Jump to content
Mirabella76

Draumen om tredjegullet!

Recommended Posts

Mirabella76

Hei! :)

Eg er 36 år gammal, og gift med ein mann på 39. Me har to skjønne jenter saman, som eg elskar over alt på jord! :hjerte: Storesøster er 4 1/2 år, mens veslesøster er 6 mnd gammal.

Har alltid ønska meg minst 4 barn, og den draumen klarar eg ikkje å gi slepp på. Innser likevel at det kan bli vanskelig å få oppfylt den store draumen min om nr 3 (og 4), av fleire grunnar. For det første, så strevar eg veldig med å bli gravid. Brukte 8 månader på å bli gravid med storesøster, og med veslesøster tok det enda mykje lenger tid. Nesten 3 år med prøving gjekk det, før eg vart gravid med veslesøster. I løpet av desse 3 åra, hadde eg ein tidleg MA, og eit avbrote IVF-forsøk. Eg vart så gravid heilt uten hjelp i syklusen etter IVF-forsøket vårt, og veslesøster vart då til.

I tillegg til utfordringane eg har med å bli gravid, så sliter eg også med å få mannen min med på å få fleire barn. Veit virkelig ikkje korleis eg skal klara å overtala han til å starta prøvinga på nr 3. Eg orkar ikkje tanken på å aldri gå gravid, føda, og få ein liten baby i armane mine igjen. Klarar eg ikkje å bli gravid igjen, så må eg sjølvsagt berre innsjå at sånn er det. Men eg kan berre ikkje la vera å prøva, når eg så sterkt ønskjer meg fleire barn! Då vil eg alltid angra på at eg ikkje gjorde noko for å få oppfylt draumen min om mange barn. Kva eg gjer viss mannen min fortset å nekta og ikkje ombestemmer seg, veit eg rett og slett ikkje.

Eg ønskjer å starta prøvinga på nr 3 allerede no. For eg veit jo kor vanskelig det er for meg å bli gravid. Og med tanke på alderen min, så seier det seg sjølv at eg har ganske dårlig tid på meg, viss eg skal rekka å få fleire barn. Lørdag 8. juni, dagen før 6-månadersdagen til veslejenta mi, fekk eg mensen for første gang etter fødselen. Hadde ein mistanke om at mensen var på vei, for 1-2 veker før den kom, hadde eg masse eggløysingsslim fleire dagar på rad. Hadde trudd mensen skulle koma tilbake for lenge sidan, for etter forrige fødsel fekk eg mensen allerede då eldstejenta mi var 2 mnd gammal! Men den kom heldigvis til slutt denne gangen og.

Grunnen til at eg har problem med å bli gravid, har eg ikkje fått noko klart svar på. FSH- og AMH-prøvar er tatt, og dei visar at eg både har god eggkvalitet og greit med eggreservar. Men sidan hausten 2010 har eg blødd mindre enn før når eg har mensen. I tillegg har eg fått utslag på eggløysingstestar altfor tidleg i syklusen, og hatt veldig korte syklusar innimellom uten eggløysing. Dette tyder på at dårlig eggmodning kan vera problemet. For når eg har tatt pergo eller IVF-medisinar, så har egga mine modnast ordentlig, og eg har fått eggløysing på eit seinare tidspunkt i syklusen. Då eg vart gravid og mista, hadde eg tatt hormontablettar (Pergo). Og i syklusen etter IVF-forsøket vårt, var jo kroppen min full av tilførte hormon etter forsøket, og då vart eg gravid med veslesøster. Så eg trur rett og slett at kroppen min må ha hjelp av kunstig tilførte hormon, for at eg skal klara å bli gravid. Mannen min har dessuten fått påvist litt dårlig sædkvalitet, så det er nok mest sannsynlig ein kombinasjon av litt dårlige svømmarar og mine dårlig modna egg, som gjer det vanskelig for oss.

