Gå til innhold

Mammahjarte prøver laga søsken til minihjarte.


mammahjarte

Anbefalte innlegg

Ja håper den sitter 💚

Har ikkje klart å konsentrera meg noko særlig etter eg fekk positivt test. 

Er veldig glad da. 

  • Hjerte 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

3 + 5 

Merker eg sliter litt. Har vore og er så trøtt, sånn intenst sliten. Sov masse på sundag og følte ikkje eg fungerte som folk. På jobb idag måtte eg til slutt reise heim og sov frå 11:30-14:00. Følte meg bedre etterpå. Heilt øydelagd før... Jobba til seint, fått gjort det eg skal.

Så har eg fått enorme smerter i hoftene er det mulig så tidlig???. Det er sikkelig fælt, finner ingen stillinger som er gode å ligge. Ka søren? Eg hadde ingen hoftegreier i mine to svangerskap tidlegare. Satse på detta går seg til. Det begynte kl 18:30 og har blitt verre og verre, det følest som om kroppen angriper hoftene... Trur ikkje det er bekkenløsning.

Klage virkelig ikkje, tar imot alt som kjem ♥️

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åå, gratulerer så mye! ❤️ Var fint å komme inn her å se at du endelig har fått positive tester😍

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 + 0

Hadde intense bekkenleddsmerter eller noko anna relatert til hofter i heile natt, har det framleis. Det varierer i styrke, men er stort sett kjipt. Tok ut eigenmelding idag, uff. Leverte i barnehagen og tok meg ein tur til legekontoret, det er 14 dagar ventetid før eg får kome til. Festlig.. Men fekk klarert av ein lege at paracetbruk er greitt.

Det er sant at ingen svangerskap er like.

Håper virkelig ikkje hoftegreiene kjem til å vara lenge, satse på at det går over snart. Synest det er grådig tidlig å slite med søvn og smerter. Så lenge eg får sove litt samanhengande skal detta gå heilt fint. Hater å vere borte frå jobb, kan ikkje huska sist gong eg var borte frå jobb. Trur det var når eg fekk covid.

Det viktigaste for meg nå er at det går bra med frøet og meg.

Så tenkje eg også at flom av symptomer er eit godt teikn ❤️

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 +1

Eg blør.

Men eg trur det går bra fordi eg har ingen smerter. 

Eg har blødd i alle mine svangerskap. Det er ikkje noko stor overraskelse at det skjer nå også. Trur også Albyl-E (blodfortynnande) kan føra til blødninger. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

4 + 2 

Idag spiste eg frukost, den kom opp igjen ganske fort 🤮. Hoftene er litt bedre idag  Lurer på om det er kroppen min som venner seg til alle hormonene. 

Sterkare test idag ♥️

  • Hjerte 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Merke at eg ikkje våger å tenkja så langt fram. Tar det litt og litt. Samtidig har eg lyst til å gleda meg over graviditeten. Lurer på kor langt eg må vere før eg senke skuldrene litt. Er jo på ein måte engstelig, men mindre enn det eg hadde forventa faktisk. På eit tidspunkt, sjølv om det ikkje er nå må eg berre byrja gjelda meg uansett tenkje eg...

Eg har på ein måte ikkje lyst til å gå bortimot heile graviditeten og ikkje gi meg sjølv lov til å vere slik eg er. Eg er notorisk langtidsplanleggar på vondt og godt, det er noko eg eigentlig liker. Eg liker å dille med forberedelser, eg liker å laga lister. Eg liker å laga ting klart. Tenkje at eg har på bremsen til kanskje veke 14-15. Kanskje til veke 20. Eg held sikkert ikkje ut så lenge uansett, eg viste kva by eg skulle bu i når eg var 20 år når eg var 11 år liksom. Det eg kan planleggja har eg planlagt. Er kanskje den minst spontane personen eg veit om. Eg hater når folk ringer og lurer på om eg har lyst å kasta meg i bilen for å gjera x eller y. Blir dritstressa av sånt.

Men spiller det eigentlig nokon rolle om eg tar av med babyplanlegging? Det er jo kjipt uansett om det ikkje går på ein måte. Eg syntest ikkje det var ein ekstra bellastning sist gong. Det er ikkje akkuratt som eg mangler så veldig mykje greier, har stort sett alt frå første barnet. Det er ganske få ting sånn eigentlig.

Merker at eg er meir hysterisk på alt, har ikkje drukket kaffi frå positiv test. Har ikkje inntatt noko koffein, lagt meg tidlig kvar dag. Tørr ikkje løfta noko særlig, redd for å blø meir enn det eg gjer. Bøyer meg med knærne. Er ultraforsiktig med sukker, men ete ellers normalt. Blitt mye grønt, fisk, naturlige ting som ikkje er ultraprossesert. Tenkje ikkje over kalorier eller karbohydrater lenger, men unngår drittmat.

