Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

Eg fekk positiv EL-test på søndag (31. januar). Så då forventar eg mensen 15. eller 16. februar. Då kan eg endelig begynna på medisinar, viss alt ser fint ut! :) 
 
Ringte klinikken i går, og spurte om eg kunne få ein UL-undersøkelse før mensen kjem, for å sjå om alt ser greit ut før eg skal starta på medisinar. Eg vil vera sikker på at eg ikkje har nokon cystar eller anna tull, etter det som skjedde før jul då eg vart innlagt på sykehuset med sprukne cystar.
 
Håpte at eg skulle få ein gratis UL-undersøkelse. Me har jo betalt for ein 3-pakke, så eg trudde kanskje det var inkludert UL før nytt forsøk. Men neida, UL før nytt forsøk var visst frivillig. Så eg må betala over 1000 kr for den ultralydundersøkelsen. :sur:
 
Eg skulle få tilsendt resept på medisinar i posten. Trur eg skal ta dei samme medisinane som sist, så det blir nok ikkje noko nytt. Kanskje like greit? :vetikke:
 
Så har eg begynt å stressa litt med det der skjemaet og kvitteringane som skal sendast til Helfo, for å få dekka medisinutgifter. Reknar med at me kjem over den grensa dette forsøket, så då må vel alt sendast inn. Fekk eit skjema som legen hadde fylt ut ved forrige forsøk, der me også må skriva på noko. Må me få nytt skjema dette forsøket, eller skal alt skrivast på det samme skjemaet? Legen hadde også kryssa av for at det første forsøket vårt var avbrutt (alternativa var fullført eller avbrutt). Og det stemmer jo ikkje! Er det nokon som har greie på dette her? Eg får uansett spørja legen ved klinikken, neste gang eg snakkar med han.
Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

I dag har eg vore på ultralyd, og alt gjekk heldigvis fint. smil.gif

Ingen cystar å sjå denne gangen. Men det såg ut som om eg kunne ha hatt ein cyste på høgre eggstokk, som hadde sprukke. For legen viste meg at eg hadde noko væske i livmora. Det kan nok forklara dei eggløysingsliknande smertene eg har hatt innimellom etter eggløysing. Det hadde eg også den syklusen i desember, då eg vart innlagt på sykehuset med sprukne cystar og sterke smerter. Derfor var eg ganske nervøs før dagens UL, men no kan eg pusta letta ut. ;)

Skjønnar ikkje heilt kvifor eg har begynt å få cystar etter EL. paranoid.gif Men det viktigaste er uansett at alt såg fint ut no. smil.gif Så då reknar eg med at eg begynnar på medisinar over helga! Eg ventar mensen mandag eller tirsdag. 

Livmorslimhinna var forresten på 10 mm, uten at det har nokon betydning, sidan me skal ha forsøk først i neste syklus. Får berre håpa at livmorslimhinna ikkje blir tynnare neste syklus. Den var på 9 mm då me hadde fryseforsøk i naturlig syklus i desember, så litt kjedelig at livmorslimhinna var tynnare då enn no. Men eg veit egentlig ikkje om 1 mm har så mykje å seia. Er det nokon som veit? :forvirra:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg var forresten hos ein annan lege i dag, enn eg har vore hos før. Han snakka litt om sjansane våre for å lykkast - noko som var til min fordel, og noko som ikkje var det. Så då går det vel opp i opp kanskje? anerikke.gif

Det som tala til fordel for meg, var at eg treng ganske lav medisindose (150 IU), for å få modna mange nok egg. Legen sa at jo lavare dose medisinar ein tar, jo bedre kvalitet blir det på egga. Og at dei som må ha veldig høge medisindosar, får dårligare kvalitet på egga. Dette visste eg faktisk ikkje frå før, så det var interessant å få vita. blunket.gif Og positivt for meg sjølvsagt! Legen sa til og med at i min alder (eg er 39) var det vanlig med mykje høgare medisindosar, og at det var uvanlig at kvinner på min alder fekk tilbud om å kjøpa ein sånn 3-pakke, sånn som me har gjort. 

