Gå til innhold

Mammaliv!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Hipp hurra for 30 uker :hoppendeglad:

Nå er det plutselig ikke lenge igjen til vi når målet :)

Kjenner jeg er grisemisunnelig på deg som ikke har noen særlig plager enda. NYT det!!

Jeg har i det siste noen rare smerter i bekkenet og mens smerter. Våkna i dag at jeg hadde vondt i lysken på begge sider, og var lite som hjalp. Men jeg sovna igjen, og da var det vekk når jeg våkna. Rare greier..

Åssen går det med babyforberedelsene??

Jeg har en haug med klær som jeg skal begynne å vaske på snart :hoppendeglad:

Takk! :) I dag kan eg faktisk seia hipp hurra for 31 veker! :hoppendeglad: Heilt utrulig kor mykje fortare vekene går unna no, i forhold til kva dei gjorde i starten av svangerskapet.

Eg veit at eg er kjempeheldig som har så minimalt med graviditetsplager. :) Men i natt kom dei fæle leggkrampane tilbake for fullt . :sur: No begynnar det å bli ei stund sidan eg hadde slike leggkrampar sist, og eg har berre hatt det ein gang før. Men fy søren så vondt det er! :( Forrige gang eg fekk leggkrampar om natta, fekk eg det både på framsida og på baksida av leggen. Denne gangen kom leggkrampane på utsida av leggen. Eg prøvde først å strekka ut beinet mens eg låg, uten at det hjelpte i det heile tatt. Prøvde nok litt for lenge på dette før eg reiste meg opp. For når eg først gjorde det, hadde leggkrampane blitt så ille, at det var heilt umulig å trakka ned i golvet med foten, fordi det gjorde så vondt. Eg måtte derfor vekka mannen min, og ropte til han at han måtte prøva å strekka ut foten min, men han fekk det ikkje til. Ikkje hjelpte det med massasje heller. Til slutt måtte eg reisa meg opp igjen, og prøva å stå på foten. Denne gangen tvinga eg meg sjølv til å trakka ned på foten sjølv om det gjorde intenst vondt, og då gjekk leggkrampane heldigvis over - endelig! Fytti grisen, trudde eg skulle klikka fullstendig mens det pågjekk - så vondt var det fasktisk! La meg til å sova igjen, men våkna tidleg på morgonen og kjente at leggkrampane var der igjen. Då spratt eg opp av senga så fort eg kunne, og trakka i golvet. Heldigvis var eg kjappare denne gangen, og fekk stoppa krampane før det vart altfor ille.

Får berre håpa det er lenge til neste gang eg får sånne leggkrampar igjen. Viss dei begynnar å koma ofte, så blir eg nødt til å gjera noko med det. Mora mi har vore ein del plaga med leggkrampar dei siste åra, og går derfor rundt med ulltråd rundt anklane - og ho påstår at det hjelper! Må seia at eg synst det høyrest litt rart ut, men det er no uansett verdt å prøva det tenker eg. ;)

Håpar det ikkje har blitt noko meir av bekkensmertene dine! Eg var litt plaga med bekkenet forrige gang eg var gravid, frå veke 30. No er eg jo 31 veker på vei, og har overraskande nok ikkje kjent noko i bekkenet enda.

Det går litt tregt med babyforberedelsane denne gangen, skal eg innrømma. :sjenert: Føler at eg har så god tid denne gangen. så eg stressar ikkje med å få alt klart heilt enda. Og så har det nok også litt å gjera med at eg ventar jente denne gangen også, og derfor har det meste av klede og utstyr frå før. Men litt nye klede har det jo sjølvsagt blitt! Så har me kjøpt leikegrind, babygym, og eg har kjøpt meg ei ammepute. Me skal også kjøpa kleskommode til vesla, og Tripp trapp-stol, med sånn babystol til å setja på. Og så treng me ny bil, men veit ikkje heilt om eg får med mannen min på det før babyen kjem. Blir kjekt å koma i gang med vasking av babyklede, ja! :)

Hurra for 30 uker! :strix:

Ja, hurra for både 30 og 31 veker! :strix:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for 31 uker :hoppe:

LEggkramper er grusomme, hadde noen runder jeg også. Var på besøk til foreldrene mine ved påsketider og da trodde jeg seriøst jeg skulle stryke med, og det trodde nok de begge to da de hørte meg hyle og kom styrtende ned trappen :sjenert:

Håper du slipper flere runder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hipp hurra for 31 uker! :hoppe: virkelig ikke lenge igjen nå, og så godt å ha så lite plager underveis. :klem:

Det nærmar seg veldig, ja! :) Kjempeherlig med så lite graviditetsplager. Får håpa det held seg sånn også dei siste vekene fram mot termin!

