Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Fremhevede innlegg

Skrevet

Ja, legen er merkeleg. Eg og ~Capricorn~ har same legen, så ho er vel den einaste som fullt ut forstår frusterasjonen min. Det verste er jo at jordmora som eg har fått, eller eigentleg alle jordmødrene på det senteret, er så fullbooka at det er kjempelang ventetid der. Sånn er det når "alle" i Bergenhus bydel er gravide. :P

Eg var sånn passe fornøgd med å få time så seint som 16. mai i utgangspunktet, og så går dei hen og endrar tidpunktet til 28. juni i staden. Noko som gjer at eg blei nøydd til å ta ein kontroll til hos legen. *grr* Jaja.. No er eg no ferdig med den, så får me håpa at jordmora held seg frisk til den neste timen min.

Namn er kjempekjekt! Og veldig frustrerande, for alle dei "beste" er opptekne. ;) Neida, me har nokre veldig gode kandidatar så langt :)

Pusi ser forresten litt forvirra ut for tida, vant til å bli kalt "Pusi" og så kallar me henne plutseleg "Titus." :ler: Men ho reagerar, trur det held på å synke inn at ho har endeleg fått namn ;)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Pusen vår reagerer egentlig ikke så veldig på navnet sitt, Tøffluss... Så det går mest i pus...

Skrevet

Bytte lege, Linn3c. Det er helt lov å bytte lege når man har en dum lege!

Skrevet

liv: :ler:

Malama: Bytte lege, ja. Eg skal. Men ventar til eg har flytta, trur eg. Men sjekkar om det fins nokre i nærheten av der me skal flytta. :)

Skrevet

Brann klarte altså ikkje betre enn 0-0 mot Rosenborg...

Jaja, nok om det.

Hehe.

Har hatt ein super dag!

Me gjekk på tur på føremiddagen. Kjempekoseleg. Eg og mannen og bror min. Gjekk oppover ein stad der mannen min pleidde å gå som barn. Han hugsa heldigvis framleis vegen, så me kom oss både opp og nedatt. ;) Hadde lite problemar med bekkenet stort sett heile vegen, til me kom nedatt på asfaltvegen. Då skar det seg heilt og eg måtte ta det heilt med ro tilbake til bilen. Heldigvis at det ikkje skjedde før ;) Men det var heilt fantastisk å koma seg ut i frisk luft og ulendt terreng etter gamalt. Eg har jo ikkje turd å gjera nokon ting no som eg har kjent det i bekkenet, men det var gjerne det som var feilen.. :Hehe:

Etter turen gjekk med på kro og kjøpte med oss mat som me naut utandørs heime. BBQ kotelettar med slottspoteter! :sikle: Veldig kjekt og godt! :)

Etter middagen tok eg meg ein velfortjent strekk på senga og sovna ein liten time. Vel, veit ikkje om det var ein time eingong. Trur det var nærare ein halv. Då eg vakna att såg eg litt på TV og slappa av, før me drog til ein kollega og ven av mannen.

Der såg me fotballkamp og koste oss med godt selskap. Veldig koseleg!

Dei har to søte små døtre, så no gler me oss berre enno meir til å få Småtten ut :)

Så alt i alt, ein heilt super fridag! :-D

Skrevet

Dag to av sjukemeldinga.

Eg har kost meg leeeenge i senga i dag. Godt å sleppa å stå opp kjempetidleg for å dra på arbeid.

Så eg kjem nok til å tassa rundt her heime, rydde det eg klarar og slappa av resten. Har også ein del ting eg skal gjera i tillegg. Mellom anna må eg ringja Bro- og Tunnelselskapet og få brikke til nybilen. Og så må eg betala litt rekningar, og finne ein bag til mannen. Det etterlyste han då han ringde og vekte meg i stad.

Etterkvart må eg prøva å få rydda det gamle soverommet, slik at me kan ta øskjene som stod på roterommet opp dit, slik at dei ikkje lenger står i stova. Men eg får halda meg til rydding og støvtørking. Til naud litt golvvask. Noko bæring kan eg nok ikkje.

Syns å hugsa at det var meir mannen bad meg om å gjera, men det kan eg ikkje koma på kva var. Får høyra med han trur eg. Eg var jo trass alt litt i svime då eg snakka med han ;)

Ha ein superduper dag i solskinet!

Skrevet

Hei Linn3c!

Nå er du snart halvveis i svangerskapet....

Grattis. Og lykke til i den siste halvdelen :klem:

PS - grattis også med ny bil!

Skrevet

Hei Smilepia! :-D

Takk for helsing. Nærmar seg halvvegs her, ja.. Men du nærmar deg fullvegs du! Spennande å fljga med deg no dei siste vekene av svangerskapet og den fyrste tida med småfolk i huset :)

Skrevet

Lånte denne av Cathie eg :-D

Jeg fant ut at hvis du tar 31 dager i alle de 9 mnd'ene så stemmer det ca.

Da blir det sånn:

1.mnd er til 4+3 (ca uke 4)

2.mnd er til 8+6 (ca uke 9)

3.mnd er til 13+2 (ca uke 13)

4.mnd er til 17+5 (ca uke 18)

5.mnd er til 22+1 (ca uke 22)

6 mnd er til 26+5 (ca uke 27)

7.mnd er til 31+1 (ca uke 31)

8 mnd er til 35+4 (ca uke 36)

9 mnd er til 40+0 (uke 40)

Så er det pluss de to dagene da (40+2)

Syns det er greit å regne ni måneder jeg, sånn hvis andre spør.

Men selv holder jeg mest styr på ukene  :)

Skrevet

Nei, no må eg komma meg i gong her. Kan ikkje berre sitte på KG og sløve ;)

Skrevet

Loftsrommet er rydda og tørrmoppa.

Klart for at mannen kan koma heim og bera opp alle kassane.

No skal eg rydde litt her på datarommet, tenkte eg.

Får sjå om eg får det til.

Me har så masse greier, og så liten plass å gjera av alt.. *sukk*

Skrevet

Heihei Saeria og Isowen :vinke: *vinke*

No har eg og mannen fått rydda masse! Sjølv om det kanskje ikkje viser så godt..

Me har sortert masse av innhaldet i dei øskjene me hadde pakka før visninga. Så no har me proppa sju fulle bæreposar med klede til Fretex og ein bossekk med sko. :engel:

Skrevet

Jeg byttet også nylig lege.

Skrevet

lunacia og Meteora: Kjekt å sjå dykk att :) *klemme*

Skrevet

Åååh, no er eg trøytt.

*tar mannen under armen og går og legg oss* ;)

Natta!

:sove:

Skrevet

God morgon!

Flinke Linn3c stod opp samtidig med mannen i dag, men må innrømme at eg er litt trøytt. Så det kan hende at eg tek meg ein føremiddagslur i løpet av dagen ;)

Har sett gjennom jobbannonsene på aetat no, og jammen var det ikkje nokre faste stillingar ute. Eg tenkte å søke på dei faste, for at eg er gravid er jo ikkje nokon grunn til ikkje å tilsetje meg, vel? :)

Ha ein fin dag alle som stikk innom! :vinke:

Gjest
Dette emnet er låst for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...