Gå til innhold

Andre bolle(r)


dreia

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

:Gjesp:

Home, sweet home. Me kom heim i går. Det einaste negative med å vera heime, må vera at ein ikkje berre kan trekka i den raude snora og få pleiarane springande hjelpsomme inn til seg. Så langt har det gått i eitt med stell av gutta, (mislykka forsøk på) amming, pumping, mating frå kopp og trøsting. Ikkje berre rååååsa lykkesky. Men heldigvis blir det tid til ein del babykos òg. Nå er det avslapping med lillebror på brystet. :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, jeg husker stresset med amming! Mange gode tanker til deg! Den rosa babyskyen eksisterer nok stort sett på like rosa mammablogger... Kos dere med å være hjemme og bli kjent med veslemann! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ganske intenst i starten når man har to små! Men det går seg til, gi det en uke eller to, så vil jeg tippe mye har falt på plass alt! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjedelig at dere strever med ammingen :klem: Håper det går seg til og at livet som tobarnsforeldre faller på plass så raskt som mulig, i mellomtiden må du kose deg med den lille nyfødte og den store store gutten så ofte som du kan :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Med fare for jinxing: Krabaten har tatt puppen fleire gonger i kveld! :hoppendeglad: Kanskje, kanskje han har knekt etekoden? :pls:

Problemet kom vel då han fekk "tørstefeber" på sjukehuset og måtte få mme i påvente av at melka skulle komma. Inga melk i puppen + enkel eting av melk på kopp = gut som overhodet ikkje har vore interessert i puppen dei siste dagane. Men nå håper eg at det har snudd. Eg har iallfall veldig lyst til å få til amminga. Pumping heile døgnet er iallfall slitsomt! :forvirret:

Pjokken har vore litt interessert i lillebror etter barnehagen i dag. Krabaten har fått mange kosar, heilt uoppfordra, han har sett på storebror bada, og pjokken ville vera med på å skifta bæsjebleie - han både henta ny bleie og var med på å vaska bort bæsjen. Herlige gutane mine! :hjerte: Og i ettermiddag har eg og pjokken leika ute og kosa oss ved leggetid. Eg set så pris på kvalitetstida med vesle pjokken min! :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Krabaten har tatt puppen kvar gong sidan han fekk det til i går kveld. Nå ser eg lyst på den kommande amminga. :strix: Akkurat i dag er det stort sett babylykke! :strix: (I tillegg til litt barseltårer - og savn etter pjokken, som er i barnehagen... Eg blir visst aldri fornøyd. :sjenert: Men eg gleder meg veldig til å leika med han i ettermiddag.)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så hvordan er det med følelsene for lillegutt kontra storegutt? Husker du tenkte litt på det underveis, at du var redd du ikke skulle kunne føle like sterkt for minstemann... Har den bekymringen sluppet taket? =)

Og selvsagt savner du pjokken, det er noe med det å ha begge småtrollene sine hos seg. Joda, det kan være godt når den eldste er ute av huset for en stund, slik at man kan fokusere litt ekstra på den lille, som man jo skal bli kjent med. Men det er jo bare greit for en stund, så vil man ha begge nær seg igjen.

Men så bra at han ser ut til å synes lillebroren kan være litt interessant, det gjør mye for å lage en grunnmur for et fremtidig godt søskenforhold. =)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at krabaten tok puppen i går, håper han fortsetter med det!

Kos med kvalitetstid med pjokken, tenker det er kjekt for han at mamma'n ikke har "aua rompen" lenger ;) Hvordan går deg forresten med bekkenet ditt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med vel overstått fødsel! Håper du koser deg masse med både storebror og lillebror!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:goodbye:

Innom og hilser på!

Må få gratulere deg med status tobarnsmor her inne også. :klem:

Godt å lese at ammingen går bedre! *tummel upp*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Tekola, Susan, Mafalda og Nilla: :vinke:

Så hvordan er det med følelsene for lillegutt kontra storegutt? Husker du tenkte litt på det underveis, at du var redd du ikke skulle kunne føle like sterkt for minstemann... Har den bekymringen sluppet taket? =)

Og selvsagt savner du pjokken, det er noe med det å ha begge småtrollene sine hos seg. Joda, det kan være godt når den eldste er ute av huset for en stund, slik at man kan fokusere litt ekstra på den lille, som man jo skal bli kjent med. Men det er jo bare greit for en stund, så vil man ha begge nær seg igjen.