Har høyrt at mange har lettare for å bli gravide kort til etter ein fødsel, og eg trur absolutt på at det kan vera noko i det! Så mykje EL-slim som eg hadde denne syklusen, kan eg aldri hugsa å ha hatt før. Og når mensen kom, så blødde eg veldig masse, sånn som eg gjorde då eg var heilt ung. Så eg føler virkelig at eg kunne hatt sjansen til å bli gravid denne syklusen, om me berre hadde prøvd.

Det følest litt rart å laga ei ny prøverdagbok, når eg ikkje ein gang veit om eg får mannen min med på å prøva på nr 3. Men eg veit berre med meg sjølv at samme korleis det måtte bli, så vil eg prøva å få fleire barn. Får berre håpa at mannen min er samarbeidsvillig, ellers veit eg ikkje heilt korleis eg skal få draumen min oppfylt...

Velkommen til alle som tar turen innom dagboka mi! :klem:

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

Nótt

Jeg følger med deg videre jeg. :)

Og her har du tittel til dagboken din med link. Jeg skrev tittelen også markerte jeg den før jeg trykket på sett inn link ikonet.

Draumen om tredjegullet.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kakaoen

Jeg vil såklart lese her også jeg Mirabella :) Gulla våre vokser så fort. Jeg håper du får med mannen din på ønsket ditt :) Når har du tenkt til å snakke med han?? :klemmer:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Jeg følger med deg videre jeg. :)

Og her har du tittel til dagboken din med link. Jeg skrev tittelen også markerte jeg den før jeg trykket på sett inn link ikonet.

Draumen om tredjegullet.

Så kjekt! :)

Tusen takk for at du lagde link til dagboka mi for meg. :klem: Skal prøva å få lagt den inn i signaturen min.

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Jeg vil såklart lese her også jeg Mirabella :) Gulla våre vokser så fort. Jeg håper du får med mannen din på ønsket ditt :) Når har du tenkt til å snakke med han?? :klemmer:

Koselig at du vil det! :)

Ja, gulla våre veks altfor fort! Vesla mi er snart 8 månader gammal allerede. Kor har månadane blitt av?

Håpar virkelig at eg får med mannen min på ønsket mitt, ja. Eg har jo ikkje all verdens tid på meg til å få fleire barn - både med tanke på alderen min, og fordi eg tidlegare har strevd med å bli gravid. Eg har ikkje snakka med mannen min om barneønsket mitt på ei stund no, men han veit jo at eg ønskjer meg minst 4 barn. Problemet er berre at han egentlig synst det er meir enn nok med 2. Så eg veit ærlig talt ikkje korleis eg skal klara å overtala han til å få ein liten til. Sjansen er stor for at han aldri kjem til å gå med på det. :( Og då veit eg jammen ikkje kva eg skal gjera, sidan ønsket mitt om fleire barn er så veldig sterkt.

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

No prøvde eg å kopiera linken med tittel herfrå, og inn i signaturen min. Det som då skjer, er at tittelen på dagboka forsvinner når eg prøver å lima den inn i signaturen min, og den blir sjåande ut slik som den er no i signaturen min. Irriterande! :(

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

Harlekin

Hei Mirabella. Jeg tenkte å legge igjen et lite spor her, jeg :) Jeg forstår godt ønsket ditt om flere barn, selv om du allerede har 2, og følelsen av at tiden går. Det kan jo hende at det ikke tar så lang til før mannen din er klar - mulig han bare synes det er litt mye nå, ettersom yngste datteren deres fortsatt er baby?

Selv har jeg ett barn etter ICSI-forsøk på 4 år - gullungen min :rodmer: Vi har hatt en ganske tøff tid etter at hun ble født, og har ikke følt meg klar til noe nytt barn før nå i år. Men nå har det begynt å rasle i eggstokkene igjen ;) Mannen min ønsker ikke assistert befruktning, i alle fall ikke ennå, og det er litt leit for meg, fordi vi sannsynligvis ikke vil bli gravide på egenhånd. Men i alle fall synes mannen min det er greit med et nytt barn selv om han er godt fornøyd med "bare" ett også. Han er villig til å prøve på naturmetoden. Samtidig bør vi ikke vente for lenge før vi ev. prøver nytt ICSI-forsøk pga. alderen min (snart 35).

