Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

18 timer siden, Grønt blad skrev:

Hvordan går det, Mirabella? Jeg tippet at babyen kommer i dag, men kan jo hende det ikke skjer... 

Du var faktisk den som kom nærmast, men ingen tippa riktig dato! :lur: 

Lillesøster hadde det nemlig litt meir travelt enn eg hadde rekna med. Allerede 11. juli 2017 kom vesle E. til verden! :hjerte::strix: Ho var 3760 gram og 51 cm lang, og heilt perfekt! :hjerter_rundt: Stor til å vera født 15 dagar før termin (38+1), synst eg. Så det var kanskje bra at ho kom litt før termin, sjølv om eg ikkje var heilt klar med alt som skulle gjerast før babyen kom. ;)

Det er travelt med ein baby i hus igjen, men me kosar oss masse med vesla. :rodmer: Dei to storesøstrene på 8 og 4 er veldig stolte, og vil hjelpa til og kosa mest mulig med lille E. :hjertesmil:

Fødselshistorie kjem seinare, når eg får tid til å skriva den ned. :jepp:

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gratulerer så masse, kjære Mirabella

Artig at hun kom tidligere enn noen hadde tippet. Hun er nok klar for å oppdage og utforske verden i stedet for å slappe av inne i magen, tenker jeg 😊

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Annonse

På 15.7.2017 den 16.28, Synne-Marie skrev:

Gratulerer så masse! :nordvesta:

 

På 15.7.2017 den 16.30, Blondie65 skrev:

Gratulerer! :yvonne:

 

På 15.7.2017 den 16.54, LoveTrain skrev:

Gratulerer!!:yvonne:  

 

På 15.7.2017 den 17.11, miore skrev:

Gratulerer! :nordvesta:

 

På 15.7.2017 den 17.15, Grønt blad skrev:

Gratulerer så masse, kjære Mirabella

Artig at hun kom tidligere enn noen hadde tippet. Hun er nok klar for å oppdage og utforske verden i stedet for å slappe av inne i magen, tenker jeg 😊

 

På 15.7.2017 den 18.28, Jill skrev:

Gratulerer så mye! :yvonne:

 

På 15.7.2017 den 18.53, tweet skrev:

Gratulerer! ❤

 

På 15.7.2017 den 19.02, Weebs skrev:

Gratulerer! :strix:

 

På 15.7.2017 den 20.13, Mumsy skrev:

Gratulerer så mye:rodmer::hjerte: Da var det du som fikk først av oss :biggrin:

 

22 timer siden, QBee skrev:

Oi, har hun kommet allerede?! Gratulerer så mye til hele familien :rodmer:

 

19 timer siden, LillyBe skrev:

Gratulerer 😄😍😍

 

9 timer siden, Mayah skrev:

Åhh, gratulerer så mye Mirabella! ❤😁 

 

4 timer siden, maja87 skrev:

Gratulere :danse:

Tusen takk for gratulasjonar, alle saman! :klem:

Me kosar oss masse med jenta vår. :rodmer: Eg er så utrulig glad og takknemlig for at draumen om tredjegullet endelig vart til virkelighet! :hjerte: 

  • Liker 5
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No hadde eg nesten skrive ferdig fødselshistorien min, og så forsvann plutselig alt! :kjefte: Veit ikkje kor mykje eg orkar å skriva no, men eg begynnar iallfall på nytt, så lagrar eg heller underveis. Så viss nokon er inne her og leser og siste delen manglar, så er det berre til å ta turen innom igjen seinare for å få med  deg slutten. ;) Eg prøver igjen....

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

MIRABELLA SIN FØDSELSHISTORIE.

