Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Opp 300 gram denne veka, det var ganske forventa ;) Mest sannsynleg har eg gått nedatt det, for i dag har eg vore skikkeleg dårleg. Kasta opp i natt, 1 gong i dag tidleg og 1 gong utpå formiddagen. Dagens matinntak har bestått av 2 seigemenn, 3 mjølkesjokoladekuler og ein liten bit sjokoladekake. Pluss ein halv Solrik og litt Pepsi Max. Skal på jobb i morgon, så eg håper det har gått over til då! Har ikkje kasta opp sidan ca kl 13, og har berre vore veldig kvalm.

Ellers så er mannen min og eg i full gang med å planlegge treninga for det komande året :jepp: Skal kome oss innpå eit mykje betre spor igjen! Første steg er å rydde trimrommet, for no er det fullt av arvegods etter svigermor. Rydde og sortere, støvsuge og vaske :) Fekk meg stepbenk i julegåve (hurra!), så den skal såklart inn der :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjekk ned 100 gram forrige veke, ikkje så verst det, mtp masse god mat, f.eks. nyttårsmiddagen :)

No er kvardagen tilbake, og det er eit nytt år. Tradisjonen tru så har vi såklart laga oss nyttårsforsett. Eg fyller jo 30 år i år, og målet er å sjå nokonlunde normal ut til den dagen :jepp: Skal komme meg ned i vekt ved hjelp av trening og sunt kosthold. Tidlegare har vi hatt for store mål, og no er måla å få trena 2-3 gongar i veka, kutte ut sjokolade, potetgull og godteri (det har vi klart før, så det skal vi klare igjen! :jepp: ) og brus berre i helga.

Eg har både fridagar og dagar med seinvakter eg kan få trena, så målet mitt er å få til ei økt på mandagar og onsdagar, og forhåpentlegvis på torsdagar også :) Og så vil vi prøve å få til ein tur ut kvar søndag, gitt at veret er bra og at vi er friske :) Mannen min skal prøve å få trena onsdagar og fredagar.

Eg skal også bli flinkare til å ikkje kjøpe lunsjmat på jobb, men ha klart knekkebrød og pålegg. Gjerne heimelaga knekkebrød :) Og eg skal IKKJE kjøpe energidrikk! Min store last på jobb! Eg får heller ha ei FunLight-flaske i kjøleskåpet ;)

I dag har eg sykla ca 6 km til/frå bhg :) Det blir dagens trim, pluss 7,5 timar gåing og ståing på jobb (det må vel telle litt det også?!).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sykla ca 6 km både mandag, tirsdag og i dag, godt fornøgd med det! I morgon blir det også 6 km sykling :) Kostholdet er framleis ikkje heilt bra, må jobbe meir med det. Men i dag har eg laga knekkebrød som eg skal ha med på jobb, det er jo positivt! :jepp:

Må definitvt jobbe med å kutte kveldskosen på kvardagane. Det er jo mykje betre å ta seg ei skive eller noko sånt, i staden for brus, potetgull, is, kjeks, eller kva det no måtte vere :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart 7,47 km sykling i dag, fordi vi sykla innom butikken på veg heim frå bhg. Så den siste veka har eg forbrent 1200 kcal, og det er jo vel og bra det. Så spørst det på matinntaket ;) Er ikkje så altfor optimistisk når det gjeld morgondagen :P I dag blir det pizza til Game of Thrones :)

Knekkebrøda vart forresten veldig gode :jepp: Og mettande! Vanlegvis bruker eg å ete 4-5 knekkebrød (Wasa Husman) i pausa mi, men i går holdt det fint med 2 :) Det er jo positivt! :) Skal definitivt lage meir! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er alltid spennende med veiedag! selv gidder jeg ikke veie meg i morgen. Holder alltid på vann når jeg har mensen, så venter til jeg er ferdig med den. :)

