Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Jeg skjønner deg Mirabella :)

Som sagt så spør jeg direkte, men har lest litt hos deg i løpet av årene.

Det at barna dine er de viktigste i livet er jo helt fantastisk og akkurat sånn som det bør være. Har det akkurat på samme måte :)

Om mannen din er så lite engasjert i barna som du sier, tror du han vil ha dem så ofte om dere flytter fra hverandre? Kanskje blir de 90 % av tiden hos deg?

Jeg VET jeg høres frekk ut nå, (om han ikke er din store kjærlighet) så vil du jo kunne motta bidrag fra han ved et evt brudd, og kanskje ha råd til å dra til Danmark alene?

Eller vente på kjærligheten og dra til "Danmark sammen "?

Det å få barn sammen med en man virkelig vil dele livet med, og som føler det samme, kontra det å få barn med en uengasjert "dust" vet jeg alt om...tro meg...

Du høres ikke 100 % lykkelig ut.

Fint at du forstår, sjølv om du ikkje er enig i valget mitt.

Eg og mannen min har diskutert fleire gangar tidlegare om me skal fortsetja å vera gift, eller gå frå kvarandre. Han har då sagt at han ville hatt ungane halvparten av tida. Om han virkelig meinar det, eller om det berre er noko han seier for at eg ikkje skal velga å flytta for meg sjølv, det veit eg faktisk ikkje. Både eg og mannen min er enige om at me er veldig ulike som personar, og har heilt ulike meininga om viktige ting i livet. Me har innsett begge to at me ikkje er dei rette for kvarandre, det er ingen hemmelighet. Derfor er det sjølvsagt ikkje berre enkelt alltid, men eg trur likevel ikkje eg og ungane hadde fått det noko bedre om eg hadde gått frå mannen min.

Barna mine betyr virkelig absolutt alt for meg, ja. Om ikkje mannen min gjer meg lykkelig, så kan eg iallfall garantera at barna mine gjer meg 100% lykkelig! :) Hadde eg ikkje vore mamma, så hadde eg iallfall aldri kunne blitt lykkelig. Og å vera lykkelig saman med barna mine betyr alt for meg. Då får eg heller tåla at eg aldri blir lykkelig i forholdet med mannen min. Og kven er det vel som er 100% lykkelig med alt her i livet? Absolutt ingen, det kan eg garantera!

Og hadde eg gått frå mannen min, så betyr ikkje det at eg ville ha funne den store kjærligheten, og blitt 100% lykkelig i det nye forholdet. Sjansen for at skulle ha møtt " den rette" er faktisk veldig liten. Sjansen er mykje større for at eg aldri ville ha funne ein ny mann som var bra nok, for eg ville ikkje ha gått inn i eit nytt middelmådig forhold, og ville hatt veldig strenge krav til korleis han skulle ha vore som person. Så sannsynligvis ville eg ha forblitt singel, og gitt opp å finna ein ny mann, etter å ha prøvd å finna han uten hell. Og dermed hadde eg heller aldri fått oppleva å bli mamma igjen. Det er det mest sannsynlige utfallet, og derfor trur eg det valget eg har tatt no, faktisk kjem til å gjera meg lykkeligare alt i alt.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Jeg er heller ikke 100% lykkelig.. Og har mann, barn og en liten i magen, hus, jobb, bil og ok økonomi.

Hvorfor skal man hele tiden jakte på lykken? Dette irriterer meg litt for folk gnåler om lykke hele tiden.

Er det slik at det er noe galt med de som ikke går rundt og kjenner på lykke hele tiden?

Sier ikke at jeg er ulykkelig. Heller mer midt på treet. Vanskelig å forklare.

Skjønner hva du mener Mirabella :) Hva om du bare bestiller en time ved klinikken selv når mannen din er hjemme? Får han ikke ut fingeren selv så får du ordne opp :opplyser: Si at prosessen tar så så lang tid og du vil igang NÅ!! Så han får bare ha å møte opp!! ;)

Eg likar at du alltid er så ærlig, Kakaoen. :klem: Eg er innom dagboka di med jevne mellomrom, og synst det er flott at du også tør å prata om tankar og følelser som kan vera vanskelige, og ikkje berre skriver om alt som er perfekt i livet ditt. Trur nok mange kan kjenna seg igjen i mykje av det du set ord på.