Eg trur ikkje og veit jo eigentlig at ein lusen kopp kaffi om dagen i sist svangerksap ikkje var grunnen til at det gjekk galt. Eg kan sikkert byrja drikka den eine koppen med kaffi når emryoet er ferdig forma, litt inn i fosterstadiet når alle organa er utvikla skal det nok greitt å følja annbefalingane.

Har og tenkt på oppføljing. Eg kan få nesten gratis tidlig ultralyd av klinikken med offentlig refusjon som føljer meg opp. Men eg veit rett og slett ikkje om eg har lyst til å vita noko som helst så tidlig i svangerskapet. Er veldig usikker på det. Det er nesten sånn at eg kanskje ikkje vil vite noko som helst, eg gjer det eg kan for å bevara denna graviditeten. Eg kan ikkje gjera noko meir nå, det er ingenting dei kan gjera heller. Om eg har eit eller fleire megastore hematom nå eller seinare, vil eg eigentlig vita det? Trur nesten at eg kan bli meir engstelig, eller re-traumatisert av sist svangerskap. Eg veit ikkje om den teknologien vi har er god hjelp for akkuratt meg. Sist gong fekk eg masse negativ sakling informasjon, presentert på ein veldig omsorgsfull og realistisk måte.

Det var likevel eit helvete å gå frå kontroll til kontroll og vente på at det kom til å gå galt (eller bra). Samtidig er det jo veldig veldig veldig greitt å vita om man har hatt ein MA tidlig og ikkje gå i fleire veker utan å vite. Derfor eg er litt delt. Det kan jo vere at eg må kvinne meg litt opp og ta ein tidlig kontroll, kanskje i veke 8 eller noko slikt. Det kan jo vere at behovet mitt endrer seg frå veke til veke, akkuratt nå vil eg helst ikkje vita så mykje.

Eg er eigentlig litt engstelig. Men det er meir sånn kanskje ein følelse av avmakt, at det er ingenting man på ein måte kan gjera. Det er jo ein reise, og det kjem nok til å vere tøft. Samtidig er eg veldig klar for det. Det var eit godt tidspunkt for å bli gravid. Er rusta for det som kjem.

Eigentlig burde eg fått snakka med nokon. Vurderer å søkja om rask psykisk helsehjelp eller bestilla time når jordmor er der. Trur kanskje jordmor er meir relevant, ho har best fagkunnskap om kva eg står i.

Eg har eigentlig ein veldig sterk følelse av at detta kjem til å gå fint.










 

  • Hjerte 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer så mye! 🥰 forstår bekymringen og at man ikke våger å tenke så langt fram. Tenker du å bestille TUL? Høres lurt ut å snakke med noen, feks jordmor 🥰 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 9/4/2022 at 9:17 AM, Elise93 said:

Gratulerer så mye! 🥰 forstår bekymringen og at man ikke våger å tenke så langt fram. Tenker du å bestille TUL? Høres lurt ut å snakke med noen, feks jordmor 🥰 

Takk :) Har sendt melding til klinikken som føljer meg opp. Litt usikker kva veke det er best å ta TUL. Det er mest berre for å sjå at alt ser greitt ut. Har tenkt å bestilla time sjå jordmor snart også.

I dag er eg 4 + 4 og formen har vore grei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

mammahjarte skrev (På 5.9.2022 den 18.50):

Litt usikker kva veke det er best å ta TUL.

Jeg har vært på maaange TUL og gjort meg flere erfaringer på veien. For meg personlig endte jeg på at det var best å dra på TUL mellom uke 8-9. Så det er mitt tips til deg i alle fall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

On 9/7/2022 at 3:37 PM, Amatariel said:

Jeg har vært på maaange TUL og gjort meg flere erfaringer på veien. For meg personlig endte jeg på at det var best å dra på TUL mellom uke 8-9. Så det er mitt tips til deg i alle fall.

Takk for tips 🌞 Fekk time når eg er 7+1 🙈

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 + 3

Dårlig form. Blåst opp som ein ballong, tisse konstant. Gjer så godt eg kan for å ta vare på meg sjølv. Mykje smerter i hoftene, virker hormonellt. Telle ned dagane for TUL. 

Gruer meg. 

Men prøver å vere nøytal. 

  • Hjerte 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 + 1 i følje FLO appen.

Det er mye det same som sist. Sliter med å sove, kvalm, oppkast, vondt i hoftene. Usakelig trøtt. Men synest på ein måte at det er bra, tenkje at jo meir plager eg har jo større teikn er det på at det går fint. Eg tar ein dag av gongen nå, men grugleder meg til TUL.

Er eigentlig vettskremt, håper alt er bra med lille.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 + 2

I dag begynte eg å blø ferskt blod. Kjem kvar gong eg er på do. Vil likevel ikkje sei det er så mykje. Har ikkje smerter. 

Er bekymra men orker ikkje rundar med hcg måling. Det er meir til bry enn nytte. Må berre vente til ultralyd. 

Dommedagen... på ein måte.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...