Håper du får mannen på gli, og at det lykkes deg med neste medlem til storfamilien din!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Måtte berre fiksa noko, og då vart det plutselig eit "tomt" innlegg her. ;)

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Hei Mirabella. Jeg tenkte å legge igjen et lite spor her, jeg :) Jeg forstår godt ønsket ditt om flere barn, selv om du allerede har 2, og følelsen av at tiden går. Det kan jo hende at det ikke tar så lang til før mannen din er klar - mulig han bare synes det er litt mye nå, ettersom yngste datteren deres fortsatt er baby?

Selv har jeg ett barn etter ICSI-forsøk på 4 år - gullungen min :rodmer: Vi har hatt en ganske tøff tid etter at hun ble født, og har ikke følt meg klar til noe nytt barn før nå i år. Men nå har det begynt å rasle i eggstokkene igjen ;) Mannen min ønsker ikke assistert befruktning, i alle fall ikke ennå, og det er litt leit for meg, fordi vi sannsynligvis ikke vil bli gravide på egenhånd. Men i alle fall synes mannen min det er greit med et nytt barn selv om han er godt fornøyd med "bare" ett også. Han er villig til å prøve på naturmetoden. Samtidig bør vi ikke vente for lenge før vi ev. prøver nytt ICSI-forsøk pga. alderen min (snart 35).

Håper du får mannen på gli, og at det lykkes deg med neste medlem til storfamilien din!

Kjekt å sjå deg her, Harlekin! :) Velkommen skal du vera! :klem:

Håpar virkelig at mannen min blir klar for nr 3 etter kvart. Men eg er litt redd for at han ikkje blir det. Han har aldri vore den typen som drøymer om å få sin eigen store familie, slik eg alltid har gjort. Han kunne hatt det heilt fint som barnlaus, og er egentlig meir enn nok fornøyd med dei to me allerede har. Eg er heilt annleis. For meg er det å få barn sjølve meininga med livet, og eg har alltid ønska meg ein stor familie. Så der er nok eg og mannen min veldig forskjellige. :( Men eg håpar intenst at eg kan få han med på å prøva på ein liten til før det blir for seint - for eg klarar ikkje å gi opp draumen min om 4 barn. :sjenert:

Mannen min var også imot assistert befruktning i starten, men han lot seg heldigvis overtala etter kvart, når åra gjekk uten at eg vart gravid, då me prøvde på nr 2. Håpar dåke lykkast ved hjelp av naturmetoden denne gangen! Og at mannen din er med på eit nytt ICSI-forsøk, om tida skulle gå uten at dåke får det til på eiga hand. Ekstra kjedelig for oss å måtte venta, når me ikkje har all verdens tid på oss til å bli gravide igjen, før det blir for seint. Så må får berre prøva så godt me kan å få mennene våre med på planane våre, sånn at me kan få draumen vår oppfylt! ;) Lykke til med prosjektet! :klem:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

I veka som gjekk hadde eg og mannen min ubeskytta samleie to dagar på rad, på den tida i syklusen min der det faktisk er ein liten sjanse for at eg kan bli gravid. Ikkje at eg trur det er nokon sjanse for det akkurat, sidan eg har hatt problem med å bli gravid tidlegare. Syklusane mine er også litt rare fortsatt, etter siste fødsel for snart 9 månader sidan. Men eg vart litt overraska over at mannen min ikkje sa noko om at me måtte bruka prevensjon. Så kanskje det er håp om at han blir med på å prøva på nr 3 likevel? ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harlekin

Det var jo gode nyheter, Mirabella! At mannen din er på glid, mener jeg. Han vet jo at ubeskyttet samleie gir risiko for graviditet, så da sier han egentlig "OK" ;)

