Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Ja, vesla får jammen begynna å turna ordentlig der inne snart, sånn at rumpa ikkje blir sitjande fast i bekkenet mitt heilt fram til termin!

UL-terminen min er 18. desember. Men eg er sjølv sikker på at den nøyaktige terminen min er 19. desember, sidan eg veit nøyaktig kva dag eg hadde eggløysing. Eg brukte nemlig eggløysingstestar kvar dag rundt eggløysing. Og viss terminen min hadde vore 18. desember, så ville eg ha blitt gravid dagen før eg hadde eggløysing. ;) Og det er jo sjølvsagt ikkje mulig! Men det betyr jo egentlig ikkje noko sånn sett, med ein dag til eller frå. Fordelen med å få UL-termin ein dag for tidleg, er jo at eg sannsynlegvis blir igangsett ein dag tidlegare, viss eg går lenge på overtid. ;)

Etter mine berekningar, skal eg altså vera 18 veker på vei akkurat i dag! :) Og då tar eg utgangspunkt i min utrekna termin, ikkje UL-termin. Ut frå UL-termin, skulle eg ha vore 18 veker allerede i går. Tickeren min er forresten litt feil fortsatt, sidan eg ikkje har somla meg til å forandra på den enda. :sjenert:

Mener du 28??

Tihiiii

Ja, det var nok ubehag eg måtte gjennomgå før eg endelig vart gravid! Og ikkje minst all ventinga, og frykten for at eg aldri skulle få oppleva å bli mamma igjen. Nesten 3 år gjekk det frå me starta prøvinga, og til eg endelig vart ordentlig gravid - etter først å ha opplevd ein MA, og så eit avbrutt prøverørsforsøk. Det var nokre slitsomme år, med mange nedturar. Men no er eg berre lykkelig og glad over kor heldig eg er, som skal få bli mamma til enda ei lita jenta! :strix: Og eg nyter virkelig å vera i så fin form. Veldig kjekt å sleppa dei store plagene i svangerskapet, etter alt slitet eg hadde for å bli gravid. :)

Ja, veldi gla på dine vegne!!!

Men jeg skifter uke hver Torsdag, så måtte dobbelsjekke her nå :)hehe

Hvis hun ikke snur seg,men det gjør hun :), så kan du snakke med meg om ks, det er ikke ille altså!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Jeg følger denne: http://www.minmage.n...aspx?i=48&ii=55

Hva følger du?

Eg har ikkje brukt nokon terminkalkulator for å koma fram til terminen min. Eg veit jo kva dag eg hadde eggløysing. Så då reknar eg første dag i svangerskapet akkurat 2 veker før denne datoen, sidan starten på eit svangerskap blir rekna frå 2 veker før eggløysing. Så har eg berre talt veker framover på kalenderen på mobilen min, med utgangspunkt i det som blir rekna som første dag av svangerskapet. Eg tar utgangspunkt i ei svangerskapslengde på 40+2. Og då kjem eg fram til 19. desember. ;)

Så eg trur kanskje du er nokre dagar kortare på vei enn det tickeren din viser, viss du har termin 2 dagar før meg?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehehe, i see, jm som sa at jeg er i ny uke hver Torsag, så stoler på det, er ikke så farlig altså, bare stusset litt på det, men ja hu komme nå hu komme,men hver Torsdag er jo litt høydepunkt :)

Nå er det snart juuuul :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, veldi gla på dine vegne!!!

Men jeg skifter uke hver Torsdag, så måtte dobbelsjekke her nå :)hehe

Hvis hun ikke snur seg,men det gjør hun :), så kan du snakke med meg om ks, det er ikke ille altså!!

Ha ha, ja såklart meinte eg 28 veker, og ikkje 18! :fnise: Har forandra på det no. ;) Gjekk litt i surr med tala, sidan eg snakka om at UL-termin var 18. desember. :sjenert:

Er du heilt sikker på at det er riktig at du skiftar veke kvar torsdag, når terminen din er 17. desember? Eg har nemlig kome fram til at eg skiftar veke kvar måndag, når terminen min er 19. desember. Men no må eg visst dobbelsjekka eg og, trur eg. ;)

Eg får snakka med deg viss det blir aktuelt med ks, ja. Men det håpar eg virkelig ikkje at det blir! Eg har jo høyrt at det lettare kan oppstå komplikasjonar i forbindelse med ks, enn ved ein vanlig fødsel. I tillegg er eg redd for epidural, og har fullstendig angst for narkose! Så eg vil helst føda normalt, uten nokon skumle sprøyter og bedøvelsesmiddel. :sjenert: Men må eg, så må eg! Får berre kryssa fingrane for at eg er heldig, og slepper unna.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehehe, i see, jm som sa at jeg er i ny uke hver Torsag, så stoler på det, er ikke så farlig altså, bare stusset litt på det, men ja hu komme nå hu komme,men hver Torsdag er jo litt høydepunkt :)

