Gå til innhold

*Frida*


*Frida*

Anbefalte innlegg

Off, høres ut som om dere trenger en ny ferie for å komme dere etter den turen der...

Og selvmord og krybbedød... Jeg har ikke ord. :tristbla:

Gode :klemmer:, god bedring til dere alle! :troest:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

:overrasket:

Forstår hva du mener med at ting blir satt i perspektiv av andre hendelser, men det er jammen lov å være satt ut av egne opplevelser og erfaringer også. Det hørtes ut som en tøff ferie, selv om dere kom hjem til verre ting. :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

uff- det hørtes ikke ut som drømmeferien nei :klemmer: - maks uheldige!

Slapp av i soafen med barnetv og kaffe med god samvittighet!

Ikkje akkurat drømmeferien nei. Men me får igjen litt pengar på reiseforsikringen, og har allerede kikka litt på ny tur til sommaren. Berre ein liten tur, sikkert innanlands, noko å sjå fram til.

Det blei to dagar i sofaen med barnetv. Heilt ok!

Det høres absolutt ikke som en god ferie nei! :klemmer:

Og det er jo ufattelig trist med selvmord og krybbedød også. Bare tenk på deg selv og A, sitt ned og slapp av. :jepp: God bedring. :klemmer:

Trist, ja... Sjølvmordet var (går det an å sei heldigvis?) ein voksen person. Men krybbedød, herregud! Babyen var heilt ny! :tristbla:

Eg har forsøkt å slappe av, men eg har blitt stadig verre. I dag avlyste eg barselgruppe på helsestasjonen, kan jo ikkje møte babyar og mammaene deirans når eg er så forkjøla. Har lurt på om det er halsbetennelse. Pluss kraftig, vond hoste. :kjefte:

Off, høres ut som om dere trenger en ny ferie for å komme dere etter den turen der...

Og selvmord og krybbedød... Jeg har ikke ord. :tristbla:

Gode :klemmer:, god bedring til dere alle! :troest:

Ferie med to små ville vel ikkje blitt skikkelig ferie for oss uansett, men med to sjuke små (og ein småsjuk stor) blei det direkte slitsomt :sjenert: Jaja, sånn blei det!

Manglar ord eg og...

:overrasket:

Forstår hva du mener med at ting blir satt i perspektiv av andre hendelser, men det er jammen lov å være satt ut av egne opplevelser og erfaringer også. Det hørtes ut som en tøff ferie, selv om dere kom hjem til verre ting. :klemmer:

Du har rett. Det er vel lov til å klage litt for ødelagt ferie sjølv om andre har det verre enn oss. Me hadde jo gleda oss til turen, men no kan me le litt av korleis det gjekk, og gå vidare. Andre kjem til å bere med seg noko vondt for alltid.

:klemmer:

:klem: tilbake!

Klem!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg levert A i barnehagen, kl halv 11... (Me sov til 9!) Ho hostar ennå litt, men er frisk nok til å vere litt ute no. Det er heldigvis berre 0 grader, men det snør tett her!

Ho har ikkje vore i barnehagen sidan før jul, og det er jo nesten 3 veker sidan. Ho var litt reservert når me kom, men eg tenker det ordnar seg raskt! Blei heldigvis godt teken hand om av dei voksne. Dei er flinke!

Eg var forresten på legesenteret med A på måndag, og fjerna dei to stinga i panna. A var så flink! Eg er verkeleg imponert over jenta mi :rodmer: Ho var ordentlig redd (likar blant anna ikkje framande personar så tett på seg, heller ikkje når ho ikkje veit heilt kva som skal skje. Og så kunne det jo vere vondt) Ho låg (rettnok stiv som ein pinne) i ro på benken medan sjukepleiaren tok av dei to stripsa, og klipte det første stinget. Stinget gjorde nok litt vondt, for før neste sting var ho litt urolig, og tårene trilla. Men ho låg fint, store jenta mi! Såret ser veldig fint ut, det er berre ei lita skorve att no. Og såret er v-forma, så det var nok bra å få det sydd.

I dag skulle eg vore på barselgruppe med N, men har avlyst pga formen min. Kan jo ikkje smitte alle! Men eg har andre ærender, blant anna for å møte min nye sjef, så bytur blir det likevel. Og så skal me ha dåp på søndag, så det er litt å ordne...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så flink hun var! :)

Lykke til med dåpsforberedelser! :)

Ja :)

Dåpsforberedelser, ja... Fekk stroke dukane i går kveld, og handla dei fleste ingrediensane til middagen og ei kake. Skal sjekke kva me har av pynt og lys for anledningen, veit me hadde masse rosa lys igjen frå A sin dåp. I dag skal eg rydde her, så skal me vaske i kveld. Fredag går vekk i bytur og middag anledning svogers 40-årsdag. Lørdag skal me lage middagen, lapskaus, og kjøle ned, sånn at den berre skal varmast opp på søndag. Må ringe gullsmeden i dag, håpar dei kan gravere navn på bestikket til i måro.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er N 3 månadar!