Her er fortsatt mannen ikke med på assistert befruktning, men vi prøver naturlig først. Det er jo ikke rare sjansene, men vi har det i alle fall fint sammen! Har ikke prøvd så aktivt på åresvis ... :fnise:

Edited by Harlekin

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Det var jo gode nyheter, Mirabella! At mannen din er på glid, mener jeg. Han vet jo at ubeskyttet samleie gir risiko for graviditet, så da sier han egentlig "OK" ;)

Her er fortsatt mannen ikke med på assistert befruktning, men vi prøver naturlig først. Det er jo ikke rare sjansene, men vi har det i alle fall fint sammen! Har ikke prøvd så aktivt på åresvis ... :fnise:

Ja, får berre håpa at det ikkje var eit eingangstilfelle, og at mannen min virkelig blir med på å prøva på nr 3 om ikkje så lenge. ;)

Tidlegare i dag kjente eg ein litt rar følelse i magen, som minna litt om noko eg har kjent før når eg har vore tidleg gravid. Men det varte berre eit sekund, så det kan sikkert berre ha vore innbilning, fordi eg dei siste dagane har tenkt litt på at det er ein ørliten sjanse for at eg kan bli gravid no, etter at me hadde ubeskytta samleie. Samtidig veit eg jo at sjansen er minimal, så lenge som me strevde for å få nr 2. Reknar med at eg ikkje lenger kan bli gravid uten nokon form for hormontablettar/medisin, og syklusane mine er heller ikkje heilt tilbake til normalen etter forrige fødsel. Så eg vil tru at det er ca 99% sjanse for at eg ikkje er gravid. Likevel tenker eg at tenk om det hadde skjedd likevel! Rare meg. ;)

Sjølv om eg ønskjer meg ein liten til så fort som mulig, så hadde det egentlig passa utrulig dårlig å blitt gravid igjen no. Den einaste grunnen til at eg burde ha blitt gravid igjen så fort som mulig, er på grunn av alderen min. Eg er snart 37 år gammal, og drøymer fortsatt om å få minst 4 barn. Og då har eg ikkje all verdens tid på meg akkurat! Og sidan eg tidlegare har strevd med å bli gravid, så burde me jo ha starta prøvinga på nr 3 så fort som mulig.

Utenom dette, så passar det egentlig ikkje å bli gravid no. Ideelt sett burde me ha venta til 2015 med å få ein til. Viss eg hadde blitt gravid no, ville eg fått termin sommaren 2014. Eg har tenkt å vera heime med jenta mi til hausten 2014. Då er ho 1 1/2 år når ho begynnar i barnehagen, og det synst eg er meir enn tidleg nok. Hadde eg vore gravid no, så måtte eg ha begynt å jobba seinast rett etter nyttår (kanskje til og med litt før), for å rekka å opparbeida meg rett til foreldrepengar før termin. Eg måtte då ha begynt å søkt etter jobbar snart, sidan vikariatet i den forrige jobben min var slutt no i juli. Det betyr også at jenta mi måtte ha begynt i barnehagen i januar neste år, når ho akkurat har fylt 1 år. Det synst eg hadde vore altfor tidleg. Eg har også ein mann som jobbar i Nordsjøen, og er vekke 2-3 veker om gangen. Jenta mi hadde derfor fått veldig lange dagar i barnehagen når mannen min var vekke, fordi eg måtte på jobb, og måtte både ha levert og henta henne. Og at ein 1-åring skal ha så lange dagar i barnehagen, synst eg blir heilt feil.

For eldstejenta mi, hadde det heller ikkje vore nokon ideell situasjon. Merkar at eg har mykje mindre tid til henne etter at veslesøster kom, så eg trur det skal bli kjekt for henne når vesla blir litt større, slik at eg får meir tid til henne igjen. Ho begynnar på skulen neste haust, og då ønskjer eg å ha tid til å følgja henne ordentlig opp med lekser og anna. Og viss eg nettopp har fått ein ny baby før storesøster begynnar på skulen, og i tillegg har ein 1 1/2 åring som spring rundt og må passast på heile tida, så skjønnar eg ikkje heilt korleis eg skal klara å følgja opp og ha tid nok til storesøster, når mannen min er vekke på jobb i fleire veker om gangen.

