Jump to content
Mirabella76

Mammaliv!

Recommended Posts

Guest pysepusen

Ok, det har eg lagt ut på FB. Kunne jo sjølvsagt ha sendt søsterbildet til deg på PM her inne, men då må nokon forklara meg korleis eg skal gjera det. ;)

Ingn krise :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

Kommode

God jul! :nissevink:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

God jul! :nissevink:

God jul til deg og, og til alle andre som er innom dagboka mi! :nissevink:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Marikke

Så koselig å lese fødehistorien din, Mirabella! Ønsker deg og familien din en fortsatt god jul!

:klemmer:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

God jul! :nisse:

Takk! :) Fortsatt god jul til deg og! :klem:

Så koselig å lese fødehistorien din, Mirabella! Ønsker deg og familien din en fortsatt god jul!

:klemmer:

Takk for det, og fortsatt god jul til deg og! :klemmer:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

Mirabella76

Herlig med juleferie! :) Me kosar oss saman med familien min no i jula, så skal me vera saman med mannen sin familie til nyttår.

Veslejenta er stort sett rolig og grei, og lett å ha med å gjera. Blir likevel litt lite soving på meg om nettene, fordi ho vil ha mat ganske ofte. Trur nemlig at eg har litt lite melk til henne, og at vesla derfor ikkje søv så lenge om gangen, før ho vil ha mat igjen. Føler at eg hadde meir melk då eg amma storesøster - men får håpa melka kjem for fullt etter kvart. Heldigvis er brystvortene mykje mindre såre no, enn i starten. Eg har ikkje brukt brystskjold på fleire dagar, og har ikkje blødd noko meir. Eg er fortsatt litt sår innimellom, men ikkje verre enn at det går greit å amma.

No er det meir enn 14 dagar sidan vesla vart født, og me har heldigvis ikkje merka noko som helst tegn til kolikk. Er så utrulig glad for det, og håpar virkelig at det fortset slik. Storesøster hadde nemlig kolikk, og eg har vore redd for at vesla også skulle få det - for det var utrulig slitsomt! Kolikken starta då storesøster var ei veke gammal, og varte til ho var nesten 2 månader gammal. Meinar eg har høyrt at kolikk vanlegvis startar innan babyen er 2 veker gammal, så eg kryssar fingrane for at me slepper unna det denne gangen. Me har vel kun hatt ein kveld der vesla var litt urolig, og det virka som ho hadde vondt i magen. Og det var ingenting i forhold til slik det var kvar einaste kveld/natt då storesøster var baby.

Storesøster er fortsatt veldig snill med veslesøstera si, og synst det er kjekt å hjelpa til med å stella henne o.l. Føler innimellom at eg ikkje får nok tid til å ta meg skikkelig av storesøster, men ho taklar det veldig bra. Heldigvis er det mange andre her som kan ta seg av storesøster no i jula, så ho kosar seg og har det fint. Det er vel mest eg sjølv som føler at eg ikkje lenger får så mykje tid til storesøster som før, og at det ikkje er bra. Men det blir vel bedre etter kvart, reknar eg med. Blir jo litt ekstra styr no heilt i starten, med ein nyfødt baby i hus.

Det er iallfall veldig kjekt å kunne kosa oss saman med resten av familien no desse juledagane! Jammen bra at vesla valgte å koma i god tid før jul, sånn at me fekk ha henne her saman med oss i jula. :)

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

I går smilte vesla til meg! :) Eit stort smil fekk eg, etter at ho først hadde sett på meg med store auger. :rodmer: Ho er no snart 3 veker gammal.

Merkar at veslejenta mi er meir våken no enn i starten, og har begynt å følga litt med på det som skjer rundt henne. Tida går så fort, synst eg. Synst ho allerede har forandra seg ein del, frå ho var nyfødt.

Denne gangen føler eg at eg klarar å nyta tida med ein nyfødt baby meir, enn eg gjorde då storesøster var nyfødt. Forskjellen er at eg hadde ein kolikkbaby forrige gang, mens eg denne gangen har ein rolig baby som berre et og søv. ;) Er ganske stor forskjell, for å seia det sånn!