Hurra for 31 uker :hoppe:

LEggkramper er grusomme, hadde noen runder jeg også. Var på besøk til foreldrene mine ved påsketider og da trodde jeg seriøst jeg skulle stryke med, og det trodde nok de begge to da de hørte meg hyle og kom styrtende ned trappen :sjenert:

Håper du slipper flere runder.

Ja huff, leggkrampar er virkelig grusomt vondt! :( Trudde eg skulle kollapsa eg og, då leggkrampane var på det verste. Håpar eg slepper unna fleire slike rundar med ekstremt kraftige leggkrampar, ja. Trudde virkelig ikkje at leggkrampar kunne bli så vonde. Hadde vel litt leggkrampar forrige gang eg var gravid og, men dei var ikkje i nærheten av å vera så vonde som dei leggkrampane eg har hatt denne gangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det nærmar seg veldig, ja! :) Kjempeherlig med så lite graviditetsplager. Får håpa det held seg sånn også dei siste vekene fram mot termin!

Ja huff, leggkrampar er virkelig grusomt vondt! :( Trudde eg skulle kollapsa eg og, då leggkrampane var på det verste. Håpar eg slepper unna fleire slike rundar med ekstremt kraftige leggkrampar, ja. Trudde virkelig ikkje at leggkrampar kunne bli så vonde. Hadde vel litt leggkrampar forrige gang eg var gravid og, men dei var ikkje i nærheten av å vera så vonde som dei leggkrampane eg har hatt denne gangen.

Hjelper detikke å ligge med beina høyt på en pute heller?

God helg. :)!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I neste veke skal eg til jordmor igjen, og eg er så spent på om ho kan kjenna korleis vesla i magen ligg no. Håpar virkelig at ho har snudd seg, og ikkje ligger i seteleie fortsatt! Sparka/bevegelsane i magen har iallfall føltest annleis i det siste. Eg kjenner masse spark ganske langt oppe i magen, i høgd med navlen, og også rett over navlen. Heilt nederst i magen, der eg storet sett kjente spark på den tida eg var på 3D-ultralyd og fekk vita at vesla låg i seteleie, kjenner eg nesten ingen spark lenger.

Men eg har innimellom kjent ganske regelmessige små dunk heilt nede i magen i det siste, som eg er ganske sikker på er hikking. Kjenner det igjen frå eg var gravid forrige gang. Først tenkte eg at det var positivt, fordi det sikkert betydde at det er hovudet som ligger der nede no. Men så vart eg usikker på om det egentlig er der hovudet ligger, at ein kjenner hikkinga best - eller om det er der kroppen til babyen er, ein kjenner hikkinga? Iallfall kjente eg plutselig denne hikkinga mykje lenger oppe i magen forrige gang eg kjente at vesla hikka. Så ut frå hikkinga, så anar eg virkelig ikkje korleis ho ligger. Men ut frå bevegelsane, så kan det tyda på at ho har snudd seg (håpar eg), sidan eg no nesten berre kjenner spark/bevegelsar litt langt oppe i magen, i motsetning til kva eg gjorde på den tida eg fekk vita at vesla låg i seteleie. Får virkelig håpa det stemmer at ho har snudd seg!

Det er så artig no når babyen i magen min har blitt så stor, at eg ofte kan sjå korleis magen bular og bevegar seg når ho turnar rundt der inne. :) Eg synst vesla er veldig aktiv for tida, og sparka er mykje kraftigare enn dei har vore før. Generelt trur eg nok denne jenta er meir aktiv i magen min, enn det storesøster var. Ho har rolige dagar innimellom, men dei fleste dagar kjenner eg masse liv!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjelper detikke å ligge med beina høyt på en pute heller?

