Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Den 16.12.2015 at 14.17, Harlekin skrev:
 
Hvordan går det med rugingen, Mirabella? Merket noe enda?
 

 

Den 16.12.2015 at 21.12, Kokos skrev:

Tenker stadig på deg, krysser fingre og sender gode tanker! Håper alt står bra til. :klem:

Takk, kjekt at dåke tenker på meg og lurer på korleis det går! :klem:

Eg har dessverre ikkje noko spennande nytt å koma med. :( Egentlig har eg hatt ein dårlig følelse heilt sidan innsett, på grunn av den cysten som plutselig hadde dukka opp på venstre eggstokk. Det var ingen cyste der då eg var på UL ei veke før innsett. 

Legen såg nemlig veldig skeptisk ut då han oppdaga cysten på UL rett før innsett, etter at han rett før hadde sagt at egget var av toppkvalitet, og at me hadde gode sjansar for å lykkast. Derfor spurte eg også spesielt om cysten kunne gjera at sjansane for å lykkast denne gangen, kunne vera dårligare på grunn av cysten. Legen svarte at det ikkje burde ha noko å seia, men eg såg på kroppsspråket hans at han ikkje snakka heilt sant. 

Eg har jo lest rundt omkring på forskjellige forum, og sett at i veldig mange tilfeller blir forsøk avbrutt, når det blir oppdaga ein cyste. Men det var jo for seint å avbryta forsøket i mitt tilfelle, sidan egget allerede var tint opp. Så då tenkte vel legen at det var best å lata som om alt var greit. Men eg synst absolutt ikkje det er greit når leger prøver å gi pasientane sine falske forhåpninger! Då synst eg heller dei kan vera ærlige, og seia det sånn som det er.

Egget mitt var jo ein blastocyst, klart til å festa seg kort tid etter innsett. Men eg tippar at egget gjekk til grunne veldig fort, fordi forholda i livmora mi ikkje var optimale. For eg har ikkje kjent eit bittelite symptom ein gang! :( Ikkje stikkingar, svake menssmerter eller vannaktig utflod, som har vore dei tidlige symptoma mine før når eg har vore gravid. Og ingen andre symptom heller. Så at dette har gått dårlig, er eg 99,9% sikker på. :sukk:

Eg synst det er skikkelig kjipt at eit perfekt egg skal sløsast vekk på den måten! :( Me hadde berre det eine egget på frys, etter vårt første ferskforsøk. Og då synst eg ikkje det er greit at det blir sånn. Viss me skal ha fleire fryseforsøk seinare, så kjem eg til å kreva UL også mellom eggløysing og innsett. Hadde eg fått ein UL eit par dagar før innsett, så hadde cysten blitt oppdaga. Og då kunne me ha venta med å tint opp egget til ein annan syklus, der alt såg bra ut, og det ikkje var nokon cyste å sjå. 

Det blir nok dessverre ingen positiv test i julegave på meg i år. :trist: Eg får heller kryssa fingrane for at 2016 blir mitt lykkeår!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tok ein billigtest i dag tidlig, 14 dpo, som var heilt negativ. :trist: Var heilt som forventa, men det er jo skikkelig kjipt uansett. :( Føler at me aldri fekk nokon ordentlig sjanse dette forsøket, sidan egget vart sett inn sjølv om legen oppdaga ein cyste på den eine eggstokken. Kva hjelper det vel med eit perfekt egg, når forholda i livmora ikkje er optimale?

Me har virkelig ikkje råd til å sløsa vekk egg på denne måten! :( Eg hadde berre dette eine egget på frys, og me betaler masse pengar for kvart einaste forsøk, sidan me brukar privat klinikk. Eg får ta ein alvorsprat med dei på klinikken etter nyttår, for dette her synst eg var for dårlig! :sukk: 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var leit, Mirabella. Og jeg er enig med deg, man bruker så mye penger, tid og krefter på dette, at man rett og slett ikke kan overlate ting til tilfeldighetene. Jeg har flere ganger tenkt at sykehuset burde bedt om ny sædprøve fra mannen min i forkant av det første (avbrutte) søskenforsøket vårt, ettersom det hadde gått 3 kvart år siden sist og han i utgangspunktet har veldig lavt antall sædceller. Da hadde jeg kanskje ikke hadde trengt å kaste vekk 12000 på medisiner til ingen nytte. 

Hva sier mannen din til dette? Er han med på ev. nytt forsøk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så kjedelig med negativ test igjen 😥

Du har sikkert rett i det du skriver om cysten. Mitt innsett ble avbrutt denne gang pga en cyste.

