Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

:kjefte::frustrert:

Skjønner veldig godt at du er irritert og sur! Dette er dårlig, dårlig, dårlig service! :kjefte:

Du bør nok ringe og forklare og kreve, selv om det kanskje ikke hjelper ...

:troest::klemmer:

Ja, ikkje sant! :frustrert: Og så ikkje berre 1 gang, men 2 gangar! :sur:

Eg har ringt Volvat og forklart situasjonen, men det hjalp fint lite. :( Sjukepleiaren eg snakka med i telefonen var enig i at det ikkje var bra det som hadde skjedd, men unnskyldte det med at det var ferietid, og at ein av gynekologane var langtidssjukemeldt. Usj! Me fekk ikkje ny utredningstime før 9. august, nesten 3 månader etter at me egentlig hadde time til utredning i midten av mai! :frustrert: Og eg føler meg langt frå trygg på at den timen blir noko av heller, så mykje tull som det har vore fram til no.

Så utrolig dårlig da, Mirabella! Enig, litt av poenget med private klinikker er jo at det skal kort ventetid, så her mislykkes jo Volvat stort. Litt OT, men vi ventet ikke spesielt lenge på vår ICSI, vi fikk time veldig kjapt. Det ble noen måneder, men det var sommerferie i mellom, så det var jo forståelig.

Ja, kjempedårlig! :sukk:

Me valgte jo Volvat nettopp for å sleppa lang ventetid, men det var tydeligvis ikkje det luraste me har gjort. No må me betala masse pengar fordi me tar utredning privat, i tillegg til at me må venta i mange månader likevel, berre på å få time. HURRA! :ironi:

Kor var dåke til utredning?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

No er me inne i PP12, og EL er overstått! Eg fekk positiv EL-test 2 dagar denne syklusen, på CD 14 (30. juni) og CD 15 (1. juli). Reknar med at IKM er ca 16 juli.

Me har vore veldig aktive på prøvefronten denne gangen. ;) Har hatt samleie kvar einaste dag frå og med CD 10, og har tenkt å gjera ein innsats også i kveld (og kanskje i morgon?). ;) Då reknar eg med at me har gjort det me kan gjera. Og blir eg ikkje gravid denne gangen heller, så er det garantert ikkje på grunn av for dårlig innsats! :fnise:

Så no er det vel på tide å grava fram litt optimisme igjen, og kryssa fingar og tær for at me endelig får klaff denne gangen, etter eit heilt års prøving! :tommelopp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Krysser alt jeg har for at det blir positiv test i stedet for mensen om en ukes tid! :tommelopp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sender masse optimisme din vei, Mirabella, tvi tvi :strix:

Tusen takk for det, Ilja! :klemmer:

Krysser alt jeg har for at det blir positiv test i stedet for mensen om en ukes tid! :tommelopp:

Takk for det, Coxy! :klem: Ja, det hadde jammen vore noko, med ein positiv test innan kort tid. :Nikke:

Krysser fingrene for klaff i pp12! :Nikke::jepp:

Ha en fin kveld! :klemmer:

Takk skal du ha, Knøttet! :hug: Hadde vore heilt fantastisk om det endelig gjekk vår vei no, etter eit heilt års prøving.

Ha ein kjempefin kveld, du også! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Me har jo vore svært aktive på prøvefronten denne gangen, og har gjort ein innsats kvar einaste dag både i dagane før EL, under EL, og dagen etter EL. Så eg synst virkelig at eg burde bli gravid no! Men for å vera heilt ærlig, så ser det dessverre mørkt ut denne gangen også. :sukk: Eg har nemlig ikkje hatt eit einaste symptom så langt (som vanlig!), og eg er vel 10 DPO i dag. Og blir det ikkje klaff denne gangen heller, slik det ser ut til no - så må me nok berre innsjå at me er eitt av dei para som ikkje (lenger) klarar å få barn på eiga hand, og blir rekna som slitarar. :trist: Synst det er så trist å tenka på at me ikkje har klart å få klaff, etter eit heilt års prøving.