Nå er det snart juuuul :)

Hmmm, mystisk! Mistenker at jordmora di har rekna litt feil, ellers er det eg som er heilt på villspor. :fnise: Måndagar er iallfall eit lite høgdepunkt her i huset, for då går eg inn i ei ny veke. :) Og som du seier, ho kjem når ho kjem, same korleis me reknar på det. ;)

Ja tenk, det er faktisk snart jul! :) Og dette skal bli verdens beste jul, med kvar vår skjønne nyfødte vesle baby i armane våre. :hjerte::tree:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går kveld etter at eg hadde lagt meg, begynte vesla å romstrera noko veldig inni magen min. Føltest som om ho herja og flytta seg rundt der inne. Eg låg berre og håpte på at ho var i gang med å snu seg vekk frå seteleie. ;)

Då eg stod opp i dag tidleg, kjente eg plutselig spark mykje lenger oppe i magen enn eg har gjort før, på eine sida av magen. Sparka var over navlen, og eg trur ikkje eg har kjent spark så langt oppe i magen tidlegare. På motsett side av magen kjente eg bevegelse lenger nede. Så det føltest som om vesla hadde lagt seg på skrå, på tvers i magen min. I veldig lang tid har eg kjent masse spark heilt nederst i magen, og det er jo naturlig med tanke på at vesla låg i seteleie på UL i forrige veke. Men i dag var altså sparka på ein annan plass i magen, enn dei har vore - etter all romsteringa der inne seint i går kveld.

Men no i kveld har eg plutselig kjent ein del bevegelse heilt nederst i magen igjen. Så no er eg redd for at vesla ikkje har snudd seg likevel, eller at ho har lagt seg i seteleie igjen. Typisk i så fall! Men eg får følgja nøye med på bevegelsane i magen dei neste dagane, og prøva å finna ut korleis vesla ligg der inne. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så spennende at hun romsterer så mye, da! Da er det jo gode sjangser for at hun snur seg riktig vei. Men guri, så vanskelig det er å skjønne hvilken vei de små ligger når det tyter og sparker både her og der. Hun begynner vel også å bli såpass sterk i armene at det godt kan være armbevegelser du kjenner noen steder også.

Har du forresten sett på noen nettsider om belly mapping? Jeg får ikke så mye ut av det, altså, men det er visst noen som gjør det. Kanskje det kan være noe for deg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så spennende at hun romsterer så mye, da! Da er det jo gode sjangser for at hun snur seg riktig vei. Men guri, så vanskelig det er å skjønne hvilken vei de små ligger når det tyter og sparker både her og der. Hun begynner vel også å bli såpass sterk i armene at det godt kan være armbevegelser du kjenner noen steder også.

Har du forresten sett på noen nettsider om belly mapping? Jeg får ikke så mye ut av det, altså, men det er visst noen som gjør det. Kanskje det kan være noe for deg?

No kjenner eg masse bevegelsar heilt nederst i magen igjen, så eg fryktar at vesla fortsatt ligg i seteleie. Virka jo som om ho hadde snudd på seg dagen etter all romsteringa, men ho har nok ikkje blitt liggjande slik særlig lenge. Mest sannsynleg ligg ho i seteleie igjen, iallfall er det sånn det kjennest ut no. Men som du seier, så er det vanskelig å vita sikkert kva vei babyen egentlig ligger der inne. For no kan eg kjenna bevegelsar på heilt forskjellige plassar i magen samtidig, så vesla har nok blitt ganske sterk i armane også, ja. Men eg vil jo tru at i det området i magen der eg kjenner mesrt bevegelse, er der beina er plassert - og det er no heilt nederst i magen.

I morgon skal eg på svangerskapskontroll hos legen. Men eg får uansett ikkje noko svar då, på om vesla ligg i seteleie fortsatt. Det blir vel berre ein heilt standard kontroll, tenker eg.

Belly mapping har eg aldri høyrt om. Kva er det egentlig?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Belly mapping er en måte å finne ut hvordan babyen ligger i magen. Jeg har som nevnt ikke noe særlig erfaring med det, men du kan lese mer her. Hvis du googler "belly mapping", dukker det også opp mye om temaet.