Håper du og resten av familien får en fin julefeiring likevel!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ja, då var jula allerede over, og eit nytt år er i gang! Me har hatt ei kjempefin jul saman med familien, så det blir rart å koma tilbake til kvardagen igjen. Rart å tenka på at desember alt er slutt, og at me har begynt på eit heilt nytt år. Får virkelig håpa at 2016 blir året der eg blir gravid / får bli mamma igjen, for året som gjekk vart dessverre ikkje vårt babyår. Godt mulig at me startar med nytt forsøk i februar, men eg veit ikkje sikkert enda kva det blir til. Det må for det første passa i forhold til jobben til mannen min, som jobbar i Nordsjøen. Dessuten må kroppen min vera klar for det, og det veit eg ikkje når den er.

Eg hadde nemlig litt av ein opplevelse rett før jul! Fekk ekstreme magesmerter, så eg måtte leggjast inn på sykehuset. deppa.gif Vart sjekka for blindtarmbetennelse, nyrestein, vridning av eggstokk m.m. Enda opp med at smertene sannsynligvis kom av ein sprukken cyste, for eg hadde blod og væske i buken. Eg hadde faktisk sprukne cystar på begge eggstokkane! Så at eg fekk sett inn eit fryseegg av topp kvalitet, når forholda i livmora var så dårlige, var rett og slett ein kjempetabbe av legane ved klinikken! deppa.gif Eg kunne jo aldri ha blitt gravid denne gangen uansett, når forholda i livmora var så elendige. mumle.gif

Eg kjem til å ringa klinikken på mandag, og fortelja dei kva som har skjedd. Og aldri meir om eg vil setja inn eit fryseegg igjen, uten at eg får ein UL mellom eggløysing og mens, for å sjekka om forholda i livmora er gode nok. Det fekk eg ikkje denne gangen, kun ein UL ei veke før innsett, og det var før eggløysing. Og det var absolutt ikkje godt nok! :( Eg synst ærlig talt det er dårlig at legane ikkje kan gjera ein litt bedre jobb, når me betalar massevis av pengar for forsøk ved privat klinikk. Ein ultralyd mellom eggløysing og innsett ved fryseforsøk burde ha vore ein selvfølge, synst eg. Og det kjem eg til å seia, når eg ringer klinikken. Og informera dei om at eg ikkje er fornøyd med måten dette fryseforsøket vart gjennomført på. Det synst eg dei kan få høyra, når det kostar så mykje pengar for kvart einaste forsøk me må gjennom. Me hadde dessuten berre eit einaste egg på frys etter det første forsøket vårt. Og det var ein blastocyst, som eg absolutt ikkje ville sløsa vekk på eit forsøk som var dømt til å mislykkast. :sukk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den ‎21‎.‎12‎.‎2015 at 13.00, Harlekin skrev:

Det var leit, Mirabella. Og jeg er enig med deg, man bruker så mye penger, tid og krefter på dette, at man rett og slett ikke kan overlate ting til tilfeldighetene. Jeg har flere ganger tenkt at sykehuset burde bedt om ny sædprøve fra mannen min i forkant av det første (avbrutte) søskenforsøket vårt, ettersom det hadde gått 3 kvart år siden sist og han i utgangspunktet har veldig lavt antall sædceller. Da hadde jeg kanskje ikke hadde trengt å kaste vekk 12000 på medisiner til ingen nytte. 

Hva sier mannen din til dette? Er han med på ev. nytt forsøk?

Ja, eg er heilt enig med deg! Utrulig dårlig at dei som jobbar ved klinikken og liksom skal vera ekspertar, overlater ting til tilfeldighetane på den måten. Det kan umulig vera første gangen at noko sånt skjer. Så dei burde jo vita at det er viktig med ein ekstra UL før innsett, for å sjekka om forholda i livmora faktisk er gode nok til at eit fryseegg kan tinast opp for å setjast inn i livmora igjen. Viss dei gjer sånt for å spara pengar, så synst eg det er totalt uakseptabelt - så mykje pengar som me faktisk brukar på kvart einaste forsøk, sidan det er privat klinikk. :(

 

Mannen min er med på fleire forsøk ja, for me har betalt for ein 3-pakke som inkluderer 3 ferskforsøk. Me har berre hatt eitt ferskforsøk enda. Dette siste forsøket var jo fryseforsøk, sidan me fekk eit egg på frys etter vårt første ferskforsøk. Så det er vårt 2. ferskforsøk me skal i gang med no.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den ‎24‎.‎12‎.‎2015 at 7.17, QBee skrev:

Så kjedelig med negativ test igjen 😥

Du har sikkert rett i det du skriver om cysten. Mitt innsett ble avbrutt denne gang pga en cyste.

