Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Ja, bare tøysa, siden me e så priviligerte :)

Ja, då så! ;)

Men skjer det noko veldig snart, så er det faktisk du som må ta deg av sladringa åleine Luremegpå, sidan eg foreløpig berre har ditt nummer på mobilen min! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Ja, då så! ;)

Men skjer det noko veldig snart, så er det faktisk du som må ta deg av sladringa åleine Luremegpå, sidan eg foreløpig berre har ditt nummer på mobilen min! :fnise:

Ja, self, den er på den :)

Men noen nye symptomer? Her rister det så sinnsykt kraftig i magen, løgnass baby :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men skjer det noko veldig snart, så er det faktisk du som må ta deg av sladringa åleine Luremegpå, sidan eg foreløpig berre har ditt nummer på mobilen min! :fnise:

Er det sjanse for det? :lur:

:popcorn:;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg var jo hos jordmor tidlegare denne veka (torsdag), så tenkte eg kunne oppdatera litt her inne om korleis det gjekk. Er i veke 36.

Hadde jenta mi på 4 år med til jordmor denne dagen. Hadde egentlig tenkt at ho skulle vera heime med mannen min, men ho ba så fint og spurte om ho ikkje kunne få bli med meg, så eg lot henne få lov. Og det virka som om ho synst det var ganske spennande å få vera med mammaen sin på jordmorkontroll. :)

Alt såg flott ut både med meg og vesla i magen! :) Ikkje noko utslag på urinprøven, og blodtrykket var heilt fint (120/65). Vekta mi var det einaste eg var litt overraska over. Eg hadde nemlig gått opp 1 1/2 kg sidan forrige jordmorkontroll for 2 veker sidan! :overrasket: Synst det var litt mykje. Vil helst ikkje at vesla i magen skal bli altfor stor før termin.

Måtte ta blodprøve i dag. Jordmora måtte stikka ein gang i kvar arm, for første gangen fekk ho ikkje ut noko blod. Og eg som hatar å ta blodprøve! :( I tillegg virka det som om ho traff nokon nerver første gangen ho stakk, for plutselig strålte det ei kraftig smerte nedover heile armen, og heilt ut i handa. Og eg hadde vondt i armen resten av dagen. Men jenta mi på 4 synst tydeligvis berre det var spennande. ;) Ho stod rett ved sida av, og såg på mens jordmora stakk - og ho synst berre det var spennande når det endelig kom blod. Ja ja, godt ho ikkje er like pysete som mammaen sin, når det gjeld å sjå blod. ;) Hb var forresten på 11,6, som var heilt greit (var på 12,0 forrige gang det vart sjekka). Og det var heilt ok så lenge det ikkje kom under 10, sa jordmora.

Etterpå prata eg litt med jordmor, og ho meinte som sagt at det som rann som eg frykta var fostervatn, berre var veldig tynn utflod. Så eg får stola på at det stemmer, iallfall så lenge eg ikkje opplever det igjen. Men fortsatte det, så måtte eg berre ta kontakt, så skulle eg få ein skejj på sykehuset. Greit å vita!

Jordmora kjente også etter leie, og sa at ho trudde hovudet var festa! :) Håpar veldig på at det stemmer altså, så er det iallfall ingen fare for at vesla snur seg tilbake i seteleie igjen. ;) Hjertelyden var på ca 130 slag i minuttet i dag, litt lavare enn den som oftast har vore. Men hjertelyden har variert ein del frå gang til gang. Då eg var gravid med storesøster, var hjertelyden omtrent lik kvar gang eg fekk den målt. Så akkurat det er litt annleis denne gangen. Men så lenge hjertelyden er innanfor normalområdet, så er vel alt greit, reknar eg med.

Jordmora skreiv 0 på ødem. Eg sa at eg ikkje har merka noko anna til vatn i kroppen, enn at eg enkelte dagar får litt merke på leggane der sokkane stramar. Men det var tydeligvis ikkje nok til at eg fekk noko anna enn 0.

SF-målet mitt hadde stige fint sidan forrige kontroll, men ligg fortsatt i nedre del av normalområdet. Men slik har det jo vore heile tida, så det betyr nok ingenting. Var slik då eg var gravid med storesøster også, likevel var jo litt over gjennomsnittet i størrelse, då ho vart født 2 dagar over termin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, self, den er på den :)

Men noen nye symptomer? Her rister det så sinnsykt kraftig i magen, løgnass baby :)

Bra du sit klar allerede, sånn i tilfelle! ;)

Ingen symptom foreløpig, nei - men veit jo aldri, plutselig kan noko skje. ;)

Kjenner masse spark eg også for tida, men ikkje akkurat risting.

