Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Lettere og lettere... Lillemor var temmelig lettlagd ja, men har på følelsen at de uplanlagte er enklere å få til en de man prøver på :fnise: Ble gravid med lillemannen i PP 8 eller PP 9 eller noe sånt, så det tok da litt tid...

Ja, no tenkte eg sjølvsagt på at du vart veldig lett (og uplanlagt) gravid med lillemor! For eg ante faktisk ingenting om kor lang tid dåke brukte på å få klaff med lillemannen. Men då brukte dåke nok omtrent akkurat like lang tid, som me brukte då eg vart gravid med I. (i PP8)! :) Du er nok då ein av dei mange som blir lett gravid igjen, etter å ha vore gravid ein gang - mens det ikkje gjeld meg...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Fortsatt ingen symptom, og no er det max 6 dagar igjen til IKM! :sur: Eg har ete ekstremt mykje snop i det siste, på grunn av at eg har vore deppa fordi eg aldri blir gravid. Og snop er alltid det eg trøstar meg med, når ting ikkje går min vei. :sjenert: Men når påsken er over, trur eg at eg må skjerpa meg! Kutta ned på snopet, og begynna å trena litt. For sjansen for å bli gravid aukar vel ikkje akkurat, når eg berre sit i sofaen og proppar i meg godteri kveld etter kveld. :rodme:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Snop er kanskje ikke så bra, men det hjelper da litt, gjør det ikke :klø:

IKM på min bursdag du :nigo: Kanskje jeg skal ønske med en gravid Mirabella i år :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Snop er kanskje ikke så bra, men det hjelper da litt, gjør det ikke :klø:

IKM på min bursdag du :nigo: Kanskje jeg skal ønske med en gravid Mirabella i år :klø:

Jo, snopet hjelper absolutt når eg føler meg deppa og lei, fordi eg har null symptom, og mensen dukkar opp gang på gang! Men eg trur nok kroppen min helst ville ha vore uten alt snopet eg har stappa i meg i det siste. :sjenert: Trur nok eg får kutta ut alt snopet (eller nesten alt...) etter påske, og begynna å trena litt, ja. Har ein følelse av at det kanskje kan ha ein positiv effekt på muligheten for å bli gravid. Inaktivitet og snopeting i store mengder er vel ikkje akkurat det smartaste eg gjer, viss eg vil bli gravid. :rodme:

Ja, kan du ikkje vera så snill ønskja deg ei gravid Mirabella til bursdagen din?!!! :pls: Men du må ønskja deg det veldig sterkt viss det skal funka, for eg har fortsatt ingen symptom.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, så var møkkamensen her igjen! :frustrert: Den kom i dag tidleg (24. mars). Eg har ikkje i nokon av dei tidlegare prøveperiodane følt meg så overbevist om at mensen ville koma, som eg var denne gangen. Eg berre visste det! :sur: Eg har ikkje ein gang hatt antydning til noko som i det heile tatt kan minna om graviditetssymptom, og har følt meg heilt som vanlig sidan EL. Så frå ca 5 dagar etter EL (då eg skjønte at det kom til å gå dårlig), har eg prøvd å forbereda meg på at det ikkje gjekk veien denne gangen heller. Likevel var det vanvittig kjipt å få mensen, og den endelige bekreftelsen på at eg hadde rett. :tristbla:

Det er fryktelig frustrerande å måtte gi opp mitt store ønske om eit lite 2010-barn, for det ønska eg meg så sterkt! :sukk: Eg har heile tida hatt lyst på to tette barn - og då me starta prøvinga i fjor sommar, var eg heilt overbevist om at det skulle bli 2010-barn på oss. For eg veit jo kor vanlig det er at det går fortare å bli gravid neste gang, når ein først har vore gravid ein gang. Men det skulle altså ikkje gjelda meg. :trist: Dette skulle liksom bli vår lykkeprøveperiode: PP8, men vår 5. aktive prøveperiode - akkurat som då eg vart gravid forrige gang! Men dengang ei...