Håper du og resten av familien får en fin julefeiring likevel!

 

Ja, veldig kjedelig! :(

Det med at cystar på eggstokkane ikkje er ideelt ved innsett av egg, fekk eg iallfall bevist til fulle, med tanke på det som skjedde med meg i romjula, då eg havna på sykehus! :( Kunne aldri ha forestilt meg at ein sprukken cyste kunne gi så grusomme smerter, men det var tydeligvis mulig. Eg vil heller føda enn å ha sånne smerter, og det er faktisk ikkje tull ein gang!

Og at legen prøvde å overbevisa meg om at det gjekk heilt greit å setja inn egg, sjølv om han oppdaga minst ein cyste på innsettdagen, synst eg er ganske hårreisande! Eg såg jo på ansiktsuttrykket hans at han egentlig ikkje meinte det han sa. Men då var det jo for seint å avbryta forsøket, sidan egget allerede var tint opp. Så han ville vel lata som om alt var i orden. :( Han kunne i det minste ha vore ærlig, synst eg, og innrømt at dei hadde gjort ei feilvurdering, når dei ikkje tok meg inn på ny ultralyd før innsett.

Me har kost oss masse i jula, heldigvis! :) Godt å kunne slappa av, og tenka på heilt andre ting for ei stund. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag var eg til samtale med legen ved klinikken, som eg har hatt under egguttak/innsett. Eg fortalte alt som har skjedd, med sykehusinnleggelse rett før jul pga sprukne cystar, og at eg synst eg burde ha fått ein UL etter eggløysing, sånn at cystane kunne ha blitt oppdaga før innsett. Sa også at eg følte at me ikkje fekk ein ordentlig sjanse, sidan egget vart sett inn når forholda i livmora ikkje var gode nok.

Legen var ikkje heilt enig med meg i det eg sa. Viss cystane hadde vore der allerede før eggløysing, så hadde det vore noko anna, sa han. For slike cystar kunne produsera ulike hormon, og det var uheldig. Så i sånne tilfeller vart eit forsøk avbrutt. Men i mitt tilfelle var det ingen cystar der før eggløysing, då såg alt fint ut. Dei cystane eg hadde fått etter eggløysinga, hadde danna seg av dei sprukne eggposane. Eg hadde nok hatt eggløysing frå begge eggstokkane. For eggløysingssprøyta kunne gjera at to egg vart modne samtidig.

Poenget hans var vel iallfall at slike cystar som danner seg etter eggløysing, for så å sprikka og bli vekke igjen, ikkje produserer hormon, og derfor heller ikkje er "skadelige" på nokon måte. Han meinte derfor at cystane mine ikkje hadde nokon samanheng med at eg ikkje vart gravid. Han sa at sjansane var like gode som dei ellers ville ha vore. Legen sa til og med at sjølv om eg hadde hatt ein UL etter eggløysing, og cystane hadde blitt oppdaga, så ville ikkje forsøket ha blitt avbrutt av den grunn.

Så då får eg vel stola på at det legen seier stemmer, og at den type cystar eg hadde er ufarlige, og ikkje påvirker eit forsøk negativt. Litt greit å få ei forklaring på det, så slepper eg å gå rundt meir og føla at me sløste vekk eit perfekt egg. Men hadde eg visst om cystane på forhånd, så trur eg nok at eg uansett ville ha venta med innsett av fryseegget, til ein syklus der alt såg heilt perfekt ut. Sjølv om legen meinar at det ikkje har noko å seia, så vil eg heist at forholda i livmora skal vera så bra som mulig, for å auka sjansane for å bli gravid.

__________________
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, så mye du har vært gjennom siden sist. Godt at du fikk snakket ut med legen, forklart hva du følte og også få en forklaring tilbake. 

Krysser fingrene for at 2016 er året det skal skje! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjedelig at superegget ikke funka! Og sprukket cyste er seriøst døden. Når jeg hadde det og spydde hele dagen av smerte så virket det som andre trodde jeg overdrev. "Er ikke sånn cyste bare litt ubehagelig da? Det er i hvert fall ikke farlig."

Nei, det er kanskje ikke farlig, men fy faen. Nå hisser jeg meg litt opp her. Haha. 

2016 er året! Sykt klisjé, men jeg har sagt det til meg selv så mye denne uka at nå tror jeg på det helt og holdent. Overfører litt positivitet til deg :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Den 7.1.2016 at 10.33, Kokos skrev:

Uff, så mye du har vært gjennom siden sist. Godt at du fikk snakket ut med legen, forklart hva du følte og også få en forklaring tilbake. 

