Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

Kroppen min er rar altså. :dry: Kor tok egentlig mensen veien? :klo: Ikkje at eg har nokon planar om å bli gravid igjen no, eller at eg trur at eg kjem til å få fleire barn - med tanke på alderen min, og at eg måtte ha 3 egguttak og 5 innsett, før eg endelig vart gravid med minstejenta. Men eg må seia at det tar ekstremt lang tid denne gangen. Vesla er jo snart 11 mnd gammal! :overrasket:

Mensen kom tilbake allerede etter 8 veker, etter første fødsel. Etter fødsel nr 2, gjekk det 6 månader før mensen kom. Og etter denne tredje og siste fødselen min, skjer det fortsatt ingenting! :sur: Eg har amma alle dei tre jentene mine like mykje, så eg kan ikkje skjønna at det at eg fortsatt ammar vesla ganske mykje, skal ha noko å seia. Heilt seriøst begynnar eg å lura på om eg allerede har kome i overgangsalderen, men eg synst jo det virkar litt merkelig.   

For å vera heilt ærlig, så hadde eg hatt veldig lyst på ein liten baby igjen om ei stund! :sjenert: Babyar er dei mest fantastiske skapningane eg veit om, og eg har alltid ønska meg 4 barn. :rodmer: Men med tanke på alderen min, og det at eg lova mannen min å aldri masa om fleire viss han gjekk med på å prøva på nr 3 - så blir det nok aldri noko av. :sukk: 

Den einaste sjansen eg har då, er vel det eine egget som me fortsatt har igjen på frys. ;) Eg har virkelig ikkje lyst til at egget skal bli kasta etter 5 år, uten å prøva å setja det inn. Sjansen er jo uansett minimal for at eg blir gravid, for eg har ikkje akkurat blitt lett gravid på dei forrige innsetta mine. Men eg får vel ikkje gjort det uten at mannen min er enig, og det blir alt anna enn lett å overtala han, sjølv om sjansen for at eg blir gravid uansett er veldig liten. Ja ja, me får berre venta og sjå kva som skjer. Det har heldigvis ikkje gått 5 år sidan egguttaket enda!  😋😕

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I går vart minstejenta vår 11 mnd gammal. Hjelp, berre ein månad igjen til ho fyller 1 år! :ohmy: Og berre ein månad igjen med baby i hus. :bond: Skulle virkelig ønska at tida kunne ha stoppa opp litt, sånn at eg fekk enda meir tid til å kosa meg med babyen min, før ho blir stor. :hjerte:

 Eg har vore flink til å nyta babytida denne gangen, likevel synst eg tida har gått altfor fort. Dette er sannsynlegvis mitt siste barn, derfor vil eg helst at tida skal stå stille ei stund, sånn at eg får tid til nyta denne siste babytida enda litt lenger. :ninuskapus: Det følest rart og litt vemodig å tenka på at eg nok aldri kjem til å ha ein baby i hus igjen, no når denne babytida er over. :sukk:Men det er vel berre sånn det er. Eg får heller tenka på kor heldig eg er som har fått 3 friske, fine jenter, som eg får vera mamma til. :strix: Uten dei hadde livet mitt aldri vore så bra som det er, for jentene mine betyr alt for meg! :rodmer:

E. har forresten blitt kjempeflink til å koma seg rundt omkring no. :) Ho rasar over golvet i full fart. Ho kan krabba ordentlig no, viss ho vil. Men ho velger nesten alltid å aka seg framover på rumpa, med ein fot fram og ein fot bak. Og så reiser ho seg opp overalt heile tida. E. har fått god balanse, og står stødig når ho held seg noko. Og så har E. lært seg å setja seg ned igjen sjølv, viss ho står og held seg i sofaen eller noko anna som ikkje er for høgt. Stovebordet vårt blir akkurat litt for høgt. Så viss E. reiser se opp ved bordet, må ho ha hjelp til å setja seg ned igjen. E. klarar også å gå litt, viss me held henne i begge hendene. Så det går raskt framover på det motoriske området no. :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er kanskje siste gang med din egen baby i hus, men en dag blir du jo mormor!:yvonne: Er jo lenge til, men baby i hus vil nok skje!:rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Tonio skrev:

Det er kanskje siste gang med din egen baby i hus, men en dag blir du jo mormor!:yvonne: Er jo lenge til, men baby i hus vil nok skje!:rodmer:

Litt tidleg å tenka på å bli mormor enda, viss eg i det heile tatt får oppleva det. ;) Men for øyeblikket er eg mest opptatt av mine egne barn, og om det er ein liten mulighet for at eg kan få oppleva å bli mamma igjen. :sjenert: Eg er jo veldig innstilt på at det ikkje blir fleire heretter, for sjansen for at det skal skje er så ekstremt liten. Men så greier eg likevel ikkje å seia heilt sikkert at no er det stopp, for eg ønskjer meg egentlig ein liten til. Trur ikkje eg klarar å gi slepp på den tanken før eg kjem i overgangsalderen, og dermed veit 100% sikkert at eg ikkje kan få fleire barn. :bond:

Eg stressar iallfall ikkje med noko. Det får bli som det blir. Eg er uansett veldig fornøyd med dei 3 flotte jentene eg har fått. Så får det heller bli ein ekstra bonus om eg nokon gang mot alle odds, skulle få oppleva å bli mamma igjen. :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

11. juli fekk me ein 1-åring i hus, og me feira dagen til E. med koseleg familiebesøk i nydelig sommarver! :hjerte: :sol: E. var storfornøyd og hadde ein super dag, sjølv om ho ikkje skjønte så mykje av det heile. ;)

Eg er visst dårlig på å skriva her i dagboka mi. Føler allerede at det er ei stund sidan E. hadde bursdag, og no er månaden snart slutt. Men det har vore mykje som har skjedd i ferien. Me har blant anna vore på Danmarksferie, og hatt det veldig kjekt. :smilbla: Dagane berre rasar avgårde. 

Rart å tenka på at eg ikkje lenger har ein baby. :ohmy: Eg synst babytida går så altfor fort. Heldigvis er E. verdens herligaste 1-åring! :strix: Eg blir glad berre eg ser på henne, så god er ho. :hjerte: Smiler dei finaste smila sine til oss, og ler høgt og lenge når me tøysar med henne. :fnise:

Me har akkurat vore til fotografen med E., for å ta 1-års bilder. Tok også søskenbilder samtidig. Håpar det blir mange fine bilder. :jepp: Ikkje så lett å få E. til å smila, ho synst det var litt skummelt. Men me klarte å lura fram eit smil innimellom, så håpar det blir bra. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres ut som om dere har det fint, og at E er en skikkelig solstråle 😍

Gratulerer med ettårsdag!

Vi har også vært i Danmark i år, skikkelig supert ferieland med barn synes jeg :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

På 31.7.2018 den 20.06, QBee skrev:

Høres ut som om dere har det fint, og at E er en skikkelig solstråle 😍

Gratulerer med ettårsdag!

Vi har også vært i Danmark i år, skikkelig supert ferieland med barn synes jeg :) 

Takk for det! :smilbla: Ja, E. er ei lita solstråle, til stor glede for oss alle. :hjerte: Men jammen har ho temperament og, ho kan skrika og bli rasande når ho ikkje får viljen sin. ;) Er vel sånn det skal vera med ein 1- åring i hus, vil eg tru. :biggrin:

Danmark er eit flott ferieland å ha med ungar til, ja. :jepp: Me tok båten frå Bergen til Hirtshals. Heilt supert for oss, som har ein 1-åring som ikkje er glad i bilkjøring. :tommelopp: Me koste oss masse. Det einaste eg sakna, var å kunne vera på stranda. Det var så mykje vind, at det rett og slett vart for kaldt. Men me hadde sol kvar dag, og gjorde mykje anna kjekt. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag kom mensen endelig tilbake, for aller første gang etter fødselen! :nigo: Tenk, denne gangen tok det meir enn eit heilt år etter fødselen, før mensen dukka opp! :ohmy: Det er faktisk nesten 2 år sidan sist eg hadde mensen. :bond:

Etter første fødsel kom mensen tilbake allerede ca 8 veker etter fødselen. Etter fødsel nr. 2 gjekk det ca 6 månader. Og denne siste gangen, altså eit heilt år! :sjokkert: Eg har amma alle jentene mine like mykje. Så det kan ikkje vera amminga som er grunnen til at mensen brukar lengre og lengre tid på å koma tilbake, for kvart barn eg føder. Trur heller det må ha noko å gjera med alderen min. At kroppen min er tregare med å koma i gang igjen etter fødslane, etter kvart som eg blir eldre. 

Uansett, no er iallfall mensen her, noko som betyr at eg heldigvis ikkje har kome i overgangsalderen heilt enda. ;) Så det er jo ein positiv ting, sjølv om det er godt å sleppa å ha mensen for ei (lang) stund! 

Og akkurat no, i det mensen dukka opp - så følte eg meg veldig klar for nr. 4! :sjenert: Eg innser jo at det er ein draum som nok aldri kjem til å gå i oppfyllelse. Eg blir nok aldri meir gravid på naturlig måte, og fleire prøverørsforsøk med egguthenting og innsett kjem aldri til å bli aktuelt.

Men så klarar eg ikkje la vera å tenka på det eine egget som me har liggjande på frys på klinikken, som eg synst me bør gi ein sjanse - i tilfelle det skulle vera eit topp egg som kan bli til vår nr. 4 i søskenflokken. Eg veit at sjansen for det er liten, men det er fortsatt ein sjanse for at akkurat det egget er eit gullegg. Eg har alltid tenkt på meg sjølv som 4- barnsmamma, heilt frå eg sjølv var barn! Eg har alltid visst at eg skulle ha mange barn, og 4 barn har alltid vore draumen. Så eg føler liksom at det siste barnet i familien manglar, det 4. barnet som gjer at eg føler at familien er komplett. 

Eg er sjølvsagt kjempeglad for dei 3 flotte jentene eg har fått! :hjerte: Det er meir enn eg turde å håpa på, etter alt strevet eg har hatt for å få dei. Og eg veit at om eg aldri får fleire barn (noko som er nesten 100% sikkert at eg aldri gjer), så kjem eg til å vera kjempestolt og lykkelig over at eg har vore så heldig å få 3 friske, fine jenter, som eg er så uendelig glad i. :strix:

Men så lenge eg ikkje har kome i overgangsalderen, og eg veit at det er ein bitteliten sjanse for at eg skal få oppleva å bli mamma igjen, så kjem eg nok til å håpa på ein nr. 4. :rodme: Eg tenker at de må vera lov, sjølv om eg veit at sjansen for at det skal skje, er veldig liten. 

Tanken på at eg sannsynlegvis aldri meir skal gå gravid, føda, og ha ein nyfødt baby i armane som er berre min, gjer meg litt trist. Eg skulle så gjerne ha opplevd det ein gang til! Men eg får heller ta godt vare på minna om mine 3 graviditetar, fødslar og tida med babyar i hus. :rodmer: Så får eg heller sjå det som ein ekstra bonus, viss eg mot alle odds skulle vera så heldig å få oppleva å bli mamma igjen. :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Å lese siste del av posten din er som å lese mine egne tanker, skjønt vi har ikke flere egg på frys....

Men å som jeg ønske å prøve på nummer 4.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 14.8.2018 den 11.00, pusilus skrev:

Å lese siste del av posten din er som å lese mine egne tanker, skjønt vi har ikke flere egg på frys....

Men å som jeg ønske å prøve på nummer 4.