Så sjølv om eg med tanke på alderen min, og ønsket mitt om ein stor familie, ønskjer meg fleire barn så fort som mulig - så innser eg likevel at det hadde passa ganske dårlig å bli gravid igjen no. Eg hadde sjølvsagt blitt kjempeglad om eg allerede var gravid igjen, for det hadde jo vore heilt fantastisk om kroppen min plutselig klarte å bli gravid heilt uten hjelp, og at me slapp alt stresset med prøving og skuffelsar, som me har vore gjennom tidlegare. Samtidig hadde eg fått litt panikk om eg virkelig hadde vore gravid igjen, for det hadde som sagt ikkje passa særlig bra akkurat no.

Var berre nokre tankar eg fekk i dag, dette her. Tidlegare har eg kun tenkt på at eg vil bli gravid igjen så fort som mulig. Først i dag begynte eg å tenka over at av hensyn til dei to barna eg allerede har, så er det kanskje ikkje det beste å få ein til så raskt. Ikkje at eg trur det kjem til å skje heller. Viss mannen min blir med på å prøva på nr 3, så kjem me sikkert til å streva minst like mykje som forrige gang, viss eg i det heile tatt er så heldig å bli gravid igjen. Likevel sit eg her og tenker at det er ein bitteliten sjanse for at eg kan vera gravid no. Ha ha, ja eg er visst litt rar! ;)

Så bra at dåke har starta med aktiv prøving, Harlekin! :) Kryssar fingrane for at dåke klarar det på den naturlige måten denne gangen, sjølv om sjansane er små. Viss ikkje, satsar eg på at mannen din ombestemmer seg, og går med på assistert befruktning likevel. Mannen min sa også at det var uaktuelt i starten, men han gjekk med på det etter kvart, når tida gjekk uten at eg vart gravid. ;) Lykke til!

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Wei Wei

Hvilken prevensjon bruker dere? Kanskje mannen ikke nevnte noe med prevensjon fordi har trodde du tok ansvaret for det (piller f.eks)?

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

Mirabella76

Hvilken prevensjon bruker dere? Kanskje mannen ikke nevnte noe med prevensjon fordi har trodde du tok ansvaret for det (piller f.eks)?

Er nok ikkje nokon sjanse for at mannen min trudde det, nei. Me brukar kun kondom som prevensjon, og det veit mannen min veldig godt. Det er den einaste prevensjonen me nokon gang har brukt. Eg har aldri gått på p-piller eller noko anna. Sidan eg ikkje blir lett gravid, så er det faktisk ikkje mange gangane me har brukt prevensjon, etter at me starta prøvinga på nr 1 sommaren 2007. Det meste av tida sidan den gang, har rett og slett gått med til prøving - og dermed har me ikkje hatt det store behovet for prevensjon. ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Hjelp, no kjenner eg at eg blir litt nervøs. I kveld fekk eg igjen denne spesielle følelsen i magen. Det eg kjenner, er stikkingar og ømhetsfølelse heilt nederst i magen. Og denne gangen varte det ikkje berre eit sekund, slik som for nokre dagar sidan. Eg låg i senga og amma minstejenta mi, då eg plutselig kjente veldig tydelig stikking/ømhet i magen, som varte i mange sekund. Eg kan seriøst aldri hugsa at eg har kjent sånne stikkingar og ømhetsfølelse i magen, utenom når eg har vore gravid.