For eg er heilt enig med deg. Kvifor skal ein heile tida jakta på lykka? Kvifor kan ikkje ting vera bra nok sjølv om alt ikkje er perfekt, og ein ikkje er 100% lykkelig heile tida?

Og veit du kva? I dag har eg faktisk bestilt time til nysamtale/utredning på klinikken. :) Fekk time i slutten av måneden. Eg har snakka med mannen min om dette kvar dag i det siste, og fortalt han kor viktig det er for meg. Så i går sa han endelig ja til at eg kunne bestilla time, på ein betingelse: At me ikkje var nødt til å skriva under på kontrakten før me startar med forsøk. For mannen min meinar det er viktig at me prøver litt meir på eiga hånd først, for han har tydeligvis tru på at eg skal bli gravid uten hjelp igjen. Heldigvis sa ho eg snakka med i telefonen at kontrakten ikkje måtte underskrivast før rett før egguttaket, når me startar med forsøk.

Men no er me iallfall i gang! Skulle få tilsendt brev i posten frå klinikken. Både eg og mannen min skulle ta nokre blodprøvar, som helst burde vera klare til timen me har ved klinikken i slutten av måneden. Så no skjer det iallfall noko, og det er bra. :) Så får eg berre kryssa fingrane for at mannen min ikkje får kalde føtter, og trekker seg før me kjem i gang med forsøk.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei. Jeg mener jo heller ikke at Mirabella skal "jakte på lykken". Alle forhold er forskjellige :)

Men det virker som et ekteskap hvor hun har hovedansvar for barn, han er uengasjert og de vil ikke de samme tingene i livet (som feks få flere barn).

Og når ønsket er så sterkt som du sier Mirabella, så virker det tungt og kjedelig å ikke dele det med sin partner. Å stå alene med dette må være tøft...

Eg ser absolutt poenget ditt. Og ja, såklart hadde eg aller helst ønska meg ein engasjert mann, som hadde dei samme ønska og draumane i livet som meg, og som var like glad i barn som det eg er. Det ville jo ha vore fantastisk!

Men sjansen for at eg nokon gang skulle ha møtt ein mann som var heilt perfekt for meg, som var min sjelevenn, der me begge følte at me virkelig var meint for kvarandre, er ekstremt liten. Det veit eg. Så eg prøver heller å vera fornøyd med det eg har.

Så lenge eg får vera mamma, så er eg uansett lykkelig. :) Det har alltid vore min største draum i livet å få bli mamma, og det har eg vore så heldig å få bli. Og det er meir enn nok lykke for meg. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

I dag har eg vore på sykehuset og tatt blodprøve. Svaret på prøvane skulle sendast direkte til klinikken. Så no er det berre å kryssa fingrane for at alle prøveresultata ligg innanfor normalområdet, og at klinikken har fått det tilsendt før timen vår i neste veke.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra. Da er dere i gang :) hva er det for slags blodprøver du har tatt? Hvilke nivåer sjekker de? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Krysser fingrene for at alt står bra til! Er mannen din med på forsøk nå?

 

Selv begynner vi med forsøk i slutten av august / begynnelsen av september, dvs. da begynner jeg med sprøyter. Dette er både spennende og skummelt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så bra. Da er dere i gang :) hva er det for slags blodprøver du har tatt? Hvilke nivåer sjekker de? :)

Eg har tatt blodprøve for å sjekka ting som hepatitt, HIV m.m. Og så er det forskjellige hormonprøvar, for å sjekka fertiliteten min m.m. Blant anna AMH-prøve, for å finna ut kor store eggreservar eg har. Det var ikkje kryssa av for FSH i skjemaet, og det synst eg var litt rart. For det er jo ein viktig hormonprøve, der ein finner ut kor god eggkvaliteten er. Tenkte å spørja om det, når me har utredningstime ved klinikken i neste veke. Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Krysser fingrene for at alt står bra til! Er mannen din med på forsøk nå?

