Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Hurra for baby som ligger med hodet ned! :strix:

Og gratulerer med 32 uker!

Ja, eg jublar virkelig over at babyen endelig ligger med hovudet ned! :nigo: Får berre kryssa fingrane for at ho ikkje havnar tilbake i seteleie igjen.

Takk for det - og hurra for 33 veker, som no også er passert! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Eg har vore litt plaga med leggkrampar om nettene i det siste. Heldigvis har ikkje leggkrampane vore like kraftige som dei to første gangane, då eg hadde ekstremt vonde leggkrampar.

Slik det er no, så kan leggkrampane koma fleire gangar om natta enkelte netter, og det er ganske plagsomt. Pleier å stå opp av senga med ein gang eg kjenner leggkrampane, og trakka i golvet, for å få vekk smertene. Men i går funka ikkje det trikset! Leggkrampane kom nemlig i begge beina samtidig, på framsida av leggane. Og då hjelper det jo ikkje å trakka i golvet, for då må foten bøyast andre veien for å få vekk smertene. Og det strevar eg med å få til på eiga hand, så eg måtte vekka mannen min og få han til å hjeppa meg med å bøya ned den eine foten, mens eg tok meg av den andre foten. Heldigvis klarte eg å få vekk leggkrampane før dei vart altfor vonde, men skikkelig ekkelt var det uansett.

Noko anna eg opplever ein del av for tida, er at det plutselig kjem masse heilt blank, vannaktig utflod i trusa. Kjenner plutselig at det renner, og det blir heilt vått i trusa. I dag skjedde det til og med mens eg låg i senga i dag tidleg, før eg hadde stått opp. Akkurat det trur eg ikkje har skjedd før. Synst det er litt guffent, for kvar gang det skjer blir eg litt tredd for at det er blod som renner, så eg må sjå etter med ein gang. Men eg trur nok det berre er utflod, og ikkje fostervatn-lekkasje. Hugsar nemlig at eg hadde det sånn på slutten av forrige svangerskap også.

Den siste tida har eg også begynt å få ganske vondt i magen kvar gang eg går litt langt, og spesielt når eg går litt fort. Tidlegare i graviditeten opplevde eg ofte å få sting viss eg gjekk litt lenger eller litt fortare enn normalt. Og det får eg fortsatt veldig lett, no i siste del av svangerskapet. Men i det siste har også desse magesmertene dukka opp i tillegg, kvar gang eg går langt eller fort. Smertene er i heile magen, og magen min følest hard og stram. Kan jo henda at det er kynnarar, som blir utløyst av fysisk aktivitet? Ikkje veit eg - men smertene går heldigvis over, så fort eg stoppar eller set meg ned. Så eg reknar med at det ikkje er noko å bekymra seg for. Det er berre litt ubehagelig - men det får eg heller tåla, så lite plager som eg har hatt i løpet av dette svangerskapet! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ny jordmortime i dag. SF-målet mitt var jo veldig lavt for 2 veker sidan, men i dag var det heilt fint. :) Alt anna var bra også heldigvis!

Skriver meir i morgon. Eg har bursdag i dag, så har ikkje hatt tid til å skriva før no - og no er det leggetid. God natt! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer med dagen som var! :klem:

Tusen takk for det! :klem:

Gratulerer med dagen i går :hoppendeglad:

Håper du fikk en fin fin feiring :)

Takk skal du ha! :klemmer:

Eg hadde ei koselig lita feiring saman med familien, ja. Og storesøster på snart 4 overraska meg med gåve og bursdagssang på senga i går morges. Koselig! :hjerte:

Gratulerer med dagen! :klemmer:

Så bra at SF-målet er normalt!

Takk for det! :hug:

Veldig godt å få vita at SF-målet er innanfor normalen, ja. :)

Da har vi bursdag på samme dag! Gratulerer med dagen igår :)

Tusen takk for det! :klem:

Så artig at me har bursdag på samme dag. ;) Då må eg jo få gratulera deg også så mykje med dagen i går! :hug:

Grattla med dagen :)

Ikke lenge igjen nå!! Weeeeeee!

