Gjest gjest1 Skrevet 25. april 2006 #2022 Skrevet 25. april 2006 God bedring til deg vennen. Den hodepinen din høres IKKE noe særlig ut.
Linn3c Skrevet 25. april 2006 Forfatter #2023 Skrevet 25. april 2006 Hovudverken har gitt seg, og takk for det. Eller eg skal vel ikkje snakka verken for høgt eller for tidleg om det. Men eg var såpass at eg klarte å vera med på visning. Var på fire i dag. Gjekk greit det. Men ingen som rakk heilt opp til krava våre. For å ha det på det reine så er vel det viktigaste kravet vårt kveldssol. Og det neste på lista er utsikt. Helst sjøutsikt. Klem til veslo og Heidi76
Linn3c Skrevet 25. april 2006 Forfatter #2024 Skrevet 25. april 2006 No er det på tide å ta kveld her Natta!
Linn3c Skrevet 26. april 2006 Forfatter #2025 Skrevet 26. april 2006 Ikkje jobb i dag heller, nei. Ringde nettopp til legekontoret for å få meg ein time, men legen er der ikkje på onsdagar. Er det ikkje typisk? Men uansett hadde eg jo håpt på å få sjukemelding, så time i morgon klokka to gjer meg ingenting. Etterkvart kan eg jo kanskje få planlagt litt for elevane mine? Men ikkje i dag. I dag skal eg berre slappa av og halda meg i ro. Kanskje ein liiiten tur ut i frisk luft. Og så får eg jo forhåpentlegvis besøk litt seinare i dag.
Linn3c Skrevet 26. april 2006 Forfatter #2026 Skrevet 26. april 2006 No har eg sett på oppvaskemaskina og tørketrommelen. Skal, når eg orkar, sette på ei klesvaskemaskin også. Men ikkje akkurat no..
Linn3c Skrevet 26. april 2006 Forfatter #2027 Skrevet 26. april 2006 Eg gløymte visst heilt å sei det, men eg trur eg har kjent liv i magen min! :-D Kjente det først for eit par dagar sidan, men tenkte ikkej noko meir over det. Men i går kveld då eg skulle sove kjente eg det tydeleg igjen og låg og prøvde å kjenne det utanpå slik at mannen også kunne kjenne det. Var akkurat som leamus, inni magen. Kjempegøy!
Gjest gjest1 Skrevet 26. april 2006 #2028 Skrevet 26. april 2006 Så gøy med aktivitet!!!! Eg er lei for at eg ikkje kunne komme på besøk idag vennen... Men håpar å få treffe deg i morgon då...
Linn3c Skrevet 26. april 2006 Forfatter #2029 Skrevet 26. april 2006 Det ordnar seg sikkert vennen. Berre bli frisk du!
Linn3c Skrevet 26. april 2006 Forfatter #2030 Skrevet 26. april 2006 Sliten etter ein lang dag med ingenting. Trur eg tek inn årene for i dag no.
Linn3c Skrevet 27. april 2006 Forfatter #2031 Skrevet 27. april 2006 God morgon! Litt seinare oppe i dag enn i går. Skal snart til doktoren. Må berre innom apoteket ein liiten tur fyrst. Og kanskje innom butikken også. Så eg får vel berre komma meg avgarde. Sjåast seinare
silvius Skrevet 27. april 2006 #2032 Skrevet 27. april 2006 Hei! Berre innom for å gje ein lyd fra det blide sørland før eg forlater det Kjempeglad i deg snuppo!!!
Linn3c Skrevet 27. april 2006 Forfatter #2036 Skrevet 27. april 2006 Formen er sånn opp og ned. Var til legen i dag og han meinte at eg stressa litt for masse. Det har han nok rett i. Men det er jo så masse som skjer no. Eg vart sjukemeldt ut morgondagen, så eg skal på jobb igjen på tysdag, etter svangerskapskontrollen.
Gjest gjest1 Skrevet 27. april 2006 #2038 Skrevet 27. april 2006 La mannen ta stressinga for denne gang ← Enig!! Du treng ikkje stress no vennen min!! Glad i deg eg!! Gledar meg til å sjå deg att!!
Linn3c Skrevet 27. april 2006 Forfatter #2039 Skrevet 27. april 2006 Hehe. Men hus-"sjåpping" er jo så kjekt! Me kosar oss på visning og frestiller oss korleis livet vil bli viss me bur akkurat her eller akkurat der. Småtten romsterar rundt inni der for tida. Har leamus i magen kvar kveld no. Så gøy! :-D
Glossy Skrevet 28. april 2006 #2040 Skrevet 28. april 2006 Så gøy med liv i magen Bare koselige ting å se frem til nå Ha en super helg i fineværet!
Fremhevede innlegg