:daane:

Tida går så veldig fort, vesle babyen min er blitt stor jente. Syns 3 månadar er ein slags milepæl.

N er veldig glad i å få med seg ting rundt seg, og kikkar med stooore auger rundt seg. Ho held hovudet godt oppe både på magen og når ho blir heldt, faktisk så nektar ho å legge hovudet inntil når ho sit på fanget :fnise: Ho pratar masse, gjerne for seg sjølv, og om ein først har fått henne til å prate litt, pratar ho lenge! Tidligare gjekk det berre i tydelige 'RØ!', men no er det meir 'bø' 'ø' 'mmm' 'ma'. Og så smiler ho stort når me svarar tilbake! Ho lagar litt latter-lyd og no, litt sånn fnising, haha! Ho er også blitt veldig flink til å gripe tak i ting, babygym-leikene og kluten ho har under hovudet. Kluten ligg med andre ord sjeldan under hovudet, men ofte oppå :fnise: Gulpinga har ho overhode ikkje slutta med, derav nevnte klut. Størrelse 56 er lagt vekk, no brukar me str 62 og et par plagg i 62/68. Det er nok berre å vaske opp alle 68-kleda.

Fram til me reiste på ferie på nyttårsafta sov ho frå ca 22 til 6/halv åtte utan mat. I ferien (sikkert på grunn av både nye omgivelsar/varme og sjukdom) har ho vakna mykje, opptil kvar andre time. Då har eg amma, og ho har sovna fint igjen. Sidan ho åt litt mindre enn vanlig på dagtid var det for så vidt greitt å gi litt på natta og, men djises så trøtt ein blir av sånne netter :sovne:

Anyways; rutinane har begynt å gå seg til igjen her heime no, i går la ho seg fint ca kl 21, ba om litt påfyll ca kl 22, amma igjen ca kl 5 og så sov ho til eg tok henne opp ca kl 7.

Endeleg 'kvardag' her i heimen igjen. A var i barnehagen til frokost kl 8, og N søv i vogna si i gongen.

I måro skal eg til byen med N på ny hoftekontroll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hoftekontroll med UL på fredag. Ultralyden viste fine hofter, og legen kjente ingen knepp i hoftene. Så langt alt vel. Men legen meinte at me skulle ha ein kontroll med røntgen før me kan fullstendig friskmelde henne, så då blir det røntgen når ho er 6 mdr. Hyggelig lege, og eg er veldig beroliga ved denne kontrollen. Det har vore så mykje att og fram no!

Dåp for N i går. Alt gjekk som det skulle :gjeiper: N sov både før og litt etter dåpshandlinga i kyrkja, men våkna litt til mot slutten. Prata og pludra, og litt protester heilt mot slutten. Me var 20 personar til enkel middag og kaker her heime, masse kaker! Stova og borda var fint pynta med rosa løpar på kvite dukar, rosa lys i ulike fargetonar og størrelsar og rosa roser og geranier. Eg hadde bunaden på heile dagen, det er jo litt styr med amming, men eg sette meg berre på soverommet. N fekk mykje fint, sølvbestikk, sølvkrus, dåpsramme, to smykker, armbånd med meir.

I natt har N vore tett i nasen (igjen!), og i dag tidlig hadde ho litt feber (38,6). Feberen er borte no, men eg er usikker på om ho kan ut i dag. Skulle vore på butikken, og så skal eg på middag med jobben i kveld. Får sjå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I natt har N vore tett i nasen (igjen!), og i dag tidlig hadde ho litt feber (38,6). Feberen er borte no, men eg er usikker på om ho kan ut i dag. Skulle vore på butikken, og så skal eg på middag med jobben i kveld. Får sjå.

N var urolig heile dagen, slett ikkje i form. Og med augebetennelse på høgre auge. Måtte takke nei til middagen med kollegaene, sjølv om eg hadde gleda meg veldig til det. (Om ho berre hadde vore vane med flaske så ho kunne vore heime med pappaen!)

