Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Eg har forresten bestilt time til tidlig ultralyd 29. april. :) Eg veit jo ikkje nøyaktig kor langt eg er på vei, sidan eg er usikker på når eggløysinga var. Men reknar med at eg skal vera rundt 7 veker på vei då.

På grunn av at eg tidligare har hatt ein Missed abortion (MA), så er det veldig viktig for meg å få ein tidlig ultralyd, for å få vita om det er liv. Då eg mista sist, blødde eg ikkje ein dråpe blod. Men eg hadde sterke smerter i mage og rygg eit par gangar, og eg bestilte derfor time til tidlig UL. Det er eg glad for, sånn at det vart oppdaga tidlig. Men ein ekkel opplevelse var det uansett. :( Heldigvis har eg ikkje kjent sånne magesmerter no, så eg kryssar fingrane for at alt er bra denne gangen!

Eg fekk dessverre ikkje time hos favorittgynekologen min. Kontoret var visst stengt heilt til midten av mai, og det blir litt for lenge å venta for meg. Bestilte derfor heller time på Ultralydklinikken, og håpar det blir bra. Så får eg heller satsa på å få ny UL- time hos gynekologen min i veke 12. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Eg fortalte mannen min at eg er gravid, for 2-3 dagar sidan. Det gjekk bedre enn eg frykta, han tok det heilt greit. Så no slepper eg iallfall å ha hemmeligheten heilt for meg sjølv. :)

Det eg derimot ikkje likar, er at graviditetssymptoma mine er totalt fråverande for tida. :( Eg som skulle prøva å ikkje bekymra meg, men no er eg like bekymra igjen.

Eg har ikkje kjent eit eneste lite graviditetssymptom sidan eg kjente stikkingar i magen tidlig på dagen, for 3 dagar sidan. Føler meg ikkje gravid i det heile tatt lenger. Eg har ikkje hatt mykje symptom før heller, men litt har det jo vore. Stikkingar i magen har eg kjent jevnlig. Det har aldri gått så lang tid som dette før, uten at eg har merka noko. Eg var til og med litt uggen tidlig på dagen eit par dagar, for ei vekes tid sidan. No føler eg meg heilt fin heile tida, det er ingenting som føles annleis enn normalt.

Veit at det er lite vits i å gå rundt og bekymra seg. Går det gale, så er det ikkje noko eg kan få gjort med det uansett. Eg er klar over det. Likevel følest det som ein evighet å måtte vente i over ei veke til på tidlig ultralyd. Skulle berre ønska at eg kunne ha fått eit svar no med ein gang.

Orkar heller ikkje tanken på å gå gjennom ein MA igjen. Har ikkje hatt verken magesmerter eller blødningar. Så om det går gale, så er det vel ein MA det endar med igjen. Ja ja, eg får berre håpa at eg tar feil, og at den lille i magen min har det bra, til tross for manglande graviditetssymptom.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kom til å tenka på ein ting. Eg var hos gynekolog i fjor haust. Fekk UL for å sjekka livmor og eggstokkar, og få vita om eg fortsatt var fruktbar. Tok også blodprøve (hormonprøvar), for å få sjekka bl.a eggreservar og eggkvalitet.

Fekk beskjed av gynekologen min om at alt såg fint ut, og at eg fortsatt var fruktbar. Men me burde ikkje venta for lenge med å gå i gang med prøverørsfosøk, for det kunne vera for seint når eg var 40. Han sa også at det berre var 5% sjanse for at eg kunne bli gravid uten hjelp. Derfor rekna eg jo med at prøverørsforsøk sannsynligvis var min einaste sjanse til å bli gravid igjen. Så enten har eg hatt ekstremt flaks som vart gravid, eller så tok gynekologen min feil.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer Mirabella, strålende nyheter.

Når skal du på ul?

Takk, pusilus! :klem:

Eg skal på UL den 29. april. Då er eg i veke 7, reknar eg med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag tidlig då eg stod på badet og pussa tennene, så brakk eg meg plutselig tre gangar på rad. Følte at det var rett før eg kasta opp. Men så var eg heilt fin igjen rett etterpå, og var heller ikkje kvalm på forhånd. Tenkte sjølvsagt at eg håpte det skulle vera eit graviditetstegn! Det synst eg hadde vore veldig betryggande, sidan eg ikkje har eit einaste graviditetssymptom for tida.

