Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Så artig!! :strix: Er spent på hvordan det er å være mamma og den morsfølelsen!

Hvor gammel er hun nå? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Fortsetter under...

Så artig!! :strix: Er spent på hvordan det er å være mamma og den morsfølelsen!

Hvor gammel er hun nå? :)

Er ikkje ofte eg skriver i dagboka mi lenger, men veldig kjekt med alle som tittar innom! :)

M. hadde 6-månadersdag på søndag, altså for 3 dagar sidan! :hjerte:Heilit utrulg å tenka på at babyen min allerede har blitt eit halvt år gammal. Tida går nesten altfor fort, synst eg. Kosar meg masse med henne. Synst det er viktig å nyta denne babytida ordentlig, for den varer så kort tid. Plutselig er ho ikkje baby lenger, og då kjem eg garantert til å sakna å ha ein baby igjen!

Du kan virkelig gleda deg til å bli mamma, det er ein heilt fantastisk følelse! :Nikke: Når er det du har termin? Og veit du om det blir jente eller gutt?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmmm....her har det visst skjedd ei forandring. Prøvde å sitera ditt innlegg, og skriva mitt svar under - men alt kom inn i den samme ruta. Mystisk...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har laga meg ei ny dagbok, for dei som er interesserte! :)

Linken til dagboka mi kan du finna nederst i signaturen min. Er det nokon som kan forklara meg korleis eg kan laga ein tittel på dagboka, til å ha i signaturen min, i staden for den lange internettadressa - slik eg har gjort med denne dagboka i signaturen min? Kan nemlig ikkje hugsa korleis eg gjorde det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Tida går så altfor fort, og eg ser at eg har vore heilt elendig på å skriva her i dagboka mi... Har jo laga meg ny dagbok, så kan jo skylda på det. Men eg har ikkje vore noko flinkare til å skriva i den nye dagboka heller, så eg kan vel egentlig ikkje skylda på det heller. :sjenert:

Ja ja, veslejenta mi er snart 8 månader gammal allerede. :) Synst ho har blitt så stor, og er absolutt ingen minibaby lenger. Ho bablar masse for tida. Går mest i "Da da da". Trur ho prøver å fortelja noko, for ho pratar i vei med forskjellig tonefall, sjølv om det stort sett er "da da da" ho seier. ;) Og så har ho blitt ekstremt nysgjerrig. Er håplaust å amma henne for tida, for ho snur seg for å sjå, berre ho høyrer ein liten lyd. Ho er ikkje interessert i puppen heller på dagtid lenger, når ho ikkje er trøtt og vil sova. Men når ho er trøtt, er puppen populær, for då brukar ho meg rett og slett til smokk.

M. fekk smaka på mat for første gang, då ho var 6 månader gammal. Fullamma henne fram til då, og det fungerte veldig bra. Ho har heile tida vore rund og god, så ho har iallfall fått nok mat. Men ho var veldig klar for å smaka på vanlig mat, då ho endelig fekk lov til det. Problemet var berre at ho ikkje heilt skjønte korleis ho skulle eta. Det meste kom ut i starten, og det gjekk ein heil månad før eg klarte å få i henne stort meir enn nokre få skeier med graut. Men frå ho var 7 månader, har ho ete graut og annan mat nesten heilt uten søl, og ho et masse viss ho får lov. Ho har fått smaka på ein del forskjellig mat, og vil alltid smaka når me andre et på noko. Blir rasande viss ho ikkje får lov til å smaka! Ho får foreløpig kun eitt fast måltid i løpet av dagen. Ho får ein porsjon med graut om kvelden, før ho skal leggja seg. Og så pleier eg å gi henne litt fruktmos eller noko liknande etterpå. Ammar henne ellers på dagen (og om natta), i tillegg til at ho får smaka litt på mat når me et. Blir vel skive til frokost og middag midt på dagen etter kvart, som faste måltid - men eg drøyar det litt enda.

M. har alltid hatt veldig laus avføring, tynn som vatn, så lenge eg berre amma henne. Etter at ho begynte å få mat, vart avføringa litt forandra, men ikkje mykje. Men no ein dag då eg skulle bytta bleie på M. hadde ho knallhard bæsj i bleia. Skjønnar ikkje korleis avføringa kunne gå frå veldig tynn til knallhard, sånn heilt plutselig. Det einaste eg kan koma på, var at ho kanskje hadde fått litt mykje banan dagane før, og det kan vel gi litt hard mage. Men det var litt rart likevel, synst eg. Ho bæsja litt meir etterpå, og det var like hardt. M. trykte hardt for å få det ut, og det såg ut som det gjorde vondt. Så no må eg prøva å hugsa på å gi henne sviskemos jevnlig, sånn at det ikkje skjer igjen. Har ikkje vore nødvendig tidlegare, sidan avføringa har vore altfor tynn frå før av.

Motorisk skjer det framgang heile tida. M. har ikkje begynt å åla seg enda, men ho kjem seg rundt omkring likevel. Ho kan liggja under babygymmen, og eit halvt minutt seinare ligg ho langt ute på golvet. Ho kjem seg rundt ved å rulla seg rundt og rundt. Ho rullar no så lett som ingenting både frå rygg til mage, og frå mage til rygg. Ho som hata å liggja på magen tidlegare, ligg no like mykje på magen som på ryggen, når ho ligg på golvet og leikar. Ho vil så gjerne koma seg framover på golvet ved å åla seg - og det ser ut som ho prøver, men ho får det ikkje til enda. Men ho klarar å bevega seg rundt i ring, når ho ligg på magen på golvet. Så det er nok ikkje lenge igjen før ho begynnar å åla seg framover på golvet, vil eg tru.

Storesøster er veldig glad i veslesøstera si, og det er kjekt å sjå. :) Men ho er ikkje så veldig glad i å låna vekk leikane sine til veslesøster, og då blir det ofte til at M. hyler fordi storesøster ikkje vil låna vekk ein leike. Tippar det ikkje blir bedre når vesla begynnar å koma seg rundt overalt, og ta det ho vil ha. Og så er vesla fæl til å slita storesøster i håret for tida, og då er det storesøster som hyler. Ikkje alltid like greit - men dei to er heldigvis stort sett gode vennar, og snille med kvarandre. :) Og det er jo det viktigaste!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...