God helg. :)!

Det har eg faktisk ikkje prøvd, så det veit eg ikkje. ;) Kan jo testa det ut, viss eg blir meir plaga med leggkrampar.

God helg til deg og! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg følger med deg, men loggar så sjeldan på at eg er usikker på om eg i det heile tatt har gratulert deg med graviditeten!? :flau:

Jammen ikkje lenge igjen nå. Kva seier I om det å bli storesøster snart? Gledar ho seg stort? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

OI, du skal jo snart føde du jo! :strix:

Ja, det nærmar seg faktisk veldig! :omg: Følest heilt uvirkelig at eg snart har ein liten baby i armane mine igjen, som er min. :rodmer:

Eg følger med deg, men loggar så sjeldan på at eg er usikker på om eg i det heile tatt har gratulert deg med graviditeten!? :flau:

Jammen ikkje lenge igjen nå. Kva seier I om det å bli storesøster snart? Gledar ho seg stort? :)

Hugsar ikkje eg heller, om du har gratulert meg. Men takk iallfall - kjekt at du tar turen innom KG etter gammalt! :klem:

Tida går utrulig fort no på slutten altså! I. gledar seg veldig til å bli støresøster. :) Ho stryker meg innimellom på magen, mens ho pratar til veslesøstera si. Det synst eg er så koselig! :hjerte:

Høres så herlig ut med alle bevegelsene :hjerte:

Ja, det følest virkelig herlig å kjenna så masse bevegelsar frå vesla i magen! :hjertesmil: Det gjer at eg slappar av. og føler meg trygg på at ho har det bra der inne. Bevegelsane blir berre kraftigare og kraftigare for kvar veke som går, synst eg. Så det er tydelig at ho stadig blir større og sterkare. Trur ikkje eg kjente like mykje liv så ofte, då eg gjekk gravid med storesøster.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

32 veker i dag! smil.gif

I helga hadde eg så vondt i magen, at eg vart litt bekymra. deppa.gif Begynte så vidt lørdagskvelden. Fekk plutselig så intenst vondt på eit område heilt på høgre sida av magen, litt under navlehøgde. Men det ga seg fort, og eg kjente ingenting om natta. Morgonen etter (i går, søndag) kjente eg det igjen, men det gjekk like fort over då. Så skulle me på tur i skogen litt seinare på dagen. Då me hadde gått eit lite stykke, kom magesmertene tilbake. Tenkte at eg sikkert kunne fortsetja turen likevel, for eg rekna med smertene ville gå over like fort som dei gjorde dei andre gangane. Men magesmertene berre varte og varte denne gangen. deppa.gif Gjekk ikkje over sjølv om me tok pause, og eg sat i ro ganske lenge.

Klarte å koma meg heim igjen, og la meg rett på sofaen. Fann ingen god stilling å liggja i, magesmertene var det uansett korleis eg låg. Til slutt fann eg ein stilling som var god å liggja i. Men då eg reiste meg opp igjen, gjekk det ikkje lang tid før smertene kom tilbake. Me skulle så kjøra bil i 1 1/2 time om kvelden, og eg hadde vondt i magen på heile kjøreturen. Denne gangen kom eg meg litt fortare, når me kom heim og eg fekk lagt meg på sofaen. Låg på sofaen lenge, og då eg reiste meg opp var det ganske seint på kvelden. Då var magesmertene endelig over, og kom heldivis ikkje tilbake. Eg har ikkje hatt nokon magesmerter verken i natt, eller i dag. Hadde smertene kome tilbake i dag, så hadde eg bestemt meg for å ta ein tur til legen, men no håpar eg på å sleppa det.

Veit ikkje heilt korleis eg skal beskriva magesmertene. Føltest som ei kraftig verking på eit bestemt punkt i magen. I tillegg var det veldig ømt. Kjentest ikkje ut som menssmerter, det var ei konstant verking som varte i mange timar i strekk. Begynte å bli redd for at det kunne vera blindtarmbetennelse eller noko, sidan det aldri gjekk over. Men eg var egentlig ikkje bekymra for babyen, for eg kjente masse spark heile dagen i går. Og babyen sparka aller mest på høgre side i magen, der smertene var. Så eg tenkte jo på at det kanskje var fordi babyen sparka så mykje akkurat i det området i magen, at det gjorde så vondt. At vesla trykte på nokon nerver e.l. Men eg vil då tru at det berre skulle følast ømt og ubehagelig, og ikkje sånn kraftig verking slik som eg kjente. Det rare var at resten av magen min heile tida føltest heilt fin. Det var kun på det bestemte området i magen det gjorde vondt.

