Gå til innhold

*Frida*


*Frida*

Anbefalte innlegg

A vakna med feber lørdag morgon. Fekk paracet når tempen kom opp i 39 både lørdag og søndag. La seg som normalt i går søndag kveld, men når me såg til henne før me sjølve la oss rundt 2230, var ho kjempevarm igjen! Då hadde ho feber på 39,7. Likar ikkje feber...

Men i dag, etter andre heile natta med 3 stk i dobbeltsenga, er ho tilsynelatande frisk igjen. N er forkjøla igjen, men så lenge det berre er tett nase og litt hoste er det greitt, vil ikkje ha meir feber!

I dag måndag er me derfor heime alle 3 jentene, pappaen er på arbeid. Eg og N var på bursdagsbesøk i går, godt å komme seg ut litt. :kaffekopp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Kjedelig med sykdom! God bedring til alle små :klemmer:

Jepp... Takk!

Feber er ikke gøy, nei. :riste: God bedring til jentene dine! :klemmer:

:riste: Takk!

A er bra no, men framdeles heime. Vil ikkje sende henne i bhg ennå, når eg likevel er heime. Men i dag har det blitt mykje tv, blæ! Planen var å besøke besto, men når ho ikkje var heime... Tok ein liten tur ned på leikeplassen, så A fekk reila litt medan N sov i vogna.

N fekk første graut-smaken 1. mars, får morgon og kveld. Lite flink på gaping ennå, men det som kjem inn i munnen går stort sett ned i magen. Moro å sjå på :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

A var heime frå barnehagen heile den veka, etter feberen kom forkjølelsen. Og tirsdag kveld blei sambo dårlig :sjenert: Hadde feberfølelse og knaska paracet. Om kvelden hadde han rett under 40 i feber...

A var hos besto onsdagen, torsdagen tok eg jentene med til mine foreldre, og fredagen var A hos besto igjen. Var ikkje heilt i storform sjølv, så det var godt å få litt hjelp med A. Eg får ikkje aktivisert henne nok her heime, så ho kjedar seg, og då blir det trassing og krangling. :kjefte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men no er me friske! Basta! :fnise:

N er stor og flink. Ligg aldri på rygg lengre, ho trillar over på magen så fort ho kjem på det. I går snudde ho seg på stellebordet... Heldigvis snur ho seg mot venstre, så det blir inn mot veggen på stellebordet. No stod jo eg og såg på, men eg ser kor fort sånt skjer.

Graut får ho morgon (ca halv 10, etter bhg-levering og soving) og kveld rundt 1830. I går fekk eg pumpa eg har kjøpt via finn.no, så no er eg offisielt ammeku... Må forsøke hardare på å få N vane med flaske. Er jo berre 2 månadar til eg skal i jobb igjen!

I helga var me til byen, og har endelig bestemt oss for møblar til stova nede. Ein tv-benk blei med oss heim, og eg skal bestille ny sofa og salongbord i dag. Litt pynteting fekk me handla ilag og, så no skal me få det litt meir personlig og koselig i stova her.

I loftsstova står min gamle, nyvaska sofa med nytt trekk. Kjempefornøyd!

Og der! vakna N. Ho ligg i vogna på terassen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Delphina

Så flott at dere er friske igjen!!!

Er greit at N ruller seg mot veggen, C ruller mot kanten siden hun ruller til høyre, så vi må passe på. Hvordan går det med å gi N flaske eller har dere ikke begynt med det enda?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at dere er friske igjen!!!

Er greit at N ruller seg mot veggen, C ruller mot kanten siden hun ruller til høyre, så vi må passe på. Hvordan går det med å gi N flaske eller har dere ikke begynt med det enda?