Selv begynner vi med forsøk i slutten av august / begynnelsen av september, dvs. da begynner jeg med sprøyter. Dette er både spennende og skummelt.

Så koselig å sjå deg her inne, Harlekin! :klemmer:

Mannen min har iallfall godkjent og sagt det var greit at eg bestilte time til utredning. Men kor mykje han egentlig er med på det, er vel ein annan sak. Han vil jo egentlig ikkje ha fleire barn, men har gått med på det etter mykje mas frå meg, fordi han veit kor sterkt eg ønskjer meg fleire barn, før det blir for seint.

Det stod i brevet at me kunne starta med forsøk allerede i førstkommande syklus, viss alt såg greit ut på utredningstimen. Eg ventar mensen i starten av september ein gang, så eg håpar at eg kan starta med medisinar allerede då. Men så må det også passast inn i forhold til turnusen til mannen min, for han jobbar i Nordsjøen. Og ikkje minst, så må eg klara å få mannen min med på at me startar med forsøk så snart. Han vil egentlig at me skal prøva vidare på eiga hand så lenge som mulig. Men det har eg rett og slett ikkje tid til, med tanke på alderen min.

Dessuten hadde det vore perfekt å starta med forsøk no, slik at termin vart om sommaren/tidlig haust. Eg orkar ikkje ha forsøk i november/ desember, for i løpet av dei månadene har begge jentene mine bursdag, det er jul++ Dei to månadene er dei travleste heile året her i huset, så eg orkar rett og slett ikkje å vera midt oppi eit forsøk akkurat då.

Det er heller ikkje ideelt å starta med forsøk rett over nyttår, for om eg blir gravid då, så får eg enda ein gang termin heilt på slutten av året. Så kvifor venta? Det beste er å koma i gang så fort som mulig, meinar eg. ;)

Så utrulig kjekt det ville ha vore om me hadde kome i gang med forsøk omtrent samtidig! :) Hadde vore heilt supert å hatt nokon å følgja, som gjekk gjennom det samme som meg, no når me forhåpentligvis snart skal i gang med forsøk! Og eg er heilt enig i det du seier, dette er både spennande og skummelt på ein gang. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg og mannen min vore på utredning på klinikken. Det gjekk greit, sjølv om mannen min var fryktelig negativ på forhånd.

Me var først inne hos legen, der me prata om prøvehistorien vår fram til no, og han svarte på spørsmål me hadde. Mannen min tok også ein sædprøve, og eg fekk ultralydundersøkelse.

Alt såg fint ut med meg. Men eg hadde mange små, umodne egg i eggstokkane, så legen mistenkte PCO. Han fann 15-17 eggposar på kvar av eggstokkane mine, og det var visst litt meir enn det som var vanlig. Sædprøven til mannen min var ganske dårlig. For det første var det lite volum, altså liten mengde med sæd. I tillegg var det berre 20% av sædcellene som svømte normalt. Gjennomsnittet var på 50%, så det var godt under normalen.

Legen anbefalte oss vanlig prøverørsbehandling, det var også det eg hadde sett for meg på forhånd. Dette meinte han var det riktige for oss, fordi eg sannsynligvis har PCO, som gjer det vanskeligare å bli gravid, i tillegg til alderen min. Og også med tanke på at mannen min har ganske dårlig sædkvalitet. Eg håpar sædprøven til mannen min er bra nok når eg skal ha egguttak, til at me kan ha vanlig IVF. Men legen sa at viss sædkvaliteten var dårlig på egguthentingsdagen, så måtte me ha ICSI i staden.

Blodprøvane eg har tatt, var forresten fine. Resultatet av blodprøvane mannen min tok, hadde visst ikkje kome enda. Han tok blodprøve på eit seinare tidspunkt enn meg.

Etter at me hadde vore inne hos legen, fekk me snakka med ein sjukepleiar. Ho gjekk gjennom praktiske ting, prisar, kontrakt m.m. Ho viste og forklarte oss også korleis medisinar skulle brukast, korleis sprøytene skulle setja osv. I samarbeid med legen, vart me enige om at me skulle gå for kort protokoll, og han hadde sett opp ein oversikt over kva medisinar/sprøyter eg skulle ta når, som sjukepleiaren gjekk gjennom med oss.

