Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Mirabella76

Æsj, no er eg sur og lei. :-( For ein lurekropp eg har! Mensen skulle ha kome i går, det er eg nesten heilt sikker på - men ingen mens dukka opp. I dag tidleg var det fortsatt ingenting, og eg hadde då eit lite håp om å vera gravid. Tok ein graviditetstest, som dessverre var heilt negativ. :trist:

Der er så typisk. Akkurat i denne syklusen, når eg hadde eit lite håp om å vera gravid, så kjem ikkje mensen når den skal, men så er eg ikkje gravid likevel! Dårlig gjort altså. :-(

I går kveld då eg hadde lagt meg, kjente eg litt sånne smerter som eg pleier å ha rett før mensen kjem, men så kom jo ikkje mensen likevel. Anar virkelig ikkje kva det er kroppen min tullar med.

Graviditetstesten eg tok i dag, gjekk forresten ut på dato i januar i år. Men eg tvilar på at det har nokon betydning, for testen virka som den skulle. Det kom opp ein strek i kontrollvinduet nesten med ein gang. Og i det andre vinduet kom det raskt fram ein tydelig strek - men ikkje noko kryss, slik det skulle ha gjort om eg var gravid.

No er eg skuffa, lei og frustrert over kroppen min. Får vel berre venta litt til, og sjå om mensen dukkar opp i løpet av dagen i dag. Viss ikkje, så anar eg virkelig ikkje kva som skjer med kroppen min.

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider

Fortsetter under...

Mirabella76

Der kom mensen. :sukk: Synst dette var skikkelig kjipt altså, at kroppen min skulle tulla sånn med meg. Eg var nesten heilt sikker på at mensen kom til å koma i går, viss den dukka opp. Og så kjem den først no, tidleg på kvelden, dagen etter at den var venta. Usj og æsj! Det hadde vore mykje bedre om mensen kom når eg forventa at den skulle koma, så hadde eg sleppt å få nokon som helst forhåpningar om å vera gravid. :trist:

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
  • 1 måned senere...
Mirabella76

Godt nyttår til dei som tittar innom dagboka mi! :-) Måtte 2015 bli eit ekte gravid-/babyår både for meg og for alle andre her inne, som ønskjer seg ein liten baby i magen! <3

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
  • 2 uker senere...
  • 3 uker senere...
Mirabella76

For nokre veker sidan snakka eg med mannen min om kor sterkt ønsket mitt om fleire barn faktisk er, og at det begynnar å hasta om me skal rekka å få fleire.

Eg har vore inne og lest litt om prøverørsforsøk ved privat klinikk. Me får ikkje fleire forsøk gjennom det offentlige, sidan me har to barn frå før. Så forsøk ved privat klinikk er vår einaste mulighet, mem det kostar jo ein del. Inne på nettsidene til klinikken eg sjekka, står det at viss ein skal skriva kontrakt om ein såkalt pakke, der ein betaler for 3 prøverørsforsøk, så må det gjerast innan ein har fylt 39, og eg blir 39 år dette året! :-( Så då seier det seg jo sjølv at det hastar veldig for oss no.

Eg fortalte alt dette til mannen min, og han skjønte jo at det faktisk begynnar å hasta veldig, viss me skal ha fleire barn. Problemet er berre at han fortsatt ikkje veit om han vil ha fleire. :-( Mannen min svarte at han ikkje kunne gi meg noko svar med ein gang. Dette var rett før han skulle reisa på jobb i Nordsjøen etter nyttår, og han lovte å tenka på det mens han var vekke, så skulle han gi meg eit svar når han kom heim igjen.

Mannen min kom heim igjen for nokre få dagar sidan, etter å ha vore vekke i 3 veker. Eg er så spent på kva han har kome fram til, men eg har ikkje turt å spørja enda. Er så redd for at han svarar nei, og då veit eg virkelig ikkje kva eg gjer. :-(

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kakaoen

Så bra at dere har snakket ordentlig om det :) Hvordan er det å gjøre sånt i Danmark da? Billigere? Har dere så hastverk der?

Nå er jeg veldig spent på hva mannen din sier :) Håper du tørr og spør han i dag :)

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Annonse

Mirabella76

Me treng ikkje å reisa til Danmark for prøverørsforsøk, me kan gjera det ved ein privat klinikk her i landet. Men forrige gang fekk me forsøk gjennom det offentlige på sykehuset her i byen, mens denne gangen må me bruka privat klinikk i staden, og då blir det ganske mykje dyrare.

