Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Fremhevede innlegg

Gjest gjest1
Skrevet

Duuuuh? Kva gjer du dersom du får ein vikartime der læraren du ikkje får tak i nokon plan for timen? Og kva gjer du dersom du ikkje får tid til å førebu deg?

Er litt spent på korleis lærarvikar-kvardagen min kjem til å arte seg...

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Takk og likeeins, Diddlina! :)

veslo: Då tek du det på sparket. ;) Det skjer ikkje så ofte då, men det skjer av og til. Men som oftast har elevane arbeidsplan som dei kan jobba med. Og viss ikkje, let du dei jobba litt vidare med noko dei for eksempel haldt på med i førre time, medan du får ein ti minuttars tid til å finne på noko "luddi" :)

Gjest gjest1
Skrevet
veslo: Då tek du det på sparket. ;) Det skjer ikkje så ofte då, men det skjer av og til. Men som oftast har elevane arbeidsplan som dei kan jobba med. Og viss ikkje, let du dei jobba litt vidare med noko dei for eksempel haldt på med i førre time, medan du får ein ti minuttars tid til å finne på noko "luddi" :)

OOooh, takk for tips!!! Hørtes litt skummelt ut då men... Hehe..

Skrevet

veslo: Dette klarar du fiiint! :)

Heidi76: :klem: tilbake! :)

Skrevet

Glad i deg også silvius! :kose:

Var koseleg å snakka med deg i går! :)

Skrevet

Hmm.. Prøver å finna meg ein fin avatar. Ikkje så lett..

Skrevet

Trur eg prøver å ha denne søte pusekatten ei stund :)

Skrevet

Stille her i dag.

Skjer det noko spesielt eg ikkje veit om einkvan plass?

Skrevet

Frustrerte fruer sjølvsagt.

Har sånn onsdagskjensle i dag at eg hadde gløymt at det skulle vera :tunge1:

Skrevet

Nok ein dag er omme.

No er det leggetid!

Natta! :sove:

Skrevet

Så var det straks på tide å besøke eit venepar av oss.

Men fyrst ein kort tur innom KG.

I dag har eg både streika og demonstrert litt. Føler meg vaksen no. Fyrste gong eg har streika faktisk!

Ja, no må eg fyka vidare gjennom "runden"

Skrevet

Men hva har dere egentlig streiket for?

Gjest Diddlina
Skrevet

I dag har eg både streika og demonstrert litt. Føler meg vaksen no. Fyrste gong eg har streika faktisk!

Neste gang er kanskje jeg også med...

Skrevet

KS er det nye namnet på Kommunenes Sentralforbund.

KS er representanten til alle kommunane i landet. Bortsett frå Oslo.

KS er altså arbeidsgjevaren til alle lærarane i landet. Bortsett frå dei i Oslo.

Me, lærarane, har vår representant i Utdanningsforbundet.

I vår skal Utdanningsforbundet og KS forhandla om løna vår. Og som forsmak på dette har KS gått ut og sagt ein del ting, allereie før forhandlingane har starta, som gjer at Utdanningsforbundet reagerar.

Til dømes seier KS at lærarane skal gå mot enno meir "kontortid" på skulen. (I skilnad til alle andre som går mot meir og meir fleksitid på kontorjobbane sine)

Dei seier også at me skal tilbringa meir tid saman med elevane, til undervising, men vil då ta vekk mykje av den tida der lærarane førebur seg til undervising.

Det ser altså ut som at dei vil gjera kvaliteten på undervisinga til elevane dårlegare. Dette kan me jo ikkje berre sitja med hendene i fanget og sjå på. Difor markerte me med ein liten streik i dag, og ein demonstrasjon på Festplassen i Bergen.

Håpar KS tek poenget! :)

Skrevet

Diddlina: Ja, det trur eg nok. Er jo berre annankvart år! ;)

Eg var faktisk med å demonstrera for to år sidan også, sjølv om eg ikkje var heilt ferdig utdanna. Men eg syns at når det er så viktige saker som framtida mi, så må eg nesten stilla opp og visa at eg er eining eller uening. For det kjem jo til å påverka min kvardag resten av mitt yrkesaktive liv.

Det var forresten represtentantar frå PS der, Pedagogstudentene, så du var der i anda.. ;)

Skrevet

Har hatt det kjempekoseleg hos venepar. :)

Gler meg allereie til å treffa dei att!

No er det natta! :sove:

Skrevet

For fyrste gong på leeeenge, skal eg spela WoW :)

Gjest
Dette emnet er låst for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...