Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Joggedag i dag, og i dag var det ny veke i programmet og dermed auke i joggelengda. Eg er i så dårleg form at eg må ta det veeeeldig gradvis, og no følger eg eit program frå "Alt om løping"-boka, frå redaktøren i Runner's World. Dei to første vekene har eg jogga 2 min, gått 4 minutt x 5. Pluss oppvarming, slik at det blir 35 minutt tilsaman. Denne veka er det 3 min jogg, 3 min gå x 5 + oppv. Klarte det heldigvis ;) I følge appen min forbrann eg ca 300 kcal :tommelsmil:

Har også gått til og frå bhg, ca 6 km. Skal gå til og frå enda ein gong i dag, for eg må jo hente gullet også ;)

Men vi droppar tur rundt vatnet i dag, for vi skal avgårde og kjøpe sykkelbarnesete i staden for :) Då sparer eg litt tid (og krefter) på barnehagelevering- og henting :) 12 km sykling er meir overkommelig enn 12 km gåing :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Bare så du vet det så er nok de aller fleste veldig fornøyd med å ha gått nesten 2 mil en dag. :) så det er ikke bare deg det er mye for. :)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare så du vet det så er nok de aller fleste veldig fornøyd med å ha gått nesten 2 mil en dag. :) så det er ikke bare deg det er mye for. :)

Hehe, okej ;) Eg er alltid litt usikker på om det eg gjer er bra, eller under normalen :P For eg er jo så treig og sånt, så eg trur alle andre gjer det masse betre :) Men eg var veldig fornøgd med 17 km, det er ekstremt sjeldan eg går såpass langt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går stakk vi på Biltema og kjøpte sykkelsete, så i går gjekk vi ikkje tur. Men eg gjekk 12 km og jogga på tredemølle, så eg er uansett fornøgd :) (Mannen var ikkje fullt så fornøgd, for han fekk verken jogga på kvelden pga sykkelsetemontering, og ikkje gått rundt vatnet). Men vi startar på nytt i dag! :) Ingen grunn til å stoppe opp berre fordi vi ikkje gjekk tur i går :)

I dag sykla eg til bhg, og det gjekk veldig mykje fortare :) Lenge sidan eg har sykla, men det gjekk bra. Ikkje fullt så mange kcal forbrent, men det gjer ingenting. Vi skal jo uansett gå rundt vatnet også i dag, og det er rundt 400 kcal. Og så er det rundt 120 kcal pr veg til/frå bhg. Så rundt 480 kcal tilsaman. Har i følge appen min forbrent 5500 kcal dei siste sju dagane, og det er ny rekord ;) Godt fornøgd med det :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vegedag i dag, og minus 1,3 kg! :tommelsmil: Veldig, veldig fornøgd :) På tre veker har eg gått ned 2,9 kg, og det er jo ein veldig god start :) Må berre fortsette i det gode sporet no da ;) Målet er ca 0,5 kg i veka, så hittil har jo det gått veldig bra :)

Har sykla 6 km i dag, men det blir neppe jogging, for mamma kjem på besøk. Skal gå og hente M i bhg, så det blir 6 km til. Og så kanskje vi får til ein tur etter at mannen kjem heim? Håper det :)

Og i kveld skal vi koooose oss med iskald Pepsi Max!! :D

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei :vinke:

er innom og leser jevnlig, men ikke så flink å legge igjen ord :/ Du er kjempeflink!! :hoppe: er selv i gang med prosjekt-bli-sunn-og-sterk, kanskje jeg skal lage meg egen treningsdagbok jeg og? :klo: Skal iallefall spise litt snop i dag, etter å ha gleda meg hele uka :fnise:

Koos dere med Pepsi Max, det har dere jammen fortjent! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så flink du er, Silver!

Jeg er elendig på å holde liv i min egen treningsdagbok.. :sjenert: Hadde det ikke vært artig om vi alle startet en "felles" treningsdagbok på treningsforumet hvor vi alle kan rapportere og motivere? :jepp:

Tror vi er mange av 2011-gjengen som prøver å komme tilbake i form.. :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei :vinke:

er innom og leser jevnlig, men ikke så flink å legge igjen ord :/ Du er kjempeflink!! :hoppe: er selv i gang med prosjekt-bli-sunn-og-sterk, kanskje jeg skal lage meg egen treningsdagbok jeg og? :klo: Skal iallefall spise litt snop i dag, etter å ha gleda meg hele uka :fnise:

Koos dere med Pepsi Max, det har dere jammen fortjent! :jepp:

Hei! :D Ikkje ha dårleg samvittighet for at du ikkje legg igjen ord her inne, for eg les ofte hos deg også, men legg ikkje igjen ord alltid.. :sjenert: Skal bli flinkare! :jepp: Tusen takk for skryt! :D Eg er ganske fornøgd eg også, og er veldig motivert for å fortsette! :jepp:

Får du treningsdagbok, skal eg jammen følge med! :) Syns du burde gjere det ;)

Håper du hadde ei fin helg! :)

Så flink du er, Silver!