10. juli var eg hos jordmor på svangerskapskontroll. Hadde då ingen som helst tegn på at fødselen nærma seg, Så rekna med at eg fortsatt hadde god tid på meg til å få gjort klart dei siste tinga før babyen kom. Men då tok eg feil! ;) Allerede tidleg neste morgon, 11. juli, begynte det å skje ting. Eg våkna i halv 7-tida om morgonen av at eg låg litt vondt. Snudde meg raskt over på andre sida, kanskje litt for fort? Iallfall så kjente eg at trusa vart heilt våt i det eg snudde meg rundt i senga. Stod opp for å gå på do og skifta truse. Eg såg at det var ein del tyntflytande slim blanda med små røde blodflekkar i trusa. Vart litt overraska over å sjå blod, men tenkte at det sikkert var slimproppen som hadde begynt å gå. Det kom også litt blod på papiret, når eg tørka meg.  Eg gjekk og la meg igjen, og stod opp igjen med ungane 1-2 timar seinare. Då merka eg ikkje noko spesielt.

Me kledde på oss og åt frukost. Hadde planar om å ta ein tur til byen med ungane den dagen, så me gjorde oss klare til å reisa. Eg sa til mannen min at eg trudde eg ville ta med fødebagen, sånn for sikkerhets skyld. Trur eg følte på meg at noko kom til å skje i løpet av dagen. ;) Men først måtte bagen pakkast ferdig, for den var ikkje ferdigpakka enda. Så var me endelig klare, eg skulle berre på do først. Når eg var på vei på badet, kjente eg at trusa vart våt igjen. Sette meg på do, og då rann det ganske mykje vatn i do to gangar på rad. Det var såpass mykje, at eg skjønte at det måtte vera fostervatn. Så då ringte eg fødeavdelingen, og ba om å  få koma inn til ein sjekk. Fekk beskjed om at viss det var vatnet som hadde begynt å gå, så var det vanlig å få ein time til undersøkelse/igangsetting først morgonen etter, viss det ikkje skjedde noko meir i mellomtida. Men sidan me likevel skulle til byn den dagen, så fekk eg lov til å koma inn til ein sjekk nokre timar seinare. :)   

Kom på at det sikkert var lurt å ta med ein bag med klede o.l. til ungane og, i tilfelle noko skulle skje. Alle dei me hadde planar om å bruka som barnevaktar, var enten på ferie eller sjuke. Så me stressa ltt med kven som skulle passa jentene, viss fødselen starta allerede. Dei som var vekkreist, hadde rekna med å vera heime igjen i god tid før noko skjedde. Så me trudde ikke at det skulle bli noko problem. Me gjekk i bilen når klokka var ca 11 på formiddagen, og eg tok med meg eit stort håndkle til å sitja på i bilen.

Etter å ha gjort litt av det me hadde planar om den dagen, var det tid for kontroll på Kvinneklinikken. Klokka var då rundt 13 på dagen. Mannen min venta ute med jentene våre, mens eg var inne til undersøkelse. Hugsar ikkje heilt om det var ein lege eller ei jordmor som undersøkte meg, men ho fann iallfall ut at det var fostervatn som hadde begynt å renna ut. Etterpå var det tid for sparketest, der eg skulle registrera alle babysparka/bevegelsane. Eg såg på ein skjerm der spark, babyen sin hjerterytme, samantrekningar i livmora m.m. vart registrert. Eg kunne sjå på skjermen at eg med jevne mellomrom hadde samantrekningar i livmora, som eg kunne sjå som små toppar på skjermen. På slutten av sparketesten kunne eg også kjenna desse samantrekningane, som kjentest ut som vonde kynnarar/veldig svake rier. Alt såg veldig fint ut. Så eg fekk beskjed om at me kunne reisa heim igjen, og koma tilbake morgonen etter om ikkje noko meir skjedde før den tid.