Så kjekt å sjå deg her inne, pusilus:klem1: Det var jammen lenge sidan sist. Håper alt står bra til med deg og jentene dine. :hjerte:

Godt å høyra at det er fleire som har samme tankar som meg, og at eg ikkje er åleine om å føla det sånn. :) Det har jo ikkje no noko å gjera med at eg ikkje er fornøyd med å ha fått 3 barn, for det er mykje meir enn eg hadde turt å drøyma om! Men det finst jo ikkje noko meir fantastisk enn når eit nytt lite liv blir til. :rodmer:

Og heile prosessen, frå ein står med den første positive testen i hånda, til å få høyra hjertelyden, sjå magen som veks, kjenna dei første sparka, å få sjå den vesle babyen på UL-skjermen, fødselen, og å endelig få den varme nyfødte babyen i armane for aller første gang, og få snusa inn den herlige babylukten. :hjerte: Alt dette eg er berre så magisk, at eg så gjerne skulle ha fått opplevd det igjen, ein siste gang. 

Og så er det jo så fint å få vera mamma til mange barn, som elskar deg  og som du elskar høgare enn deg sjølv.:hjerter_rundt: Og å sjå kor ulike dei kan vera både i utsjånad og personlighet, sjølv om dei er søsken. Det å vera mamma er det beste i verden, det er iallfall heilt sikkert. :jepp: Og draumen om nr. 4 kan ingen få ta frå meg, sjølv om eg innser at sjansen for at det nokon gang kjem til å skje, er veldig liten. Men ja, eg har eit egg igjen på frys. Det er mitt einaste håp føler eg, sjølv om mannen min ikkje vil ha fleire barn. :sjenert:

No hugsar eg ikkje heilt alderen din, men du er vel yngre enn meg? Så det er vel fortsatt mulig for deg å gå gjennom nye forsøk, for å prøva å få ein liten til? Håpar iallfall du får oppfylt draumen din om nr. 4. Det fortener du virkelig! :hug:

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 21.8.2018 den 12.14, Mirabella76 skrev:

Lenge siden sist ja. 

Lita har blitt 6 år og skolejente, mellomsøster skulle blitt 4 for en drøy uke siden, lillesøster blir snart 3. 

Jeg føler vel at alderen innhenter meg, men jeg har venner som fremdeles var eldre enn jeg er når de ble foreldre for første gang. 

Overskuddet er nok dessverre ikke på plass hos noen av oss foreldre, men drømmen er der alltid for meg. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 23.8.2018 den 23.38, pusilus skrev:

Lenge siden sist ja. 

Lita har blitt 6 år og skolejente, mellomsøster skulle blitt 4 for en drøy uke siden, lillesøster blir snart 3. 

Jeg føler vel at alderen innhenter meg, men jeg har venner som fremdeles var eldre enn jeg er når de ble foreldre for første gang. 

Overskuddet er nok dessverre ikke på plass hos noen av oss foreldre, men drømmen er der alltid for meg. 

Så store jenter du har fått, åra går jammen fort. :) Eg har også skulejente i år, mellomste jenta mi. Ho fyller ikkje 6 før i desember, så ho er ein av dei yngste i klassen. Men jammen er ho klar for skulen likevel! Ho har lært seg å lesa, og har lest mange lettleste bøker i sommar. :jepp: Dei er 22 elever i klassen, og omtrent like mange jenter og guttar. Dei har fått to nyutdanna lærarar som kontaklærarar, to unge damer som virkar veldig greie. Så det blir nok bra! :tommel: Håpar lita også trivest på skulen så langt, og får eit fint første skuleår. :smilbla:

Eg tenker ofte på kor heldig eg er som har 3 friske, fine jenter som eg får vera mamma til. Må vera rart for deg, som berre får sjå to av dei tre jentene dine veksa opp. :cry3: Skjønnar godt at du har vanskelige dagar innimellom. Men jammen var du heldig som fekk lillesøster, sånn at lita har ei søster å veksa opp saman med. Så har dåke heldigvis minna om mellomsøster, som aldri forsvinner. :hjerte:

Håpar du og mannen din ein dag finner overskudd til å prøva på nr 4, viss du har eit veldig stort ønske om å få bli mamma igjen. :klem: 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her går det unna om dagane. I går gjekk vesla sine aller første steg! :hoppe: Ho er no 13 1/2 mnd gammal. 

