Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

Kan du ikke bruke resten på neste forsøk eventuelt?

Når medisinen er utblanda, så held den berre i 28 dagar. Så det går nok dessverre ikkje.

Dei siste dagane har eg kjent litt svake eggløysingssmerter i høgre eggstokk, eller litt sånn det pleier å kjennast ut rett før eggløysinga skjer. Håpar virkelig at egga held seg på plass heilt til mandag. Allerede i kveld skal eggløysingssprøyta setjast, så dette blir spennande!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Her høres det jo ut som om alt går etter boka 😃 flott ul resultat. 10-15 egg er jo helt perfekt, de sier vel at kvaliteten kan være dårligere hvis det blir altfor mange egg, og at ca 10 er ideelt 😊

Men nå er vi ikke likt i løypa lenger da.

Å, det visste eg ikkje. Blir kvaliteten på egga dårligare når det er mange egg altså? Ikkje heilt bra for meg det då. Eg trur eg hadde meir enn 10-15 egg til saman, for det var veldig mange eggposar på høgre eggstokk. Trur legen meinte at eg sannsynligvis ville få ut 10-15 egg på egguthentingsdagen. Ein av eggposane var jo allerede på 20 mm allerede i går (fredag), så det egget og sikkert fleire andre av dei største egga, går nok til grunne før mandag. Så eg trur legen meinte at det sannsynligvis ville vera 10-15 av egga som ville passelig modne til mandag.

Korleis ligg du an i løypa no då? Eg har visst gløymt å oppdatere meg i dagboka di i det siste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er forresten eggløysingssprøyta (Ovitrelle) satt! :) Eg skulle setja sprøyta kl. 22 no i kveld (lørdag). Var enkelt og greit å setja sprøyta, for det var ein sånn ferdigfylt penn. Så då er det ingen fleire sprøyter før egguthentinga på måndag!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å, det visste eg ikkje. Blir kvaliteten på egga dårligare når det er mange egg altså? Ikkje heilt bra for meg det då. Eg trur eg hadde meir enn 10-15 egg til saman, for det var veldig mange eggposar på høgre eggstokk. Trur legen meinte at eg sannsynligvis ville få ut 10-15 egg på egguthentingsdagen. Ein av eggposane var jo allerede på 20 mm allerede i går (fredag), så det egget og sikkert fleire andre av dei største egga, går nok til grunne før mandag. Så eg trur legen meinte at det sannsynligvis ville vera 10-15 av egga som ville passelig modne til mandag.

Korleis ligg du an i løypa no då? Eg har visst gløymt å oppdatere meg i dagboka di i det siste.

Mja har lest det på nettet, det med kvaliteten. Vet ikke om det stemmer. Og tror de snakker om egg ut, ikke hvor mange små eggposer man har. Det går nok helt fint med dine egg :)

Tenk, om under en uke er du ruger 😃

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mja har lest det på nettet, det med kvaliteten. Vet ikke om det stemmer. Og tror de snakker om egg ut, ikke hvor mange små eggposer man har. Det går nok helt fint med dine egg :)

Tenk, om under en uke er du ruger 😃

Får håpa det, at egga mine ikkje er av dårlig kvalitet. Eg har jo høyrt at dei som blir overstimulert har større sjanse for å bli gravide, og dei som blir det har jo ekstra mange egg! Så då blir forhåpentligvis ikkje kvaliteten altfor dårlig, sjølv om det blir mange egg. Legen trudde ikkje det var nokon fare for at eg kom til å bli overstimulert - men eg forstod det sånn at eg hadde ganske mange egg på høgre eggstokk, men ikkje så mange på den venstre eggstokken.

Klarar ikkje heilt å sjå for meg at eg snart kan vera rugar. ;) Må først bli ferdig med egguttaket, og vera sikker på at det faktisk er nokon modne, fine egg der inne. Og så veit ein jo heller aldri om egga blir befrukta og deler seg som dei skal etterpå. Så eg tar det absolutt ikkje som nokon selvfølge at eg endar opp som rugar i løpet av veka som kjem.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Egguttak i morgon tidlig! Tenk at det snart er mandag allerede. Eg er veldig spent på morgondagen, men gruar meg til egguthentinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har jeg lest hele dagboka di, gubedre, for et løp du har hatt! Håper inderlig at det blir baby denne gangen, lykke til i mårra! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for det, Kakaoen, Leoparder og QBee! :klemmer:

Ja, no er heldigvis egguthentinga overstått! :) Me hadde time kl. 10.00 i dag tidlig. Eg hadde fått 3 smertestillande tablettar, som eg skulle ta ein time før egguthentinga. Tok dei bilen, på vei til klinikken. Merka ingenting då eg sat i bilen, men då me var framme og eg skulle gå ut av bilen, vart eg skikkelig svimmel. :( Måtte setja meg ned igjen, og det tok litt tid før eg klarte å gå inn. Fekk då beskjed om at tablettane var sterke, så det var heilt normalt at eg vart svimmel av dei. Men fy så ekkelt det var.

Etter kort tid fekk me koma inn på eit rom, der eg skulle gjera meg klar til egguthentinga. Var heldigvis ei seng der, så eg fekk lagt meg nedpå litt, mens mannen min gjekk på eit anna rom for å gjera det han måtte. ;)

Etterpå kom legen inn til oss, og kunne fortelja at sædprøven til mannen min var enda dårligare enn sist, så det var nødt til å bli ICSI. :( Og eg som hadde håpa at me skulle sleppa det! Forrige gang var det 20% av sædcellene som bevegde seg normalt, denne gangen var det under 10%. :sukk: Eg skjønnar virkelig ikkje kva som har skjedd med sædkvalitet til mannen min i løpet av dei siste åra.