Er det sjanse for det? :lur:

:popcorn:;)

Nei, det kan eg aldri tenka meg! ;) Er iallfall ingenting som tyder på det foreløpig. Men kven veit, kanskje blir det ein styrtfødsel denne gangen? Håpar ikkje det då - eg vil helst ha eit tegn først på at noko er på gang, sånn at eg rekker fram til sykehuset i tide!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest pysepusen

Hehe, det er i hvert fall ikke noen fare for at jeg skal føde på noen måneder :ler: Jeg er bare stuck i sofaen med masse tid til sladrings ;) Så bare fød i vei dere :nigo:

Godt at alt var bra på jordmorkontrollen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hehe, det er i hvert fall ikke noen fare for at jeg skal føde på noen måneder :ler: Jeg er bare stuck i sofaen med masse tid til sladrings ;) Så bare fød i vei dere :nigo:

Godt at alt var bra på jordmorkontrollen :)

Reknar ikkje med at du skal føda på ei stund enda, nei! ;) Gratulerer så mykje med graviditeten forresten, viss eg ikkje allerede har gjort det! :klem:

Kjekt at alt var bra på jordmorkontrollen, ja. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

37 veker i dag! :hoppe: Tenk, no er ikkje vesla i magen min prematur lenger. Heilt utrulig å tenka på! :strix:

Nesten litt skummelt å tenka på at det berre er litt over 3 veker igjen til termin, og at vesla i magen faktisk kan koma når som helst! Trur nok det drøyer nokre veker enda, for eg har foreløpig ingen tegn på at fødselen nærmar seg. Men ein veit jo aldri! Har begynt å stressa litt med at ingenting er klart enda, til vesla kjem. :sjenert: Har ein del planar denne veka, med familiebesøk og bursdagsfeiringar, i tillegg til at eg må handla ein del julegåver + kalendergåver til jenta mi på 4, sånn at kalenderen er klar til 1. desember på lørdag. Men frå neste måndag av, blir det full konsentransjon om å gjera klart alt til vesla kjem, i tillegg til litt baking og adventskos. :) Så eg har ikkje tid til å føda heilt enda, altså. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til med innspurten. Gleder meg til å høre om resultatet :klemmer:

Klem fra ei med en fersk baby på armen med litt vel lite tid til å henge på KG for tia ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sitter å leser her inne og tenker at "oi, tre uker ja! Da har du ikke lenge igjen!" så husker jeg at du ligger bare tre dager foran meg, noe som vil si at JEG straks bare har tre uker igjen til termin! :O Hvor ble det av tiden? Var vi ikke i uke 30 sånn i forrige uke?

Uansett, lykke til og hurra for ikke-prematur baby :)

Endret av Maiava88
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk!

Lykke til med innspurten. Gleder meg til å høre om resultatet :klemmer:

Klem fra ei med en fersk baby på armen med litt vel lite tid til å henge på KG for tia ;)

Takk for det! :) Nei, no er det jammen ikkje mange vekene igjen til termin. Men det følest som om eg har god tid på meg enda, for eg har ingen som helst tegn på at fødselen nærmar seg. ;)

Må vera herlig å ha babyen din i armane dine allerede - kos deg masse med den lille! :klem:

Sitter å leser her inne og tenker at "oi, tre uker ja! Da har du ikke lenge igjen!" så husker jeg at du ligger bare tre dager foran meg, noe som vil si at JEG straks bare har tre uker igjen til termin! :O Hvor ble det av tiden? Var vi ikke i uke 30 sånn i forrige uke?

Uansett, lykke til og hurra for ikke-prematur baby :)

3 veker er ikkje lenge, nei. Klarar ikkje heilt å sjå for meg at det er så kort tid igjen! Nærmar deg målet du ogå, ja. ;) Følest som om me nettopp var i veke 30, synst eg også. Jammen går vekene raskt unna no på slutten!

Takk! :) Veldig godt å tenka på at eg ikkje får ein prematur baby. :) Får berre håpa at eg ikkje går for langt på overtid, for det har eg heller ikkje noko lyst til! Leste nettopp at når ein er over 35 år gammal, så kan ein kreva å bli igangsett viss ein går på overtid. Så håpar eg kan benytta meg av det om det skulle bli aktuelt, sidan eg nettopp har fylt 36. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går (27. november), hadde eg min aller første permisjonsdag! :) Så i går var det akkurat 3 veker igjen til termin. Eg hadde jo min siste dag på jobb på onsdag i forrige veke, men det var fordi eg hadde nokre feriedagar til gode, som eg måtte ta ut før permisjonen starta.