Me diskuterte også med sjukepleiaren når me skulle starta opp med forsøk, og ho sa at det var heilt opp til oss når me ville begynna. Men me måtte ringa klinikken første mensdag den syklusen me skulle gå i gang, for dei måtte godkjenna det, og me måtte avtala tid for første ultralyd o.l.

Eg hadde håpa på at me kunne ha starta med forsøk allerede i starten av september, eg ventar mensen uti neste veke. Men sjukepleiaren sjekka kalenderen, og me fann ut at mannen min då kjem til å vera på jobb i Nordsjøen akkurat når det er tid for egguttak. Og det går jo ikkje bra. Så då vart me enige om at det var bedre å satsa på syklusen etter, som sannsynligvis blir i starten av oktober. Då blir egguttaket omtrent midt i friperioden til mannen min, om syklusen min ikkje begynnar å tulla seg. Og det er jo eit heilt ideelt tidspunkt. Så då blir det mest sannsynlig oppstart av forsøk på oss i starten av oktober. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

 

På tide at jeg også besøker deg! ;) 

 

Så godt at dere fikk svar, selv om det kanskje ikke var det dere hadde håpet på ift resultatene. Får virkelig håpe dere lykkes, det blir en spennende tid framover! :)

 

Mvh Yvonne :heiajente:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

På tide at jeg også besøker deg! ;)

Så godt at dere fikk svar, selv om det kanskje ikke var det dere hadde håpet på ift resultatene. Får virkelig håpe dere lykkes, det blir en spennende tid framover! :)

Mvh Yvonne :heiajente:

Kjekt å sjå deg her inne i dagboka mi, Yvonne! :klem:

Det blir spennande å koma i gang med forsøk, ja. Og litt skummelt! Får berre håpa at sædprøven til mannen min iallfall er litt bedre neste gang, når det er alvor. Og så er eg spent på kor god kvalitet det er på egga mine. Legen kunne berre sjå kor mange eggposar eg hadde på ultralyden, men om kvaliteten på egga er god eller dårlig, får me ikkje noko svar på før etter egguttaket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt at dere er i gang, selv om det ikke var oppløftende resultater på sædprøvene hans. Men husk at du ble gravid spontant så sent som i mai, og dere har to barn sammen, så helt håpløst er det slett ikke. Dessuten kan sædprøvene variere veldig og kvaliteten påvirkes av så mangt. Røyking, alkohol, overvekt, kosthold, temperatur osv., og alt dette kan man gjøre noe med. Når dere likevel skal ha prøverør, har dere gode sjanser. Det er forresten like gode sjanser med ICSI som med IVF.

 

Det blir spennende å se hva som skjer når dere skal ha forsøk! Håper ventetiden blir kort for dere :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt at dere er i gang, selv om det ikke var oppløftende resultater på sædprøvene hans. Men husk at du ble gravid spontant så sent som i mai, og dere har to barn sammen, så helt håpløst er det slett ikke. Dessuten kan sædprøvene variere veldig og kvaliteten påvirkes av så mangt. Røyking, alkohol, overvekt, kosthold, temperatur osv., og alt dette kan man gjøre noe med. Når dere likevel skal ha prøverør, har dere gode sjanser. Det er forresten like gode sjanser med ICSI som med IVF.

Det blir spennende å se hva som skjer når dere skal ha forsøk! Håper ventetiden blir kort for dere :)

Ja huff, eg hadde ikkje trudd at resultatet av sædprøven skulle bli så dårlig. Men eg mistenker at det kan ha noko å gjera med livsstilen til mannen min. Han er veldig inaktiv, og bevegar seg altfor lite. Han har heldigvis slutta å røyka, men han brukar altfor mykje snus.

Kostholdet til mannen min er heller ikkje noko å skryta av. Chips, snop og anna usunn mat, stappar han i seg litt for ofte. Og alkohol held han seg heller ikkje unna, sjølv om eg meinar at han burde det, no når det nærmar seg forsøk. Så for å vera ærlig, så trur eg faktisk at mannen min i stor grad sjølv er skyld i den dårlige sædkvaliteten. Det kjedelige er at han ikkje er interessert i å gjera noko med det heller. :(

Det var forresten i mars i år at eg vart spontant gravid, så hadde eg utskraping i april. Men det er jo uansett ikkje så lenge sidan, så det bør jo vera håp for oss likevel.