Flaske har me ikkje prøvd sidan sist, før jul med andre ord. Prøvde igjen på mandag når eg hadde pumpa, uten særlig hell :gjeiper: I går var ho litt meir interessert, heldt flaska sjølv, beit og sugde litt. Men skjønte vel ikkje at innholdet faktisk kunne drikkast. Men så er jo ikkje eg så kunnskapsrik om flaskemating, i går kom eg plutselig på at det er jo ulike tuttar. Eg har ein str 1 og ein str 2. Lurt å prøve str 3 kanskje? (Avent-flasker)

På måndag rulla N frå magen til rygg første gang. Det var medan ho såg etter meg. No har ho nett gjort det igjen, på gymmen. Flink!

No blir det graut!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lurt å prøve de største tuttene, ja. Eller klippe et lite hull i en tutt slik at melken kommer lettere, slik at hun skjønner tegningen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, takk for tips Lille Katt. Prøver med nr 2 igjen når ho står opp nå, og kjøper nr 3 når eg er på butikken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ah! :kjefte: Skulle lage meg ein kopp kaffi før dagens oppgåver. Satte på moccamasteren og gjekk på do medan den trakta. Kom inn igjen på kjøkkenet, og ingen kaffi i kolben. Hm? Straumen er på, vatnet er borte. Men armen hang utover maskina, så alt vatnet hadde rent ned på benken. Men på benken var det nesten ingenting vatn, alt har rent ned bak kjøkkenbenken. :sukk: (Dette har eg rekna med skulle skje...) Forsøkte å få av sokkellista, men det går ikkje!. Ingenting vatn inni skapet med skuffer under, så alt har rent bak og ned på golvet. Ok, innser at eg ikkje får tørka opp, og får håpe at det ikkje tar skade. Var jo ikkje store mengder (2 streker på kaffetraktaren, minus det som var på benken). Men nå går ikkje skuffen inn igjen! :kjefte::snurt: Har aldri forstått korleis dei skinnene skal koblast på igjen, men som regel får eg det til etter et par forsøk. Men neida, ikkje i dag!

Sånn, der har eg fått ut litt frustrasjon. No står skuffa midt på kjøkkengolvet, og eg har nylaga :kaffekopp:. N søv på terassen, høyrer ho vaknar no.

I dag skal me til helsestasjonen for vaksine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Alt bra, Joyce! :klemmer:

Påsken er over, og me har gjort litt forskjellig. Et par netter på hytta på fjellet, liten skitur med dei to små. På grill-bursdag med svigerfamilien. Ein tur til mine foreldre, A helsa på alle lamma. Eg har endelig fått treft ei god venninne som fekk baby rett etter meg i haust. Tapetsert ferdig store soverommet oppe, malt ein vegg. Sambo er godt i gang med legging av heller på store trappa og plattingen vår ute.

Så der. Men det blei litt mange og lange dagar for og med A no siste helga. Ho er nok inne i ein veldig trassig periode, argumenterer, kranglar og testar grenser. N får gjennomgå innimellom, A dunkar til henner rett som det er. I går mista eg heilt grepet dessverre, og kjefra og smelte på henne. Der og då var det berre ein filleting (ho stakk av når eg kledde på henne), men det var dråpen for meg. Og det verste er at ho ikkje ser ut til å bry seg når me kjeftar lengre, ho berre ler eller tøysar. :sukk: Huffameg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

N har fått si første tann! Og det er like før ho krabbar ser det ut for, ho reiser seg nemlig opp på kne, og har strake armar. Moro å sjå :jepp:

Har ikkje vore flink å pumpe å gi flaske no i påska, hadde jo så fin rutine dei siste par vekene før påske. Men i dag var det på igjen, og jammen drakk ho ikkje flaska utan særlig problem! :tommelopp: Brukar framleis x-tutten frå mam, men skal finne fram ein 3-ar-tutt snart.