Eg hadde absolutt ikkje lyst til å reisa heilt heim igjen, i tilfelle noko skulle skje om natta. For me hadde jo ingen til å passa jentene våre. Eg ringte til mora mi, som igjen ringte til søstera mi. Søstera mi med famile bur ca 10 min. unna sykehuset, mens me har ca 45 min. å kjøra frå der me bur. Dei var på hytta ein times tid unna, og skulle egentlig bli der ein dag til - men dei kunne reisa heim samme dagen. Så då venta me hos søstera mi med familie, til dei dukka opp nokre timar seinare. Dermed var også barnevaktproblemet løyst! ;) 

Riene vart gradvis sterkare etter kvart som timane gjekk, men var fortsatt ganske svake. Me åt middag i halv 7-tida om kvelden, og då kjente eg at riene begynte å bli kraftigare og meir regelmessige. Mannen min ville at me skulle ringa fødeavdelingen med ein gang, men eg og søstera mi meinte at me kunne venta litt. Me hadde jo kort vei til sykehuset no, og det er kjedelig å koma for tidleg. Så eg og søstera mi begynte å registrera kor lenge riene varte og kor ofte dei kom, med ein rietellar som eg hadde lasta ned på mobilen min. Mannen min vart meir og meir utålmodig, og ikkje lenge etter begynte riene å bli såpass vonde, at eg var enig i at me kunne ringa til fødeavdelingen igjen. Mens eg snakka med ei jordmor i telefonen, fekk eg fleire rier som var så kraftige at eg måtte pusta meg gjennom dei. Jordmora stilte meg nokre spørsmål, og sa at me berre måtte koma. Så då gjorde eg og mannen oss klare til å reisa, mens jentene våre vart igjen hos tanta, onkelen og fetrane sine. :)

På vei ned til bilen måtte eg ta fleire pausar, for riene var no ganske vonde. Etter at me hadde kome omtrent halvveis på den ca 10 min. lange kjøreturen, fekk eg plutselig ei veldig kraftig ri. Eg venta på at ria skulle ta slutt. Men allerede før den var over, kom ei ny like kraftig ri. Resten av kjøreturen var som ei einaste lang og veldig vond ri! :( Eg ropte til mannen min at han måtte kjøra fortare, for eg orka ikkje å sitja i bilen lenger. Mannen min spurte då om han skulle stoppa, og eg svarte: "Nei, er du gal? Kjør!" :fnise: 

Klokka var ca 19.45 når me var framme. Mannen min stoppa rett utanfor inngangsdøra til Kvinneklinikken, og vlle hjelpa meg ut av bilen. Eg sa at han måtte venta til ria var over, før eg innsåg at det ikkje kom til å skje. Så eg lot mannen min hjelpa meg ut, men eg kom ikkje lenger enn til gangen rett innanfor inngangsdøra. Då klarte eg ikke å gå lenger, og vart ståande og halda meg fast i noko. Heldigvis var det ei dame som såg meg. Ho kom springande med ein rullestol, som eg fekk sett meg opp i. Så var eg kjørt inn i heisen, og opp på avdelingen der eg skulle føda. Eg vart kjørt rett inn på eit føderom der ei jordmor venta på meg, og eg fekk sett meg opp i senga. Jordmora ba meg om å ta av meg kleda, men det var nesten heilt umulig når eg aldri fekk pause mellom riene. Klarte det til slutt, og fekk lagt meg ned i senga. Då fekk eg heldigvis litt pause mellom riene, sånn at jordmora kunne få sjekka åpningen. 

Det viste seg at eg hadde nesten full åpning allerede! :ohmy: Ikkje rart at riene var så vonde. Og sånn fortsatte det, og riene vart etter kvart ekstremt vonde. Heldigvis fekk eg pause mellom riene, no når eg låg i senga. Men kvar gang det kom ei ny ri fekk eg litt panikk, fordi det gjorde så vondt. Så i starten av kvar ri skreik eg "AUUUU", og haldt så hardt fast i armen til mannen min, at det umulig kan ha vore særlig behagelig. :sjenert: Så klarte eg å henta meg inn igjen, og pusta meg gjennom resten av ria. Sånn fortsatte det ei stund, heilt til jordmora skulle sjekka åpningen igjen. Ho sa at  no var det full åpning, så eg kunne berre begynna å pressa når eg følte for det.