Er det nokon som kjenner igjen eller har peiling på kva slike magesmerter kan koma av? Eg har time hos jordmor på torsdag, så då har eg uansett tenkt å nevna det for henne. Eg klarar iallfall ikkje å finna noko god forklaring sjølv på desse magesmertene, så kjekt om nokon andre har ei forklaring! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg har også hatt litt rare magesmerter den siste uka. Nå de kommer er de konstante helt til jeg får reisa meg. Kommer ofte når jeg sitter i bil.

Fant ut av det var luftsmerter i tillegg til at jeg var veldig forstoppa :(

Hadde vondt i hele nedre del av magen. Litt som mens smerter men ikke helt det samme, pluss at det verka i bekkenet.

Vanskelig å si hva det kan være, men syns du skal ringe lege om de kommer tilbake :)

Høres ut som hverdagen min, og det er nok bekkenet vil jeg tro...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har også hatt litt rare magesmerter den siste uka. Nå de kommer er de konstante helt til jeg får reisa meg. Kommer ofte når jeg sitter i bil.

Fant ut av det var luftsmerter i tillegg til at jeg var veldig forstoppa :(

Hadde vondt i hele nedre del av magen. Litt som mens smerter men ikke helt det samme, pluss at det verka i bekkenet.

Vanskelig å si hva det kan være, men syns du skal ringe lege om de kommer tilbake :)

Har lurt på om det kan vera luftsmerter, ja. Eg har vore litt dårlig i magen innimellom, dei siste dagane, og hatt ein del luft i magen. Men dei smertene eg har kjent no, minnar absolutt ikkje om dei luftsmertene eg har hatt fleire gangar tidlegare i svangerskapet. Hos meg pleier luftsmertene å sitja heilt øverst i magen, på midten av magen. Ikkje lenger nede, og kun på eine sida av magen. Dei smertene eg har kjent no, kjennest også heilt annleis ut. Minnar meir om menssmerter/verking, enn om luftsmerter.

Men kanskje det kan vera ein kombinasjon av luftsmerter, og at babyen trykker på spesielle punkt der inne?

Ja, eg skal ta kontakt med legen, viss magesmertene blir like ille igjen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Jeg har mye menssmerter, spes hvis jeg sitter, ligger i fosterstilling osv, og det er bekkenet...just saying..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er endelig foreldrepenge-søknaden sendt til NAV! :) Har styrt masse med korleis me skal fordela permisjonen, og eg hadde også ein del spørsmål i forhold til utfylling av skjemaet. Men no håpar eg at alt er riktig, og at søknaden blir godkjent. Så får eg satsa på at arbeidsgivaren min også sender inn dei papira ho skal senda. Godt å vera ferdig iallfall!

I dag har eg vore til jordmor, og eg er no i veke 32.

Urinprøven var det ikkje noko utslag på i dag heller, og blodtrykket var fint (115/70). Var litt overraska over vekta mi. Eg hadde nemlig berre gått opp ein halv kg sidan forrige kontroll for 4 veker sidan, sa jordmora. Men no ser eg faktisk på helsekortet mitt at eg var 1 1/2 kg tyngre i dag enn for 4 veker sidan, så då må rett og slett jordmora ha sett feil. himler.gif

Fosterlyden var også fin, og veldig klar og tydelig, på ca 140 slag i minuttet. Og eg kjenner masse bevegelsar kvar dag for tida, og det var sjølvsagt også positivt.

Eg var veldig spent på korleis vesla ligg no. For på 3D-ultralyd i veke 27, låg ho jo i seteleie, med rumpa godt nede i bekkenet mitt. Men eg har i fleire veker kjent masse bevegelsar mykje lenger oppe i magen, i motsetning til kva eg gjorde på den tida eg var på 3D-UL. Så eg har jo håpa og trudd at vesla har snudd seg med hovudet ned. Og det hadde ho heldigvis gjort! smil.gif Jordmora kjente først litt på magen, før ho sjekka med noko gammalt ultralyd-utstyr, som dei har på legekontoret.