Takk skal du ha! :klemmer:

Ikkje lenge igjen til termin no, nei! :) Vekene rasar virkelig avgårde no på slutten. Klarar ikkje heilt å sjå for meg at eg har ein nyfødt baby her hos meg i jula. Eg gledar meg utrulig masse altså, det følest berre så uvirkelig. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som sagt så var eg til jordmor igjen i går. Eg er no i veke 34, og det er 2 veker sidan forrige jordmorkontroll. Grunnen til at jordmora ville at eg skulle koma tilbake etter 2 veker, var fordi SF-målet mitt var så lavt på forrige kontroll. SF-målet har heile tida vore i nedre del av normalområdet (under gjennomsnittsstreken). Men det var det også alltid då eg var gravid med storesøster, så eg har ikkje bekymra meg noko over akkurat det. Men på kontrollen for 2 veker sidan, var SF-målet heilt på den nederste streken, nesten utanfor normalomradet. Og då er det jo berre bra at dei følger det opp, sånn i tilfelle det skulle vera noko.

Heldigvis såg alt kjempefint ut på kontrollen i går! :) SF-målet hadde gått opp som det skulle på desse 2 vekene, og låg no igjen på midten av nedre del av normalområdet, slik det har gjort tidlegare i svangerskapet. Godt å få bekrefta at alt såg fint ut! Då kunne eg slappa av og berre kosa meg resten av dagen, på bursdagen min. :)

Alt anna var også heilt fint, både med meg og babyen. Eg har fortsatt ikkje kjent noko bekkensmerter, og er utrulig glad for det. Eg har heller ikkje noko varn i kroppen. Har ikkje lagt på meg andre plassar på kroppen, enn på magen. Så langt har eg lagt på meg nesten 10 kg. Då eg var gravid med storesøster, la eg på meg 12 kg til saman. Håpar det blir omtrent det samme denne gangen heller, og at eg ikkje går mykje opp i vekt desse siste vekene før termin.

Formen min er fortsatt på topp! Eg har virkelig ingen som helst plager, og det følest heilt fantastisk. Føler meg i mykje bedre form no, enn eg gjorde fram til veke 12, då eg var kvalm. Blodtrykket mitt var heilt fint, på 120/75, og eg hadde ikkje noko utslag på urinprøven denne gangen heller. Eg kjenner mykje liv, og fosterlyden var på ca 140 slag i minuttet. Jordmora var veldig fornøyd, og sa at alt såg heilt flott ut. :)

Jordmora kjente også etter leie. Ho kunne heldigvis bekrefta at vesla fortsatt låg med hovudet ned. Ho meinte til og med at hovudet nesten var festa allerede. Men det var skikkelig vondt og ubehagelig då jordmora dreiv og trykte der nede, for å kjenna korleis babyen låg. :( Var sånn at eg nesten vart bekymra for at ho kunne skada hovudet på den lille, så hardt som ho trykte. :sjenert: Etterpå tenkte eg at babyen sikkert synst det var så ubehagelig, at ho vrei seg unna, og sannsynligvis kom til å havna tilbake i seteleie igjen. Sikkert berre eg som bekymrar meg uten grunn - men det kan vel ikkje vera nødvedig at jordmødrene trykker så hardt, når dei skal kjenna etter leie?

Eg var uansett veldig letta etter svangerskapskontrollen hos jordmor i går, sidan alt var bra! :) No er det jammen ikkje mange vekene igjen før vesla er her. :) Heilt rart å tenka på at eg skal bli mamma igjen til jul. :hjerte:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig å lese i dagboka di for tiden! :rodmer: Gratulerer med 34 uker, og hipp hurra for at du er så frisk og rask!

Det er ikke farlig at det gjør vondt når jm kjenner etter om hodet er festet, altså! Jeg merket meg at det gjorde mer og mer vondt for hver gang de kjente etter. Og jeg forsto det sånn at det var fordi hodet beveget seg lenger og lenger nedover og festet seg mer og mer. Så når jm prøvde å bevege på noe som satt fast, så gjorde det vondt for meg. Men jeg tror ikke babyen merket så mye til det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra alt står bra til. Du har vært veldig heldig :)

Jeg syns også det gjør vondt når de skal kjenne på magen min. Men JM sa at det er MYE mer vondt for deg enn for babyen :) Regner ikke med ho juger og driver i all hemmelighet med foster tortur så slo meg til ro med det :gjeiper:

Ha en kjempefin søndag.. Snart er det jul :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hurra for storesøster som fyller 4 år i dag, 12. november! :strix:

Det er visst over midnatt no, så ein ny dag har vel egentlig starta. Men uansett, jenta mi har hatt ein super bursdag! :) Har hatt familiebesøk i dag, og i morgon blir det barneselskap.

Tenk at det er 4 år sidan eg vart mamma for aller første gang ! :hjerter_rundt: Rart at åra har gått så fort. Men no skal endelig godjenta mi få bli storesøster snart, og det gledar ho seg veldig til. :) Og det gjer eg og!