Middag har ho forresten og fått nå! Har begynt å våkne oftare på natta, det kunne vere 3 gonger. (Kl 1, 3 og 5 her ei natt :natti: ) Tydelig at melk og graut ikkje er nok for å mette gjennom natta lengre. Middag smakar visst bra, foreløpig er det mest most grønnsaker og poteter ho får. Men ho får stadig smake det me har på bordet, anten det er vafle med jordbærsyltetøy eller litt eple.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:) Må innom og legge igjen en liten hilsen. A begynte å krabbe skikkelig for to uker siden, herlig når han kan komme seg fram selv. :)

Ha en flott dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink A er :) S krabber også, og det er jo så søtt å se de små kroppene komme seg dit de vil.

Er morsomt å begynne med fast føde. Vi prøver iherdig, men det er bare fruktmos som sklir skikkelig ned.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:) Må innom og legge igjen en liten hilsen. A begynte å krabbe skikkelig for to uker siden, herlig når han kan komme seg fram selv. :)

Ha en flott dag!

Hei! :hallo:

Gode gutten din :rodmer: N krabbar nok ikkje på lenge ennå, men det er moro å sjå at ho øver seg. I går satte ho rumpa opp i veret, så stod et øyeblikk på alle fire. Og no ålar ho seg fram om noko spennande ligg føre henne. Drog av duken på bordet her i helga :fnise:

Ha ein fin dag du og!

Så flink A er :) S krabber også, og det er jo så søtt å se de små kroppene komme seg dit de vil.

Er morsomt å begynne med fast føde. Vi prøver iherdig, men det er bare fruktmos som sklir skikkelig ned.

N krabbar ikkje, men står på alle fire, eller ålar seg fram. Eller bak. Eller rundt og rundt :fnise:

N får graut morgon og kveld, og litt middag (dvs grønnsaksmos). I dag tidlig fekk ho ei skorpe å sutte på. Det likte ho! Men skorpa datt på golvet fleire gonger :lete: Haha.

Hurra for store N mi, som er 6 månadar i dag! Tenk, et halvt år allerede! Syns tida går litt fort her no...

Og så var eg innom på jobb i lunsjen i dag, og det viser seg at ein kollega prøver å få baby. Mista i vinter. Stakkars.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

:strix: for N som er et halvt år og står på alle fire! C dytter seg fremover med bena, har ikke helt løst det med å komme seg opp på alle fire, men hun ligger på magen, løfter rompa litt og dytter iherdig med bena..

Huff, ikke godt at kollegaen din mistet. Det er så trist!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:strix: for N som er et halvt år og står på alle fire! C dytter seg fremover med bena, har ikke helt løst det med å komme seg opp på alle fire, men hun ligger på magen, løfter rompa litt og dytter iherdig med bena..

Huff, ikke godt at kollegaen din mistet. Det er så trist!

N reiser seg opp på alle fire, men no har ho blitt ein raser på å åle seg framover på magen. Trekker venstrefoten fram, og brukar armane til å skyve seg fram. :fnise: Så no er ho overalt her på golvet, på tide å passe på kor ting og tang er. Småleikene til A, for eksempel, og puslespelbitar. Duken har ho allerede dratt ned. Ventar på at ho skal finne ledningane under tv-benken...

Kollegaen min mista tidlig, men dei har forsøkt veldig lenge. Og då er det jo ekstra trist. Kryssar fingrane for dei, håpar det går bra snart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var på sjukehuset i går med N, og tok røntgen av hoftene. Dette skulle vere ein siste kontroll med tanke på hoftedysplasi. Første gong ho tok røntgen, tidligare har me hatt ultralyd. Anyway: såvidt eg skjønte på legen (afrikansk aksent, litt vanskelig å forstå henne på telefonen) var gradene på hoftene litt dårlige ennå, men ho hadde konferert med overlegen som også meinte at det var ok. Likevel skulle saka tas opp i et felles møte med fleire faggrupper på onsdag. Legen skulle ringe meg igjen etter dette møtet.

Litt usikker på kva eg skal tru om dette her no. A fekk hofteortose etter røntgenkontroll når ho var 8 mdr. :sjenert:

Og der var N vaken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...