Og så det som absolutt ikkje taler til min fordel (som eg var klar over frå før): Alderen min! paranoid.gif Eggkvaliteten hos ein 40-åring er sjølvsagt mykje dårligare, enn hos ei kvinne i 20-åra. Og legen sa at sjølv om eg fekk ut mange egg på egguttak, så var jo egga mine likevel like gamle som hos alle andre kvinner på min alder, og av dårligare kvalitet enn hos yngre kvinner. Han sa at av 10 modne egg hos ein 25-åring, ville i gjennomsnitt 3 av dei 10 egga ikkje kunne bli til barn. Mens hos ein 42-åring var det motsatt. Då kunne ein rekna med at kun 3 av dei 10 egga kunne bli til barn. No er eg ikkje 42 før om nesten 3 år. Men eg nærmar meg 40, så eg kan vel kanskje då håpa på at max 4 av 10 modne egg hos meg kan bli til barn? anerikke.gif

Men når eg først skal ha alderen mot meg, så er eg iallfall glad for at eg har ein liten fordel med tanke på at eg treng ganske lave medisindosar. smil.gif Eg må jo prøva å fokusera på det positive! blunket.gif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld det skjemaet som må sendast inn til Helfo for å få dekka medisinutgifter, så stemte det at det var kryssa av feil på skjemaet. Det skulle sjølvsagt stå at forsøket var fullført, og ikkje avbrutt! ;) Men no trengte eg visst ikkje det skjemaet likevel, for me skulle få eit nytt skjema no når me skal ha vårt 2. ferskforsøk. Eg må berre hugsa på å senda inn skjemaet og alle kvitteringane, når eg har kjøpt alle medisinane eg treng til dette forsøket. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Steikje, her blir det spennende fremover. Jeg venter også mensen mandag eller tirsdag, high five! ;) 

Gleder meg til å følge deg videre altså! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Weebs skrev:

Steikje, her blir det spennende fremover. Jeg venter også mensen mandag eller tirsdag, high five! ;) 

Gleder meg til å følge deg videre altså! 

Satsar på at me får mensen på samme dag då! ;) Skal du i gang med forsøk og, eller prøver du å bli gravid på naturlig måte?

Ja, dette kan bli veldig spennande, men også skummelt! Vil så gjerne ha klaff no. Mannen min er ikkje med på fleire forsøk, etter at dei tre forsøka med har betalt for (+ eventuelle fryseforsøk) er oppbrukt. Så eg føler at det må skje noko snart! Håpar virkelig at dette andre ferskforsøket vårt går veien. 

Eg har god erfaring frå før med å bli gravid på denne tida av året, så kanskje det slår til igjen? Alle 4 gangane eg har blitt gravid (har mista to av gangane), så har det skjedd i ein av dei tre første månedane i året! ;) Så januar, februar og mars er på ein måte mine gravidmånader. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Angående slimhinne, så mener jeg den skal være på 8, et eller annet eller mer. Så 9 mm er vel fint. Jeg hadde 10 mm under mitt forsøk.

Håper inderlig du får klaff denne gangen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi prøver på naturlig måte, enn så lenge :) Samboer har to barn fra før ved hjelp av IVF, så jeg var ganske sikker på at vi kom til å ende opp med det samme. Sædprøven hans fra den tiden viste en hel haug med svømmere, men de var visst litt late. Men etter klaff ved første forsøk  hos oss tenkte vi at han hadde supersvømmere likevel. Men så mistet jeg, og nå er vi på PP5. Jeg begynner å lure litt på om han hadde én god svømmer, og den er brukt opp :ler: Terskelen er litt lavere for å få angst kjenner jeg, så har allerede bestilt ny prøve til mannen denne måneden ;) 

Oi, det blir litt vel spennende med tanke på at mannen ikke vil mer! Krysser søren meg alt jeg har for februar og mars :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Harlekin skrev:

Angående slimhinne, så mener jeg den skal være på 8, et eller annet eller mer. Så 9 mm er vel fint. Jeg hadde 10 mm under mitt forsøk.

Håper inderlig du får klaff denne gangen!

Ok, då er kanskje 9 mm litt lite? Eg hadde 9 mm når eg hadde fryseforsøk, og 10 mm denne gangen (når me dessverre ikkje har noko forsøk). Veit ikkje kor mange mm slimhinna var på då me hadde vårt første ferskforsøk. Eg tenkte ikkje på å spørja, og eg kan heller ikkje hugsa at legen sa noko om det.

