Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Fremhevede innlegg

Videoannonse
Annonse
Gjest gjest1
Skrevet

Tenkte på deg i dag!! Håpar det gjekk bra!!! :klem:

Skrevet

Heisann snuppelinene mine! :vinke:

Dette har jammen vore ein interessant og kjekk dag! :)

Starta dagen med å køyra meg litt vekk, før eg snudde og fann fram. Den vesle "omvegen" tok meg nokre ekstra minuttar då, så eg kom litt for seint på jobb. Men det gjorde heldigvis ikkje så masse sidan inspektøren eg skulle treffa og snakka med var svært så travel på morgonkvisten.

Etter ein kort samtale med inspektør fekk eg treffa den eine elevgruppa eg skal ha fram mot sommaren. Etter ei lita stund med "bli-kjend-samtale" med elevane kom ein nokså hektisk lærar inn i grupperommet og halte med se heile gjengen tilbake til storgruppe-rommet. Der var det informasjon om det foreståande prosjektet elevane skulle byrja på. Eg glei visst lett inn i gruppa, for eg fekk tildelt både prosjektplan og loggbok! :ler:

Etter denne timen hadde eg to fritimar. Som ikkje var så fri som det høyrest ut som i namnet. Eg vart innført i all verdas rom, planar og alt anna ein treng å vita på ein ny skule. Alltid kjekt å koma til ein ny arbeidsplass, men det er jo slitsamt også.

Etter fritimane mine hadde eg to timar med den andre vesle gruppa eg skal ha kontakt med. Litt vanskeleg å vera oppdatert på alle felt elevane kan tenkja seg at eg skulle og burde. Men me kom oss då gjennom timane og no sit eg og skal førebu meg til morgondagen.

Har hatt ein litt tung ettermiddag/kveld, sidan mannen fekk vita at bestefaren er komen på sjukehus med hjerteinfarkt. Men det går heldigvis mykje betre med han no, så me forventar han ut at i løpet av veka. Skulle gjerne reist på besøk, men det er dessverre ei stykke unna. Svigers har reist då, på vegne av familien, så me har sendt med helsingar med dei. Og me reiser nok på besøk når dei har kome heimatt.

Og over til noko mykje kjekkare; eg fekk snakka med Silvius i dag, og eg skal treffa henne på onsdag! Gler meg masse! :hoppe:

Men no må eg jobba litt.

Sjåast! :vinke:

Gjest gjest1
Skrevet

Så spennende dag du har hatt i ny jobb. Høres både interessant og slitsomt ut men mest gøy. Håper du vil trives Linn3c.

Trist med bestefaren til mannen da. Håper han kommer seg raskt igjen.

:klem:

Skrevet

Hektisk å jobbe som lærer ja!

Håper det får bra med mannens bestefar!

Skrevet

Takk for hyggelege meldingar kring svigerbestefar. Det grå mykje betre med han no. Me reknar med å få han heimatt on berre nokre dagar :)

Det er framleis kjekt å vera lærar. Eg er mest på 8. og 10. trinn, men også litt på 7.

Men no er det tid for litt speling, er ferdig med førebuing til i morgon, så då er det lov å kosa seg litt ;)

Ha ein super tysdag! :-D

Skrevet

Allereie helg att i morgon! :overrasket:

Tenk kor fort denne veka har gått! - Ja slik er det når ein har det kjekt :)

Takk for klemmar og helsingar både til veslo og til Heidi76. :kose:

Eg hadde litt småproblemar med internett-tilgongen i går, så difor var eg ikkje innom.

I dag har eg hatt besøk av sivlius, noko som var utruuuuuleg kos! :hjerte:

Skal berre ein kort tur innom ~Capricorn~ no, før senga er neste stopp ;)

Natta!

Gjest gjest1
Skrevet

Ja, jeg syns også ukene bare flyr avsted. Tenk at vi snart har kommet til midten av mars allerede.....hvor ble tiden av?

Men det er godt også da, for januar og februar er det kjipeste mnd for min del. Nå er det bare å glede seg til lysere dager og våren som er rett rundt hjørnet. :hoppe:

:klem1:

Skrevet

Ja, det skal bli godt å få litt meir lys på kroppen, det er eg heilt einig i, Heidi76 :)

Skrevet

No skal me kosa oss med marinert kylling, påmfri og deilig karrisaus (som EG har laga!) ;)

Yam! :sikle:

Skrevet (endret)

No er det leggetid for små Linn3c'ar :)

Natta! :sove:

Endret av Linn3c
Gjest
Dette emnet er låst for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...