Men så bra at han ser ut til å synes lillebroren kan være litt interessant, det gjør mye for å lage en grunnmur for et fremtidig godt søskenforhold. =)

Krabaten stiller nok ikkje heeeiiilt i pjokken sin liga ennå når det gjeld følelsar. Eg kjenner han jo ikkje like godt ennå. Men eg kjenner ei veldig sterk beskyttartrang og eg har mange stunder der eg berre nyt synet av den lille krabaten og kjenner ein sterk, varm følelse. Eg trur nok eg er minst like knytta til krabaten nå som eg var til pjokken då han var like gammal, så eg er nok langt mindre redd for at eg ikkje skal bli like glad i krabaten som eg var i løpet av graviditeten. Heldigvis. :)

Men du verden så dårlig samvittighet eg får når eg fokuserer på berre ein av ungane. Fokuserer eg på pjokken, får eg dårlig samvittighet overfor krabaten, og fokuserer eg på krabaten, får eg dårlig samvittighet overfor pjokken. Eg føler at dei berre får meg sånn halvvegs. :sukk: Men, det er vel slik dei har godt av - begge får fullt fokus til ulike tider og må dela oppmerksomheten min innimellom. Dei skal jo læra seg å dela. Det berre føles litt vanskelig til tider... :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at krabaten tok puppen i går, håper han fortsetter med det!

Kos med kvalitetstid med pjokken, tenker det er kjekt for han at mamma'n ikke har "aua rompen" lenger ;) Hvordan går deg forresten med bekkenet ditt?

Her er det fullt puppefokus. Etter at han tok puppen, har han knapt slept taket. Han bruker til og med puppen som hodepute på natta, og søv langt dårligare utan! :daane:

Det er så herlig å få litt kvalitetstid med pjokken. Særlig når me kan ut på leikeplassen (og eg held ut så lenge krabaten ikkje treng mat!) og når me kjører tog eller bilar på golvet. :strix: Eg trur pjokken òg synst det er artig når eg virkelig er med og leiker, og ikkje berre sit på sidelinja og ser på. Han liker veldig godt når me leiker i sandkassen (og eg får låna den blå spaden, den grøne er hans ;) ) og når eg spring og gir han fart i dissa.

Bekkenet er langt bedre, men eg kan fremdeles ikkje gå veldig langt. Krabaten liker heller ikkje å ligga i vogna (iallfall ikkje dei gongene me har prøvd), så det blir lite turgåing på oss. Men eg håper det blir om ikkje så veldig lenge. Det blir herlig med trilleturar på sommaren. Og så har eg nokre gravidkilo (og nokre andre kilo) som bør av. Viss ikkje må eg seriøst på klesbutikken snart. *white trash joggebukse-mamma* :tunge1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Denne gongen har eg klart det: Eg har skrive ned fødselshistoria med krabaten. Og det FØR det har gått ein månad sidan fødsel! :overrasket::hoppe:

Men er det noko eg ikkje klarer, er det å fatta meg i korthet. Korleis kan egentlig ein styrtfødsel bli til 2,5 Word-sider? :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FØDSELSHISTORIE MED KRABATEN

Eg blei lagt inn på føde observasjon onsdagen, med 1+ på proteiner og noko høgt blodtrykk. Torsdag var blodtrykket omtrent det same som dagen før, men det var ikkje utslag på proteiner i urinen. Sidan legen onsdag hadde antyda at det kunne vera snakk om utskriving viss tilstanden blei forbedra, begynte eg å gjera meg klar for heimreise då legevisitten nærma seg i titida torsdagen. Overraskelsen var derfor stor då legen begynte å snakka om igangsetting og ville sjekka tilstanden «down under» like etterpå. Eg var visst moden og hadde ca. 2 cm opning, allerede i veke 37+4, noko som ikkje er uvanlig ved svangerskapsforgiftning, sidan kroppen vil kvitta seg med det som gjer ein sjuk (fosteret og morkaka). Legen tøygde litt, og før eg visste ordet av det, hadde han sett første modningspille. :sjokk: Det var IKKJE det eg hadde forberedt meg på, så eg var passe forvirra og småstressa!