Når eg hadde litt pause mellom riene, sa eg at eg aldri hadde hatt nokon presstrang dei to forrige gangane eg hadde født, så eg visste ikke heilt når eg skulle pressa. Jordmora sa at eg berre måtte kjenna etter, så skulle ho hjelpa meg. Det kom ein del fostervatn fleire gangar underveis i fødselen, samtidig som eg fekk ei kraftig ri. Plutselig følte eg ein slags presstrang, og jordmora sa at då kunne eg berre begynna å pressa. Frå eg begynte å pressa, trur eg at eg hadde 3 rier der eg pressa, og 2 rier som eg berre skulle pusta meg gjennom. Så var lillesøster ute! :strix:

E. skreik med ein gang ho vart født, og virka frisk og fin med det samme. :)  Ho hadde snurra seg godt inn i navlestrengen, som var både rundt halsen og rundt andre delar av kroppen. Heldigvis plagde det ikkje E. på nokon måte. Fosterlyden var heile tida fin underveis i fødselen, og hudfargen var normal når ho kom ut. Så ho hadde fått nok oksygen heile tida. E. vart født kl. 21.26 om kvelden, tirsdag 11. juli 2017, akkurat 1 time og 10 min. etter at me kom inn på fødeavdelingen. E. var 3760 gram og 51 cm lang ved fødselen, og hovudomkrinsen var 34 cm. :hjerte: E. vart født 15 dagar før termin (38+1). Det var fantastisk å få vesle E. opp på brystet mitt rett etter fødselen! :rodmer: Tenk, endelig var eg i mål, og hadde det etterlengta tredjegullet i armane mine. :hjertesmil:

 

Endret av Mirabella76
  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter fødselen låg eg med E. på brystet mitt, og prøvde å amma henne. Det var ikkje så lett å få til, for E. berre grein, og nekta å ta tak og prøva å suga.

Så skulle morkaka ut, men det var lettare sagt enn gjort! :( Forrige gang eg fødte sat det igjen ein rest av morkaka, så eg måtte få narkose og utskraping. Har heile tida vore redd for at noko liknande skulle skje denne gangen og, for det var ein ekkel opplevelse. Så eg hadde på forhånd sagt frå om kva som skjedde sist. 

Eg blødde ikkje, sidan heile morkaka var igjen der inne. Og då hadde dei visst ein time på seg til å få ut morkaka. Jordmora prøvde alle mulige triks for å få ut morkaka, i løpet av den neste timen. Ho trykte på magen min, og eg måtte pressa for å prøva å få den ut. Eg måtte sitja på huk og gynga fram og tilbake, sitja på do, gå litt rundt m.m. Men ingenting virka. :sukk:

Etter ein time kom ein lege inn, for å gjera eit siste forsøk på å få ut morkaka. Ho sa at ho kom til å vera enda meir hardhendt enn jordmora. Så ho trykte enda hardare på magen min, mens eg måtte pressa. Det var så vondt, at det føltest som om eg skulle føda på nytt. :grine: Og så kom det endelig ut noko, og jordmora trudde først at det var morkaka. Så viste det seg at det berre var masse fosterhinner o.l. Morkaka var fortsatt igjen der inne. :sur:

Det som skjedde vidare, var at eg begynte å blø masse. :( Så då var det ingen vei utenom - eg måtte ha utskraping denne gangen og! :ohmy: Eg spurte legen om eg måtte ha narkose. Ho sa at så lenge eg ikkje hadde mista for mykje blod, så kunne eg få spinalbedøvelse. Men at viss eg var svimmel og omtåka når eg kom ned på operasjonsstova, så måtte eg få narkose. 

