Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Fremhevede innlegg

Skrevet

Lagar laurdagsmiddag i dag. Måtte innvie 7-11 nedanfor oss, så då var me innom og kjøpte litt mjølk. Lagar graut no ;)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Grattis med 100 sider :hoppe:

Ville bare ønske deg en fin uke!!!

:klem:

Skrevet

Klemmar til alle! :klem::kose: :klem2:

Er på jobb no. Er nokså frustrert over to av elevane mine akkurat no, men skal ikkje gå i detalj, sidan eg ikkje har lov til det.. ;)

No har eg to fritimar, eller undervisningsfrie er vel rettare sagt sidan eg har eindel arbeid å gjera. Så då tenkte eg berre å suse innom her litt før eg tok til med jobbinga.

Irritert på meg sjølv i dag som har klart å gløyma skulenøklane mine heime. Er totalt avhengig av at andre anten har låst opp eller ikkje har låst igjen klasseromma. Keisamt for på denne skulen har me reglar som tilseier at alle klasserom skal vera låste i friminutta og alle elevane skal ut. Menmen. Det går seg nok til. Har berre to undervisningstimar igjen i dag, så det går nok bra.

I går var eg på visning. Langt utanfor sentrum. Lurer litt på om den arbeidsvegen er noko eg orkar kvar dag. Det må vurderast nøye. Opp og ned og i mente. Der eg var i går var eit fint rekkehus med sjøutsikt. Ganske bra. Men det er visning på ein einebustad nesten same staden på onsdag, så eg trur me heller ventar på den. Sidan me heller kan tenka oss einebolig enn rekkehus. Prisen var ikkje såå forskjellig heller. Men einebustaden var større.

Men no må eg avgarde å kopiera noko (fy-fy), sidan elevane mine berre har ei bok på deling på 10 elevar..

Sjåast!

Skrevet

Ja dere styrer med visninger og boligsalg om dagen ser jeg. Jeg har mistet nettet helt :( Så nå er jeg innom en kafe for å oppdattere meg litt. Vi flytter til helgen så etter det blir det i alelfall nett fra UPC og ikke fra Nextgentel!

Skrevet

Ja, eg styrar med visningar. Mannen har spelt når han har hatt mulighet til det. Både fredag og søndag spelte han masse. Laurdag var me jo i brylluap, så då vart det heller labert med spelinga. Men joda, han spelar så ofte han kan.

No har eg nett laga plan over dagens visningar, eg skal på fire stykk. Rart at dei legg alle visningane same dagen..

Men no må eg sluka middagen før eg set i gong dagens maraton ;)

Skrevet

Jeg har ikke faatt med meg de store nyhetene foer naa, jeg! :sjenert: Saa her kommer et litt forsinket

GRATULERER med graviditeten! Oensker deg og den lille spiren alt godt fremover!

:blomst:

Skrevet

Ja det blir et styr med visninger det der ;)

Skrevet

Er jo veldig gøy med visninger da!!! :)

Men hvor ser dere henne?? utover der som du jobber eller??

Håper magen har det bra ;)

Skrevet

Holly Hobbie: Tusen takk. :blomst:

liv og Glossy: No er eg heime og tilbake etter ein liten kvil på senga. Kjempegøy å gå på visning, men slitsomt. I alle fall med tre-fire stykk på ein dag. Eg hadde notert feil tidspunkt på den eine visningen, så den gjekk ut. Var innom på adressa, men det var ingenting der. Ringte til bror min og han dobbeltsjekka tidspunktet og så viste det seg at eg var ein halvtime for tidleg ute. Noko som igjen ikkje passa med neste, så då drog eg berre vidare.

Den fyrste eg var på såg veldig fin ut på bileta på nettet, men vart veldig skuffa då eg såg det i røynda. Det var gamalt og mørkt og masse jobb. Og det vil me ikkje ha! Ein kjøper seg ikkje jobb ;) Den andre var også veldig mørk, og låg veldig nedi ei "grop" på ein måte. Den tredje gjekk som sagt ut, sidan eg hadde sett feil på tida. Den fjerde var heilt grei, men den næraste naboen var ei høgspentlinje. Noko som er heilt uaktuelt.

Alt i alt ingen som var noko for oss i dag. Har berre sett på eitt hus me kan tenkja oss å bu i, og det gjekk jo for 2,950,000 kr. Noko som er mellom 6 og 700,000 meir enn me har råd til. ;)

Glossy: Me såg litt i den retninga i dag, men trur ikkje det blir til at me flyttar dit. Blir nok mest aktuelt at me flyttar litt nordover slik det ser ut no. Må berre finne det perfekte huset fyrst. Og om ikkje det ligg nordover, så er ikkje det verdas undergang om me lyt flytta i ein annan retning heller.

Magen har det fint forresten. Har ikkje teke steget å flytta dagboka mi enno, for eg veit at det blir masse anna prat i dagboka mi framover enn berre babyprat. Men eg ventar på at det skal byrja å sparka og bevega på seg inni der. :) Neste svangerskapsundersøking er allereie på neste tysdag. Og så er det fyrste jordmortime 16. mai før det er UL 29. mai.

*glede seg*

Gjest gjest1
Skrevet

Spennande å lese om magen din vennen... :klem:

Har du oversikt over de neste dagane med visningar?

Skrevet

Trur det er ein visning i morgon, men har mista oversikten litt. Skal sjekke litt no før eg legg meg :)

Gjest gjest1
Skrevet

Gjer det du søta mi!! Gi meg ein lyd om du plutseleg får tid til noko då!! Kjempe-glad i deg!! Stooor :klem:

Gjest gjest1
Skrevet

Skal si du er en travel dame om dagen.

Spennende med visninger men også litt slitsomt.

Håper du er fin form ellers. :kose:

Skrevet

14 veker i dag! :hoppe:

Småtten " feirar" dagen med å gje mammaen sin kanonvondt i hovudet. Og nedover ryggen. Så eg har lege i senga fram til no. Er både lyssky og var for høge lydar. Merkar at dette ikkje er den beste plassen å vera heller. Men fjernsyn er heilt uaktuelt, for der bevegar jo ting seg ukontrollerbart. Og her kan eg då i det minste kontrollera om ting skal flytta seg eller ikkje. Det einaste minuset her er at det er så lyst.. Lesa bok klarar eg heller ikkje for det er så intenst. Så då blir eg nok sitjande her ei lita stund. Fram til eg går å legg meg igjen.

Visningane for dagen går vel gjerne ut om eg ikkje blir betre. Mannen skulle ta oppgåva med å lage "runde" i dag, sidan eg gjorde det i går. Menmen. Kanskje me berre skal utsetja det heile til i morgon?

Skrevet

Det er gøy med visning!

Og flytting og egentlig.. Bortsett fra all den bæringa og stresset. ;)

Skrevet

Ja, lurer på om det er stresset som har tatt overhånd i kroppen min i dag. Eller om det er hormonar. Eller kva det er. Eg orkar i alle fall ingenting..

Skrevet

Håper formen blir bedre. Aldri gøy med slike dager nei!!!

De legger ut et helt nytt felt i min bo retning, hvis det er noe gøy! Tror de er fine... Gi meg en pm så kan eg sende deg linken hvis du vil ;)

:vinke:

Gjest
Dette emnet er låst for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...