Eg var ikkje forberedt på at det skulle skje heilt enda, sjølv om ho i lang tid har gått overalt viss ho har ei hand eller noko anna å halda seg i. Og for ei klatremus ho er! :ohmy: Klatrar opp på stolar, bord, opp stigen og opp i senga til storesøster, opp trapper osv. Ja alt ho kan klatra i og på, er topp! Men ikkje like kjekt for oss andre i huset, for ho må passast på heile tida, og det blir ein del knall og fall. 

Og i går var E. tydeligvis klar for enda eit nytt triks! ;) Det begynte med at E. reiste seg opp på golvet mens ho haldt seg i noko, slik ho ofte pleier å gjera. Eg sat på golvet ved sida av henne, og plutselig sleppte ho taket, og vart ståande ganske lenge uten å halda seg i noko. Dette var i går formiddag, mens storesøstrene var på skulen. E. synst det var morsomt at ho klarte å stå heilt åleine, så ho lo og ville prøva om og om igjen.:smilbla: Eg trur ho stod åleine i nesten eit halvt minutt på det meste. Eg prøvde å få ho til å gå mot meg, men då sette ho seg berre ned på golvet igjen.

På ettermiddagen i går, skulle eg visa storesøstrene kva vesla hadde lært seg. Eg fekk E. til å stå litt, og dei to store jentene synst det var veldig gøy å sjå. Eldstejenta mi ville også prøva å få E. til å stå, og sette henne ned sånn at ho stod på golvet. I det ho sleppte taket i E., begynte E. å gå mot meg! :strix: Ho gjekk fleire steg framover. Storesøstrene vart heilt ville av begeistring, og gjekk i gang med å øva med vesla på å gå. Og jammen gjekk ho fleire gangar, over halve stovegolvet på det meste.:hoppendeglad: E. smilte og lo, og var tydelig stolt over det ho fekk til. 

Utrulig gøy for oss alle, for det kom ganske overraskande på oss. :biggrin: Storesøstrene var 15 og 18 mnd gamle før dei gjekk, så eg trudde ikkje at E. skulle begynna å gå heilt enda. Men ho var tydeligvis klar for det, så no må me nok av gårde og kjøpa sko!

Litt rart å tenka på at minstejenta mi har blitt så stor! Sjølv om eg har vore flink til å nyta babytida denne gangen, og har kost meg med vesla kvar einaste dag - så synst eg godt at babytida kunne ha vart litt lenger. Tida går så altfor fort! Og no når E. har lært seg å gå, kan eg iallfall ikkje seia at eg har ein baby lenger. :sjenert: Men heldigvis er E. liten ei stund til enda, og eg skal fortsetja med å kosa meg og nyta kvar einaste dag saman med henne, dette siste året før ho blir barnehagejente. :hjerte:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

På 25.8.2018 den 11.19, Mirabella76 skrev:

Så store jenter du har fått, åra går jammen fort. :) Eg har også skulejente i år, mellomste jenta mi. Ho fyller ikkje 6 før i desember, så ho er ein av dei yngste i klassen. Men jammen er ho klar for skulen likevel! Ho har lært seg å lesa, og har lest mange lettleste bøker i sommar. :jepp: Dei er 22 elever i klassen, og omtrent like mange jenter og guttar. Dei har fått to nyutdanna lærarar som kontaklærarar, to unge damer som virkar veldig greie. Så det blir nok bra! :tommel: Håpar lita også trivest på skulen så langt, og får eit fint første skuleår. :smilbla:

Eg tenker ofte på kor heldig eg er som har 3 friske, fine jenter som eg får vera mamma til. Må vera rart for deg, som berre får sjå to av dei tre jentene dine veksa opp. :cry3: Skjønnar godt at du har vanskelige dagar innimellom. Men jammen var du heldig som fekk lillesøster, sånn at lita har ei søster å veksa opp saman med. Så har dåke heldigvis minna om mellomsøster, som aldri forsvinner. :hjerte:

Håpar du og mannen din ein dag finner overskudd til å prøva på nr 4, viss du har eit veldig stort ønske om å få bli mamma igjen. :klem: 

Her er de største kullet på lenge, lenge og er delt i to. Ganske skjevfordelt jente/gutt, men så langt går det strålende med klassekameratene. Det har vært litt starttrøbbel, men det har vi vært frempå og fikset opp i. Det skulle vært foreldresamtale før skolestart synes jeg, litt  både ifht faglig nivå og ellers andre ting som ikke helt passer seg å informere skriftlig om. Skulle gjerne fortalt før skolestart at Lita har ei søster for lite, og at hun plutselig kan begynne å snakke om henne. 

