Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Fremhevede innlegg

Skrevet

Eg syns FlyLady er så greit, for ein kan liksom gjera ting i sitt eige tempo. Veldig godt no som eg er heime om dagane, og har litt betre tid. Får stille og roleg kontroll over heimen :)

**

Var hos legen i dag, Ei ny veke med sjukemelding.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Jeg og er litt med på fly-lady! Litt stille på meg de siste ukene, men pleier å gjøre oppdragene.. Og hjelper meg til å ha det mer generellt ryddig her.. Men super flink er jeg ikke!

Skrevet

Eg berre veit at viss eg er flink og gjer det FlyLady seier no fram mot flyttinga, vil det vera lettare å halda det nye huset fint og ryddig :)

Skrevet

God morgon!

No har eg nett ringt inspektøren, for eg gløymte å gjera det i går, for å melda frå om forlenginga av sjukemeldinga. Litt frustrerande å ikkje vera på skulen, for eg mistar tråden i det meste som foregår der svært fort. Skjer så mange endringar så fort, at det er jo til å bli sprø av. I tillegg har jo all kommunikasjon berre foregått på mail så langt, og berre i frå meg til skulen, så det var godt å snakka med eit menneske igjen. ;)

No skal eg legga meg inntil kjære igjen og kosa meg medan rundstykka våre godgjer seg i ovnen :)

Skrevet

Takk for det :)

Mannen har dessverre gått på jobb, men eg kosar meg heime. Skal berre få unna litt husarbeid, og så skal eg ut og nyte sola :)

Mål for dagen:

¤ frisørtime?

¤ rydde litt i stova

¤ bære opp spisestovestolane

¤ vaske finskjorta til mannen (skal i namnedag på søndag)

¤ rydde litt på datarommet (det trengs, dette har liksom blitt litt friområde for rot... ;) )

¤ stikke innom biblioteket med nokre bøker

¤ stikke innom elprice og hente et tilbudsark

¤ rydde litt på kjøkkenet

¤ laga middag; rødspettefiletar med poteter, grønsaker og ein saus

¤ sole meg

Hmm.. er sikkert meir som bør gjerast også, men kjenner spenningshovudverken kjem berre eg set ord på dette, så det spørs kor masse eg får gjort ;)

Skrevet

Klarar ikkje å logga på nettbanken.. Irriterande, sidan dette er siste dag før ein eventuell streik.

Gjest Septima
Skrevet

Jeg skulle inn å sjekke om lønn og feriepenger var kommet, og det var det. Men e-fakturatjenesten var nede, irriterende...

Skrevet

Bra at lønna di var komen Septima :)

lLurer på om mi kjem i det heile tatt. Har utbetalingsdato 12. så det spørs..

Skrevet

Var innom den andre nettbanken no, der var det komt inn pengar, så me klarar oss ein månad til forsåvidt :)

Gjest Septima
Skrevet

Kommunen her gir ut lønn og feriepenger i dag i tilfelle streik, og bakeriet jeg jobber på har 10. som lønnsdato...

Gjest Septima
Skrevet

Nå er nettbanken nede her også. Sikkert mange som vil inn og sjekke og betale regninger.

Skrevet

Ja, sikkert lurt å betala ut pengar på førehand. Såg at på dnb-kontoen vår hadde ein av oss fått pengar, men det var skjedd i dag, så eg kunne ikkje sjå kven som hadde fått dei. Spv-kontoen har vore nede heile dagen her. Men no snakka mannen med dei på telefonen, så no har me i alle fall kontroll på kor masse pengar me har og slikt før ein eventuell streik brakar laus.

Skrevet

Hmm.. Er heilt rar i kroppen i dag. Har sove litt og litt, men aldri blitt skikkeleg ferdig. Så no går eg rundt her og verker litt overalt, mest i bekkenet sjølvsagt, men no er det liksom noko i tillegg til det. Er berre trøytt og sliten og orkar ingenting..

Skrevet

Lurer på om eg skal ta meg eit studieår mens Småtten er liten.. Hadde kanskje vore greit å hatt han berre litt i barnehage, gå på forelesningar og så henta han tidleg? Hmmm.. Dette må tenkast masse på..

Skrevet

Kom forresten innpå nettbanken no og overførte såpass at eg kan bruka kortet der også. Satsar på at me klarar oss gjennom ein eventuell streik :)

Skrevet

Orkar iiiiiingenting...

Det er varmt og eg er varm.

Har lyst å setja meg ut i sola og få litt farge, men veit ikkje om eg orkar å sitja i varmen..

Eg er rar..

Gjest Septima
Skrevet

Du er da ikke rar :klem:

Skulle ta ut penger før jobb ja, men jeg hadde ikke regnet med den lange køen, så jeg rakk det ikke. Men kjære har tatt ut, så vi får leve på de om det skulle bli noe problem.

Så dumt at du skal slite med vondt i kroppen da. Spent på hvordan min blir når jeg en gang i framtida går gravid, jeg som har hatt leddgikt siden jeg var 9 år. Har slitt veldig med hoftene det siste året, og har spurt lege om jeg burde få barn tidlig el om det ikke har noe å si. Men jeg får ikke noe svar...

Skrevet

Oi, visste ikkje at du har leddgikt Septima. Du må jo nesten få svar av legen om du skal setje igong med beibilaging før eller seinare. Second-opinion?

Me vart inviterte i 6års bursdag til kusina til mannen i dag. Han drog dit no nettopp, eg vart heime. Føler meg slettens ikkje bra framleis. Er så varm inni meg at eg held på å sprikke, men utanpå er eg iskald. Hovudverk i tillegg, så dette er ikkje nokon kjekk start på helga.. Mannen skulle vera rask i kveld då, så kjem han heim og pusar med meg etterpå. :glede seg:

Gjest
Dette emnet er låst for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...