Krysser fingrene for at 2016 er året det skal skje! :klem:

Takk! :klem: Ja, eg håpar virkelig at 2016 blir mitt år. :)

Ja, det var veldig greit å få ein samtale med legen, og ei forklaring. Eg har hatt så mange tankar, og følt veldig på at forsøket vårt aldri skulle ha blitt gjennomført. Men no ser eg at det egentlig ikkje vart gjort noko feil, eg var nok berre veldig uheldig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 7.1.2016 at 11.16, Weebs skrev:

Så kjedelig at superegget ikke funka! Og sprukket cyste er seriøst døden. Når jeg hadde det og spydde hele dagen av smerte så virket det som andre trodde jeg overdrev. "Er ikke sånn cyste bare litt ubehagelig da? Det er i hvert fall ikke farlig."

Nei, det er kanskje ikke farlig, men fy faen. Nå hisser jeg meg litt opp her. Haha. 

2016 er året! Sykt klisjé, men jeg har sagt det til meg selv så mye denne uka at nå tror jeg på det helt og holdent. Overfører litt positivitet til deg :klem:

Skikkelig dritt at superegget ikkje funka, ja. :sukk: Eg hadde så store forhåpningar til den perfekte blastocysten min! Men det var vel ikkje noko eg kunne ha gjort annleis, eg hadde nok berre uflaks. :( Så får eg berre håpa på bedre lykke neste gang! :)

Å, så godt å høyra at eg ikkje er åleine om å ha opplevd sånne vanvittige smerter, på grunn av ein sprukken cyste! Eg føler også litt på at folk trur eg overdriver, når eg fortel kor sterke smertene var. Eg hadde ein cyste før, som eg visste om. Då den sprakk, merka eg ingenting. Men dei smertene eg opplevde denne gangen, var rett og slett grusomme. :( 

Eg har født to barn uten smertestillande, og har klart å beholda og kontrollen gjennom heile fødslane, sjølv om smertene har vore intense. Men når eg no var innlagt på sykehuset og smertene var på det sterkaste, så mista eg rett og slett kontrollen. Begynte å hyperventilera, sånn at eg vart svimmel og det prikka i armar og bein, fordi eg var så redd og smertene var så ille. :( Måtte få ekstra oksygen og store mengder smertestillande intravenøst, før eg klarte å roa meg ned igjen. Blodtrykket var også skyhøgt. Ein grusom opplevelse, rett og slett. :(  Under ein fødsel får ein iallfall litt pause mellom riene innimellom. Når eg no var innlagt på grunn av den sprukne cysten, var det derimot ingen pause å få. Smertene var like kraftige heile tida! Huff, for ein opplevelse.

2016 er året! :) Skal prøva å seia det til meg sjølv eg og - kanskje det faktisk virkar? ;) 

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Den 10.1.2016 at 19.56, Susa skrev:

Det hørtes helt grusomt ut med sprukket cyste! Krysser fingrene for at 2016 er året☺

Takk! :) Ja, det håpar eg virkelig at det er. 

Sprukken cyste var ingenting å spøka med, nei. :( Håpar eg slepper å oppleva det igjen. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då var mensen her igjen. :( Kom i dag, som forventa. Eg og mannen min har prøvd på eiga hand denne syklusen. Traff perfekt i forhold til eggløysing denne gangen, men det hjelper tydeligvis ingenting. :(

Så då er det berre å forbereda seg på nytt ferskforsøk neste syklus, som sannsynligvis blir ein gang i midten av februar. Eg skulle visst ta dei samme medisinane som sist, meinte legen. Reknar med at egguttak blir i månadsskiftet februar/mars, og innsett i starten av mars. 

Får berre håpa at denne syklusen min ikkje blir for lang, for då kan me slita med å rekka egguttak før mannen min reiser på jobb i Nordsjøen. Og det vil eg helst unngå, for då må dei frysa ned sperm frå mannen min før han reiser på jobb. Og eg ser for meg at sjansen for befruktning blir litt dårligare då, sidan ein del av sædcellene ikkje vil overleva opptininga. Så eg kryssar fingrane for ein kort syklus denne gangen! :tommel:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 20.1.2016 at 18.01, Kakaoen skrev:

Krysser fingra for deg :klemmer: Kanskje det blir en ny desemberbaby :jepp: 

Takk! :) Ja, kanskje det? ;) Blir i så fall tett med bursdagar her i huset, sidan jentene mine er født i november og desember. Men det skal gå bra, viss eg berre er så heldig å få oppleva å bli mamma igjen! :hjerte:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...