No kan eg berre konstatera at me faktisk kjem til å bruka lenger tid på å få klaff denne gangen, enn forrige gang. Det hadde eg aldri trudd, då me starta prøvinga! Og PP9 blir nok berre ein stor vits, for mannen min kjem sannsynlegvis heim frå jobb rett etter at eg har hatt EL. Så då er me plutselig i PP10, før eg har ein reell sjanse til å bli gravid! :( Og då er me skummelt nær 1 års prøvetid, og då er det vel på tide å få hjelp til å bli gravid. :trist:

Huff, eg er så redd for at det er alderen min som gjer at me sliter enda meir denne gangen, enn forrige gang. Eg er jo 33 år gammal, og ikkje heilt ung lenger. Eg kjem iallfall til å bestilla time til gynekolog i nærmaste framtid, for å få sjekka om alt er som det skal vera med meg - og få henvisning til sædprøve av mannen min. Viss noko er gale med ein av oss eller oss begge, så vil eg vita det så fort som mulig, slik at me kan få hjelp. Eg har ikkje tid til å sløsa vekk fleire prøveperiodar uten at det skjer noko som helst, eg som ønskjer meg minst 4 barn! :sjenert:

Denne prøvinga begynnar å bli meir slitsom enn spennande, kjenner eg. :sukk: Eg har hatt hovudverk i heile ettermiddag og kveld, og det pleier eg nesten aldri å ha. Blir så deppa og lei meg kvar gang eg tenker på at det ikkje blir noko 2010-barn på oss likevel, og at eg ikkje veit om eg klarar å bli gravid i det heile tatt. :grine: Men jenta mi på 16 månader er så herlig, og eg er så ufattelig glad for at eg har henne! Veit ikkje korleis eg ellers skulle haldt ut denne prøvetida. I dag tidleg kom ho plutselig bort til meg gang på gang, haldt rundt meg og klemte meg lenge. :hjerte: Det var nesten som om ho skjønte at eg trengte sånne gode klemmar akkurat i dag, sjølv om eg oppførte meg heilt som normalt overfor henne, og ho umulig kunne sjå på meg at eg var lei meg. Skjønne jenta mi, som eg er så ufattelig glad i! :hjerter_rundt: Kva skulle eg gjort uten henne?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:troest: Skjønner du er lei deg over å måtte gi slipp på drømmen om et 2010-barn, Mirabella. Det kan nok være lurt å få time hos gyn, om ikke annet så bare for å konstatere at alt er som det skal :) Krysser fingre for deg videre, og håper du får sen EL neste gang :duskedame:
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:troest:

Håpar du får ei fin påske tross alt! Kos deg heime saman med finaste veslejenta. :hjerte:

Endret av dreia
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klem: Dumme TR og kroppen som ikke kan gjøre sånn som du vil!

Krysser ihvertfall fingre for at PP10 (kanskje tom PP9) blir den magiske for dere! Og sikkert lurt hvis ikke å begynne å henvende seg for utredninger.

Har troen på deg MIrabella :Nikke:

Og nå er det påske og masse kos snart.

Liker tanken din om mindre snop og mer trening også. Etter påske selvfølgelig :ler: Det blir bra :ball:

Endret av pinkpus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Trist at det ikke går din vei med prøvingen ... :troest: Krysser fingrene for at ikke noe er galt og at neste pp blir lykkepp-en deres! :biggrin:

Ha en fortsatt fin kveld. :)

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:troest: Skjønner du er lei deg over å måtte gi slipp på drømmen om et 2010-barn, Mirabella. Det kan nok være lurt å få time hos gyn, om ikke annet så bare for å konstatere at alt er som det skal :) Krysser fingre for deg videre, og håper du får sen EL neste gang :duskedame:

Ja, eg blir fortsatt lei meg når eg tenker på at det ikkje blir nokon 2010-baby på meg likevel! :trist:

Eg har ikkje orka å bestilla time til gynekolog enda. Har lyst til å berre slappa av og kosa meg no i påsken, så får eg heller gjera noko når påsken er over.

Takk for fingerkryssing! :klem: Får virkelig håpa på sein EL denne syklusen, ja - sånn at mannen min rekker heim i tide (sjølv om det er liten sjanse for det).