Sambo ringte legevakt på kvelden, berre for å ha snakka med helsepersonell. Sidan feberen ikkje var høgre enn 38,6 om kvelden, og almenntilstanden ellers var ok, trengte ho ikkje legetilsyn. Skulle komme neste dag om feberen ikkje gav seg.

Ho var litt urolig og vakna tidlig på natta, og kl 2 målte eg tempen til 39,0. Då fekk ho ein paracet. Usikker på kor stor virkning den hadde ettersom tidenes bæsjebleie kom ca 5 minutt etterpå, men etter dette sov ho fint resten av natta, og hudtemperaturen kjendes normal.

I dag onsdag er ho visst bra igjen. Var urolig i går kveld, men har sove heile natta, 22 til 07. Deilig! :tommelopp:

No er svigerfar oppe og kler den siste veggen på loftstova med panel. Når han er ferdig skal eg beise (ikkje i dag!), gler meg til å få loftstova ferdig!

I går kikka me på baderomspanel til badet oppe, er litt usikker på fargevalget... Vil ha et lyst bad, men samtidig har me lyst på litt fargar eller kontrastar. Me går nok for 3 kvite vegger, og den siste, bak baderomsinnredningen, blir det anten raudt eller ein gråfarge. Badet er lite med skråtak og takvindu. Innredningen blir på 'skråveggen' og doen under skråtaket. Innspel, anyone?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med overstått dåp :)

Så bra at hoftene ser fine ut :danse:

Takk! Der er godt å ha det gjort... Det har vore litt hektisk no, med først jul, så ferie, så dåp. Også sjuke både store og små samtidig. Men dåpen gjekk som den skulle, så det var deilig! :tommelopp:

Veldig glad for fine hofter! Reknar jo med at dei faktisk _er_ fine no, men er glad for å få ein siste kontroll med røntgen når ho er 6 mdr. Årsaken til dette er at A måtte ha skinne etter røntgen ved 8 måndanar, ho hadde blitt friskmeldt med UL når ho var 4 månadar.

--

Et par småting frå dåpen, forresten: Me hadde ein vikar-prest, sidan den lokale som me hadde dåpssamtale med var bortreist den helga. Fekk beskjed om at vikaren kom til å ringe meg, sånn at me kunne snakkast litt, og diskutere salmane og sånn, i veka før dåpen. At han aldri ringte kom eg på først lørdags kvelden. Og når me ikkje høyrde kyrkjeklokkene ein time før gudstenesta trudde jo eg presten hadde gløymt ut alt. Hehe.

Men presten var der han :jepp: Og bortsett frå to fråfall pga influensa, kom alle våre næraste. Ja ikkje N si oldemor forresten, ho takka nei pga helsa, ho er jo passert 90. Og så var det 4 andre i kyrkja, ikkje så stort oppmøte, med andre ord!

Presten spurde oss om me kunne gå inn i kyrkja med han, i prosesjon. Joda, det var jo greitt for oss. Sambo bar N, og når klokkene hadde ringt ferdig, gjekk me inn i kyrkja. Me først, og presten etter. Det var ikkje før me var på veg inn i kyrkja at eg kjende at dette var veldig bryllups-aktig. Og det var det visst fleire i familien som tenkte og, for me er jo ikkje gifte. Blei jo litt prat og latter om det etterpå :lol:

N sov på pappaen sin arm fram til dåpshandlinga, og forholdt seg rolig under dåpen. Men så viste det seg at kyrkjetenaren blødde litt, på ein finger sikkert, så kluten han gav til presten hadde blod på seg :sjokkert: Så verken presten eller tanta som bar N ville tørke henne med det, og huva blei tatt på et vått hovud. Det gjekk jo bra, det var heldigvis varmt i kyrkja. Og så var det blod på staken som dåpslyset skulle stå i, så lyset fekk eg i handa av presten. Dermed blei eg sittande resten av gudstenesta, med et brennande lys i handa. I bunad. :fy_fy:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Var på helsestasjonen med N i går. N veg no 6070g og er 63 cm, 3 månadar og ei veke. 4020g og 53 cm ved fødsel.

Ho har ikkje lagt på seg meir enn ho må, akkurat, men no kan ho ha lagt på seg litt lite dei siste par vekene pga sjukdom. Men ho har ete godt, i alle fall ok, likevel, så eg trur ikkje det hadde store betydningen. N ser ut til å ha samme vektkurve som storesøstra, tung som nyfødt (A var 3925, N 4020), men i løpet av dei første månadane legg dei seg rett under midtlinja på persentilskjema.