Jeg vil også tro at babyen ligger i seteleie når du kjenner mest spark nederst i magen. Jeg vil tro legen vil prøve å estimere leiet på denne kontrollen. En kjapp titt på helsekortet mitt viser at det var på 28-ukers-kontrollen at legen begynte å notere leie. Blir uansett spennende å høre hvordan det har gått på legetimen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Belly mapping er en måte å finne ut hvordan babyen ligger i magen. Jeg har som nevnt ikke noe særlig erfaring med det, men du kan lese mer her. Hvis du googler "belly mapping", dukker det også opp mye om temaet.

Jeg vil også tro at babyen ligger i seteleie når du kjenner mest spark nederst i magen. Jeg vil tro legen vil prøve å estimere leiet på denne kontrollen. En kjapp titt på helsekortet mitt viser at det var på 28-ukers-kontrollen at legen begynte å notere leie. Blir uansett spennende å høre hvordan det har gått på legetimen!

Takk for link! :) Eg skal lesa om det, så blir eg nok litt klokare. ;)

Det gjekk fint på svangerskapskontroll hos fastlegen min i dag. Heldigvis rota ho ikkje like fælt som forrige gang, og godt var det. For sist eg var der, var ho jo totalt forvirra. :fnise:

Det er fortsatt tydelig at fastlegen min er nyutdanna og uerfaren. Men ho klarte seg ganske greit i dag, og virka mindre nervøs og usikker enn forrige gang eg var der. Ho fann greit fosterlyden, som var på ca 132 slag i minuttet. Eg lurer på om det egentlig kan stemma, sidan fosterlyden alltid har vore mellom 140 og 150 slag i minuttet på dei tidlegare kontrollane. Seinast då eg var på 3D-ultralyd i forrige veke, var fosterlyden på 150 slag i minuttet. Legen min påstod at det berre var positivt at fosterlyden varierte litt frå gang til gang, men eg veit ikkje heilt om eg kan stola på det. Fosterlyden er iallfall innanfor normalområdet, og det er vel uansett bra.

SF-målet mitt hadde gått opp sidan jordmorkontrollen for 2 veker sidan. Men SF-målet ligg fortsatt litt under gjennomsnittsstreken. Men så lenge det stiger jevnt, så er vel alt bra. Eg hadde ikkje noko utslag på urinprøven i dag heller, og blodtrykket var fint. Ellers hadde eg visst gått opp 1 kg sidan jordmorkontrollen for 2 veker sidan. Håpar ikke vekta fortset å gå like raskt oppover resten av svangerskapet! Vekta mi har gått ganske seint oppover tidlegare, og eg har vore fornøyd med det. Men kanskje det er no babyen begynnar å veksa og leggja på seg for alvor?

Eg måtte forresten ta blodprøve i dag. Vart stukke i begge armane, fordi det ikkje kom ut noko blod første gangen. Eg likar ikkje å ta blodprøvar, og speseilt ikkje når eg blir stukke fleire gangar. :( Men eg takla det heldigvis ganske greit, til tross for sprøyteskrekken min. Blodprøven min viste at eg hadde Hb på 12. Det var visst akkurat såvidt innanfor normalen, men heilt i nedre del av normalområdet. Får berre håpa at det ikkje går enda meir ned, for då må eg sikkert begynna med jerntablettar.

Legen min prøvde å kjenna etter korleis babyen låg, men ho klarte ikkje å finna ut av det. Eg veit jo at ho har minimalt med erfaring med sånt, så eg hadde heller ikkje forventa at ho skulle klara å finna det ut. Men det hadde jo vore kjekt å få vita om vesla fortsatt ligg i seteleie, eller om ho har snudd litt på seg. I dag har eg kjent bevegelsar på mange forskjellige plassar i magen, både heilt nede, og ganske langt oppe i magen. Så det er jammen ikkje godt å vita korleis vesla ligg der inne!

No er det 4 veker til eg skal på ny svangerskapskontroll, og då skal eg til jordmor. Reknar med at ho kanskje kan klara å finna ut av korleis babyen ligg. Men eg synst det er så lenge til, då er eg jo allerede i veke 32. Så har ikkje babyen snudd seg då, så kjem eg virkelig til å bli litt bekymra. For då er det jammen ikkje mange vekene igjen til termin!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjekt at alt så bra ut! Verre med han studenten legen min har, usj, forteller om det senere.

Hb her er på ,10, legen mener den burde gå opp, JM mener det er perfekt, for da blir gjennomstrømmingen av jern perfekt til barnet, fordi barnet skal ikke ha så mye jerngjennomstrømmng.

Hjertelyden legen din målte, den synes jeg vriket litt rar ja...her var den på 155 på ul tirsdag, og det var vedlig bra..