Trur berre det gjekk ca 10 min. frå eg begynte å blø, og til eg vart kjørt ned for utskraping. På vei ned kjente eg at det rann mykje blod, og dei sa at eg hadde mista ca 1,9 liter blod når eg kom ned på operasjonsstova! :ohmy: Eg synst det var mykje på så kort tid. Heldigvis følte eg meg ikkje svimmel, så det gjekk heilt fint å sitja oppreist mens eg fekk spinalbedøvelse i ryggen. Det rare var at det ikkje gjorde vondt i det heile tatt, når dei stakk. 

Eg var glad for å kunne vera våken under utskrapinga, og få med meg alt som skjedde. Og sjølve utskraping merka eg ingenting til, sidan eg var bedøvd. Det som var ekkelt, var at eg fekk blodtrykksfall. Det førte til at pulsen min var veldig rask, eg følte at eg ikkje klarte å pusta skikkelig, og eg begynte å rista og skjelva over heile kroppen. :( Det sat ei dame ved sida av meg som var veldig flink til å beroliga meg. Ho sa at det var heilt normalt, og at det skjedde på grunn av blodtrykksfall, kombinert med medisinane eg hadde fått. Etter kvart føltest alt bedre igjen,  men det var ein skummel opplevelse mens det stod på. 

Etterpå låg eg i fleire timar på overvåkning. Fekk masse væske og antibiotika intravenøst, for å forhindra infeksjon. Det var også snakk om blodoverføring, sidan eg hadde mista mykje blod. Men eg sa at eg følte meg heilt fin og ikkje svimmel, så det slapp eg heldigvis. Litt ekkelt å vera heilt bedøvd i beina så lenge, men følelsen i beina kom tilbake litt etter litt. 

Etter ei stund fekk mannen min og vesle E. koma ned til meg. :hjertesmil: Mannen min hadde passa godt på E., mens eg var vekke. Ho hadde greie litt i starten, så hadde ho sovna. No fekk eg E. opp i senga til meg, for å amma henne. Og no tok ho tak, og begynte å suga med ein gang! :rodmer:

Etter ei stund vart eg kjørt opp på barselavdelingen, og der fekk eg enerom. :) Godt å sleppa å dela rom med andre, etter det eg hadde vore gjennom. Fortsatt var eg ganske bedøvd i beina, så eg fekk ikkje gå ut av senga før neste morgon. E. sov heldigvis mykje første natta, men eg strevde med å få sova. Følte ikkje heilt at eg klarte å finna roen, etter alt som hadde skjedd det siste døgnet. 

Dagen etter fekk eg gå ut av senga, og eg følte meg egentlig i ganske grei form. Men eg må gå på jerntablettar i nokre veker framover, sidan eg mista mykje blod. Eg vart på sykehuset i 2 netter, og hadde ein del besøk av familie. Jentene mine fekk koma først på besøk. Dei var utrulig glade og stolte over å endelig få sjå og halda veslesøstera si. :hjerte:

Det er alltid ein heilt spesiell følelse å få ta med seg den nyfødte babyen sin og reisa heim. :rodmer: Storesøstrene fekk vera med og henta henne, når me skulle heim frå sykehuset, og det var stor stas! 

Alt har gått veldig fint etter at me kom heim. Storesøstrene elskar å hjelpa til med E., og å ha henne på fanget. Dei er like stolte over lillesøstera si, begge to. :hjerter_rundt: Me har hatt heimebesøk av både jordmor og helsesøster. E. hadde gått 9% ned i vekt når me reiste heim frå sykehuset, men når ho var ei veke gammal, var ho oppe i fødselsvekta si igjen. :)

Me kosar oss masse med lillesøster, og eg synst dagane går veldig fort. I dag er E. allerede 9 dagar gammal! :hjertesmil: Og fortsatt er det 6 dagar igjen til termin! ;) No følest det så naturlig at E. er ein del av familien vår, at det et rart å tenka på at ho var i magen min for berre kort tid sidan. Eg er så glad og stolt over å få vera mamma til 3 friske, fine jenter, som betyr alt for meg. Jammen er eg heldig!:strix: 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...