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kommode

Så koselig med smil, tenk at hun er 3 uker allerede! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Marikke

Tre uker allerede! Du verden som tiden flyr! Så koselig med babysmil! :hjerter_rundt:

Share this post


Link to post
Share on other sites
dreia

Åh, det første smilet! :hjerte:

Hmm... Eg hadde ein slik "eksemplarisk" sovebaby første gongen. Eg håper ikkje eg går på ein smell denne gongen. Eg har nemlig bestilt ein tilsvarande nå òg. ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Så koselig med smil, tenk at hun er 3 uker allerede! :)

Kjempekoselig med smil, ja. :) Tida går fort - vesla er akkurat 3 veker gammal i dag.

Tre uker allerede! Du verden som tiden flyr! Så koselig med babysmil! :hjerter_rundt:

Vekene går fort, ja! Herlig med det aller første smilet. :hjerte:

Åååå, smil! :hjerte:

:rodmer:

Åh, det første smilet! :hjerte:

Hmm... Eg hadde ein slik "eksemplarisk" sovebaby første gongen. Eg håper ikkje eg går på ein smell denne gongen. Eg har nemlig bestilt ein tilsvarande nå òg. ;)

:hjertesmil:

Får håpa du slepper kolikkbaby, ja. Det var virkelig ikkje noko kjekt. Merkar stor forskjell på å ha nyfødt baby denne gangen, i forhold til slik det var dei første 2 månadene då storesøster var baby. Denne gangen har eg mykje meir tid og overskudd til å kosa meg med babyen min. Vesla griner lite, og et og søv for det meste. ;) Då storesøster var baby, gjekk eg konstant rundt i koma dei første månadene, pga mangel på søvn. I tillegg var det utrulig slitsomt og utmattande med ein baby som skreik så mykje, og ingenting hjalp. Eg syntest jo også så synd på babyen min som tydeligvis hadde så vondt i magen. Denne gangen går alt så mykje lettare, heldigvis. :) Får berre håpa det fortset slik!

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

Mirabella76

Her berre flyr vekene avgårde! Vesla er allerede over 4 veker - ja i morgon er ho faktisk akkurat ein månad gammal! :hjerte:

No går det heldigvis veldig fint med amminga. Eg er nesten ikkje sår lenger, og har ikkje trengt å bruka brystskjold i det heile tatt dei siste vekene. Det einaste eg har stressa litt med, er at eg har følt at eg har litt lite melk til vesla om kveldane. Me har hatt nokre kveldar der eg må amma henne minst ein gang i timen, og likevel virkar ho sulten og vil ikkje roa seg. Så me har gitt vesla morsmelkserstatning nokre få kveldar, og då har ho blitt fornøyd.

Fredag i forrige veke var eg på helsestasjonen med vesla for å vega henne. Var spent på vekta hennar, sidan det var 2 veker sidan forrige gang me vog henne, og fordi eg føler at eg har litt lite melk til henne om kveldane. Vesla var då 3 1/2 veke gammal. Men eg trengte visst ikkje å bekymra meg, for ho hadde lagt på seg masse sidan sist. :) Vesla var no 4300 gram, og ho var 3335 gram ved fødselen. Så då har ho lagt på seg ca 1 kg sidan fødselen, før ho er 4 veker gammal. Og det var visst veldig bra! Så helsesøstera meinte me ikkje trengte å gi vesla morsmelkserstatning i det heile tatt, sidan ho hadde lagt så bra på seg. Det er jo uansett veldig sjelden at me har gjort det, men det er ikkje så lett å vita kva me skal gjera når ho er urolig og virkar sulten på kveldane. Men eg får vel heller berre fortsetja med å å amma ofte om kveldane, slik eg har pleid å gjera. Vesla pleier å ha bleia full av tiss og bæsj etter kvar amming, så det er tydelig at ho får mat i seg iallfall. ;)