Etter modningspilla måtte eg ligga i ro i minst ein time, og mannen kom på sjukehuset like før den timen hadde gått. Etter dette var det lunsj og eg gjekk litt rundt for å få tida til å gå og kanskje få litt fortgang i sakene. (Sjølv om det for min del gjerne kunne drøya litt før det sette i gong for alvor.) Omtrent 4,5 timar etter første sjekk kom legen og jordmora inn på nytt for andre modningspille. Fram til då hadde eg kjent litt samantrekningar/kynnarar, men ikkje nokon som eg ville klassifisera som vonde. Det var ingen endring i opning.

Den andre pilla, med den etterfølgande, obligatoriske timen i horisontalen, blei sett ca. kl. 14:45, typisk eit kvarter før middagsservering. Det burde ikkje vore lov å mishandla ei gravid dame med ulvehunger slik. :kjefte: Hadde det ikkje vore for mannen, hadde eg gått glipp av ein stor kulinarisk opplevelse – ein stor porsjon med fiskekaker i brun saus, poteter, kålrot, komle/klubb og duppe. Alt saman godt miksa saman på tallerkenen og inntatt mellom opningsrier. Det gjekk sjølvsagt ned på høgkant. (Har eg nevnt den store appetitten min som gravid? :hoho: )

Rett etter andre modningspille, omtrent frå legen lukka døra, begynte det å gjera vondt. Det var fremdeles ikkje ille og ikkje veldig hyppig, men eg måtte ta pausar frå snakking (og eting :fnise: ) mens riene/samantrekningane var på det sterkaste. Etter den obligatoriske timen liggande i senga (og middagen, som mannen måtte mata meg med,) begynte mannen og eg å vandra litt i gangane. Riene begynte å ta seg litt opp, så eg måtte stoppa opp og ta pausar mens dei sto på. Me måtte sjølvsagt ta turen bort til føden, for eg var så spent og forventningsfull at eg ikkje kunne dy meg. Og eg må innrømma at eg var litt :snurt: fordi eg verken høyrte eller såg antydning til noko føding på gang. (Enkelte får den store skjelven av tanken på fødsel, med meg er det visst motsatt. :fnise: )

Rundt kl. 17 var me tilbake på rommet. Då eg gjekk ein tur på do i 17-17:30-tida, høyrte og kjente eg plutselig eit lite *knepp* og kjente at det rann ukontrollert, særlig då riene kom. Eg fann fram dei lekre sjukehustrusene, bind og eit handkle og kom meg inn på rommet igjen og fekk varsla mannen og jordmor. Det var meininga at eg skulle ta CTG rundt kl. 18, men sidan riene hadde tatt seg opp og vatnet utvilsomt hadde gått (– hos meg var det faktisk ikkje tvil, Mafalda, det gjekk berre ein gong! :ler: –), blei eg sett på registrering allerede då. Nå begynte det å bli nokså heftig, særlig sidan eg måtte halda ei stilling i senga, men det var ikkje verre enn at eg fint klarte å halda roen og pusta meg gjennom riene. Skryt for god pusteteknikk fekk eg òg. :nigo:

Rundt kl. 18 var eg endelig ferdig med registreringa. Eg hadde hatt rier på rundt 1 minutt og pausar på rundt 1-2 minutt. Altså korte, men hyppige rier. Jordmora kommenterte at det var rier som sikkert ikkje hadde store virkningen og anbefalte meg å bevega meg litt. Eg kjente at motet sank veldig og eg begynte å angra på heile prosjekt baby, for eg såg ikkje vidare lyst på å halda ut slike smerter utan smertelindring i timevis. (Det er jo begrensa kva ein får tilgang på av smertelindring på føde observasjon, og ein blir ikkje trilla til føden før fødselen virkelig er i gong.) I tillegg var eg sliten etter minimalt med søvn natta før, så eg valde å slappa litt av i senga før eg tok rådet til jordmor om bevegelse for fortgang. Men å slappa av var visst ikkje noko reelt alternativ, så det tok ikkje lange tida før eg karra meg inn i dusjen for å prøva om det hjalp på smertene.