Håper din førsteklassing også får en fin skoletid ❤️ 

Det er vond mange av dagene ja, et tomrom mellom dem som ikke så mange ser. I grunnen er det ganske trist at mellomsøster ikke blir nevnt noe ofte av «utenforstående» Lita snakker titt og ofte om henne til alt og alle, hun er utrolig stolt over å være storesøster til to stykker. Det varmer virkelig godt. Hun fortalte villig vekk om mellomsøster på sfo da jeg og minstemann kom for å hente en dag, det er så naturlig og det er det beste av alt. Sånn blir det jo når man er vokst opp med døden, det blir naturlig selv om det er veldig trist. 

Personalet på sfo ble litt satt ut da lita fortalte det gitt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
På 4.9.2018 den 18.13, pusilus skrev:
 
Her fekk dei nye 1.- klassingane med foreldre koma på besøk på skulen før sommaren (innskriving på skulen), der me fekk ein samtale med rektor eller inspektør. Det synst eg var veldig greit, og me kunne informera og prata om ting, viss det var noko spesielt. Jenta mi fekk også fortelja kva ho gleda seg til på skulen, og ho fekk ei bok og ein blyant med seg heim, som ho også fekk tegna og skriva litt i, mens me vaksne snakka.;) Eg har skjønt at det ikkje er sånn på alle skular, så me var nok heldige.

Eg skjønnar godt at du synst det hadde vore greit å fått prata og informert om sånne spesielle ting, før skulestart. Så fint at det er så naturlig for Lita å snakka om mellomsøster, og at ho er stolt over å vera storesøster til to. Håpar dei var tidleg ute med foreldresamtalane då, når dåke ikkje fekk nokon samtale med skulen før skulestart.

M. trivest fortsatt veldig godt på skulen, og det håpar eg Lita også gjer. :) Ho lærte seg å lesa i sommar, så leselekse er topp! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går var eg på 15- mnd kontroll med E. Tenk, "babyen" min har blitt 15 mnd allerede! :ohmy:

Grua meg litt, for E. skulle få vaksine. Men det gjekk overraskande greit. E. skreik litt akkurat i det helsesøstera stakk - men ho var rask med å ta fram såpebobler, og då slutta E. å grina med ein gang. :biggrin: Såpebobler er visst alltid like spennande, så då var det vonde gløymt allerede på eit lite øyeblikk. ;)

E. veks fint, og er ei lang og slank jente. Heldigvis et ho stort sett alt ho får, og det er veldig greit. Ho er fortsatt ekstremt glad i puppen, både dag og natt. Så eg lurer litt på korleis eg skal klara å avvenna denne jenta med amming. :sjenert: Ja ja, eg stressar ikkje med det enda iallfall. Får heller ta det etter kvart, når eg blir lei av å amma så mykje som eg gjer no. :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Annonse

[1] Category widget

På tide med ei lita oppdatering. :jepp:

I dag er E. 18 mnd gammal. Tenk at ho har blitt 1 1/2 år allerede! :ohmy: Tida går berre fortare og fortare for kvar unge eg får.