Nettene er stort sett veldig fine! :) Varierer jo frå natt til natt kor mykje søvn eg får. Men uansett om vesla er våken eller søv, så får eg liggja i senga heile natta - og det er heilt fantastisk! Pleier å vera oppe og bytta bleie på vesla ein gang i løpet av natta, men det er alt Tar med meg vesla i senga og ammar henne, når eg går og legger meg om kvelden. Så ligg ho der og suger, til ho sovnar. Aldri noko grining. Problemet har vore at vesla våknar med ein gang eg prøver å leggja henne bort i si eiga seng. Og då er det på igjen med amming. Sjelden ho sovnar ved at eg byssar henne i søvn om natta, men det har hendt at det går greit.Sidan me har strevd med å få vesla til å sova i si eiga seng om natta, har det blitt ein del samsoving, sjølv om eg egentlig ikkje likar det. Men dei siste nettene har det heldigvis gått bedre, og vesla har sove i si eiga seng mesteparten av natta. For eit par netter sidan sov vesla 6 timar i strekk før ho våkna første gangen etter at me hadde lagt oss. Så sov ho i fleire timar til etter ny amming. Klokka var vel 10 om morgonen, før ho var klar for å stå opp. Eg pleier å amma vesla 2-3 gangar i løpet av natta, og så søv me vidare etterpå.Den siste gangen eg ammar, pleier å vera tidleg om morgonen. Pleier å rekka å stå opp og gå på badet med storesøster, og begynna på frukosten, før vesla våknar for morgonen.

Utrulig herlig å få liggja i senga heile natta, i motsetning til slik det var då storesøster var baby! Då gjekk me stort sett oppe heile nettene, og bar på ein hylande unge. Det var ikkje noko kjekt. :( Var konstant trøtt på den tida, og fekk aldri tatt inn igjen mangelen på søvn. Slik det er no, føler eg at eg får ganske bra med søvn, sjølv om det uansett blir litt mindre søvn enn vanlig, med ein baby i hus.

Eg kosar meg masse med dei to skjønne jentene mine! :hjertesmil: Storesøster er fortsatt veldig stolt over og flink med veslesøstera si. No ein kveld var vesla urolig og grein litt, og roa seg ikkje heilt sjølv om eg bar rundt på henne. Storesøster ville halda henne på fanget, og eg sa at det var bedre at ho venta til vesla var rolig, for ho ville sikkert berre begynna å grina med ein gang. Men storesøster insisterte på å halda vesla, og jammen roa ho seg hos henne. :) Storesøster sat med fingen sin i munnen på vesla, og vesla låg der og sutta på fingen til storesøster, mens ho såg opp på storesøster med store auger. Dei var så skjønne begge to! :hjerter: Vesla var heilt rolig så lenge ho låg på fanget til storesøster, og det var faktisk ganske lenge ho låg der. Kos. :hjerte:

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest pysepusen

Så herlig å lese om hvordan dere koser dere!

Og du... Det er helt normalt med nesten konstant amming om ettermiddagen/kvelden. Det betyr ikke at du har for lite melk så jeg er veldig enig med hs at hun nok sikkert ikke trenger tillegg. Du har mye fetere melk på kveldstid og jo mer hun dier, jo bedre :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
dreia

Herlig at vesla roa seg slik hos storesøster. Kan tenka meg du hadde ei stolt storjente då. :rodmer:

Eg slenger meg på det pysepusen seier. Eg amma òg pjokken omtrent ein gong i timen på kveldstid den første tida. Heilt normalt. :Nikke:

Share this post


Link to post
Share on other sites
pusilus

Så herlig søster tid :hjerte: Lita mi hadde det slik med datteren(12) til venninnen min, lita likte jo ikke å sitte, der satt hun rolig kjempe lenge :)

Så godt amming og søvn går bra. Har du forresten prøvd å varme opp sengen eller evt ha et pledd rundt veslesøster når hun blir lagt over i sin seng?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

Så herlig å lese om hvordan dere koser dere!