Men eg reknar vel egentlig med at det mest sannsynlig berre var tilfeldig. Trur nok heller at det hadde ein samanheng med at eg begynnar å bli forkjølt, og hadde masse slim i munnen/halsen. Eg har forresten vore til tannlegen i dag. Hadde fleire djupe hol, så det var ikkje akkurat noko kjekt. Hos tannlegen fekk eg både bedøvelse, vatn og anna gørr i halsen, og det var skikkelig ubehagelig. Skulle jo tru at eg brakk meg då, viss kvalmen har begynt å koma. For det var jo mykje eklare enn å pussa tennene! Eg hosta, men eg vart ikkje kvalm og brakk meg. Så det er vel enda ein grunn til at eg trur at det var andre grunnar enn svangerskapskvalme, som gjorde at eg brakk meg då eg pussa tennene i dag tidlig.

Men det er jo lov til å håpa! Eg saknar så veldig å kjenna eitt eller anna tydelig graviditetsymptom, sånn at eg kan klara å slappa av, og tru på at alt er bra med babyen i magen min. Sånn som det er no, når eg ikkje har hatt eit einaste symptom på over ei veke, så føler eg meg berre meir og meir sikker på at det ikkje er liv. :( Men det nektar eg å godta, derfor kryssar eg fingrar og tær for at det likevel var på grunn av babyen i magen at eg brakk meg i dag tidlig. Sjølv om eg hatar å vera kvalm og kasta opp, så hadde eg blitt så utrulig glad om eg vart kvalm og kasta opp framover no, og at det var på grunn av graviditeten!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Håper dagene ikke går så alt for sakte til neste onsdag :)

Håper du får de betryggende tegnene du håper på, men at de er å leve med.

Denne gangen har alt av symptomer hos meg vært mindre en de tre foregående gangene, kvalmen varte bare en fire ukers tid, og var ikke uutholdelig.

Kjedelig ned hull, men du er flink som går til tannlegen, jeg har ikke turd det på lenge :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg var på reise i uke 6 da jeg var gravid, og jeg var ennå ikke blitt kvalm og hadde egentlig ingen symptomer. Kvalmen min kom rundt uke 7, tror jeg. Alle blir jo ikke kvalme, og kvalmen kan komme på ulike tidspunkt. Så rasjonelt sett er det jo ingen grunn til å være bekymret pga. manglende graviditetstegn på tidlig, men jeg skjønner jo godt at du er det likevel ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper dagene ikke går så alt for sakte til neste onsdag :)

Håper du får de betryggende tegnene du håper på, men at de er å leve med.

Denne gangen har alt av symptomer hos meg vært mindre en de tre foregående gangene, kvalmen varte bare en fire ukers tid, og var ikke uutholdelig.

Kjedelig ned hull, men du er flink som går til tannlegen, jeg har ikke turd det på lenge :sjenert:

Følest som om dagane går uendelig seint for tida. Skulle berre ønskja at det vart onsdag med ein gang, sånn at eg kunne ha fått eit svar. Det er slitsomt å gå rundt dag etter dag og venta på graviditetssymptoma som aldri kjem, og bli meir og meir redd for at noko er gale. :(

Godt å høyra at du har hatt mindre symptom denne gangen, og at alt er bra likevel. Då er det kanskje eit håp for at dette svangerskapet mitt kan bli noko av likevel? Eg har tenkt litt på at viss alt er bra, så er det kanskje gutt eg ventar denne gangen. Eg har høyrt at det er vanlig å vera meir kvalm når ein venter jente, enn når ein ventar gutt. Og sidan eg har mykje mindre symptom denne gangen, så kan jo det vera ein mulig teori.

Uansett så håpar eg så veldig på at eg snart får litt graviditetssymptom igjen. Viss eg fortsatt ikkje merkar noko i veka fram mot UL, så trur eg nok dessverre at sjansen er stor for at det ikkje er liv. :( Men eg får prøva å halda motet oppe i det lengste!

