Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Fremhevede innlegg

Skrevet

Goooood morgon! :)

Ja, me let det stå slik. Sjølv om morgonen min er alt frå god. Har megavondt i bekkenet i dag. Ringde kvart over sju som inspektøren har sagt at eg må gjera dersom eg er sjuk. Ingen tok telefonen, så eg la att melding på svararen. La meg til å sova att. Ein time etter ringde rektor meg. I halvsvime måtte eg då gjenta det eg sa på svararen fordi han ikkje klarar å høyra meldingar. :ler: Og så måtte eg senda opplegg for dagen min til han på e-post. Difor er eg her no.

Trappa ned frå soverommet er fryktleg lang for tida. Spurte mannen om ikkje me kunne flytta ned no den siste tida før me skal flytta. Trapper er jo i hovudsak grunnen til at eg ikkje klarar å gå på jobb, så då er det jo idiotisk at ein skal utsetja seg sjølv for det heime, når ein ikkje klarar å gjera det same på jobb. På den andre sida er det ein fin måte å sjekka om ein er i form til å gå på jobb den aktuelle dagen. ;) Men mannen sa at det kunne me sikkert gjera i helga. Me har to rom som ikkje vert brukt til særleg, anna enn datarom og oppbevaring, så eit av dei kan me sikkert flytta opp. Det blir nok mest sannsynleg det som me brukar til oppbevaring. Me har nemleg ikkje bodplass i dette huset i det heile tatt. Eller, me har ein pitteliten bod under trappa, men der er det nesten ikkje plass til noko i det heile. Så då blir det til at tinga me har pakka i øskjer står inne på "roterommet" som det har fått som namn.

Uff, er framleis trøytt. Håpar rektor har fått e-posten min, så eg kan gå å legga meg att. Eg laga forhåpentlegvis ikkje dei største problema då eg ringde inn og var sjuk. Eg har fire undervisningstimar på fredagar. Men i dag skulle den eine gruppa mi ha tentamen og ei anna skulle ha fotballcup. Så då mistar eg to timar der. Då er det berre to att. Og i dei to siste har eg med meg morsmålslærar. Så i den eine timen har eg to elevar og ho to og i den andre har eg ein og ho to. Så det må då gå fint. Det einaste problemet var at dersom ein kollega av meg var sjuk i dag (også, har vore sjuk tidlegare i veka) så skulle eg opne tentamenen. Men eg reknar med at dei ordnar det til på eit vis. Eg klarar jo knapt å bevega meg rundt i mitt eige hus, korleis skal eg kunna springa rundt og undervisa då?

Merka det godt etter turen i går, ja. At det var vondt. Me gjekk verken langt eller fort. Men me gjekk på asfalt både oppover, nedover og bortover. Og det skrangla og var vondt medan me gjekk. Men eg tenkte at eg sikkert berre måtte bli litt varm fyrst. Men kjende det då eg kom heim at tur ikkje var det luraste eg kunne gjera når eg allereie hadde vondt. Men det kunne eg ikkje vita då eg gjekk.. Eg har jo aldri hatt skikelege bekkenplager før. Eller det vil sei, eg har jo vore plaga i førre svangerskap og heilt frå starten av dette svangerskapet, men då har eg berre gått rolegare og teke små steg, så har det kome seg.

Heldigvis skal eg på svangerskapskontroll til legen i dag. Så då berre spør eg om ikkje eg kan få ei aldri så lita sjukemelding då. :)

Oi, vart masse syting dette. Men no har eg no fått ut litt tankar. Og det er vel det ei dagbok strengt tatt er til... ;)

Ha ein flott dag snuppelupper! :vinke:

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Huff da. Så dumt at du skal ha så mye vondt.

Håper det ordner seg.

Og gratulerer med ny bil :)

forøvrig gjør det ikke noe om det tar lang tid å finne det rette navnet, dere har jo 146 dager igjen ifølge tickeren din, så jeg er sikker på at det akkurat perfekte navnet det finner dere etterhvert. Kanskje ikke før han er født? "Se hvem han er"-tankegangen..

Helt sikkert, det perfekte navn finner dere etter hvert.

GOD BEDRING!

Skrevet

Hei hei!!

Kjedelig med bekkenvondt - men du måååå aldri finne på å gå tur på asfalt!!!! Det er det verste du gjør. Da blir det fort verre. Sleit med det der selv så vet alt om å ha vondt. Er helt forferelig!!

Men du må finnet deg et område med tereng. Og heller bruke bil til og frem til det stede. Jeg gjorde det noen ganger og kjente faktisk en forbedring. Ikke i lengden, men akkuratt den kvelden jeg hadde mest vondt. Hadde jeg mye vondt gikk jeg en slit tur og det lettet på trykket.

Grattis med ny bil!!!

God bedring! Håper du kommer det litt, for sykemelding i lengden med bekken er noe dritt! Jeg lå jo hjemme i flere uker. Holdt på å døøøøø :ler:

:klem:

Skrevet

Hihi, forresten... I går då me leita gjennom alle dei nesten 4000 gutenamna, fann eg namn til Pusi! :-D

Så no heiter ho Titus!

Skjønne pusen

Skrevet

Heime frå legen.

Fekk sjukemelding i ei veke.

Legen syns at det var berre tull å gå til fysioterapeut eller kiropraktor.

Fekk ei heil, lang lekse om kor teit han syns det var.

Så då droppar me det...

Men derimot var yoga verkeleg noko å satsa på.

Så då prøver eg å finna eit kurs i nær framtid.

Eg fekk beskjed om å ta livet med ro, og å gjera det eg har lyst til.

Gå på tur i skauen var mykje betre enn å halda på å gå til alle slags pengeslok.