Men de har sine tider de små der det går veldig nedover, så veldig opp, så hun nok gjort rett :)

når har du JM time da? De flytter seg hele tiden de små, ikke bekymre deg enda, venninen min sin gutt snudde seg han, etter lenge i seteleie,.:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes også Hb på 12 høres helt fint ut. Tror kanskje legen din er ute og sykler litt igjen :fnise: Legen min har ikke sagt noe så lenge Hb var over 10. Da det gikk under 10 fikk jeg beskjed om at det kunne være lurt med jerntabletter hvis jeg skulle begynne å føle meg svimmel eller slapp.

Men nå er det jo uansett legen du skal høre på, og ikke oss KG-damer ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Kjekt at alt så bra ut! Verre med han studenten legen min har, usj, forteller om det senere.

Hb her er på ,10, legen mener den burde gå opp, JM mener det er perfekt, for da blir gjennomstrømmingen av jern perfekt til barnet, fordi barnet skal ikke ha så mye jerngjennomstrømmng.

Hjertelyden legen din målte, den synes jeg vriket litt rar ja...her var den på 155 på ul tirsdag, og det var vedlig bra..

Men de har sine tider de små der det går veldig nedover, så veldig opp, så hun nok gjort rett :)

når har du JM time da? De flytter seg hele tiden de små, ikke bekymre deg enda, venninen min sin gutt snudde seg han, etter lenge i seteleie,. :)

Høyrest ikkje noko særlig ut med ein kjip student, som legen din har med seg når du er på svangerskapskontroll!

Ja, då bør iallfall Hb på 12 vera greit! Trur det var mest det at den hadde gått ned frå 13 eitt eller anna, til 12, sidan forrige kontroll. Og at viss Hb fortsatte å gå nedover, så kunne det bli aktuelt med jerntablettar. Men sånn det var no, så var alt fint. :)

Stolar ikkje heilt på at legen min målte hjertelyden riktig, nei. For eg synst ho haldt doppleren for langt ut til den eine sida av magen, slik at hjertelyden ikkje var sånn kjempetydelig. Så ho er ikkje særlig erfaren. Berre ei veke før var eg jo på 3D-UL, og då var hjertelyden på 150 slag i minuttet. Så eg reknar med at det stemmer mykje bedre enn det legen kom fram til! Eg er klar over at hjertelyden kan variera ein del, avhengig at om babyen er veldig aktiv eller sover. Men eg har aldri fått målt så lav hjertelyd før, så eg trur nok legen min har bomma litt.

Neste jordmortime er akkurat 4 veker etter legekontrollen eg var på. Det er i slutten av oktober ein gang, trur eg. Når eg er i veke 32.

Håpar virkelig at vesla snur seg med hovudet ned snart, men det ser dårlig ut foreløpig iallfall. :( No er det berre få dagar igjen til eg er i veke 30, og eg er heilt sikker på at ho har havna tilbake i seteleie, etter at ho nok prøvde å snu seg rett etter 3D-ultralyden. Dei siste dagane har eg kun kjent spark heilt nede i magen, akkurat slik eg gjorde på den tida eg var på 3D-ultralyd. Så det lovar ikkje heilt bra, sjølv om eg veit at ho enda har nokre veker igjen å snu seg på, før det er for seint.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes også Hb på 12 høres helt fint ut. Tror kanskje legen din er ute og sykler litt igjen :fnise: Legen min har ikke sagt noe så lenge Hb var over 10. Da det gikk under 10 fikk jeg beskjed om at det kunne være lurt med jerntabletter hvis jeg skulle begynne å føle meg svimmel eller slapp.

Men nå er det jo uansett legen du skal høre på, og ikke oss KG-damer ;)

Ja, Hb på 12 er heilt fint! :) Trur berre ho som ga meg prøveresultatet, meinte at Hb hadde gått nedover sidan sist eg fekk målt det. Og at om det gjekk meir nedover, så kunne det kanskje bli aktuelt med jerntablettar. Men eg trur egentlig ikkje at ho hadde så veldig peiling. Det var som sagt ikkje legen min eg snakka med om dette. Men når eg høyrer at dåke andre seier at Hb på 10 også er greit, så kan eg ikkje akkurat seia at eg bekymrar meg. ;)

Vel vel, eg stolar vel egentlig meir på dåke KG-damer, enn på den uerfarne legen min! :fnise:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hun snur seg nok til skal du se :) Snuppa her er all over the place hele tiden! I det ene sekundet får jeg ett spark opp mot ribbeina, og like etterpå kjenner jeg hele babyen snurre rundt og stange hode like over navlen min :fnise: Var på kontroll på tirsdag, og jordmor sa at det forsatt var for tidlig å sjekke hvordan babyen lå, da hun uansett kommer til å flytte seg en del enda :)

