Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2221 Skrevet 1. juni 2006 liv: Importert, ja. Og så har svenskane vore så trege med å senda papirane på bilen bort hit. Bilen var jo i Bergen 10. mai, det var same dagen som me fekk sjå på han og bestemte oss for at den ville me ha. Men no har det altså teke nesten ein månad på å få tak i dei papira. Fyrst sa dei i Sverige at dei hadde sendt papira, men dei dukka aldri opp hos forhandlaren. Så forhandlaren skuldar på Posten. Det kan godt vera, sidan me har hatt eit liknande tilfelle med Posten tidlegare, har me ikkje all verdens tiltru til behandlinga av viktige ting. Men på måndag skulle svenskane altså senda duplikatane av dei papira som aldri dukka opp. Men me veit jo ikkje om Biltilsynet vil late dei papira vera gyldige, sidan dei berre er duplikatar. I så tilfelle vil dei i Sverige koma til å bruka minst ei veke på å få laga nye papirar på bilen. Så då sit me her, me. Med lånebilen og utan vår eigen. Me er no heldige som har fått lånebil i ventetida då. Elles hadde det blitt vanskelegare. Så no har me hatt lånebil i halvanna veke. Og kjem til å behalda den fram til Volvoen er klar. Malama: Hihi, så gøy at du kunne sjå det. Eg hadde ikkje fanari i det heile tatt, var klar for begge deler i grunn. Så når jordmora sa at det var gut, vart me berre kjempeglade begge to, for å endeleg ha bestemt oss for å få vita det, og for at ho kunne sjå det så sikkert at ho kunne fortelja det. Nei, no må eg visst jobba litt.. Sjåast!
Malama Skrevet 1. juni 2006 #2222 Skrevet 1. juni 2006 Nei, no må eg visst jobba litt.. ← Jobbing er oppskrytt! Forøvrig kunne jeg ikke egentlig se det da, jeg bare tippa. Men jeg tippa rett (liksom syntes det stemte med "guttemage" slik jeg er blitt fortalt de skal være. Men jeg har personlig sett gravide med "guttemager" få jenter og motsatt da, så... Stoler ikke helt på det...)
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2223 Skrevet 1. juni 2006 Argh... Skulle ønske nokon kunne komt inn døra her på arbeidsrommet og sagt til meg kva eg skal gjera. Eller at dei hadde sagt at eg berre kan gå heim. Eg har ingenting å gjera. Pulten min er nokonlunde ryddig, eg har undervisningsopplegg klart for så og sei resten av skuleåret. Eller dvs, essensen av kva som skal foregå i timane i alle fall. Håpar på å få sjukemelding i morgon når eg er hos legen, så det blir jo forhåpentligvis berre å overlevera til ein kollega. Men neida.. Eg må sitja her fram til to, for det er arbeidstida mi. Så då vert eg hengande her i staden. Heilt bortkasta bruk av tid som eg kunne brukt på rydding heime for eksempel.. Jaja, eg får vel sjaine pulten min heilt og gjere ein finpuss på opplegga mine.. Snaaaaart helg....
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2224 Skrevet 1. juni 2006 Å, så koseleg at du hadde vore innom Malama. No fekk eg liksom ein grunn til å sitja her litt til Eg klarar ikkje å sjå at det har skjedd noko med magen min i det heile tatt, eg. Ser det på kleda, då.. Men har kanskje fortrengt korleis eg såg ut før eg vart gravid.. Kan vel ikkje sei at eg har vore heilt nøgd med utsjånaden min dei siste par åra. Har ikkje gjort noko særleg med det då, men etter at småtten er komen ut, så blir det nok andre bollar (Grove, kanskje? )
magnhild Skrevet 1. juni 2006 #2225 Skrevet 1. juni 2006 Jeg ville bare innom for å si hei jeg!! Så; HEI!! Håper du har en fin dag!
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2226 Skrevet 1. juni 2006 Hei, så kjekt med eit nytt fjes i boka mi
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2227 Skrevet 1. juni 2006 Endeleg heime att. I dag har det jammen ikkje vore gøy på jobb... Eg fekk jo rydda masse på pulten min då, og alle timar fram til eg skal slutte er stort sett ferdig planlagde.. Men utanom det, så har eg halta fram og tilbake i dag, har nemleg hatt veldig aoa i bekkenet mitt. Og så har eg svetta, frose, hatt hovudverk, vore brennheit, hatt leamus over store delar av kroppen og ja.. Stort sett det meste ein kan forventa seg når ein er gravid. Har fremdeles bekkenvondt, så eg må vurdera om det har noko for seg å gå på jobb i morgon. Skal i alle fall spørja legen om sjukemelding ja. Skal dit klokka 1340. Men treng ikkje å gå tidlegare frå jobb (viss eg går i det heile) for på fredagar er eg jo ferdig fem over ett. Som jo er ein god grunn til å gå på jobb, berre for å få gå tidleg heim.. Jaja.. No verker eg over heile kroppen, er trøytt og lei, så eg lurer på om eg rett og slett skal ta meg ein tur til sengs..? Ja, eg gå no. "Natta"
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2228 Skrevet 1. juni 2006 (endret) Oi! Må berre sei: Me får bilen i dag! Endret 1. juni 2006 av Linn3c
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2230 Skrevet 1. juni 2006 Mannen er hos forhandlaren no for å henta bilen. Sjølvsagt måtte det det bli noko tull med banken når me skulle overføra pengane. Fyrst tasta eg feil kode, slik at eg måtte ringa banken og opna att. Så når pengane skulle overførast var maks beløp som kan overførast i nettbank for lite i forhold til kjøpssummen av bilen. Så då måtte eg ringa og endra den grensa i tillegg.. Men no er alt i orden og mannen kjem snart heim med flett ny bil!! (for oss, for den er jo brukt)
liv Skrevet 1. juni 2006 #2232 Skrevet 1. juni 2006 Dumt at bekkenet krangler! Du får se å få deg henvisning til fysio du og!
Gjest gjest1 Skrevet 1. juni 2006 #2233 Skrevet 1. juni 2006 Lykke til hos legen, og grattis med bil!!!
Isowen Skrevet 1. juni 2006 #2234 Skrevet 1. juni 2006 Isowen: Nei, ikkje sant? Litt mindre fett, så hadde me nok sett han betre. ← Pft. Den er jo ikke stor på noen som helst måte!
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2236 Skrevet 1. juni 2006 No har me vore på cruisetur med nybilen :-D Kjempegøy altså! Ein sånn vanvittig forskjell ifrå den vesle Ford Escorten me har både kjøremessig, komfort og ja, alt egentlig liv: Ja, håpar han ser alvoret i at eg har vondt og lagar sjukemelding og henvisning. veslo: Takk og takk! Isowen: Hehe, vel... uhm.. takk.. trur eg.. Heidi76: Hihi, bilen er faktisk raud, så den smileyen var midt i blinken i dag
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2238 Skrevet 1. juni 2006 No skal eg og mannen ut og gå ein tur
Linn3c Skrevet 1. juni 2006 Forfatter #2240 Skrevet 1. juni 2006 Vel heime frå turen har eg sett gjennom alle dei nesten 4000 gutenamna på namneguiden til barnimagen.com.. Puh! Jammen er det mange namn å velja i! Har funne nokre me syns er fine, men det er ikkje lett.. Så det neste blir vel at mannen går gjennom same lista og plukke ut om det er nokre fleire han syns er fine. For no har jo berre eg funne dei eg likar og sagt dei til han, og så har han vore einig eller ueinig. Så det tek nok tid å finne det perfekte namnet, ja..
Fremhevede innlegg