Men dagen i går var kjip, for å seia det mildt. :( Våkna nemlig på min første permisjonsdag, med kraftig hovudverk. :( Så begynte feberen å koma nesten med ein gang eg hadde stått opp. Følte meg heilt elendig i heile går. Låg stort sett på sofaen heile dagen, med kraftig hovudverk og feber. Måtte ta paracet 3 gangar i løpet av gårsdagen, fordi feberen var ganske høg. Likar det ikkje heilt, for ein skal jo helst prøva å unngå smertestillande når ein er gravid. Men så er det jo heller ikkje bra med for høg feber. Feberen gjekk forresten veldig lite ned, sjølv om eg tok paracet, før den begynte å stiga igjen. Håpar virkelig at babyen i magen min har det bra likevel, og ikkje blir plaga for mykje av at eg er sjuk.

Fekk nesten ikkje sova i natt, og hadde litt feber heile natta. Og i dag tidleg då eg skulle stå opp, hadde eg fortsatt ganske kraftig hovudverk. Foreløpig har ikkje feberen blitt så veldig høg i dag, og eg føler meg litt bedre no enn eg gjorde i går. Men eg er forberedt på at feberen kan begynna å stiga igjen utover dagen. Får berre håpa at feberen ikkje blir fullt så høg i dag, som i går. For eg har ikkje så veldig lyst til å ta meir paracet enn nødvendig.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer med 37 uker! :strix:

Kjedelig med så høy feber da, Mirabella! Nei, det er ikke noe stas å ta medisiner når man er gravid. Men når du først er syk, så er det ikke noe annet å gjøre. Du gjør jo uansett det som er best for babyen når situasjonen først er som den er. God bedring!! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, for en kjip start på permisjonen! Håper virkelig det retter seg til fødselen! Var selv skikkelig dårlig i midten av september og til oktober med influensa og som gravid var virkelig denne influensaen 10 ganger verre enn influensaen jeg pleier å ha som "ikke-gravid". Det var rett og slett pyton og tanken slo meg at hvis jeg hadde måtte føde med denne smerten fra før av- hadde jeg garantert strøket med :fnise:

God bedring :blomst:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Ingenting på gang her enda. I dag er eg forresten 38 veker! glis.gif

Eg er heldigvis heilt frisk igjen no. :) Hadde høg feber, hovudverk og var slapp tirsdag og onsdag i forrige veke. Låg på sofaen heile dagen, og orka absolutt ingenting. Torsdagen var eg bedre. Ingen eller nesten ingen feber, men følte meg slapp og hadde hovudverk. Klarte å sitja i sofaen denne dagen, i staden for å liggja. Men orka ikkje noko anna enn det. Fredagen hadde eg litt hovudverk, men følte meg ellers i grei form. Prøvde meg på julegåvehandel, men det vart litt for slitsomt. Vart andpusten berre av å gå litt, og til slutt var det rett før eg sette meg ned på golvet midt inne i ein butikk, fordi eg var så sliten. Lørdagen hadde eg også litt vondt i hovudet, men ellers var formen fin. I går og i dag (søndag og måndag) har eg egentlig følt meg heilt frisk.

Den einaste merkelige plagen eg har hatt, som har vart sidan lørdag (trur eg), er ein rar ømhetsfølelse fleire plassar i kroppen. Spesielt i øverste del av magen, og under begge armane. Det var verst på lørdag og søndag, i dag er det heldigvis mykje bedre! Men eg må seia at eg synst det var ganske ekkelt, når det var på det verste. Då var det slik at eg heile tida hadde ein følelse av å vera øm i kroppen. Og når eg strauk meg over magen eller tok meg under armane, var det rett og slett ekkelt, fordi det var så ømt at det nesten gjorde vondt. Vart heilt stressa av det til slutt, for det gjekk aldri over. Men i dag har det som sagt vore mykje mindre, sjølv om det fortsatt ikkje er heilt vekke. Så eg har ikkje følt at det har plaga meg så veldig i dag.

Det var iallfall nokon i terminklubben min på SM som meinte at eg burde få sjekka det ut, med tanke på mulig svangerskapsforgiftning. Må seia at eg tvilar på at det har noko med svangerskapsforgiftning å gjera, sidan dei andre symptoma som feber og hovudverk er over no. Trur nok rett og slett det kom av dei influensagreiene eg hadde. Jenta mi hadde også feber og hovudverk forrige helg, så reknar med det er ho som har smitta meg med nokre greier. Likevel er eg enig i at det kunne vera greit å få vita kva den ømhetsfølelsen kan koma av. Sånn for å vera på den sikre side, og heller sjekka ein gang for mykje, enn ein gang for lite.