Håper for guds skyld at vi slipper setebabyer :rolleyes:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Hun snur seg nok til skal du se :) Snuppa her er all over the place hele tiden! I det ene sekundet får jeg ett spark opp mot ribbeina, og like etterpå kjenner jeg hele babyen snurre rundt og stange hode like over navlen min :fnise: Var på kontroll på tirsdag, og jordmor sa at det forsatt var for tidlig å sjekke hvordan babyen lå, da hun uansett kommer til å flytte seg en del enda :)

Håper for guds skyld at vi slipper setebabyer :rolleyes:

Håpar virkelig at ho snur seg, ja - for eg vil absolutt ikkje ha nokon setefødsel! Eg har aldri kjent spark opp mot ribbeina, og gjorde det heller aldri då eg var gravid med storesøster, sjølv om ho aldri låg i seteleie. Det høgaste eg har kjent spark foreløpig, er rett over navlen. For tida føler eg meg veldig usikker på korleis vesla i magen ligg. For eg kjenner innimellom ganske tydelige bevegelsar, både heilt nederst i magen, og rett over navlen på høgre side - samtidig. Så det er ikkje lett å finna ut av det, synst eg.

Eg er litt usikker på når jordmødrene begynnar å kjenna etter korleis babyen ligg. Men eg reknar med at jordmora sjekkar leie neste gang eg skal på svangerskapskontroll. Då er eg i veke 32.

Hei!!

Hvordan går det med deg?? Hvordan er formen din i dag da?

Ha en fin dag på jobb!

Det går fint med meg! :) Formen er fortsatt heilt på topp. Eg har virkelig ikkje hatt nokon graviditetsplager etter at kvalmen ga seg i veke 12, så eg veit at eg er heldig. Håpar det fortset slik heilt fram til fødselen. ;)

Takk for det, eg har hatt ein fin dag på jobb! Men eg var heilt i koma då eg måtte stå opp kl 05.30 i dag. Skulle ha tidlegvakt, og kom meg aaaaaltfor seint i seng i går kveld. Så eg får prøva å koma meg litt tidlegare i seng i kveld, sånn at eg får tatt igjen litt søvn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

30 veker i dag - hurra! :hoppendeglad: Utrulig kor fort vekene har gått i det siste. No er det jo faktisk berre litt meir enn 10 veker igjen til termin. :overrasket:

Som sagt så har eg ingen graviditetsplager for tida, og eg har ikkje hatt nokon plager heller sidan kvalmen ga seg i veke 12. Halsbrannen som eg trudde eg kjente antydning til nokre dagar for ei stund sidan, har det ikkje blitt noko meir av. Og dei kraftige leggkrampane som eg hadde ei natt, har heller ikkje kome igjen heldigvis. Så eg går berre rundt og ventar på at plagene skal koma, for eg kan liksom ikkje tru at eg slepper heilt unna. Forrige gang eg var gravid, kjente eg for første gang smerter i bekkenet då eg var i veke 30, akkurat så langt på vei som eg er no. Og etter det var eg plaga litt med bekkensmerter resten av svangerskapet.

Eg var lite plaga om dagen, kjente det stort sett berre når eg gjekk i trapper, bratte bakkar e.l. Men om natta var det plagsomt, for eg klarte ikkje å snu meg i senga. Det var rett og slett umulig å snu seg frå den eine til den andre sida når eg låg i senga, fordi det gjorde så vondt når eg prøvde å snu meg rundt. Forrige gang kom bekkensmertene etter at eg gjorde ein litt dum bevegelse/vridning, og eg kjente at noko skjedd i bekkenet då. Så no prøver eg å unngå brå bevegelsar, og å vri meg/bøya meg feil, så håpar eg at eg kan klara å forhindra at bekkensmertene kjem, iallfall å utsetja dei nokre veker. Tvilar jo nesten på at eg slepper heilt unna bekkensmerter denne gangen, men det er jo lov til å håpa! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hipp hurra for 30 uker :hoppendeglad:

Nå er det plutselig ikke lenge igjen til vi når målet :)

Kjenner jeg er grisemisunnelig på deg som ikke har noen særlig plager enda. NYT det!!

Jeg har i det siste noen rare smerter i bekkenet og mens smerter. Våkna i dag at jeg hadde vondt i lysken på begge sider, og var lite som hjalp. Men jeg sovna igjen, og da var det vekk når jeg våkna. Rare greier..

Åssen går det med babyforberedelsene??

Jeg har en haug med klær som jeg skal begynne å vaske på snart :hoppendeglad:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...