Rare legen..

Skrevet

rar lege som ikke ville gi deg henvisning til fysio. Legen kan jo ikke si om det er bekkenløsning eller ei. Leste at 60% av alle gravide sliter med bekkenet, men det er bare 14% av de igjen som faktisk har bekkenløsning! Det andre er andre typer vonter som fysioterapauten kan fjerne med bl.a punkt-massering.

Skrevet

Ja, det var rart. Han kunne godt skriva ein henvisning til fysioterapeut, men då ville han berre at eg skulle gå der for å få rettleiing i så fall. Så om det ikkje kjem seg til neste veke, så ber eg om å få det. :)

Skrevet

Då var det på tide å koma seg i seng. Blir koseleg i morgon, for då skal me feira bursdagen til kjærasten til bror min :)

Natta!

Skrevet
Rare legen..

Veit akkurat ka du meine...det eg har meint heile tida..:roll:

Greit å se det ikkje bare er eg som er sær liksom.. ;)

Du må kose deg i mårra, vennen :klem:

Skrevet
Hihi, forresten... I går då me leita gjennom alle dei nesten 4000 gutenamna, fann eg namn til Pusi! :-D

Så no heiter ho Titus!

Skjønne pusen

Nesten det samme som guttepusen vår. Han heter Tito! :-D

Håper bekkenvondten forsvinner og at dere blir enige om et navn...Ja, jeg er spent på hva det blir... ;)

Merker også at jeg får en trang til å skrive nynorsk når jeg leser hos deg og Veslo...men jeg skriver jo alltid bokmål...må være fordi jeg opprinnelig er fra en nynorskkommune eller no... :klø:

Skrevet

Heihei! :)

Var kjekt i dag. Me dekka til barnebursdag, sjølv om jubilanten vart 20 på torsdag. Koste oss masse og ho fekk presangar, kake, is og bursdagssong. Og ikkje minst; krone til å ha på hovudet! ;)

~Capricorn~: Hehe, nei du er ikkje sær. Legen derimot.. ;)

Saeria: Stilig, då har ho ein namnekompis allereie. :) Det er jo eigentleg eit gutenamn, men syns det passa så bra på pusi.

Bekkenet er betre, faktisk. Var godt å få snakka med nokon om det som "har litt peiling". Sjølv om legen sa at dette kunne han ikkje så godt, så var det likevel godt å få ei sjukemelding, føle at eg vart teken litt på alvor.

Du må jo berre skriva nynorsk i boka mi om du vil, Saeria, eg skal ikkja halda det mot deg. ;)

No veit eg ikkje heilt kva eg skal finna på. Blir vel drivande rundt her ei lita stund, før eg forsvinn for å rydda litt. :)

Ha ei fin pinseafta alle saman!

Skrevet

:vinke:

Lenge sidan sist - måtte innom for å sjå korleis det går med deg. Og ser at du er plaga med bekkenet - det er ikkje noko særleg! Håpar det hjelper å roe ned, og viss ikkje må du sjølvsagt få time hjå fysio - syntest det var nokså rart av legen, men det er så...

Slapp av i alle fall, og kos deg med mann og mage! :klem:

Skrevet

Så kjekt at de hadde stukke nasa innforbi Pip og Saeria :)

Bekkenet er betre no enn i går kveld, for då var det ille. Men håpar det berre blir betre, så eg kan komma meg tilbake på jobb snart. Which reminds me... Eg må jo laga og senda opplegg til inspektøren, slik at vikaren min veit kva han/ho skal gjera. Burde kanskje stukke utom skulen og gjort klart, for eg har jo ingen bøker her heime. Men eg er jo sjuk, så eg bør vel berre halda meg roleg.

Har alle ei fin helg? :)

Skrevet

Har ei fin helg her...Skal spele Oblivion og vi gler oss...

Sånn...litt (kvasi)nynorsk fra meg...

Skrevet

Saeria: Stilig! Gøy å lesa ei nynorskmelding frå deg ;)

Auuuu! ----> Linn3c har vondt mellom krossryggen og baken. :tristbla:

Har flytta senga i dag. Mannen sa at me kanskje kunne gjera det i helga, og då tenkte eg at det i alle fall måtte vent til neste helg. For i går hadde me jo "barne"besøk og i morgon skal me til ein kollega av mannen og sjå fotballkamp og i dag var liksom dagen han skulle slappa av. Men trur de ikkje han brått reiste seg opp og gjekk for å begynne? :kys_2: Skjønningen!

Så det var vel gjort på eit kvarter; å flytte ut alle kassane frå "roterommet", støvsuge og flytte senga ned. :hoppe: Etterpå har eg teke litt og litt klede ned sånn gradvis. Så i veka får me sjå om ikkje eg kan få tid til å rydda litt oppe, om eg er i form til det.

For då eg skulle prøveligge senga på det nye soverommet, stivna kroppen min heilt og eg måtte berre ligge strekk ut som ein annan tinnsoldat i ein times tid. Noko som resulterte i at eg sovna og etter at eg vakna igjen klarte eg såvidt å røre litt på meg. Mannen hjelpte meg opp, og sidan har eg vore heilt ubrukeleg. Så no blir det ikkje lenge med dataen om gongen, for dette gjer også vondt.

No er det forøvrig middag! Lasagnette med potetstappe istaden for ost, med brød attåt! :sikle:

Gjest gjest1
Skrevet

Usj, kjedelig å stri med de plagene du har om dagen.

Den legen din høres VELDIG rar ut. :roll:

Koselig å diskutere navn da.

Morsomt navn til pusi. :ler:

:kose:

Gjest
Dette emnet er låst for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...