Bra å høyra at sjansene er like gode ved ICSI, som ved IVF - om det stemmer. Det eg tenker på, er at viss sædcellene er av så dårlig kvalitet at dei ikkje klarar å befrukta egget uten hjelp, så må det vel vera større sjanse for at dei er skada, og dermed større sjanse for abort? Eller at eggcella eller sædcella lettare kan bli skada, når sædcellene må førast inn i eggcella ved hjelp av ein nål, eller kva det no er som blir brukt ved ICSI? Virkar sannsynlig iallfall. Ved IVF skjer jo befruktninga naturlig, berre utanfor kroppen.

Satsar på at ventetida fram mot forsøk ikkje blir for lang, ja. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Alle mine er ICSI, vi har alltid hatt vel så god befruktning som de som har hatt ren IVF med samme antall egg ut.

Lykke til med forestående forsøk :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alle mine er ICSI, vi har alltid hatt vel så god befruktning som de som har hatt ren IVF med samme antall egg ut.

Lykke til med forestående forsøk :)

Takk! Det høyrest bra ut. :) Har mannen din og dårlig sædkvalitet? Du har sikkert sagt noko om det før, men eg er ikkje alltid like flink til å hugsa sånt. Har fått med meg at du har endometriose iallfall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi er også henvist til ivf pga manglende EL hos meg, og dårlig sædkvalitet hos mannen, og jeg må innrømme jeg sitter med de samme tankene som deg, om det ikke kan være større fare for abort når sædkvaliteten er lav? Men jeg har virkelig ikke peiling... Min mann er heller ikke interessert i å endre livsstil, røyke gjør han fortsatt. :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Takk! Det høyrest bra ut. :) Har mannen din og dårlig sædkvalitet? Du har sikkert sagt noko om det før, men eg er ikkje alltid like flink til å hugsa sånt. Har fått med meg at du har endometriose iallfall.

Han har dårlig kvalitet ja, det er slik at jeg er like spent ved hvert forsøk om det er nok levende celler til antall egg som er moden nok til befruktning. Han har gjentatte ganger får beskjed om at han evt må levere en prøve nr to på uttaksdagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi er også henvist til ivf pga manglende EL hos meg, og dårlig sædkvalitet hos mannen, og jeg må innrømme jeg sitter med de samme tankene som deg, om det ikke kan være større fare for abort når sædkvaliteten er lav? Men jeg har virkelig ikke peiling... Min mann er heller ikke interessert i å endre livsstil, røyke gjør han fortsatt. :(

Høyrest ut som me har omtrent det omtrent likt då. ;) Mannen min røykte også forrige gang me hadde prøverørsforsøk, men akkurat det har han heldigvis slutta med no. Kjedelig når mennene våre ikkje er interessert i å forandra livsstilen litt, for å kunne bedra sjansene. Men me får berre kryssa fingrane for at det går bra likevel!

Nei, eg er også veldig usikker på det der, om dårlig sædkvalitet gir større sjanse for abort, eller ikkje. Virkar sannsynlig. Men samtidig er det kanskje sånn at ei sædcelle må vera av god kvalitet, for i det heile tatt å klara å befrukta ei eggcelle? Ikkje veit eg, men det hadde vore interessant å vita. ;)

Er du og mannen din akkurat henvist til IVF, eller veit dåke når første forsøk blir?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han har dårlig kvalitet ja, det er slik at jeg er like spent ved hvert forsøk om det er nok levende celler til antall egg som er moden nok til befruktning. Han har gjentatte ganger får beskjed om at han evt må levere en prøve nr to på uttaksdagen.

Virkar som det er mange menn som har dårlig sædkvalitet i våre dagar. Bra at det er hjelp å få iallfall. :) Den muligheten hadde ikkje folk før i tida.

Det å levera to sædprøvar på egguthentingsdagen, kan jo vera ein mulighet ja. Men det spørs vel kor mykje mannen klarar å få ut andre gangen. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...