Saeria Skrevet 6. februar 2006 #1601 Skrevet 6. februar 2006 RML er rumpe, mage, lår, og fytti som jeg kjenner det. Eier jo ikke kondis. Har tenkt å teste ut spinninga også, for å se om det er meg for meg. Jeg eier nemlig ikke rytmesans.
Linn3c Skrevet 7. februar 2006 Forfatter #1602 Skrevet 7. februar 2006 Halaisen-taisen! Artig Bergensuttrykk Fyrst: på Diddlina og Saeria! Du er jammen kjempesprek Saeria! Kondisen kjem seg så snart du har begynt å trena litt; de veit eg av erfaring Rytmesans veit eg ikkje så masse om. Men eg kan tenkja meg at anten å dansa, eller å spela eit instrument hjelper på.. Så: Dagen min: Eg var tilbake i barnehagen eg slutta i (for å få jobben i den nye barnehagen) i dag. Kjekt å vera tilbake ein stad der eg kjenner alle Herleg å vera tilbake på småbarnsavdelinga og treffa alle skjøninane att! Etter jobb laga eg steikt ris til middag. Såg HC-reprise frå fredag og gjekk opp for å kvila meg ein halvtimes tid i senga. Jaaaa.. Liksom ein halvtime.. Pøh! Trur de ikkje at eg vakna klokka ti på ti då? Argh! Vart supersur då eg vakna, for eg bad mannen om vekka meg klokka sju. _Seinast_ halv åtte. Tordenskya Linn3c ned for å spørja om han hadde gløymt meg heilt. Men neida, han hadde vekt meg to gongar. Siste gongen hadde eg sete i senga og sett lysvåken ut.. Eg kan ikkje hugsa nokonting av det... Så då skreiv eg nokre søknader, nokre på lærarstillingar og ein på ein deltidsjobb. Veit ikkje om eg vil ha den då, men det er no verdt ein søknad dersom det er noko å satsa på. I tillegg fann eg noko søknadsmateriale for veslebror. Og han vart tent på idèen å skaffa seg lærlingplass. Fint for han! Han fortener jo å få eit fagbrev slik at han kan jobba som det han har lyst til! Prøvde også å finna noko for mannen, men han hadde ein heller dårleg WoW-dag, så han var litt oppgitt, og orka ikkje sjå på så masse. Hehe, her lever e oss ikkje inn i spelet i det heile tatt. Så no er eg på plass i senga. Skal og må sove for eg skal opp tidleg og vera lærarvikar i morgon. Men trur de eg er trøyt no då? Nei.. Har jo sove heile kvelden... Men eg gjer eit forsøk i alle fall. Natta!
Linn3c Skrevet 7. februar 2006 Forfatter #1603 Skrevet 7. februar 2006 Ja, då var eg heime frå jobb, ferdig med runden og klar til å krype til køys ein halvtime. Mannen kjem heim om omtrent så lenge, så eg nyttar sjansen til å leggja meg tidleg, sidan eg er heime så tidleg i dag
Saeria Skrevet 7. februar 2006 #1604 Skrevet 7. februar 2006 Jeg hater å danse, så det er vel litt av grunnen til at rytme og koordinasjon ikke er noe for meg. Men jeg regner med at kondisen blir bedre. Kanskje spinning er noe for meg. Rakk ikke timen i dag, for jeg sov så dårlig i natt. Kose deg resten av dagen, vennen. Selv om mannen har hatt en dårlig WoW dag.
Bokalven Skrevet 7. februar 2006 #1606 Skrevet 7. februar 2006 *stikke innom biblioteket med balltre* MWAHAHAHA! ← *rofl* Jasså, du. Og så nyyydelig pus!