Viss eg får mannen min med på det, så tenkte eg at me skulle satsa på klinikk Hausken. Har høyrt så mykje positivt om dei. Tidlegare har Hausken berre vore i Haugesund, men no har dei også fått avdeling i Bergen. Og det passar perfekt for oss, for me bur rett utanfor Bergen.

Skal sjå om eg får spurt mannen min i kveld, om han har bestemt seg for kva det blir til. Eg har liksom ikkje klart å finna ein god anledning til å spørja enda. Og så gruar eg meg til å spørja, for eg er så redd for at han seier nei. Men eg er vel berre nødt til å hoppa i det, er vel ingen vei utenom. Kan jo ikkje berre venta og la tida gå, for då skjer det iallfall ingenting!

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mirabella76

Ok, no skjønte eg spørsmålet ditt. Men om det hadde blitt billigare i Danmark, tvilar eg vel sterkt på. Eg har ei enslig venninne som akkurat har blitt mamma, som reiste til Danmark for å bli gravid. Ho måtte ha 3 forsøk, og det vart svindyrt! Og så kjem flyreiser fram og tilbake fleire gangar, hotellopphold m.m. i tillegg. Så det blir ikkje akkurat noko billig det heller, i tillegg til at det blir mykje meir styr.

Nei, skal det bli noko prøverørsforsøk på oss, så skal det skje på ein klinikk i nærheten av der me bur, om noko anna ikkje hadde vore heilt nødvendig!

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kakaoen

Fikk du snakket med mannen??

Jeg trodde Danmark var billigere på sånt jeg.. Men om det koster det samme hadde jeg ikke giddet å dra dit. Er jo litt lengre fra vestlandet og dit enn for oss som bare "ror over dammen" :)

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mirabella76

Han sa nei :-(

Mannen min hadde så mange krav som eg måtte gå med på, viss han skulle bli med på å få ein unge til. Og dei krava er heilt uaktuelle for meg å godta. :-(

Så då vart det ein skikkelig kjip avslutning på morsdagen, som akkurat er over no. Anar virkelig ikkje kva eg skal gjera. :-( Dette var det verste som kunne skje.

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gjest_Idja

:klem:

Dette var jo leit! Hva slags krav stilte han? Og har dere gjort noe for å få forholdet til å fungere bedre? Kan jo forstå at mannen ikke ønsker flere barn hvis forholdet deres vakler, men samtidig forstår jeg at du føler hastverk!

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harlekin

Dette var ikke kjekt, Mirabella :( Hva for slags krav er det snakk om?

Vi er jo i en annen situasjon enn dere, men min mann vil gå med på å få sjekket om det finnes noe igjen av sædceller, men om det da ikke finnes noe, er kravet hans at jeg skal slutte å snakke om flere barn og bare godta situasjonen. Ikke noe snakk om sæddonasjon eller adopsjon. Jeg forstår jo han også, dette er veldig vanskelig for ham, men likevel ... det er ikke så lett å godta. Jeg prøver, men ...

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Annonse

Mirabella76

Det han først og fremst har som krav, er at han skal bestemma kor me skal bu. Og eg har absolutt ikkje lyst til å bu der mannen min vil bu. I tillegg er det fleire andre mindre viktige krav han har. Uansett så ønskjer han seg ikkje fleire barn, for han synst me har meir enn nok med dei to me har.

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mirabella76

I går kveld var eg og mannen min faktisk enige om at det beste kanskje ville vera om me flytta frå kvarandre, for me har heilt ulike ønskjer i livet. Men så fekk eg litt angst i går kveld, då eg låg og tenkte på det. For korleis skal det bli for jentene våre? Dessuten er mannen min den einaste sjansen eg har til å få fleire barn. Høyrest sikkert litt egoistisk ut, men eg vil aldri rekka å finna meg ein ny mann å få barn med, før det er for seint. Og eg ønskjer med fleire barn så sterkt, at eg ikkje orkar tanken på å aldri få sjansen til å prøva på å få fleire. Å reisa til utlandet å få barn åleine, har eg ikkje råd til. Så eg var ganske deppa både i går kveld og då eg stod opp i dag tidlig, for å seia det mildt.