Hatar å gå til tannlegen eg og, men eg var berre nødt til å få det gjort. Men no angrar eg på heile tannlegebesøket, for mannen min sit og les på nettet, og skremmer meg. :( Eg veit jo at ein ikkje skal ta røntgen hos tannlegen når ein er gravid. Men det gjorde eg forrige gang eg var der, så derfor sa eg ikkje noko om at eg er gravid. Så seier mannen min at det ikkje er bra å ta bedøvelse heller, når ein er gravid. Så leste han på nettet, og ser at det stemmer. Eg var sikker på at ein bedøvelse i munnen ikkje kunne vera noko problem, men då tok eg visst feil. :( Eg fekk til og med ganske mykje bedøvelse, for eg hadde tre hol. :( Huff, kva har eg gjort no då?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg var på reise i uke 6 da jeg var gravid, og jeg var ennå ikke blitt kvalm og hadde egentlig ingen symptomer. Kvalmen min kom rundt uke 7, tror jeg. Alle blir jo ikke kvalme, og kvalmen kan komme på ulike tidspunkt. Så rasjonelt sett er det jo ingen grunn til å være bekymret pga. manglende graviditetstegn på tidlig, men jeg skjønner jo godt at du er det likevel ;)

Trur kvalmen har kome rundt veke 7 hos meg og, dei forrige gangene eg har vore gravid. Og så har den vart til veke 12. Hugsar ikkje heilt om eg allerede i veke 6 følte meg litt uggen innimellom, men det må i så fall ha vore minimalt. Så eg har nok hatt det ganske likt som deg.

Men stikkingar og/eller mensmurringar har eg kjent ganske mykje av i mine tidligare svangerskap, allerede før eg testa positivt. Det gjorde eg denne gangen og, men symptoma forsvant heilt ca i veke 5. Og det er akkurat det eg ikkje likar noko særlig, at dei få graviditetssymptoma eg faktisk hadde, berre forsvant. :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Mirabella :vinke:

Gratulerer så mye med graviditeten. Dette var utrolig koselig å lese :strix: Har vært litt fraværende i det siste, men er tilbake nå. Hvordan går det med deg? :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Mirabella :vinke:

Gratulerer så mye med graviditeten. Dette var utrolig koselig å lese :strix: Har vært litt fraværende i det siste, men er tilbake nå. Hvordan går det med deg? :klemmer:

Takk for det, Kakaoen! :klem:

Det går altfor fint med meg, for å seia det sånn. Altså, eg har ingen graviditetsplager. Akkurat det likar eg dårlig, for det gjer at eg er redd for ein ny MA.

Leste akkurat i mi forrige graviditetsdagbok, frå då eg var gravid med lillesøster. Såg då at kvalmen kom akkurat då eg hadde passert 6 veker. No reknar eg med at eg er ca 6 1/2 veke på vei, så då synst eg virkelig at eg burde begynna å kjenna litt kvalme eller andre graviditetssymptom.

Eg har ikkje noko særlig tru på dette svangerskapet, for vera heilt ærlig. Eg skal på tidlig UL på onsdag, så då reknar eg med at eg får eit svar iallfall. Skal bli greit å få vita om det er noko liv. Sjølv om eg er ganske pessimistisk og forventar det verste, så kjem eg sjølvsagt til å bli kjempeskuffa og lei meg, om det har gått gale.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skjønner godt at du er pessimistisk. Men det er jo mange som har svangerskap uten symtpomer. Og du har jo 2 jenter, så kanskje dette er en gutt?? ;)

Håper virkelig at det er noe liv inni der. Blir spennende med UL :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg skjønner godt at du er pessimistisk. Men det er jo mange som har svangerskap uten symtpomer. Og du har jo 2 jenter, så kanskje dette er en gutt?? ;)

Håper virkelig at det er noe liv inni der. Blir spennende med UL :)

Ja, er akkurat det eg har tenkt, at det einaste håpet eg har, er at det er gutt denne gangen. Har jo høyrt at det er vanlig å vera meir kvalm når ein ventar jente, enn når ein ventar gutt. Så det er egentlig den einaste forklaringa eg har på dei manglande graviditetssymptoma, viss alt er bra med spiren. Enten er det nok gutt, eller så er det ein ny MA. Det er det eg trur, sjølv om eg nok dessverre føler meg ganske sikker på at det siste alternativet er mest sannsynlig.

Eg kjem berre til å grua meg, når eg skal på UL. Men det skal uansett bli godt å få eit svar. Det verste er å gå rundt og ikkje vita, spesielt sidan eg har ein så sterk følelse av at det ikkje er liv lenger.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal du ha med mannen på UL??