I dag har me vore på røntgen/kontroll på sykehuset med storesøster. Ho hadde hofteleddsdysplasi då ho var mindre, og me er til kontroll med henne ein gang i året. Så eg tenkte det kunne vera greit å ringa Kvinneklinikken i dag tidleg, og spørja om eg burde koma inn til ein kontroll i dag, sidan me likevel skulle ein tur på sykehuset.

Men jordmora eg snakka med i telefonen,var ikkje verdens hyggeligaste akkurat, synst eg. Det virka blant anna som om ho ikkje heilt skjønte kvifor eg ringte der, for ho meinte visst at eg burde ha kontakta fastlegen min for å få svar på det eg lurte på. Ho virka nesten litt sur for at eg hadde ringt KK. Eg forklarte at eg hadde vore sjuk med feber og hovudverk, og at eg dei siste dagane hadde hatt ein rar ømhetsfølelse øverst i magen, og andre plassar i kroppen - og at eg lurte på om det kunne vera greit med ein sjekk, for å utelukka svangerskapsforgiftning e.l.

Ho spurte om eg hadde hatt høgt blodtrykk tidlegare i svangerskapet, og det har eg jo ikkje. Så lurte ho på om eg hadde vore kvalm og kasta opp, noko eg heller ikkje har gjort. Ho svarte då at det sikkert ikkje var noko å bekymra seg for, men at det var bra at eg hadde tatt paracet då eg hadde høg feber, sidan babyen ikkje likar når temperaturen blir for høg. Ømhetsfølelsen meinte ho berre kunne vera noko eg kjente i kroppen, som kunne vera naturlig no når eg var så langt på vei, og fødselen nærma seg. Så ho meinte at eg fint kunne venta til svangerskapskontrollen eg skal på seinare i veka.

Så då får eg berre stola på at alt er greit. Eg føler meg jo frisk igjen no. Har ikkje hatt feber på fleire dagar, og ingen hovudverk verken i går eller i dag. Ømhetsfølelsen i magen og ellers i kroppen er også mykje svakare og mindre plagsom i dag. Så eg vil jo mest sannsynlig tru at dei plagene eg har hatt i det siste, kjem av at eg har vore sjuk. Men det skal uansett bli godt å få ein ordentlig sjekk hos legen seinare i veka, for å få vita sikkert at alt er ok.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjedelig med sjukdom. :( God bedring!

Takk for det! :klem: Eg er heldigvis bra igjen no. :)

Gratulerer med 37 uker! :strix:

Kjedelig med så høy feber da, Mirabella! Nei, det er ikke noe stas å ta medisiner når man er gravid. Men når du først er syk, så er det ikke noe annet å gjøre. Du gjør jo uansett det som er best for babyen når situasjonen først er som den er. God bedring!! :klem:

Takk for gratulasjon! :klemmer: I dag er eg faktisk 38 veker! :)

Ikkje noko kjekt med høg feber når ein er gravid, nei. :( Men eg har høyrt at det er verre for babyen når temperaturen blir for høg, enn om ein tar paracet. Og det kunne også jordmora eg snakka med i dag bekrefta. Men så er det jo slik at ein helst vil unngå begge delar! Får berre håpa at vesla i magen takla det greit, og ikkje var veldig plaga av at eg var sjuk. Heldigvis er eg frisk igjen no. :)

Uff, for en kjip start på permisjonen! Håper virkelig det retter seg til fødselen! Var selv skikkelig dårlig i midten av september og til oktober med influensa og som gravid var virkelig denne influensaen 10 ganger verre enn influensaen jeg pleier å ha som "ikke-gravid". Det var rett og slett pyton og tanken slo meg at hvis jeg hadde måtte føde med denne smerten fra før av- hadde jeg garantert strøket med :fnise:

God bedring :blomst:

Litt av ein permisjonsstart, ja. :( No går det heldigvis mykje bedre!

Då eg var sjuk, tenkte eg akkurat det samme som deg. Tenk om fødselen hadde starta no! Korleis i alle dagar skulle eg ha klart å føda då? Det hadde rett og slett ikkje vore mulig, så elendig som eg følte meg. Lurer på kva som blir gjort i slike tilfelle, der ei gravid kvinne kjem inn og fødselen er i gang, samtidig som ho er skikkelig sjuk av f.eks influensa. Eg ser liksom for meg at keisersnitt måtte ha vore einaste utvei.

God bedring! :klemmer:

Takk, no er eg frisk igjen! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...