Linn3c Skrevet 8. februar 2006 Forfatter #1607 Skrevet 8. februar 2006 Saeria: Spinning funkar nok, skal du sjå! Eg har ei svigerinne som er spinninginstruktør og rosar greiene opp i skyene. Sjølv har eg liksom aldri sett meg sjølv for meg på spinningsykkel saman med ein haug andre svette menneske.. Heidi76: lunacia: Hehe. Eg var faktisk innom biblioteket. Lånte tre nye DVD'ar. Utan balltre... *knis* Og takk I dag syns eg at eg har vore smart. Har unnagjort middagsluren min allereie. Og det på sofaen. Luddi! (som dei seier i Bergen) Vert sliten etter lange dagar med undervising, må vita. I dag var eg førebudd på å ha ein liknande dag på gårsdagen. Men då eg kom på jobb kvart over åtte i dag, stod "alt på hovudet." Det var mange som hadde meldt seg sjuke, mellom anna inspektøren sjølv, (det er vanlegvis inspektørane rundt omkring på skulane som er mine beste vener sidan det er dei som har med vikarane å gjera ) Så då kom "nestkommanderande" til meg og spurte om eg hadde noko imot å vera vikar for ein annan lærar i staden for ho eg var for i går. For den stillinga kan ein liksom "ofra" sidan ho berre er inne som ekstraressurs på enkeltelevar og grupper. Ja, eg kunne sjølvsagt det; eg er ikkje vanskeleg å be, akkurat. Så då fekk eg ein lapp i handa (i A6 format, eit halvt, halvt A4 ark, altså ganske lite) ein slik lapp ein skriv opp telefonbeskjedar på. Der stod det: <Namnet til læraren som var sjuk> 6. kl følger arbeidsplan. I 6. time Skyggetegning. 2. og 3. time: 7. klasse KRL. Hinduismen. Gandi. Musikk. Øve på songar til framføringa. Transp. på pulten. Den fekk eg. Og ein utdatert oversikt over kva klassar og klasserom ho brukte. Ja, og så fekk eg arbeidsplanen til 6. That's it. Snakk om å bli kasta ut i det, men det trur eg må ha vore det mest stressande eg har vore borti. Hehe. Eg spurte meg fram til pulten hennar, og fann fram til nokre bøker. Og dei transparentane det stod snakk om på lappen. Eg klarte jo sjølvsagt å misoppfatta kva eg skulle gjera, og etter ein time med norsk i 6. gjekk eg til 7. og hadde dobbeltime i KRL. Deretter gjekk eg tilbake til 6. og ville ha musikk. På vegen dit trefte eg ein kollega som skulle ha T-time i klassen som sa at me skulle ha matematikk. Hmm.. No mista eg tråden litt, tenkte eg, og studerte den vesle lappen min nøye. Og fekk auge på eit lite mellomrom mellom linjene: I 6. time Skyggetegning. 2. og 3. time: 7. klasse Mellomrommet kom naturleg av utforminga av linjene på lappen, men eg tolka det som at alt hang saman. Så, resultat; eg fekk ikkje hatt musikk med nokon i det heile tatt, for det skulle eg jo (sjølvsagt) hatt med 7. Men i mitt vesle og ekstremt stressa hovud, såg eg altså ikkje dette før i 4. time. Jaja, eg vart no ferdig med undervisinga denne dagen også. Byrjar verkeleg å undra på om eg er laga for dette yrket. Syns det passar mindre og mindre for meg. Ingen elevar har respekt for meg når det berre er eg som er lærar. Når me er to lærarar inne er elevane som englar, men det snur fort dersom den dei kjenner går ut av rommet. *sukk* Håpar det endrar seg når eg får eigne elevar...
Gjest gjest1 Skrevet 9. februar 2006 #1608 Skrevet 9. februar 2006 Høres ut som litt av en dag! Dette med elever og respekt blir sikkert annerledes når du får din egen klasse og blir kjent med elevene dine.
Gjest Diddlina Skrevet 9. februar 2006 #1609 Skrevet 9. februar 2006 Er slike historier som gjør at jeg er skeptisk til å ta vikartimer. Er så avhengig av å ha planlagt, men går jo greit når man først blir kasta uti det... Og du, jeg tror det blir noe helt annet å ha sine egne elever. Enkelte klasser er jo "allergiske" mot vikarer...
silvius Skrevet 9. februar 2006 #1610 Skrevet 9. februar 2006 Huff, ser ut for at du har hatt ein hektisk dag ja! Håper det gjekk lettare i dag.. I dei fleste klassane er det alltid nåken som skal testa grensene til vikaren.. Eg husker koss vi var på grunnskulen...