Håper alt er bra siden du faktisk er blitt gravid naturlig :)

Nei, mannen min er vekke på kurs når eg skal på ultralyd. Han hadde uansett ikkje blitt med, for han synst tidlig UL berre er tull. :( Han meinar at eg berre kan venta, og sjå kva som skjer. Synst det er litt dårlig av mannen min, når han veit at eg har hatt ein MA før, og at eg ikkje har nokon graviditetssymptom no. For det kan jo tyda på at det samme har skjedd denne gangen.

Eg og tenker at det bør virkelig gå bra med spiren, når eg heilt uventa og overraskande har blitt gravid naturlig denne gangen! Kva er ellers poenget med at eg skulle bli gravid no i det heile tatt? Det bør virkelig vera ei meining med det. Men kjenner eg kroppen min rett, så prøver den vel berre å lura meg til å tru at eg er gravid, og så er det ikkje noko liv lenger. Det ville jo vera typisk min uflaks, å oppleve MA to gangar, sjølv om SA er ein veldig mykje vanligere måte å mista på.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Uff.. Er trist å lese om den negative tankegangen din. Men jeg kjenner meg veldig igjen altså! Kommer helt sikkert til å kjenne på det samme selv. Men når jeg hadde MA i høst så hadde jeg først litt symptomer og så forsvant alt.. Men det skjer jo med noen selv om de ikke mister. Så er vanskelig å si.

Synes det er dårlig av mannen din å ikke like tidlig UL.. Jeg synes jo at man skal utnytte den teknologien vi har tilgang på når man faktisk har den muligheten. Alle burde få tidlig UL!! Jeg fatter ikke at folk klarer å vente helt til OUL med å sjekke tilstanden inni der.

Du kan ikke ta med deg ei venninne da? For litt støtte :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff.. Er trist å lese om den negative tankegangen din. Men jeg kjenner meg veldig igjen altså! Kommer helt sikkert til å kjenne på det samme selv. Men når jeg hadde MA i høst så hadde jeg først litt symptomer og så forsvant alt.. Men det skjer jo med noen selv om de ikke mister. Så er vanskelig å si.

Synes det er dårlig av mannen din å ikke like tidlig UL.. Jeg synes jo at man skal utnytte den teknologien vi har tilgang på når man faktisk har den muligheten. Alle burde få tidlig UL!! Jeg fatter ikke at folk klarer å vente helt til OUL med å sjekke tilstanden inni der.

Du kan ikke ta med deg ei venninne da? For litt støtte :)

Eg har også hatt litt symptom i starten av denne graviditeten, fram til ca veke 5. Kjente jevnlig litt stikkingar i magen, og det hadde eg mykje av når eg var gravid med storesøster. Er jo ikkje mykje symptom eg har hatt denne gangen, men litt var det iallfall i starten. Etter veke 5, har alt av graviditetssymptom vore fullstendig fråverande. Har heller ikkje fått nokon kvalme enda, og det hadde eg på denne tida i forrige svangerskap. Ikkje så lett å vera positiv då, føler eg!

Trur eg vil gå åleine på UL på onsdag. Eg synst egentlig det er godt å få vera litt åleine, og berre vera lei meg og tenka, når eg har fått dårlige nyhetar. For det trur eg at eg kjem til å få på onsdag. Håpet mitt om at alt skal vera bra, blir mindre og mindre for kvar dag som går.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til på UL i morgen, Mirabella! Håper inderlig at det ikke går som du frykter. Krysser fingrene for deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til på UL i morgen, Mirabella! Håper inderlig at det ikke går som du frykter. Krysser fingrene for deg.

Takk for det, Harlekin. :klem:

Eg er nok i veke 7 no, etter mine berekningar, og har fortsatt ingen graviditetssymptom. Forrige gang kom kvalmen i veke 6, og eg hadde litt andre graviditetssymptom i tillegg. Så det går nok dessverre som eg fryktar, det har eg innsett meir og meir i løpet av dei siste vekene. :(

Gruar meg sånn til å gå gjennom ein medisinsk abort igjen, at eg berre prøver å fortrenga det heile. Kan ikkje akkurat seia at eg gledar meg til morgondagen, sidan eg veit så altfor godt kva eg må gjennom. For eg har faktisk heilt gitt om håpet om desemberbaby no, det skal eg ærlig innrømma.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...