Det var nesten umulig å sjå noko på skjermen, for det var så dårlig bilde. Men både eg og jordmora såg at det var noko heilt rundt nede i bekkenet mitt, som måtte vera hovudet. Jordmora meinte også at ryggen låg lenger oppe, på venstre side av magen. Mens beina låg lenger oppe på høgre side av magen. Og det er akkurat slik eg har følt at vesla ligg i magen min for tida! For eg kjenner masse spark på høgre sida av magen, sånn i høgd med navlen. Mens på venstre side kjenner eg nesten ingen bevegelsar. Og heilt nede der hovudet ligg, kjenner eg også minimalt med bevelelsar. Men innimellom kjenner eg små ganske rytmiske dunk der nede, som eg reknar med er hikking.

Ganske fornøyd med at eg faktisk hadde rett i korleis vesla ligg inni magen min. blunket.gif Og ikkje minst er eg kjempeglad og letta over at ho endelig har lagt seg med hovudet ned! smil.gif No får ho jammen halda seg godt på plass, og ikkje snu seg tilbake i seteleie igjen!

Det einaste jordmora reagerte på i dag, var at SF-målet mitt var veldig lavt. Tidlegare har SF-målet mitt heile tida vore i nedre del av normalområdet. Men eg har ikkje stressa med det, sidan det har stige jevnt heile tida. Dessuten var det akkurat likt då eg var gravid med storesøster. Sjølv om ho var 3700 g og 51 cm lang då ho var født, så var SF-målet mitt heile tida i nedre del av normalområdet, fordi ho låg langt nede i magen min. Men i dag var SF-målet mitt heilt på den nederste streken, altså halvveis utanfor/under normalområdet. Og det synst jordmora var litt lavt. Så ho ville at eg skulle koma tilbake om 2 veker, sånn at ho kunne følgja litt ekstra med på SF-målet framover. Og det synst eg berre er greit, sånn at eg kan føla meg mest mulig trygg på at alt er greit. Egentlig hadde eg ikkje ny time før om 4 veker.

Eg nevnte også magesmertene for jordmora, som eg hadde i helga. Ho synst også smertene høyrdest litt rare ut, og kunne egentlig ikkje seia akkurat kva det kom av. Men ho meinte at sidan urinprøve, blodtrykk o.l. var så fint, at eg ikkje har nokon hevelsar i kroppen eller andre plager, og i tillegg kjenner masse spark, så var det mest sannsynlig noko muskulært. At det var babyen som trykte på nokon spesielle punkt e.l. der inne. No har eg jo også fått bekrefta at babyen ligg med beina på høgre side av magen, i det området der eg har hatt magesmertene og kjenner mest spark. Så det er vel kanskje ei sannsynlig forklaring. Men ho synt at eg kunne ta kontakt med lege, om smertene kom igjen. Faktisk har eg litt vondt i det samme området på høgre side av magen, no i kveld. Likar det ikkje heilt, men smertene er heldigvis ikkje like ille som dei var på søndag. Jordmora sa at det første dei tenkte på ved slike magesmerter, var morkaka. Men sidan eg har morkaka bak, så var det ingen fare for at smertene hadde noko å gjera med morkaka. Så det trengte eg iallfall ikkje å bekymra meg for!

Så då får eg berre venta i 2 veker på ny jordmorkontroll, og håpa på at SF-målet har gått opp som det skal då. Og ikkje minst at magesmertene held seg laaaangt unna!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Luremegpå: Eg hadde bekkensmerter frå veke 30 forrige gang eg var gravid, og det minna på ingen måte om dei magesmertene eg har kjent no! Så eg må seia at eg blir veldig overraska om det er bekkensmerter det dreiar seg om. Bekkenet er jo mykje lenger nede, så eg klarar ikkje heilt å sjå for meg at magesmertene kan ha noko som helst med bekkensmerter å gjera. Men eg er ingen ekspert, synst berre det høyrest veldig merkelig ut. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...