Så stod mannen min opp, og eg orka ikkje å seia eit einaste ord til han. Derfor vart eg veldig overraska og forvirra, då han plutselig spurte kva klinikk det var eg hadde sett på, for han ville gå inn og sjekka prisar. Mannen min leste litt, så spurte han meg om eg visste om medisinar var inkludert i prisen, eller om det kom i tillegg. Eg svarte at eg visste ikkje, og då sa han at eg måtte senda ein mail og spørja, og det gjorde eg.

Skjønnar ingenting eg no. Føler jo at det er eit lite håp om at mannen min har tenkt seg om, og virkelig skjønnar kor mykje det betyr for meg å få fleire barn. Men eg tør ikkje å håpa på for mykje. Han kjem vel berre til å seia at det blir for dyrt, viss medisinane ikkje er inkludert i prisen. For då har han enda ein unnskyldning for å seia nei. :-(

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mirabella76

Ventar fortsatt på svar på mailen eg sendte til klinikken. Eg orkar ikkje å snakka meir om det med mannen min, før eg har fått svar frå klinikken, sidan han tydeligvis meinte at medisinane burde vera inkludert i prisen, ellers vart det enda dyrare. Men eg anar virkelig ikkje om mannen min har forandra meining angåande prøverørsforsøk, eller ikkje. Prøver å tenka minst mulig på det akkurat no, for då blir eg berre så frustrert og lei.

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kakaoen

Jøsses.. skal i mannen er frem og tilbake. Ikke flere barn.. flytte fra hverandre.. Til å snu på flisa dagen etterpå. Forvirrende :klo:

Hva er det som er galt med den plassen der mannen ønsker å bo?

:klemmer:

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mirabella76

Tungvint for meg å bu langt unna familien min, for mannen min jobbar i Nordsjøen, så eg er mykje åleine med ungane. Eg meinar me bør bu midt mellom mine og mannen min sine foreldre, som er der me budde då me møttest. Blir mykje lettare for meg då, når mannen min er vekke.

Ja, mannen min skiftar visst meining fram og tilbake, ser det ut som. No måtte mannen min plutselig reisa ut på jobb før tida, og då sa han at det var bra, for då fekk me ekstra pengar til å finansiera "det". Eg spurte mannen min kva han meinte, og då svarte han at han "prøverørsforsøk". Eg minna mannen min på at eg ikkje hadde fått svar på mailen til klinikken enda, så eg visste ikkje om medisinane var med i prisen. Mannen min svarte berre at det var dei sikkert, og at eg sikkert snart fekk svar på mailen. Men eg må seia at eg tvilar litt på at medisinane er inkludert i prisen, for det varierer jo frå person til person kor stor medisindose ein må ha, og kor lenge ein må gå på medisinar før egga er modne.

Ikkje veit eg kva mannen min tenker, men han virkar absolutt meir positiv no. Tippar han har tenkt seg litt ekstra om, etter at det vart snakk om at me kanskje like godt burde gå frå kvarandre.

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider
  • 2 uker senere...
Mirabella76

Eg måtte senda ny mail til klinikken, men då fekk eg heldigvis svar med ein gang. Medisinane er ikkje med i prisen. Men då eg sa det til mannen min, virka det som om han synst det var greit likevel. Så då må me berre bestemma oss for når me vil gå i gang, om mannen min ikkje ombestemmer seg enda ein gang...

Eg ringte forresten til klinikken i dag, for det var noko meir eg lurte på, og eg fekk svar på alle spørsmåla mine. :-) Så då bør alt vera greit, og me kan bestilla time til samtale/utredning så snart me er klare.

Eg har tenkt litt på når det passar å starta med første forsøk. Og eg har funne ut at enten må det bli i april/mai, sånn at me rekker eit forsøk før sommaren, eller så må me venta til etter ferien, i august ein gang.

Det må iallfall bli tidlegast i april/mai. Då får eg termin i januar/februar, og det synst eg er litt greit. Jentene mine er født i november og desember. Og hadde me starta opp med forsøk no, så ville eg ha fått termin akkurat då, om eg blir gravid. Synst det blir litt lenge å venta heilt til august, men på ein måte kunne det ha vore godt å få nyta sommaren, før me går i gang med forsøk. Problemet er berre at me begynnar å få det travelt, sidan eg er 38 år gammal, så eg føler ikkje at me kan venta altfor lenge. Eg får tenka litt, og finna ut kva eg vil. Det blir både spennande og skummelt å koma i gang!

Endret av Mirabella76
Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

Artikler fra forsiden

×
×
  • Opprett ny...