God natt! :sove:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Hipp hurra for jenta di :hoppendeglad:

Og lykke til med barnebursdagsfeiring.. Syns sånt høres meget kaotisk ut :gjeiper:

Takk for det! :)

Barnebursdagen i dag vart absolutt vellykka, og 4-åringen min koste seg veldig! :) Var litt spent på korleis det skulle gå, for eg er åleine med jenta mi for tida, sidan mannen min er i Nordsjøen. Men alt gjekk fint. Eg er førskulelærar, så er sånn sett vant med å ha ansvar for mange barn på ein gang. ;) Det er første året me har barneselskap, dei forrige åra har me kun hatt familiebesøk for jenta mi. Men i år var det veldig viktig for henne å ha barnebesøk, så då slapp eg ikkje unna.

Hurra for bursdagsjenta! :bursdag:

Tusen takk for det! :)

Gratulerer med dagen til jenta di! :blomst:

Takk skal du ha! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, det virkar som om eg har begynt å få litt vatn i kroppen, no når eg akkurat har passert 35 veker. :( Eg likar det ikkje, men det er vel kanskje ikkje anna å forventa, når det berre er 5 veker igjen til termin?

Fram til no har eg ikkje sett antydning til hovenhet verken i beina, eller andre plassar på kroppen. Det er kun på magen eg har lagt på meg, ingen andre plassar. Men i dag oppdaga eg plutselig tydelege merke på beina mine, der sokkane hadde strama. Og det skjer aldri til vanlig! Hugsar at det var slik på slutten av forrige svangerskap også, men eg hugsar ikkje akkurat når det begynte. Eg får satsa på at det ikkje blir meir enn slik det er no. Forrige gang vart det ikkje så ille, så satsar på at eg er like heldig no. For det høyrest utrulig ubehagelig ut å ha så mykje vatn i kroppen, at ein er hoven overalt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig å lese i dagboka di for tiden! :rodmer: Gratulerer med 34 uker, og hipp hurra for at du er så frisk og rask!

Det er ikke farlig at det gjør vondt når jm kjenner etter om hodet er festet, altså! Jeg merket meg at det gjorde mer og mer vondt for hver gang de kjente etter. Og jeg forsto det sånn at det var fordi hodet beveget seg lenger og lenger nedover og festet seg mer og mer. Så når jm prøvde å bevege på noe som satt fast, så gjorde det vondt for meg. Men jeg tror ikke babyen merket så mye til det.

Tusen takk for det! :klem: Så tar eg samtidig ein liten dans for 35 veker, som også er passert no! :danse:

Håpar ikkje det gjorde vondt for babyen, nei - sjølv om det var skikkelig ubehagelig for meg, når jordmora dreiv og trykte rundt heilt nederst på magen min.

Nå er det ikke lenge igjen nei :)

Kjekt å se at alt er flott mirabella!

Nei, no er det jammen ikkje mange vekene igjen! :) Alt er fortsatt flott med meg, ja - og det er eg utrulig glad for!

Så bra alt står bra til. Du har vært veldig heldig :)

Jeg syns også det gjør vondt når de skal kjenne på magen min. Men JM sa at det er MYE mer vondt for deg enn for babyen :) Regner ikke med ho juger og driver i all hemmelighet med foster tortur så slo meg til ro med det :gjeiper:

Ha en kjempefin søndag.. Snart er det jul :rodmer:

Ja, eg har vore heldig med svangerskapet så langt iallfall! Både denne gangen og forrige gang eg var gravid, har eg hatt enkle svangerskap, og minimalt med plager. :) Ikkje ein gang bekkenet mitt har streika denne gangen. Forrige gang eg var gravid, kom bekkensmertene i veke 30. Den verste tida i svangerskapet for meg, var fram til veke 12, for då var eg ganske kvalm. Men etter at kvalmen ga seg, har heldigvis formen min vore heilt på topp! :)

Det som har vore den største utfordringa for meg, har vore å i det heile tatt klara å bli gravid! Det tok oss nesten 3 år med prøving før spiren endelig satt, så då synst eg at eg fortener eit problemfritt svangerskap. ;)

Håpar det stemmer at det ikkje gjer vondt for babyen når jordmora trykker på magen min, sjølv om det er vondt for meg. Ja, babyane tåler nok sikkert ein del, sidan dei ligg godt beskytta inne i livmora, med masse fostervatn rundt seg. ;)

Ha ein fin kveld! :) Det er faktisk snart jul, ja - sjølv om eg ikkje heilt klarar å tru på det. ;) For det betyr jo også at eg veldig snart blir mamma igjen! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...