heilt annan opplevelse enn forrige gang eg fekk narkose. Eg såg på klokka då eg fekk maska over ansiktet, som eg skulle pusta inn i, rett før eg sovna. Og då eg våkna igjen og såg på klokka, så hadde det berre gått 20 minutt sidan sist eg såg på klokka. Heilt utrulig! Alt hadde gått som det skulle, så då var det heile endelig over. Både godt og trist på ein gang.

Eg hadde fått beskjed om at eg kunne få reisa heim samme dagen. Men no fekk eg beskjed om at eg måtte bli over natta likevel, sidan operasjonen vart så seint på dagen. For eg kjørte bil, og eg kunne ikkje kjøra sjølv så kort tid etter narkosen.

Neste morgon kunne eg heldigvis reisa heim igjen, men då eg kom heim vart eg sjuk. Eg hadde vore forkjølt og hosta masse ei stund, men då eg kom heim følte eg meg slapp og hadde feber i tillegg. Så då var eg sjuk i fleire dagar. Vart heldigvis frisk igjen til 17. mai, sånn at eg kunne feira dagen saman med familien min.

Kjenner at eg føler meg ganske sliten både fysisk og mentalt no, etter alt eg har vore gjennom i det siste. No håpar eg berre at eg kan klara å sjå framover, og tøra å tru på at det skal bli vår tur igjen, og at alt skal gå bra neste gang. Trur ikkje eg taklar fleire sånne nedturar som dette her.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
  • 2 uker senere...

Det går bedre med meg no, heldigvis. Men eg har hatt nokon veldig tøffe veker. :-(

Først var det jo fleire rundar med tablettar for å setja i gang aborten, som enda med narkose og utskraping på sykehuset. Det var veldig tungt og vanskelig å gå gjennom alt dette, både fysisk og psykisk.

Men det var ikkje over med det. Allerede då eg var på sykehuset, begynte eg å bli sjuk. Og dei neste dagane følte eg meg berre verre. Endte med at eg måtte gå til lege, og det viste seg at eg hadde fått lungebetennelse. Antibiotikakuren eg fekk virka ikkje som den skulle, og eg følte meg heilt elendig. Først etter nesten ei heil veke fekk eg ein ny antibiotikakur, og først då begynte eg å bli bedre. Men det tok fortsatt tid før eg var heilt frisk igjen. Følte meg totalt utslitt etter alt dette her. Får virkelig håpa at det ikkje blir noko meir no, for det orkar eg rett og slett ikkje. No er det på tide at ting går min vei, synst eg!

Mensen kom tilbake allerede nøyaktig 4 veker etter utskrapinga. Tenker at me kan begynna prøving igjen denne syklusen. Hadde jo egentlig tenkt å starta med prøverørsforsøk i august, men eg veit ikkje heilt kva det blir til no. Kanskje me utsetter det nokon få månader, eg veit ikkje heilt. Egentlig har eg ikkje orka å tenka så mykje på det enda. Eg er berre livredd for at eg skal mista igjen, viss eg blir gravid på nytt.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Kanskje på tide å oppdatera litt her inne, men det er egentlig ikkje så mykje nytt å fortelja. Iallfall ikkje når det gjeld prøvinga vår.

Føler at det heile tida kjem noko i veien. Først var det lungebetennelse etter aborten, så var mannen min på jobb i Nordsjøen når eg hadde eggløysing. Og no har eg fått urinveisinfeksjon, rett før eg hadde eggløysing denne syklusen. Og det var vondt og ubehagelig, så då fekk me ikkje hatt samleie på riktig tid i denne syklusen heller. :( Synst det er så håplaust, føler at alt går imot meg. Eg har ikkje hatt ein einaste syklus etter aborten, der me har fått prøvd ordentlig. :(

Mannen min innbiller seg visst at me har god tid på oss, og at me berre kan prøva vidare på eiga hånd. Men me får jo aldri prøvd ordentlig! Dessuten fyller eg 39 i november. Og for at me skal få kjøpa ein sånn pakke ved klinikken, der 3 forsøk er inkludert, så må det gjerast før den tid. Trur ikkje mannen min vil forstå kor mykje det hastar, og at me ikkje kan venta lenger. Eg blir så oppgitt og frustrert! :( Synst heile prøvegreiene er noko dritt. Eg vil berre koma i gang med prøverørsforsøk så fort som mulig, sånn at eg faktisk har ein reell sjanse til å bli gravid. Det føler eg ikkje at eg har no. :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Me har forresten akkurat kome heim frå Danmark. Har hatt det fint både små og store, og har kost oss masse. :-) Veret var for det meste fint, men det kunne godt ha vore litt varmare, for det var kaldt å vera på stranda, og i vatnet. Men me fekk gjort mykje anna kjekt. :) Veldig godt å koma seg vekk litt, og tenka på noko anna enn prøving!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Hvordan går det med deg?

Skal dere snart igang med klinikken? :klemmer:

Prøver alt eg kan å overtala mannen min til å gå med på at eg bestiller time til forsamale så fort som mulig, sånn at me snart kjem i gang med forsøk. Eg fekk mensen i går, og har virkelig prøvd å få mannen min til å skjønna at det hastar, og at no MÅ me gjera noko. Men han vil ikkje forstå. Seier berre heile tida at han synst det er for tidlig enda, og at me må prøva meir på eiga hånd først. :(

 

Utrulig frustrerande! :( Kor lenge skal me fortsetja å prøva liksom? Hadde eg vore i 20-åra, eller blitt lett gravid før, så hadde eg skjønt kva han meinte. Men ingen av delane er tilfelle! Me har hastverk, og eg blir absolutt ikkje lett gravid. Og det veit mannen min veldig godt! Eg føler meg berre meir og meir sikker på at mannen min prøver å dra tida ut lengst mulig med vilje, så håpar han vel på at det til slutt har gått så lang tid at det er for seint for meg å få fleire barn. Då hadde han vel blitt fornøyd, tenker eg. :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Si meg, hvorfor er dere egentlig sammen?