Det er så kjekt at du har blitt gravid igjen, Harlekin! :hoppe: Håpar virkelig at eg kjem etter snart. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Weebs skrev:

Vi prøver på naturlig måte, enn så lenge :) Samboer har to barn fra før ved hjelp av IVF, så jeg var ganske sikker på at vi kom til å ende opp med det samme. Sædprøven hans fra den tiden viste en hel haug med svømmere, men de var visst litt late. Men etter klaff ved første forsøk  hos oss tenkte vi at han hadde supersvømmere likevel. Men så mistet jeg, og nå er vi på PP5. Jeg begynner å lure litt på om han hadde én god svømmer, og den er brukt opp :ler: Terskelen er litt lavere for å få angst kjenner jeg, så har allerede bestilt ny prøve til mannen denne måneden ;) 

Oi, det blir litt vel spennende med tanke på at mannen ikke vil mer! Krysser søren meg alt jeg har for februar og mars :) 

Takk for det! :klem: Ja, det er ekstra spennande og skummelt, når eg veit at me har så få sjansar igjen. Klarar liksom ikkje å sjå for meg at eg kanskje aldri skal få meir enn to barn. :sjenert: Eg som alltid har ønska meg minst 4 barn! :sukk:

Kryssar fingrane for at dåke får klaff igjen snart, og slepper ivf!:tommel: Veldig trist å mista, når ein endelig har klart å bli gravid. Eg har opplevd det to gangar. Eg vart forresten gravid med eldstejenta mi først etter 8 prøveperiodar. Den gangen prøvde me på eiga hand. Så du har absolutt gode sjansar for å bli gravid igjen uten ivf, vil eg tru. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg håper også vi klarer det igjen! Vi var så kry da det klaffet sist og bare "det er meant to be oss to!" :fnise:

Å miste er søren meg mye verre enn jeg noen gang hadde forestilt meg. Tok lang tid før jeg kunne snakke om det uten å briste ut i gråt. Tiden hjelper, og det hadde absolutt hjulpet enda mer om vi hadde blitt gravide igjen snart! :)  Ikke spre det, men jeg har også lyst på fire barn innerst inne ;) Inkludert de han har fra før da. Men vi får se :) 

Og så kjekt å lese når du skriver nynorsk, forresten! Jeg hadde det i ni år på skolen, men når jeg prøver meg nå så merker jeg at det er mye jeg har glemt ut :dry:

Du skal berre sjå at det klaffar igjen snart! ;) Eg har absolutt trua. :)

Ja, det å mista er utrulig vondt og trist, sjølv om det skjer tidlig i svangerskapet. :( Begge gangane eg mista, har det vore etter å ha prøvd å bli gravid i meir enn eit år. Eg har vore så glad når eg endelig har fått positiv graviditetstest, og allerede begynt å gleda meg - for så å måtte sørga over at det ikkje vart nokon ny baby på meg likevel. :trist: Og ikkje minst frykten for at eg ikkje skal bli gravid igjen. Eg har opplevd MA begge gangane. Ingen blødningar, men graviditetssymptoma har forsvunne, og eg har kjent mensliknende smerter. For deretter å få sjå eit foster uten hjerteaktivitet på UL. Det har vore det aller verste. :( Håpar aldri me må oppleva å mista igjen, nokon av oss. :klem:

Fire barn høyrest heilt supert ut synst eg, så gøy at du også ønskjer deg like mange! :) Eg lovar å ikkje spre det. ;) Då blir det vel to eigne barn på deg då, og mannen din sine to i tillegg? Eg har sjølv vakse opp i ein stor familie, der me var 5 søsken. Og eg har alltid sett på det som veldig fint å ha mange søsken og stor familie. :)

Eg har alltid skrive nynorsk, så det er det som følest mest naturlig for meg. :) Prøvde ein periode å skriva bokmål inne på forskjellige forum, for å vera mest mulig anonym, og ikkje bli gjenkjent så lett. Men det føltest berre heilt feil, så eg gjekk raskt tilbake til å skriva nynorsk igjen. :fnise:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi opplevde det samme! MA i uke 8 her. Symptomer forsvant og null liv på ultralyd. Selv om gynekolog forsikret meg om at dette er vanlig, og nesten alle som har flere barn har opplevd dette. Det er liksom ikke en supertrøst selv om det sikkert er sant. Hylskreik likevel jeg :rolleyes:

To egne pluss hans to, ja! Jeg må selvsagt se hvordan det blir med den ene først da ;) 

MA er noko dritt altså! Eg skulle faktisk ønska at eg berre hadde begynt å blø, og hatt ein vanlig SA. Skikkelig kjipt å gå rundt i fleire veker og føla at noko er gale, men ikkje vita sikkert. Før ein endelig er kome langt nok på vei til at det skal vera hjerteaktivitet om alt er som det skal. For så å koma på UL, og få bekrefta det ein har frykta, at det ikkje er liv. :( 

Og så all den dritten ein må gjennom for å få ut alt etterpå. Eg har prøvd både Cytotec, og hatt utskraping. Både vondt og trist å gå gjennom noko sånt. :trist: No fortener me ein levande baby i magen, både du og eg! :klem:

Kan sikkert vera lurt å få to barn saman med mannen din, sånn at det første barnet ditt får eit søsken å veksa opp i lag med. Ein veit jo aldri kva som skjer i framtida. Viss du og mannen din ein gang skulle gå frå kvarandre, så er det jo ikkje sikkert at barnet ditt lenger får ha kontakt med mannen din sine barn (om du kun får eitt barn). Ein tenker som oftast ikkje på sånne ting når alt er bra, og ein ser for seg å leva saman for resten av livet. Men eg har sett at det kan vera lurt å tenka gjennom sånne ting på forhånd. Eg har høyrt om fleire andre som har vore i din situasjon, og som har valgt å få kun eitt barn saman med mannen sin fordi han hadde barn frå før, og dei såg på hans barn som sine barn. Men så tok forholdet slutt ein dag, og barnet deira sat plutselig igjen som enebarn. Og spesielt sidan du seier at du ønskjer deg mange barn, så kan jo dette vera noko å tenka på. ;) Men sjølvsagt er eg heilt enig i at du først må sjå korleis det er å ha eitt barn, før du vurderer å få fleire. :) Du er jo mest sannsynlig ikkje gravid ein gang enda. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Mirabella76 skrev:

Selv om dette er veldig ubehagelige tanker så har de vært innom, ja :P Også det at det blir stor aldersforskjell mellom vårt og hans barn. Jeg var selv attpåklatt og savnet veldig å ha tette søsken. Jeg husker jeg til og med var misunnelige på de som fikk kranglet med søsknene sine. Jeg hadde liksom ingenting å krangle med mine om, vi hadde totalt ulike interesser. Jeg likte Barbie, de likte å kjøre moped :fnise: 

Har luftet fire barn for han her hjemme, men da bare fnyser han! Tar opp dyre feirer, ny bil, får ikke tid til å følge opp alle barna med deres fritidsaktiviteter... 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Weebs skrev:

Ja, sånne tankar er ubehagelige, men viktig å tenka gjennom slike ting likevel, synst eg. Det er bedre å ha tenkt ubehagelige tankar på forhånd, sjølv om dei kanskje aldri blir noko av - enn å plutselig vera i ein situasjon ein aldri hadde sett for seg å koma i, og angra på at ein ikkje tok andre valg før det var for seint. Enten det gjeld valget om kor mange barn ein skal få, eller noko heilt anna. 

Eg og mannen min har hatt dårlige periodar innimellom, såpass ille at eg har vurdert å gå frå han (men det går heldigvis ganske greit med oss for tida). Men eg veit likevel ikkje om eg lenger ser for meg at me skal vera saman for resten av livet. Sånn følte eg det ikkje før. Då eg gifta meg med mannen min, tenkte eg at eg ville bli gammal saman med han.

Mannen min ønskjer seg egentlig ikkje fleire barn. Han har til og med sagt at han hadde hatt det heilt fint om han ikkje hadde fått barn i det heile tatt. Eg har fortalt han kor viktig barn er for meg, og at eg alltid har ønska meg mange barn. Så han veit at eg hadde gått frå han, om han hadde nekta å få barn. Der har eg heldigvis stått på mitt heile tida, for akkurat det med barn har vore heilt avgjerende for meg! Eg kunne aldri ha vore lykkelig som barnlaus, det er eg 100% sikker på.