Innom med en god klem til deg :klemmer:

Takk for det! :klemmer:

:troest:

Håpar du får ei fin påske tross alt! Kos deg heime saman med finaste veslejenta. :hjerte:

Eg har iallfall hatt ein fin påske så langt! :) Heldigvis har eg klart å kosa meg saman med I. og familien i påsken, og har prøvd å tenka minst mulig på alt som er dumt.

:hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klem: Dumme TR og kroppen som ikke kan gjøre sånn som du vil!

Krysser ihvertfall fingre for at PP10 (kanskje tom PP9) blir den magiske for dere! Og sikkert lurt hvis ikke å begynne å henvende seg for utredninger.

Har troen på deg MIrabella :Nikke:

Og nå er det påske og masse kos snart.

Liker tanken din om mindre snop og mer trening også. Etter påske selvfølgelig :ler: Det blir bra :ball:

Ja, dumme mens og dumme kropp! :kjefte: Kvifor skal det vera så vanskelig å bli gravid denne gangen, når eg har vore gravid ein gang før for såpass kort tid sidan? Skikkelig frustrerande, når det skal vera slik.

Kryssar fingrane for PP9 eller PP10, eg også! Viss me er veldig heldige, rekker me å få gjort ein liten innsats denne prøveperioden. Men det er veldig liten sjanse for at me rekker det, sidan eg har hatt så tidleg EL dei siste syklusane. Mannen min kjem heim frå jobb i Nordsjøen på onsdag, og i dag er eg på CD12. Negativ EL-test i dag, men mest sannsynleg blir den positiv i morgon eller tysdag - og det er i så fall akkurat litt for tidleg til at det blir noko prøving denne syklusen. Så då får me i tilfelle gi alt i PP10, for då SKAL det gå, viss me er for seint ute denne syklusen.

Blir nok utredning både av meg og mannen snart, ja. Men no er det påske, og då vil eg berre slappa av, kosa meg, og tenka minst mulig! ;)

Fint at du har trua på meg! :klem: Håpar eg klarar å gjennomføra planen min om mindre snop og meir trening etter påske! ;) I påsken har det nok blitt altfor mykje snop, og ingen trening. :sjenert: Men me har vore på tur i skogen ein dag, så eg har ikkje grodd heilt fast i sofaen i løpet av påsken...berre nesten! :fnise:

:vinke:

Trist at det ikke går din vei med prøvingen ... :troest: Krysser fingrene for at ikke noe er galt og at neste pp blir lykkepp-en deres! :biggrin:

Ha en fortsatt fin kveld. :)

:klemmer:

Ja, eg blir litt deppa etter kvart, av den resultatlause prøvinga. :( No har eg kome til det stadiet, at eg ikkje lenger forventar å bli gravid. Den spenninga eg har følt kvar prøveperiode etter EL, var vekke denne siste prøveperioden - og fortsatt føler eg ingen forventning eller spenning over å begynna på ein ny prøveperiode, berre oppgitthet... Slitsomt når det skal vera slik. Får berre håpa at ting ser litt lysare ut, når me får kome i gang med utredninga, og det forhåpentligvis begynnar å skje noko!

Ja, me får kryssa fingrane hardt for å prøvinga vår snart gir resultat! :klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Positiv EL-test allerede i dag, på CD13. Det betyr at det ikkje blir noko prøving denne syklusen (PP9). :tristbla: Mannen min kjem nemlig ikkje heim frå jobb i Nordsjøen før seint på kvelden om 2 dagar, og då er det garantert for seint. :kjefte:

Så då er det ikkje anna å gjera enn å satsa alt på PP10, og februarbarn! Men det er ei stund til enda, så i mellomtida blir me vel nødt til å kontakta gynekolog. :sukk: Hadde håpa at me skulle sleppa noko utredning, men no synst eg egentlig det er på tide å gjera noko.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Uff, så dumt det ikke har klaffet for dere ennå. :klemmer:

Prøv så godt du kan å ikke stresse det, da kan det i hvertfall ta tid før det er klaff. Skjønner det ikke er lett!