Linn3c Skrevet 9. februar 2006 Forfatter #1611 Skrevet 9. februar 2006 Takk for klemmar og gode ord Eg hugsar med gru tilbake på mi eiga tid som elev på grunnskulen. Kor fæle me var dersom det var nye lærarar eller vikarar. Stakar! Eg skjønar det no, kor kjipt det må ha vore. Men eg såg det ikkje den gongen.. Men i dag har eg hatt ein myyyykje betre dag enn i går, og det i den same klassen. I dag stilte eg på skulen, utan å vita i det heile tatt kva og kor eg skulle. Spanande kjensle. Skulen starta klokka halv ni, så eg tenkte det var greitt å vera der seinast kvart over åtte, så eg hadde litt tid å førebu meg på. Som tenkt, så gjort. Eg var der litt før kvart over åtte. Gjekk til kontoret til inspektøren og banka på. Inkje svar. Spurte i resepsjonen om ho visste noko. Nei, ho meinte at han sikkert var sjuk. Så då var det ikkje anna å gjera enn å setja meg på personalrommet og venta. Heile skulen var jo aude. Nesten ingen der. Så då tok eg fram boka mi og las litt. Helste på alle som kom inn på personalrommet. Las meir. Endeleg kom han som vikarierte for den sjuke inspektøren i går. Han kunne fortelja at eg skulle vera vikar for same lærar som i går. Noko som var greitt. Men han hadde ingenting til meg. Ingenting! Enno verre enn i går, det. Hehe. Men så sa han at den andre kontaktpersonen for basisgruppa var komen på skulen, så eg kunne snakka med henne. Heldigvis! DÅ pusta eg letta ut. :-D Så då tok ho styringa dei to fyrste timane, og elevane var heilt anleis enn då eg hadde dei åleine. Eg fungerte mest som observatør. Sto litt i bakgrunnen og såg på ho som hadde stålkontroll på gjengen. Sjekka at alle følgde med, og passa på at dei hadde boka på plass og var på rett side. Slike ting gjorde eg. Så i tredje time skulle eg ha dei aleine att. Musikk. Artig, tenkte eg. Men kontaktlæraren hadde ein plan: Sidan dei skulle læra nokre nye songar, og eg ikkje hadde førebudd meg på det, fekk dei øva seg på å skriva songane i staden. Ein luring ho der! Så då var oppgåva mi å passa på at alle var stille slik at det vart arbeidsro for dei som ynskte det. For som ein annan lærar sa: Dei som vil ha det stille har alltid rett! Det uttrykket trur eg jammen eg skal trykkja til hjartet mitt og bruka som mitt eige. For det var godt sagt i ein undervisingssituasjon. I timane etter lunsj stod det "tekstil" på planen. To timar med diamantsaum. Og 8 elevar som ropar på hjelp heile tida. Neida, ikkje så gale. Faktisk ganske koseleg. Ein av elevane hadde med seg musikk, og dei fleste var grådig flinke til å sy. Sjølv om dei berre hadde gjort det ein gong før. Så då hadde eg masse tid til å hjelpa dei som ikkje var fullt så flinke. Så var dagen over, og eg tok bussen heim. For bilen vår ha blitt parkert heime. Har ein kaputt hjullager. Så onkel politi forbaud oss å køyra med han. Og med onkel politi, meinar eg faktisk det eg skriv. Mannen har onklar som er politiar. Artig å kunna leggja meinig i det uttykket. Så då blir bilen ståande til me får køyrt han på verkstad. Førebels skjer det på laurdag, noko som gjer at mine planar om tur til foreldre-folket mitt utgår for mannen sin del. Eg prøver å få ordna verkstad-bukk på måndag i staden, men veit ikkje om det er mogleg. Kose pusi litt no Sjåast!
Holly Hobbie Skrevet 9. februar 2006 #1612 Skrevet 9. februar 2006 Jeg har ogsaa en ekte Onkel Politi, i Bergen av alle steder! Synes du er flink, jeg! Du maa jo kunne masse for aa undervise i saa mange forskjellige fag. Haaper dagen i dag er fin!
Linn3c Skrevet 9. februar 2006 Forfatter #1613 Skrevet 9. februar 2006 Då kjenner sikkert din onkel politi "våre" onkel politiar... For miljøet her er visst ganske godt, har eg forstått. Eit slikt "alle kjenner alle"-miljø
Holly Hobbie Skrevet 9. februar 2006 #1615 Skrevet 9. februar 2006 Artig! Min onkel politi skal pensjonere seg til sommeren, men han er ikke saa veldig gammel. Han er utrolig morsom og ligner/lignet paa Richard Gere. Jeg tuller ikke!
Linn3c Skrevet 11. februar 2006 Forfatter #1616 Skrevet 11. februar 2006 Diddlina: Popelka: Hihi. Richard Gere, faktisk! Skal forhøyre meg om nokon veit kven det kan vera ~*~ No er eg hos foreldrefolket! Mannen er heime og skrur på bilen..
Gjest gjest1 Skrevet 11. februar 2006 #1617 Skrevet 11. februar 2006 Spennende å lese om lærerhverdagen din Linn3c. Kos deg hjemme hos foreldrene dine i helgen.
liv Skrevet 11. februar 2006 #1618 Skrevet 11. februar 2006 ja politimenn,og damer får ikke jobbe lenger enn til de er 57 eller noe sånt. Blir lang tid hjemme da!
Saeria Skrevet 11. februar 2006 #1619 Skrevet 11. februar 2006 Heisann... Skal si du er flink til å ta ting på sparket! Hadde vært så nervøs om det var jeg som skulle vikariere på en skole. Håper du koser deg hos foreldrefolket.
Linn3c Skrevet 11. februar 2006 Forfatter #1620 Skrevet 11. februar 2006 Heid76 og Saeria: Eg kosar meg, eg! liv: Ja, me har ein onkel som skal pensjonera seg snart me også. Trur det er til jul, for det er då han har bursdag.
Fremhevede innlegg