Så var det tid for egguthenting! :) Eg grua meg veldig, og var spent på om det var nokon egg igjen der inne, og det var det heldigvis! 😀 Først fekk eg sjå eggposane på skjermen, så kjente eg eit lite stikk når legen sette lokalbedøvelse. Kjente eit nytt lite stikk, då nåla kom inn i eggstokken. Egga i høgre eggstokk vart henta ut først, og der var det mange! :) Eg fulgte med på skjermen mens eitt og eitt egg vart sugd ut av eggposane. Kjente nesten ingenting i starten, men det vart litt vondare etter kvart. Venstre eggstokk gjekk veldig greit og fort, for der var det så få egg. Alt i alt var sjølve egguttaket mindre vondt enn eg hadde trudd, så no treng eg ikkje å grua meg så mykje til akkurat det, viss eg må gjennom det fleire gangar. Men eg var veldig øm i magen etterpå, og blødde litt.

I alt fekk eg ut 17 egg! :) Veldig fornøyd med å ha fått ut mange egg, men det var kanskje litt i overkant mange? Får berre ikkje håpa antalet går ut over kvaliteten på egga. Kjempegodt at det er overstått iallfall!

Etter egguttaket sa legen at det vart innsett allerede på onsdag! Meinar det var kl. 11.00. Er ikkje det litt tidlig? Eg trudde det var ein fordel å sjå an egga i 4-5 dagar, for å vera sikker på at det er det/dei beste egget/egga som blir sett inn igjen.

Eg følte meg i grei form rett etter egguttaket, og smertene i magen no etterpå har ikkje vore så ille. Men då me kom i bilen og begynte å kjøra, så vart eg så kvalm, og begynte å svetta. Me har ca 1 time å kjøra heim, og me måtte ta fleire stopp på veien. Eg kasta opp ein gang på turen, og ein gang når me akkurat kom heim og eg gjekk ut av bilen. Skikkelig guffent. :( La meg rett på sofaen då me kom heim, og her ligg eg enda. Og no føler eg meg heldigvis mykje bedre. :) Men trur eg skal ta det mest mulig med ro resten av dagen.

Sjukepleiaren skal ringa meg på formiddagen i morgon, for å fortelja kor mange egg som har blitt befrukta. Blir spennande og skummelt å venta på den telefonen altså!

I kveld skal eg begynna med Lutinus, som eg skal ta 3 gangar om dagen heilt fram til testdagen. Blir nok nokon lange veker framover no, før eg veit om eg har blitt gravid, eller ikkje.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med et kjempevelykket egguttak 😊

Det vanlige er å sette inn etter to dager. De mener livmoren er det beste stedet å være for egget etter det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så spennende dager dere har her! Lykke til☺

Takk for det! :) Ja, det er nesten litt for spennande, dette her! ;)

Gratulerer med et kjempevelykket egguttak

Det vanlige er å sette inn etter to dager. De mener livmoren er det beste stedet å være for egget etter det.

Takk skal du ha! :) Så bra å høyra at det er vanlig å setja inn egg etter to dagar. Då har eg sikkert berre misforstått litt. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at egguttaket er overstått, og med mange egg.

Det med innsett etter 2 dagar, det har vel noko med etisk refelverk å gjere? Eg har ei venninne som heldt på med prøverøring, og dei ville bruke Russland (?) i staden for privat i Norge, fordi regelverket der sa at ein kan setje inn egga igjen etter 4 eller 5 dagar.

Ja, eg er veldig glad for at egguttaket er overstått. :)

Så det har med regelverk å gjera altså? Det visste eg ikkje. Grunnen til at eg kunne ha tenkt meg innsett på eit litt seinare tidspunkt, er fordi eg har opplevd tidleg abort (MA) i to av mine tidlegare graviditetar. Og eg tenker at det er lettare å sjå kva for nokre egg det er feil med, når ein ventar nokon dagar lenger med innsett, og får studera korleis egga delar seg og utviklar seg over litt lengre tid. Men regelverket er det lite å gjera med, så eg får berre kryssa fingrane for positivt resultat likevel. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Det har ikke noe med regelverket å gjøre. Det er fullt lovlig å dyrke egg i flere dager, og det gjøres gjerne om man har hatt flere mislykkede forsøk :)

Hvordan har formen vært etter uttaket da?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har ikke noe med regelverket å gjøre. Det er fullt lovlig å dyrke egg i flere dager, og det gjøres gjerne om man har hatt flere mislykkede forsøk :)

Ok, dette veit nok du bedre enn meg. Eg har vel misforstått.

Ok, så det er lov til å dyrka egga i fleire dagar her i landet likevel altså? Blir litt forvirra, når det er så mykje forskjellig som blir sagt. Men viss det stemmer, så synst eg godt at eg kunne ha fått innsett eit par dagar seinare, på fredag.

Formen er ganske grei no, etter at svimmelheten og kvalmen gjekk over. :) Men eg kjenner at eg har det best i sofaen i dag. Har litt vondt i magen enda, og spesielt på høgre sida. Og det blir vondare når eg reiser meg opp og går. Men eg skal ikkje klaga, for eg føler meg mykje bedre. Satsar på at magesmertene er heilt vekke i morgon.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, dette veit nok du bedre enn meg. Eg har vel misforstått.

Lett å misforstå, ein høyrer jo så mykje forskjellig. Eg har iallfall ingen aning om kva som er rett og feil her. ;) Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...