Og du... Det er helt normalt med nesten konstant amming om ettermiddagen/kvelden. Det betyr ikke at du har for lite melk så jeg er veldig enig med hs at hun nok sikkert ikke trenger tillegg. Du har mye fetere melk på kveldstid og jo mer hun dier, jo bedre :)

Føler virkelig at eg har meir tid og overskudd til å kosa meg med babyen min denne første tida no, enn slik det var forrige gang. Det var så slitsomt med kolikkbaby, at eg gjekk konstant rundt i svime. Derfor er det så kjekt å føla at eg kan kosa meg skikkelig med begge dei to jentene mine no, sidan eg har fått ein rolig baby som søv mykje og skriker lite. :)

Merkar at eg har fått meir melk til vesla dei siste dagane. Det følest iallfall sånn. Har amma litt sjeldnare på ettermiddag/kveldstid dei siste dagane, sjølv om det fortsatt er oftare enn ellers på dagen/natta.Problemet med å amma så ofte, var at eg følte at brystvortene vart så såre. I tillegg ville ikkje vesla roa seg, og det virka som om ho var sulten. Det var derfor me valgte å gi henne tillegg nokre kveldar. Men dei siste dagane har ikkje dette vore noko problem. Sidan eg har amma henne litt sjeldnare, så har eg ikkje hatt noko problem med sårhet. Og det virkar også som om vesla har fått nok melk av meg dei siste kveldane, for ho har begynt å gulpa ein del i det siste. Det har ho ikkje gjort tidlegare.

Visste ikkje at ein hadde feitare melk på kveldstid, så det var nytt for meg!

Herlig at vesla roa seg slik hos storesøster. Kan tenka meg du hadde ei stolt storjente då. :rodmer:

Eg slenger meg på det pysepusen seier. Eg amma òg pjokken omtrent ein gong i timen på kveldstid den første tida. Heilt normalt. :Nikke:

Storesøster var kjempestolt når vesla roa seg hos henne, ja! :) Ho snakka om det seinast i dag tidleg. ;)

Godt å høyra at eg ikkje er åleine om å amma så ofte på kveldstid, heilt i starten. ;)

Så herlig søster tid :hjerte: Lita mi hadde det slik med datteren(12) til venninnen min, lita likte jo ikke å sitte, der satt hun rolig kjempe lenge :)

Så godt amming og søvn går bra. Har du forresten prøvd å varme opp sengen eller evt ha et pledd rundt veslesøster når hun blir lagt over i sin seng?

Utrulig koselig å sjå dei to søstrene saman, ja! :hjerte: Du kan gleda deg til lita får søsken. :)

Amming og søvn går veldig bra no, ja. :) Kjekt å sleppa såre og vonde brystvorter, slik eg hadde dei første vekene. Og godt å sleppa å gå oppe kvar natt med ein hylande baby, slik me hadde det då storesøster var baby. Eg har prøvd å varma opp dyna og puta før eg legg vesla i senga. Og eg pakkar henne også inn i eit varmt og godt teppe, før eg legg henne på plass. Likevel våknar ho ofte, når eg legg henne over i si eiga seng. Trur kanskje det har mest å gjera med at ho ligg på sida i mi seng etter nattamminga, så eg må snu henne over på rygg når eg legg henne bort i si eiga seng. Virkar som ho reagerer på å bli snudd over på rygg, for ho ser ut til å lika godt å sova på sida. Det gjer ho også ofte på dagtid, men om natta er det jo viktig at ho ligg på rygg og søv.

Men det har gått mykje bedre dei siste nettene, då har faktisk vesla sove i si eiga seng nesten heile natta! :) Så satsar på at det fortset slik, sånn at eg også får sova godt om natta.

Edited by Mirabella76

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mirabella76

I dag er veslesøster akkurat ein månad gammal! :strix: Tenk at me har hatt henne hos oss så lenge allerede. Synst denne månaden har gått kjempefort, og me har kost oss masse denne tida. :hjerter_rundt:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Marikke

Gratulerer med enmånedsdagen! :blomst:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...