Jeg er elendig på å holde liv i min egen treningsdagbok.. :sjenert: Hadde det ikke vært artig om vi alle startet en "felles" treningsdagbok på treningsforumet hvor vi alle kan rapportere og motivere? :jepp:

Tror vi er mange av 2011-gjengen som prøver å komme tilbake i form.. :fnise:

Tusen takk, Teriyaki! :) Det føles godt ut å endeleg kome inn i gode vaner ;)

Eg blir gjerne med på fellesdagbok, hehe :) Treng alt eg får av motivasjon ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mykje god mat i helga, og det var jammen herleg med brus! Mmmm! No gler vi oss til neste fredagskveld :fnise: Det går heldigvis veeeldig greit å ikkje drikke brus på kvardager, sjølv om vi faktisk har liggande brus i kjøleskapet! Viljestyrka når nye høgder - det hadde ikkje gått bra for berre nokre veker sidan :)

Var faktisk litt aktive i helga også, for i går var det nyyydeleg ver ute, så vi gjekk ein tur på fjellet over til eit vatn. Der kosa vi oss og bada litt :) Ca 7 km tilsaman og 590 kcal :)

I dag har eg sykla M i barnehagen, så det blir 12 km sykling i dag. Har også tatt joggeøkta mi - ca 300 kcal. I ettermiddag skal vi gå tur, 5 km :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har vore heime hos mamma og pappa eit par dagar no, og i tillegg har eg fått eit snev av blærebetennelse, så denne veka har vore litt slapp.. Det blir 12 km sykling i dag (for M må jo fraktast til/frå bhg), men eg veit ikkje om eg har lyst å gå tur når eg føler eg må tisse heile tida.

Det merkast fort at aktivitetsnivået går ned litt om ein skulker unna nokre dagar.. Øverst på tlf min bruker appen min å halde kcal-forbruket dei siste 7 dagane oppdatert..og den siste veka har det lagt på 6000-6500 kcal..men no har det sunke til 4000 :P Så eg tipper eg går OPP på vekta i morgon! Blir ikkje overraska, for kostholdet har vore litt sånn middels det også..åt skulebolle og muffins heime hos mamma og drakk litt Pepsi Max..og i går åt eg i alle fall 4 pannekaker! Og har drukke eit par glas O'boy i løpet av veka også.

Skal skjerpe meg til neste veke! Og forhåpentlegvis kan vi gå tur i morgon :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er det fredag og vegedag, etter ei ganske dårleg veke..både kosthold og trening har vore under pari, men heldigvis gjekk det biiiittelitt ned likevel - heile 200 gram! :fnise: Vel, 200 gram ned er betre enn 200 gram opp, og dette er forhåpentlegvis 200 gram eg aldri meir får sjå ;)

Har framleis uvi, så vi har ikkje fått gått ettermiddagsturane..ikkje så kjekt å gå og kjenne seg pissatrang ut heile tida. MEN, eg har fått sykla, og eg klarte til og med å gjennomføre joggeprogrammet mitt no i dag tidleg :) Pissatrang heile tida medan eg jogga, men eg klarte det utan å avbryte for å gå på do ;) Ser Sex and the City medan eg jogga, rekk 1,5 episode pr gong :tommelsmil:

Så i dag blir det 12 km sykling, og 35 min på tredemølle (ca 270 kcal) :) Så får eg heller håpe at vi kan gå tur igjen på mandag :)

God helg!! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så flink du er!! :tommelopp:

Er det en spesiell app du bruker for å beregne antall kcal forbrent? :)

Tusen takk! :hug:

Den appen eg bruker følgte med tlf då eg kjøpte den (Samsung, XCover2), og heiter "Noom CardioTrainer". Dei har sånn vekttapsapp også, "Noom Weight Loss" (eller noko sånt), men den bruker ikkje eg.

Eg syns i alle fall at den er bra nok for mitt bruk :) Mange aktivitetar å velge mellom, kan måle forbruk medan du gjer aktiviteten, eller loggføre i etterkant. Tek hensyn til vekta når den beregner kcalforbruk. Viser kart, gjennomsnittsfart, steg etc. (Men stega = 1 meter, veit ikkje om det går an å endre på. Det blir feil for min del, eg tek små steg :P Kan hende det går an å endre, eg har ikkje funne det ut enda).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I går sykla eg 12 km, var på tredemølla i 35 min og vi gjekk tur på 5 km etter jobb.

Har hatt veldig vondt i ryggen sidan laurdag, anar ikkje kva det kan vere. I dag er det litt betre, men i går var det ille. Det er ikkje i sjølve ryggsøyla, men i sidene..bankande smerter (i takt med pulsen) på begge sider, ca i midjeinnsvingen. Kanskje eg har sove skeivt?! Veit ikkje.. I går var eg også kvalm, og hadde bittelitt feber (men berre 37,9, det er jo eigentleg ikkje feber, tenker eg :P ) Uvi-en er heldigvis så å seie borte no, så då kunne vi ta oppatt turgåinga vår :tommelsmil: Så får eg berre håpe at ryggsmertene også gir seg :)

I dag er det tredemøllefri, så i dag blir det berre 12 km sykling + 5 km tur.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Betre i ryggen i dag, heldigvis! Kjenner det nesten ikkje :) Då var det ikkje alvorleg ;) Var ei periode redd for at det kunne vere nyrebekkenbetennelse, men sidan det har nesten gått over så er det nok ikkje det - hurra! :)

Er nettopp ferdig med tredemølleøkta mi - 35 min og ca 270 kcal :) Det blir også 12 km sykling og 5 km tur i dag. Til middag blir det kyllingpai - det har vi ikkje prøvd før :)

Eg trur eg sveittar mykje for tida, for eg er konstant tørst. No etter jogginga har eg drukke snart ein liter med Fun Light (Fruktfest, den er så god!)..Best å halde seg hydrert! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du er så flink og aktiv!! :jepp:

Synes du skal gi deg selv en stoor klapp på skuldra og tommel-opp hver dag, istedenfor å si at du "bare sykla 12 km" etc -- du er flink! Synes 12 km på sykkel er langt jeg!!

Har du gutten i sykkelsete når du sykler, eller sykler du alene? Håper på å få prøvd meg på en sykkeltur iløpet av uka jeg og!:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...