Sjølv om det egentlig er for utrulig til å kunne vera sant, så har eg seriøst begynt å lura på om eg faktisk kan vera gravid! Eg har talt dagar i syklusen min sidan forrige mens, og har funne ut at dei to dagane me hadde ubeskytta samleie, sannsynlegvis var akkurat når eg hadde eggløysing. Det er nok uansett for tidleg å testa enda, sidan me hadde samleie mandag og tirsdag forrige veke (26. og 27. august). Får iallfall venta til helga, eller rett over helga, viss mensen ikkje har dukka opp innan den tid. Eg klarar virkelig ikkje å tru på at eg kan vera gravid, og tenker at den spesielle følelsen eg har kjent i magen må koma av noko anna. Men eg anar ikkje kva det ellers kan koma av, for eg har som sagt aldri før kjent slike stikkingar/ømhet i magen, utenom når eg har vore gravid.

Hjelp, dette er litt skummelt! Det passar som sagt egentlig veldig dårlig å bli gravid igjen no. Samtidig er det jo heilt fantastisk om eg plutselig har klart å bli så lett gravid, etter alt strevet me har hatt tidlegare prøverundar. Veit seriøst ikkje kva eg skal tru. Det einaste eg veit sikkert er at eg skal ta ein graviditesttest om nokre dagar, for å få eit svar - om ikkje mensen dukkar opp før den til. Inntil då, får eg prøva å roa nervene, og gjera eit forsøk på å tenka på noko anna. ;)

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Wei Wei

I veka som gjekk hadde eg og mannen min ubeskytta samleie to dagar på rad, på den tida i syklusen min der det faktisk er ein liten sjanse for at eg kan bli gravid. Ikkje at eg trur det er nokon sjanse for det akkurat, sidan eg har hatt problem med å bli gravid tidlegare. Syklusane mine er også litt rare fortsatt, etter siste fødsel for snart 9 månader sidan. Men eg vart litt overraska over at mannen min ikkje sa noko om at me måtte bruka prevensjon. Så kanskje det er håp om at han blir med på å prøva på nr 3 likevel? ;)

Kanskje han ikke bruker prevensjon fordi du ammer og har tror det er sikkert nok?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harlekin

Kanskje han ikke bruker prevensjon fordi du ammer og har tror det er sikkert nok?

Da tar han sjanser, amming er ikke fullgod prevensjon, i hvert fall ikke når det ikke er snakk om fullamming. Og Mirabella skriver jo at de aldri har brukt prevensjon, så han er nok fullt klar over at det kan bli barn.

Mirabella: Spennende da! Hvis det skulle vise seg at du er gravid, så ordner deg seg med det praktiske. Jeg skjønner at du har dårlig samvittighet ovenfor eldstejenten din, jeg har selv dårlig samvittighet ovenfor min jente ved tanken på å få et barn til, og jeg er ikke engang gravid med nr. 2 ;) Men jeg tror fordelene med søsken veier opp for ulempene.

Da skal jeg følge med her om et par dagers tid! Blendahvit test her selvsagt, tatt 11 DPO i går ...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Wei Wei

Da tar han sjanser, amming er ikke fullgod prevensjon, i hvert fall ikke når det ikke er snakk om fullamming. Og Mirabella skriver jo at de aldri har brukt prevensjon, så han er nok fullt klar over at det kan bli barn.

Jo, de bruker prevensjon vanligvis -- kondom.

JEG vet at amming er ikke noe prevensjon, men det kan hende han tar sjansen om det virker eller at han tror det ikke er så lett for dem å bli gravid i utgangspunktet.

Til Mirabella: Snakker dere aktivt/mye om å få et barn til? Eller nevnte du bare? Vet han at dere planleggeer barn eller vet han bare at du ønsker et barn til?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Wei Wei

Vil også si at man ofte er beskymret over det praktiske familien øker, men det er vel derfor naturen gir oss 9 mnd for å gjøre seg klare (i den grad det er mulig). Skummelt er det sikkert uansett om man tror alt er på plass eller ikke.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kakaoen

Ble plutselig litt spennende lesing her nå Mirabella :hoppendeglad: Jeg følger spent med :klemmer:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest
Svar på dette emnet

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Vi setter stor pris på at du deltar i debatten. Unngå brukerangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Husk at du selv er ansvarlig for alt du skriver på nett. Takk for at du bidrar! Her finner du reglene.


Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...