Mannen min har også prøvd å overtala meg til å byggja hus på ein liten og ganske øde plass, der han har vakse opp. Før me fekk barn tenkte eg at det kunne jo kanskje ha vore ok. No er eg så utrulig glad for at eg aldri sa ja til det! For det første hadde eg då kome enda lenger vekk frå min familie. Og viss eg og mannen min går frå kvarandre ein gang, så ville det ha vore skikkelig kjipt å bu på ein øde plass der kun hans familie og slektningar bur! Eldste jenta mi har begynt på skulen, så då ville det jo ha vore best om ho fekk fortsetja på den samme skulen som ho allerede gjekk på. Og då måtte vel eg og ha blitt buande på den plassen fortsatt, og det ville ha vore ein ekstremt kjip situasjon!

Så eg har blitt veldig bevisst på å tenka på kva eg sjølv vil, og ikkje la andre få bestemma ting som gjeld meg, uten at eg virkelig er enig i det. Enten det gjeld kor mange barn eg skal få, kor eg vil bu, eller noko anna. Før svarte eg ofte at eg veit ikkje heilt, eller at det har eg ikkje tenkt på, når mannen min spurte meg om noko som eg synst det var ubehagelig å svara nei på, fordi eg visste at han ikkje ville lika det ærlige svaret mitt.

No giddar eg ikkje det lenger. No seier eg akkurat det eg meinar, så får han lika det eller ikkje. Eg giddar ikkje å sitja i ein kjip situasjon om nokon år, fordi eg ein gang gjekk med på noko eg innerst inne ikkje var sikker på om eg ville. 

Eg har forresten vakse opp i ein familie der me var 5 søsken. Oss 4 eldste vart født i løpet av 5 år, så me var veldig tett i alder. Og det var utrulig kjekt å alltid ha nokon å leika med og finna på ting i lag med. :) Eg følte meg aldri åleine og ensom. Så eg skjønnar godt at du sakna søsken i oppveksten, som var tett i alder. Blir ikkje heilt det samme med nesten vaksne søsken, når ein sjølv er eit lite barn. ;)

Du får forklara mannen din at det er viktig for deg med to eigne barn, som alltid har kvarandre uansett kva som skjer. Eg har iallfall erfart at sjølv om mannen min seier nei til noko i utgangspunktet, så kan han plutselig forandra meining når han skjønnar at eg meinar alvor. ;) 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Tusen takk for et langt og bra svar! Hvis dette er noe jeg fremdeles føler når førstemann er på plass så skal jeg absolutt ha den alvorspraten med han! :)  Isj, blir litt nervøs av tanken. Et par vi kjenner vurderer fjerdemann nå, og samboer forstår ikke hvorfor. Han ser kun ulemper med fire barn... :rolleyes:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Weebs skrev:

Det høyrest ut som ein god plan! :tommel: Sjølv om mannen din føler det sånn no, så tenker han kanskje anneis etter kvart som dei to barna hans blir størrre, og klarar seg meir sjølv. :) Viss ikkje, så får du ta ein alvorsprat med han når/viss den dagen kjem, at du ønskjer deg barn nr. 2! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mensen kom i dag, som forventa. Så eg ringte klinikken, for å få ein plan for vårt 2. ferskforsøk denne syklusen. I morgon skal eg begynna med medisinar (sprøyter). Skal ta Menopur 150 IU, som sist. Orgalutran ( som også er sprøyter), skal eg begynna på nokre dagar seinare. Eg har fått time til UL-kontroll onsdag i neste veke.

Så då er eg klar igjen, håpar eg! :sjenert: Eg synst ventetida denne siste månaden har vore utrulig lang. Likevel gruar eg meg til å gå i gang igjen. Er så redd for negativt resultat enda ein gang, og at forsøket ikkje skal gå som planlagt. Men eg får prøva å vera optimstisk, sjølv om eg ikkje heilt klarar å tru på at dette skal gå bra. No skjer det iallfall noko, og det er uansett bra! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenk at du er i gang allerede! Det var fort ;) Men jeg er jo vant til ventetiden i det offentlige ... Skjønner godt følelsen av ambivalens, slik hadde jeg det også. Jeg ville gi opp underveis og følte ofte at det ikke var verd det. Men jeg vet jeg ville ha angret om jeg ikke gjorde mitt ytterste og brukte de 3 forsøkene vi hadde rett på. Det synes jeg du også skal. Hvis det ikke går, så har du i alle fall ikke latt noe være uprøvd. Masse lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...