Vet at det er et direkte spørsmål fra en fremmed person, men elsker du virkelig han? Er du lykkelig?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt spørsmål, skjønnar at du spør. Eg hadde ikkje valgt å gifta meg med mannen min, viss eg på forhånd hadde visst korleis ting skulle bli. Men no er det no sånn det er, og me har allerede to ungar saman. Eg vil uansett fortsetja med å vera gift med mannen min, på grunn av ungane våre, har eg funne ut. Og eg ville jo aldri ha vore uten ungane våre, så eg angrar heller ikkje på at det vart sånn som det vart. Og når me likevel skal fortsetja å vera gift, så ser eg heller ikkje noko gale i å få eit barn til. Då får eg i det minste oppfylt eit veldig sterkt ønske, for eg har alltid ønska meg mange barn.

Høyrest sikkert litt rart ut, det eg seier. Men sånn er det berre. Eg har tenkt utrulig mykje på desse tinga i åra som har gått, så det er ikkje noko eg har funne på sånn heilt plutselig. Berre sånn at det er sagt.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Eg har for eksempel tenkt på at viss eg og mannen min går frå kvarandre, så vil eg ikkje ha ungane buande hos meg heile tida, og det hadde eg ikkje takla. Eg hadde også bekymra meg over at mannen min ikkje tok seg godt nok av ungane våre når dei var hos han, for han er så lite engasjert i ungane m.m. Derfor vil eg heller at me skal fortsetja å vera ein familie, så eg slepper desse bekymringane. Barna mine er det aller viktigste i livet mitt, mykje viktigere enn å finna den store kjærligheten.

Viss eg og mannen min hadde gått frå kvarandre, så hadde eg heller ikkje hatt mulighet til å få fleire barn. Det å møta ein ny mann og koma så langt at det blir aktuelt å prøva å få barn, tar årevis. Og då ville eg ha blitt for gammal, for eg fyller 39 om berre nokre få månader. Og å reisa til Danmark for bli gravid på eiga hand, hadde blitt altfor dyrt. Det hadde eg rett og slett ikkje har råd til. Så hadde eg valgt å gå frå mannen min, så måtte eg ha gitt opp draumen min om fleire barn. Og det klarar eg ikkje.

Dette er dei viktigaste grunnane til at eg har bestemt meg for at eg vil fortsetja å vera gift med mannen min. Hadde me ikkje hatt barn saman, og eg hadde vore yngre, så hadde situasjonen vore ein heilt annan, og valget mitt ville ha blitt annleis. Men ingen treng å synast synd på meg, eller å seia til meg at eg har tatt eit dårlig valg. For eg har som sagt tenkt på dette her i årevis, og vore usikker på kva eg skal gjera. Og det er dette eg har kome fram til, og eg trur det er det beste eg kan få ut av situasjonen min. Skulle sjølvsagt ha ønska at alt i livet hadde vore perfekt. Men det er vel ingen andre som har eit perfekt liv heller, vil eg tru, sjølv om mange likar å lata som om dei har det. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skjønner deg Mirabella :)

Som sagt så spør jeg direkte, men har lest litt hos deg i løpet av årene.

Det at barna dine er de viktigste i livet er jo helt fantastisk og akkurat sånn som det bør være. Har det akkurat på samme måte :)

Om mannen din er så lite engasjert i barna som du sier, tror du han vil ha dem så ofte om dere flytter fra hverandre? Kanskje blir de 90 % av tiden hos deg?

Jeg VET jeg høres frekk ut nå, (om han ikke er din store kjærlighet) så vil du jo kunne motta bidrag fra han ved et evt brudd, og kanskje ha råd til å dra til Danmark alene?

Eller vente på kjærligheten og dra til "Danmark sammen "?

Det å få barn sammen med en man virkelig vil dele livet med, og som føler det samme, kontra det å få barn med en uengasjert "dust" vet jeg alt om...tro meg...

Du høres ikke 100 % lykkelig ut.

Endret av Bringebæret
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er heller ikke 100% lykkelig.. Og har mann, barn og en liten i magen, hus, jobb, bil og ok økonomi. 

Hvorfor skal man hele tiden jakte på lykken? Dette irriterer meg litt for folk gnåler om lykke hele tiden.

Er det slik at det er noe galt med de som ikke går rundt og kjenner på lykke hele tiden?

 

Sier ikke at jeg er ulykkelig. Heller mer midt på treet. Vanskelig å forklare.

 

Skjønner hva du mener Mirabella :) Hva om du bare bestiller en time ved klinikken selv når mannen din er hjemme? Får han ikke ut fingeren selv så får du ordne opp :opplyser: Si at prosessen tar så så lang tid og du vil igang NÅ!! Så han får bare ha å møte opp!! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei. Jeg mener jo heller ikke at Mirabella skal "jakte på lykken". Alle forhold er forskjellige :)

Men det virker som et ekteskap hvor hun har hovedansvar for barn, han er uengasjert og de vil ikke de samme tingene i livet (som feks få flere barn).

Og når ønsket er så sterkt som du sier Mirabella, så virker det tungt og kjedelig å ikke dele det med sin partner. Å stå alene med dette må være tøft...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...