Beis er innkjøpt, Lady interiørbeis farge Valnøtt, og prøvemålt på ein planke. Det blir så bra! I går moppa eg over veggen for å få treet til å reise seg. I dag skal eg gå over med fint sandpapir, før eg kan begynne å beise. Gler meg! (Håpar berre tida strekk til, no kom svigerfar og skal ordne et par lister først)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper inderlig at dere slipper skinne og mer hofte-styr nå! Krysser alt jeg har for at det ser fint ut på røntgen til våren, også. :jepp:

Hehe, artige scener du beskriver fra dåpen. Sånne ting går vel aldri heeelt etter planen, gjør de vel? :ler: Men det høres ut som en fin begivenhet likevel! Gratulerer med vel overstått! :klemmer:

Lykke til med pussing og beising! :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

:fnise: Hørtes ut som dåpen var veldig artig, selv om det var litt kaos her og der. :fnise: Gratulerer med overstått.

Hjelpes, så stor N er. C er riktig nok tyngre enn N, vet ikke hva jeg fôrer henne altså, mistenker at det er søt krem i brystene her i gården. Hu ligger i toppsjiktet på vekt. :sjenert:

Kos deg med pussing og beising! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Håper inderlig at dere slipper skinne og mer hofte-styr nå! Krysser alt jeg har for at det ser fint ut på røntgen til våren, også. :jepp:

Hehe, artige scener du beskriver fra dåpen. Sånne ting går vel aldri heeelt etter planen, gjør de vel? :ler: Men det høres ut som en fin begivenhet likevel! Gratulerer med vel overstått! :klemmer:

Lykke til med pussing og beising! :tommelsmil:

Det håpar eg og, og som sagt, så reknar eg jo med at alt er ok no. Har berre ein ørliten tvil igjen, og det får me avklart til våren.

Det skal vel alltids vere litt å fortelje frå ein dåp, sikkert. Når eg sjølv blei døypt gjekk straumen, så gjestene sat i mørkret og åt kake :fnise:

:fnise: Hørtes ut som dåpen var veldig artig, selv om det var litt kaos her og der. :fnise: Gratulerer med overstått.

Hjelpes, så stor N er. C er riktig nok tyngre enn N, vet ikke hva jeg fôrer henne altså, mistenker at det er søt krem i brystene her i gården. Hu ligger i toppsjiktet på vekt. :sjenert:

Kos deg med pussing og beising! :jepp:

Kaos var det igrunn ikkje, det var berre fadderen som bar N som fekk med seg alt. Eg og sambo var mest opptatt av A, eg såg berre at presten virka litt usikker, og skolv på handa under dåpshandlinga. Dei andre som sat på benkene såg berre at det blei litt... ja, at det var noko. Det var først etter kyrkja at alle fekk vite kva som skjedde.

At N er lang, meiner du? Ho er jo igrunn lengre enn ho er tung då, men ho kunne jo godt vegd litt meir. Er redd det er lettmelk hos meg altså, ho får masse mat, men held ikkje oppe vektkurva si. Godt det ikkje er bekymringsverdig, HS er overhode ikkje bekymra. Fullamma A til ca 5 månadar, så må vel begynne med graut til N snart.

:fnise: synes jeg ser blod på kluten i kirken!

Ja det var nok ikkje bra. Eg er ikkje så 'kresen' på sånt, fadderen som bar N syns nok det var verst. Stakkar! Presten syns nok heller ikkje det var så ok, men eg syns han handterte det bra. Bortsett frå at eg fekk et brennande lys i handa, vel å merke. Eg hadde ikkje så lyst til å blåse det ut under gudstenesta, for dåpslyset har jo symbolverdi.

Det blei ei historie å fortelje seinare :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trøtt :tristbla:

N er i grunn bedre no, men er så tett i nasen og har litt stygg hoste. Så eg låg våken til godt utpå natta i natt, kjenner at eg ikkje har sove heile netter på ei stund no.

Men: det er lørdag, og eg skal ut med A om litt. Ein dusj og litt meir kaffi først, berre. Det er masse snø her no, rundt ein meter tenker eg. Skal sjå om eg ikkje får gang på fresen, så eg får tatt litt i tunet etterpå. Det er sambo sin jobb, men han må arbeide litt heimefrå i dag.

Håpar det blir tid til ein tur innover med ski og akebrett seinare i dag, evt i måro. Eg har godt av ein tur vekk heimefrå kjenner eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag våkna A opp med feber... Blir visst ikkje ferdig med sjukdom denne vinteren me! :sukk:

Det går vannkoppar i barnehagen, men eg ser ingen prikkar på huden. Ennå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...