E. er ei aktiv lita jente, som går, klatrar og kjem seg rundt overalt. No klarar ho nesten å springa og, og øver seg på å hoppa. Ho har letta frå bakken nokon gangar når ho prøver å hoppa, og synst det er kjempestas. :biggrin:

E. er fortsatt veldig glad i puppen, og er ein liten mammadalt. Men ho kosar seg i lag med pappaen sin og, og likar veldig godt å leika og tøysa med storesøstrene sine. E. er glad i musikk, og dansar rundt på golvet når ho høyrer ein sang ho likar. :danse:

E. er glad i mat, men ho er litt kresen. Ho veit godt kva ho vil ha, og ikkje ha. ;) Graut har eg ofte måtta lura i henne, men dei siste dagane har ho nekta heilt å eta graut. Ho blir sint og spyttar ut igjen, viss eg prøver å gi henne graut. Middag vil ho ha nokon gangar, andre gangar ikkje. Spørs litt kva ho får. Skiver et ho litt av, men ganske lite. Frukt og litt grønnsaker et ho, men ikkje alltid ho er like interessert i det heller. For tida vil ho helst eta pepperkaker og gryn. Ho seier "pæ", og peikar på skapet der pepperkakene er. Og så går ho og åpnar skuffa på kjøkkenet det grynpakkane står, og forsyner seg sjølv fleire gangar om dagen. Ein liten luring er ho! :tongue:

Når det gjeld språket, så kjem det litt nye ord innimellom. Men E. seier ikkje så mange ord som me forstår enda. Det meste ho prøver å seia, skjønnar me lite av. Men ho forstår veldig mykje av det me seier til henne, og prøver å gjera seg forstått med å peika og visa oss kva ho vil. Dei to andre jentene mine har vore tidlegare med språket enn det E. er. Men så lenge ho klarar å gjera seg forstått, og skjønnar mykje av det me seier til henne, så er det vel greit. 

E. vil ikkje lenger sitja i vogna, og det er litt slitsomt synst eg. Etter max 10 minutt blir ho sint, nektar å sitja der meir, skriker,  og prøver å koma seg ut av vogna. Og det er veldig stressande å ha ein 1-åring gåande rundt som eg må passa på heile tida, når eg f.eks skal gå rundt i butikkar. Seint går det også, når ho absolutt skal gå sjølv. E. kan sitja lenger i vogna når me er ute, men inne i butikkar og sånn nektar ho! :bond:

Vogna me har, er Baby Jogger City Elite. Eg er kjempefornøyd med vogna. Men ein ting eg irriterer meg litt over, er at ryggen på vogna ikkje går an å ta heilt opp. Så ryggen skrår alltid litt bakover, sjølv om eg tar ryggen så langt opp det går. E. vil aldri sitja i den stillingen når ho er våken, då vil ho opp og sjå. Så ho held seg alltid fast i bøylen på vogna, sånn at ho kan sitja heilt oppreist. Men då får ho ikkje støtte i ryggen, og det blir nok sikkert tungt for henne å sitja sånn. Så då blir ho lei, og vil ut av vogna. :sad:

No har eg funne ut at det finst ein stropp ein kan kjøpa som ekstrautstyr til vogna, som ein festar bakpå seteryggen får å få vognryggen heilt opp. Fann ut at dei har den på lager i ein nettbutikk, så tenkte eg skulle bestilla ein sånn stropp. Kanskje det kan hjelpa, sånn at E. blir litt meir fornøyd når ho sit i vogna? Det einaste som var litt irriterande, var at frakta var dyrare enn stroppen! :sur: Men viss det kan hjelpa sånn at E. blir meir fornøyd i vogna, så er det absolutt verdt pengane likevel! Det er uansett ikkje store summar det er snakk om. ;)

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Tonio skrev:

Angående ryggen så har jeg på en facebookgruppe om vogner sett mange anbefaler en stropp for det varmt, de er ikke veldig dyre (eksempel). :Nikke:

Ja, det er ein sånn stropp eg har sett på. :jepp: Eg visste ikkje at det fanst noko sånt, før for kort tid sidan. Eg prøvde å bestilla den stroppen frå ei nettside som heiter mamma-mia. Men så gjekk det visst ikkje an å bestilla varer for under 200 kr, så då vart eg litt irritert. :sur:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No fekk eg bestilt den vognstroppen på Barnas Hus, og har fått den i posten! :jepp: Problemet no er at eg ikkje skjønnar korleis stroppen skal festast på vogna. :sur:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...