Saeria Skrevet 21. februar 2006 #1681 Skrevet 21. februar 2006 Ja, nå har nok jenta bare med å fortelle!
Linn3c Skrevet 21. februar 2006 Forfatter #1682 Skrevet 21. februar 2006 Takk for gratulasjonar i høve både bursdag og nyjobben. Jobben, ja. Eg fekk ein telefon i førre veka frå det vikarbyrået eg får oppdrag frå innimellom. Dei spurte om eg var interessert i eit langtidsoppdrag i ein barnehage som pedagogisk leiar. Og jau, eg var jo interessert, men veldig skeptisk sidan det var som pedagogisk leiar eg fekk jobb og mista jobb like før jul. Men eg sa då ja til å gå på intervju og snakka litt med dei. Så pasa det fint for både meg og dei at eg stakk innom på måndag, altså i går. Eg stilte opp, i den trua at eg skulle konkurrera med mange andre, og gjorde meg klar til å "selja meg sjølv" på best mogleg måte. Gjekk den 15 minuttar lange gåturen frå her eg bur, og fann fram til styrar. Ho stod på hovudet i oppvaskemaskina og såg nokså hektisk ut i andletet. Ho presenterte meg for ei av assistentane som vart så glad for å sjå meg at ho klemte meg inntil seg. Etterpå vart eg overleten til ein heilt ny merkantil styrar som hadde fyrste dagen sin der i går. Noko som ikkje gjorde det så lett å ha intervju. Men me kom oss no gjennom det, og i deira augo var det ikkje nokon å ha konkurranse med for min del. Dei hadde visstnok bestemt seg for at eg var den rett før eg hadde møtt dei ein gong. Så då vart eg rett og slett beden om å ta på meg ein parkdress og gå ut for å bli kjend. Eg i min heilt nye kvite genser og heilt lyse bukse i høve intervjuet vart berre kasta ut i jobben. Artig! Det einaste dumme er jo at eg ikkje kan byrja med ein gong, sidan eg allereie har lova meg bort til gamlebarnehagen min fram til og med 3. mars. Prøvde å hinta frampå om eg kunne slutta litt før til styraren i gamlebarnehagen, men eg trur ikkje ho skjønte det heilt.. Jaja, har litt tid å førebu meg til starten på då. I morgon og resten av veka skal eg mest sannsynleg ha veslesystra mi med meg på jobb i gamlebarnehagen, før me dreg heim til foreldra våre på fredag.
Saeria Skrevet 21. februar 2006 #1683 Skrevet 21. februar 2006 Så gøy å bli plukket ut på den måten! :-D
Gjest gjest1 Skrevet 21. februar 2006 #1684 Skrevet 21. februar 2006 Åhh så morro. Gratulere så mye Linn3c - dette har du virkelig fortjent!
liv Skrevet 21. februar 2006 #1685 Skrevet 21. februar 2006 (endret) Så morro! Hvordan avdeling, type barnehage og sånn? Hvor lenge er vikariatet for da? Endret 21. februar 2006 av liv
Linn3c Skrevet 22. februar 2006 Forfatter #1686 Skrevet 22. februar 2006 Takk for gratulasjonar! Det er stor avdeling; 19 born mellom 3 og 6 år. Kommunal barnehage. Vikariat fram til august
Gjest gjest1 Skrevet 22. februar 2006 #1687 Skrevet 22. februar 2006 Så bra! Håper du vil trives der da.
Linn3c Skrevet 23. februar 2006 Forfatter #1688 Skrevet 23. februar 2006 Så hadde eg plutseleg to jobbtilbod! - Eller, ikkje heilt. Men eg har søkt på ein lærarjobb i ein annan kommune, og no har dei meg som ein av to aktuelle kandidatar! Så då må eg berre finna ut om når eg eventuelt kan slutta i det vikariatet eg allereie har fått, for å starta i lærarjobben! Lærarjobben er ein halvdel av 150% stilling, men er over eit heilt år! Masse norsk2 og verka svææært interessant! Så no har eg informert vikarbyrået og spurt dei om kor lang oppseiingstid eg i tilfelle har, i fall eg får denne jobben. Avgjera om kven som får lærarjobben fell i løpet av dagen, så no ventar eg spent ved telefonen!
Gjest Diddlina Skrevet 23. februar 2006 #1689 Skrevet 23. februar 2006 Så spennende med to jobbtilbud! Krysser fingrene for lærerjobben...
Linn3c Skrevet 23. februar 2006 Forfatter #1690 Skrevet 23. februar 2006 *ventar på telefon* :tromme-med-fingrene-smiley:
Gjest gjest1 Skrevet 23. februar 2006 #1691 Skrevet 23. februar 2006 Oj, her haglar det jo inn med tilbod!!! Populær du om dagen!!!
Glossy Skrevet 23. februar 2006 #1692 Skrevet 23. februar 2006 Jammen er det spennende!!!! Åh blir så kjekt for deg hvis du får lærerjobb!!!!
Linn3c Skrevet 23. februar 2006 Forfatter #1695 Skrevet 23. februar 2006 Ja, det er jo kjekt med tilbod, men ikkje godt for helsa mi at folk ikkje ringjer attende. No har eg ringt vikarbyrået, for å få tilbakemelding at dei ikkje kunne gje meg noko konkret tilbakemelding i dag, men kom til å ringja meg "first thing in the morning".. Urk.. Eg som hadde lyst å vita ting sikkert i dag. Jaja. Har ikkje høyrt noko frå skulen heller. Men dei ringde frå Aetat i dag og lurte på om eg var interessert i ringjevikar-oppdrag på ein annan skule. Så eg er jo framleis "hot news" verkar det som
Linn3c Skrevet 23. februar 2006 Forfatter #1696 Skrevet 23. februar 2006 Då ringde dama frå skulen. Ho ville vita korleis samtalen med vikarbyrået hadde gått. Og når eg ikkje har fått snakka med kontaktpersonen min enno, så er jo det litt vanskeleg å gje dama eit svar også. Men ho sa at sjansen for at eg fekk eit engasjement hos dei var veldig stor! Så då må eg berre får snakka med kontaktpersonen min i vikarbyrået så snart som råd i morgon, før eg kan ringja dama og få gjeve henne eit svar. :krysse-smiley:
Linn3c Skrevet 23. februar 2006 Forfatter #1697 Skrevet 23. februar 2006 Ja, dama frå barnehagen ringde forresten. Eg som gledde meg sånn til å byrja der klarte jo ikkje å fokusera skikkeleg på samtalen ein gong. Sat berre å tenkte at det kan jo henda at eg ikkje skal jobba der likevel.. Urk, dårleg samvit for barnehage-jobben allereie.
Linn3c Skrevet 23. februar 2006 Forfatter #1698 Skrevet 23. februar 2006 No skal straks eg og veslesyster på sjåpping!
silvius Skrevet 23. februar 2006 #1700 Skrevet 23. februar 2006 Oy så kjekt!! Du er virkelig populær du!! Kryssar fingrane for at du får lærarjobben!! Fant du og systo nåke fint når dåke sjåppa? Berre 9 dagar igjen no!!
Fremhevede innlegg