Så flott med hjemmelagde knekkebrød da. :) Jeg veldig glad i wasa havre-knekkebrød. Blir mett av to knekkebrød med ost, skinke og paprika og et stort glass vann. Husmann sine er kanskje ikke like mettende? Jeg synes i alle fall Husmann er skikkelig kjedelig i forhold til Havreknekkebrødene. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er alltid spennende med veiedag! selv gidder jeg ikke veie meg i morgen. Holder alltid på vann når jeg har mensen, så venter til jeg er ferdig med den. :)

Så flott med hjemmelagde knekkebrød da. :) Jeg veldig glad i wasa havre-knekkebrød. Blir mett av to knekkebrød med ost, skinke og paprika og et stort glass vann. Husmann sine er kanskje ikke like mettende? Jeg synes i alle fall Husmann er skikkelig kjedelig i forhold til Havreknekkebrødene. :)

Trur ikkje Husmann-knekkebrøda er like mettande nei, sjølv om dei er grove. Men kor mange eg et avhenger såklart av kva eg åt før eg stakk på jobb, og kor mykje eg jobbar. Det er jo stort sett 7,5 time med gåing, ståing, bæring og løfting, så det treng litt energi for den store kroppen min ;) Men dei heimelaga metta altså mykje meir :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det blir litt trasking att og fram no når snøen har kome. Då er det stopp i syklinga :) Har gått ca 3 km i dag, og det blir enten 3 eller 6 km til..det spørs om vi tek bussen heim frå bhg eller om eg fiksar vogna slik at eg kan trille ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart ca 8,5 km gåing i går, slett ikkje verst til å vere meg! ;) Ca 690 kcal og ca 14100 steg. I dag blir det ca 3 km gåing, kanskje litt meir..må trille innom butikken, så då blir det ei ekstra lang runde :)

Kostholdet er så som så, men no er snart alt julegodtet oppete..og da er det ikkje lov å kjøpe meir! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart 5 km gåing i går, ca 400 kcal :)

I dag viste vekta minus 400 gram, og det er jo ikkje så halvgale :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sånn! I går kveld kasta vi siste rest av godteri og potetgull, no er det slutt :) Ikkje lov å ete sjokolade, potetgull og godteri, på ubestemt tid :) Vi har som første mål å halde oss unna fram til ein Englandstur vi planlegg i april. Då må det vere lov ;) Godt å få det ut av huset! :jepp:

I dag vart det 3 km gåing, ellers så blir det mykje trasking på jobb i dag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra! Det er like greit å hive det slik at man kommer seg i gang, i stedet for å spise opp alt først. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra! Det er like greit å hive det slik at man kommer seg i gang, i stedet for å spise opp alt først. :)

Det var det vi fann ut også, etter å ha brukt dei tre første vekene på å prøve å ete opp alt saman :fnise: Og så kjøper ein gjerne litt til, og litt til.. Så no fann vi ut at vi berre måtte seie stopp :) Første dag gjekk bra, hehe :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Torsdag og har klart oss utan godterier sålangt :) Må framleis jobbe med resten av kostholdet, men har allereie fått fjerna ein del verstingar når det gjeld kcal, feitt og sukker. I tillegg så har eg klart eit uoffisielt nyttårsforsett, nemlig å slutte å kjøpe sånn der energidrikk på boks når eg er på jobb! :) Eg drakk nesten ei (lita boks, enten 2,5 eller 3,33 dl) kvar dag. Det er både mykje peng og mykje sukker! :S Men sidan nyttår har eg ikkje kjøpt ei einaste ei! :tommelsmil: Det er jo ein start, om enn ein liten ein.. :)

I dag blir det i alle fall 6 km gåing, og kanskje enda litt meir viss vi trillar innom butikken :) Det blir sein middag i dag, pga overtid, så eg har ikkje store forhåpninger ang. vekta i morgon. i DAG hadde den vore finfin ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare stå på! :jepp:

Jeg var hekta på iskaffe over en lengre periode. Avhengigheten startet da jeg gikk gravid, og fortsatte en god stund. Drakk sikkert 5 stk i uka. Så fant jeg ut at jeg måtte slutte, og det gikk veldig fint. Har ikke hatt lyst på det siden da. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare stå på! :jepp:

Jeg var hekta på iskaffe over en lengre periode. Avhengigheten startet da jeg gikk gravid, og fortsatte en god stund. Drakk sikkert 5 stk i uka. Så fant jeg ut at jeg måtte slutte, og det gikk veldig fint. Har ikke hatt lyst på det siden da. :)

Bra du klarte det :) Trur det beste er å slutte cold turkey, ikkje pine seg med langvarig slutting. Neste mål er å kutte brus på kvardagar :jepp: Då smakar det så innmari mykje betre i helga! :sikle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Det vart ca 8 km gåing i dag, ca 600 kcal. Eg går jo litt treigt eg da, maks 5 km/t, trur det låg på 4,7 km/t i dag.. Så eg kjem ikkje meg så langt på samme tid som andre ville brukt, men eg har høyrd at ein bruker like mange kcal om ein går 8 km som å jogge 8 km, og kcal er jo kcal, samma om dei vart jogga bort eller gått bort :)

Har forbrent 1200 kcal den siste veka, så eg har ikkje altfor store forhåpninger om vekta, for snart er det middag og Game of Thrones ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opp 100 gram i går, som forventa. Ikkje så hakkande gale, men viss det hadde vore torsdag, så hadde det vore ned 500 gram :P Så mykje har dagsforma å seie, hehe :)

No har vi endeleg fått faste vaktlister på jobb, så då har eg fri kvar onsdag. Dvs. at mannen min jobber overtid då, og ikkje på torsdagar. Då slepp vi så sein middag på torsdag, og det trur eg er bra :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har vore heimedag med gullet, så då gjekk vi oss ein trilletur :) Ikkje så himla lang, 3,6 km, men godt å komme seg ut i frisk luft :) Var også innom kjøpesenteret. Eg går veldig treigt, i dag var det 4,1 km/t, men det har litt med at den siste km er ein einaste laaang oppoverbakke. Og då går eg I ALLE FALL treigt :fnise: Då eg studerte og trente på treningssenter, brukte eg å gå på tredemølle på 6 km/t. Så eg er i litt dårlegare form no, sjølv om 6 km/t på mølle er lettere enn på bar mark.

Eg bruker også å rekne at eg bruker dobbelt så lang tid som normale folk. Så viss nokon seier "det tek ca 20 minutt å gå dit", så rekner eg 40 minutt for meg ;)

Uansett så vart det 292 kcal i dag, og det er jo betre enn ingenting :jepp: I morgon blir det også 3 km gåing.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Applaus til meg - i dag var første gong sidan slaget på Stiklestad (føles det ut som..) at eg var på tredemølla! :klappe:

Skal ikkje skryte på meg noko enormt av kaloriar og km/t, eg er både treig og tung..men det var ein start! :) 35 minutt og 250 kcal :) Begynte heeeilt på nytt på løpeprogrammet, dvs oppvarming i 5 minutt, så 2 min jogg 4 min gå x 5 :) Tok også 20 sit-ups, 10 damearmhevingar (ja, eg er i SÅ dårleg form), 10 bicepscurl, 10 tricepscurls, og for moro skuld tok eg planken medan eg telte til 10 :P Eg trur kjernemuskulaturen min er ikkje-eksisterande :fnise:

No håper eg verkeleg eg får inn ei god vane :) Tida flyyyyg fram mot 30-årsdagen min! Eg har alltid tenkt at når eg er ferdig å få ungar (og ferdigslanka) skal eg ta brystreduksjon. Trudde ikkje det skulle bli etter berre 1 unge, men har bestemt meg for at eg skal gi meg sjølv det i 30-årsgåve :jepp: Med mindre puppane krymper enormt viss eg slanker meg.. Har lyst på relativt små pupper, f.eks. c eller d-cup, men det må jo stå til kroppen også :) Dette er ei skikkeleg gulrot! :jepp:

Det blir minst 3 km gåing i dag. Kanskje nærmare 5, for vi må innom butikken etter bhg. Og i morgon skal eg trene då også, for då har eg seinvakt! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...