Ha en fin kveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, så dumt det ikke har klaffet for dere ennå. :klemmer:

Prøv så godt du kan å ikke stresse det, da kan det i hvertfall ta tid før det er klaff. Skjønner det ikke er lett!

Ha en fin kveld!

Ja, det er noko dritt! :( Føler eg har stressa mindre denne prøverunden, enn forrige gang me var prøvarar. Men eg trur egentlig ikkje det har så mykje å seia for kor raskt ein blir gravid, om ein er stressa eller ikkje. Ein person som ikkje blir så lett gravid, vil nok streva enten ein stressar eller ikkje. Mens ein person som blir lett gravid, blir nok gravid raskt sjølv om personen er aldri så stressa.

Negativ EL-test i dag, så då er det iallfall ingen som helst sjanse for klaff denne gangen. :( Og verst av alt: Eg har nettopp funne ut at me går glipp av neste prøveperiode også. :sur: Har heile tida trudd at mannen min er heime neste gang eg har EL, så eg vart skikkelig lei meg då eg fann det ut. Mannen min skal nemlig bytta skift no etter påske, og blir derfor berre heime 3 veker denne gangen, i staden for 4. Og dermed går også PP10 dukken. :frustrert:

Eg hatar virkelig å ha ein mann som jobbar i Nordsjøen, når eg prøver å bli gravid! :( Når PP9 og PP10 er over, så har me gått glipp av 5 av 10 prøveperiodar, på grunn av jobben til mannen min - og det er altfor mykje! Nei, no trur eg jammen at eg går og graver meg ned, så kjem eg fram igjen når den dumme kroppen min endelig har bestemt seg for å bli gravid! :trist:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Mirabella. Jeg kom over prøvedagboken din og fikk så lyst til å følge deg litt igjen! Så synd at spiren lar vente på seg. Jeg vet hvordan det er å vente i syklus etter syklus, og så skjer det ingen ting :kjefte: Det som er synd for deg er at dere går glipp av så mange prøveperioder pga. mannens jobb. Reelt sett har dere ikke hatt så mange, så det trenger ikke være noe galt (mager trøst, jeg vet). 33 er da ikke gammelt! Men det kan kanskje være greit å kontakte gynekolog likevel. Er mannen like ivrig på prøvefronten som deg?

Det rasler litt i eggstokkene mine når jeg leser boken din, må jeg innrømme. Men det blir nok ikke noen baby på oss med det første. Vi måtte jo ha ICSI sist gang, og jeg har ennå ikke fått igjen mensen etter fødselen (vesla er 9 mnd). Jeg ammer fremdeles mye, så det er nok der det ligger. I tillegg er ikke vår økonomiske situasjon den beste nå, så baby liggger nok noen år frem i tiden. Men det blir kjekt å følge deg! Krysser fingrene for neste (reelle) PP :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:goodbye:

Så kjedelig at det blir krøll med jobben til mannen! :kjefte::frustrert: Teite, teite jobb!

Det er jo som Harlekin sier, dere har ikke hatt så mange pp-er egentlig, så det er ikke sikkert noe er galt. :troest:

Rett meg om jeg tar feil, eller sier noe galt, men sjekket du deg ikke hos lege før du ble gravid med I, og fant ut at du hadde noe som kunne gjør det litt vanskelig? :vetikke: Men du ble jo uansett gravid, så noe stort problem var det vel ikke? :vetikke:

Ha en fortsatt fin dag! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Huff, synes så synd på deg. Jeg skjønner jo hvor inderlig gjerne du vil bli gravid igjen, også tar det så leng tid..

Kanskje det må til at jeg blir gravid først igjen?! :ler: Hehe, var jo det som skjedde sist. Du hadde prøvd i "evigheter", SVIPS så ble jeg gravid, og du testet positiv bare rett etterpå. :fnise:

Tror egentlig ikke du skal tenke så fælt på hvor lenge det er siden dere startet denne prøvingen. Det er jo faktisk ikke sååå mange effektive/reelle pp dere har hatt, i og med at mannen din er så mye borte. Plutselig så går det, skal du se! :hjerte:

Håper uansett at det klaffer for dere snart! :klemmer:

Endret av Coxy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...