Frå nå av var det virkelig smertefullt! Eg pusta og pesa – og hyla sikkert verre enn grisen som skal slaktast :hoho: – men det varme vatnet lindra litt. Og mannen var kjempeflink til å tolka instruksjonane som kom i form av einstavelsesord. Imponerande! :ler: Etter kanskje litt over ein halv time i dusjen (nå hadde eg mista begrepet om tid, så eg må berre stola på mannen) var det ikkje tvil om at fleire enn meg og mannen høyrte hyla mine, for jordmora kom og banka på baderomsdøra og lurte på om ho kunne sjekka opning og om det hadde vore framgang. Etter fødselen sa ho at ho hadde høyrt av lydane mine at ting begynte å nærma seg. :sjenert: Etter mykje om og men kom eg meg ut av dusjen, fekk delvis på meg ei sjukehustrøye (sjølv om det på det tidspunktet ikkje kunne brydd meg mindre korleis eg kom meg ut frå badet, via gangen på føde obs og til senga – påkledd eller splitter naken spelte inga rolle, eg var totalt ublyg! :tunge1: ) og kom meg i senga. Vel, dei korte, hyppige riene var ikkje utan effekt likevel, for jordmora nevnte vel 6-7 eller 7-8 cm opning eller noko. Då blei det straks trilling rett over til føden. Nå var det ikkje lenge igjen!

Mellom føden og føde obs ligg barsel, og sjølv om riene kom som kasta over meg og eg knapt nok var meg sjølv, gjorde eg mitt ytterste for å bita tennene saman og halda fødehyla mine inne akkurat på overfarten til føden. Eg hadde ikkje lyst til å skremma dei små, nyfødde, eller mødrene deira som kanskje var meir eller mindre småtraumatiserte etter harde fødslar, med smerteskrika mine. :sjenert:

Vel inne på fødestova var det ei jordmor (eller to? :vetikke: ) og ein barnepleiar som begynte å gjera klart for fødsel ganske snart. Eg fekk ikkje med meg så mykje, for så snart me kom inn på fødestova, kjente eg trykketrangen som eg kjente så godt igjen frå fødselen til pjokken – den nærmast ulidelige tida før det er full opning og eg berre må halda igjen. Heldigvis varte denne tida kort denne gongen, kanskje 10-15 minutt. Det var godt også for mannen, for han hadde gitt meg handa si til å klemma i når det sto på som verst, stakkar. :hoho:

Etter kvart var det heilt umulig å halda igjen, men heldigvis var det full opning, og eg kunne begynna å jobba mot målet. Med god hjelp frå jordmødrene, som brukte det finske grepet for å unngå rifter, kom krabaten rolig og fint kl. 19:19 etter omtrent 10 minutt pressing, der sikkert halvparten av tida bestod av «hold igjen, hold igjen, hold igjen». Ikkje berre på ei ri mens hovudet stod i opningen, men opptil fleire rier på vegen ut. Det var noko som kjentes, ja!

«Det finske grepet» til jordmødrene var fullstendig vellykka denne gongen òg. Eg trur ikkje eingong det var eit skrubbsår. :tommelsmil: Dei vitale måla på krabaten kan nok kanskje òg ha spelt ei rolle. Han var ikkje akkurat nokon tungvektar med sine 2.715 gram og 45 cm, og med hovudomkrets på 34 cm. Akkurat størrelsen er virkelig ein fordel med tidlig fødsel.

Vel ute blei krabaten ruska litt i, mannen klipte navlestrengen og eg fekk han opp på brystet. Herligaste følelsen i verden – ein varm, liten bylt med store, nysgjerrige auge, som skal oppdaga verden for første gong og er fullstendig avhengig av meg og mannen. :rodmer: Ein følelse eg virkelig kan tenka meg å oppleva igjen. Så får me sjå om me vågar oss på gjentakelse av dette. ;) Og sidan dette var ein styrtfødsel, med skikkelig vondt i kanskje 2 timar i tillegg til ca. 2,5 timar med litt vonde rier, fekk eg ved utskrivingssamtalen beskjed om å ringa føden FØR første ri viss det skulle bli fleire ungar. :ler:

Og eg veit ikkje om eg har nevnt den store appetitten min som gravid, men den forsvann ikkje etter fødsel. Eg måtte sjølvsagt få med meg kveldsmaten – ein kan jo ikkje gå glipp av nokon måltider sjølv om ein føder, må vita. :hoho:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tekola

Og jeg som så vidt fikk i meg en brødskive og en sjokolade imens jeg holdt på :hoho:

Pressrier før man får lov til å presse er bare slemt :daane:

Å fatte seg i korthet er for pingler! :opplyser::nigo:

Endret av Tekola
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åh! Jeg bare ELSKER fødselshistorier! Nesten så jeg får lyst til å føde selv :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...