No er det vel ikkje anna å gjera enn å venta på utredningstimen i starten av august, som forhåpentligvis blir noko av denne gangen! For etter så lang prøvetid uten klaff, føler eg meg faktisk overbevist om at det er noko gale enten med meg, med mannen min, eller med oss begge. Og sjølv om eg hatar tanken på at det skal vera slik, så skal det likevel bli godt å få vita kvifor eg ikkje klarar å bli gravid. Det er ufattelig slitsomt å prøva å bli gravid over så lang tid, og bli skuffa gang på gang, uten ein gang å vita grunnen til at me aldri får det til... :cry:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, synes så synd på deg, Mirabella76! :troest: Men jeg er HELT sikker på at dere får det til igjen, og blir tobarnsforeldre! :jepp:

Skjønner godt at du blir skuffet og lei deg hver eneste måned da mensen kommer, - men IKKE GI OPP HÅPET!!!! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, synes så synd på deg, Mirabella76! :troest: Men jeg er HELT sikker på at dere får det til igjen, og blir tobarnsforeldre! :jepp:

Skjønner godt at du blir skuffet og lei deg hver eneste måned da mensen kommer, - men IKKE GI OPP HÅPET!!!! :klem:

Takk for trøst og oppmuntrande ord, Coxy! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag (16. juli) kom mensen som forventa...igjen. :sukk: Det betyr at PP12 også er over, og me har no vore prøvarar i eit heilt år, uten klaff. :trist: Når eg ikkje vart gravid denne gangen heller, etter så iherdig prøving, så fryktar eg at eg aldri blir det. Neste prøveperiode går forresten rett vest, pga Nordsjømann på jobb. :( Så det blir først i PP14 at me får ein ny sjanse.

Ikkje anna å gjera no, enn å venta på utredningstimen i begynnelsen av august. Forhåpentligvis får me nokre svar då, og at det er noko som er enkelt å gjera noko med. Viss ikkje, så trur eg at eg blir alvorlig deprimert - for no orkar eg snart ikkje meir av denne dritten! :cry3:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:troest: Ikke noe kjekt å være der du er nå, Mirabella. Jeg krysser fingrene for at det løser seg og at du blir gravid, uansett hvordan det skjer.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:troest:

Skjønner at det begynner å tære nå, Mirabella.Men ikke gi opp, dere har jo klart det en gang, og dere klarer det helt sikkert igjen :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Annonse

Neeeiiii!!! :tristbla: :tristbla: :tristbla: Det var vondt å høre, Mirabella! :(:troest:

Tusen takk for trøsteklem! :klem:

:troest: Ikke noe kjekt å være der du er nå, Mirabella. Jeg krysser fingrene for at det løser seg og at du blir gravid, uansett hvordan det skjer.

Takk skal du ha! :klemmer:

:troest:Skjønner at det begynner å tære nå, Mirabella.Men ikke gi opp, dere har jo klart det en gang, og dere klarer det helt sikkert igjen :jepp:

Mange takk! :hug:

Ja, får virkelig håpa at me klarar det igjen, sjølv om håpet blir mindre og mindre for kvar månad som går uten at noko skjer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då er første utredningstime overstått. Hadde time hos ein kvinnelig gynekolog på Volvat i dag (9. august).

På utredningstimen i dag vart det tatt gynekologisk undersøkelse av meg, med celleprøve + innvendig ultralyd, for å undersøka livmor o.l. Alt såg heilt fint ut! Livmora var rund og fin, uten nokon knutar eller andre ujevnhetar. Og det var ingen tegn til PCO, som den forrige gynekologen min meinte at eg sannsynligvis hadde. Det er eg veldig glad for. :) Ho kunne ikkje vita det sikkert før resulatet av blodprøvane kom, men det var iallfall ingenting som tyda på PCO. Me prata også om syklusane mine, ting som har blitt gjort tidlegare av undersøkelsar +++

Eg skal tilbake og ta blodprøvar på 2. eller 3. mensdag i neste syklus, for å sjå om hormona mine er som dei skal vera. Legen kryssa av for forskjellige ting som då skal sjekkast, som stoffskiftet, eggkvaliteten, hormonnivå m.m. Resultatet av blodprøvane får eg i posten. Reknar med at viss det er noko som ikkje er normalt (som f.eks stoffskiftet), så må eg få behandling for det. Men det sa ho ikkje noko om.

Mannen min må bestilla time hos fastlegen sin, og få henvisning til sædprøve + klamydiatest, sa gynekologen. Det må mannen min ordna på eiga hand, for sædprøvar blir visst kun tatt på Haukeland, og ikkje på Volvat.

Ellers fekk eg resept på Pergo - dobbel kur, som eg skal ta annankvar syklus, i 4 syklusar. Viss det etter det ikkje har skjedd noko, så blir det sendt søknad om prøverør. Men det kjem jo til å ta ein evighet før eg blir ferdig med Pergokurane, viss eg ikkje blir gravid i løpet av dei månadene eg tar Pergo. Minst 8 månader vil det ta, og det er kun viss mannen min er heime i alle dei syklusane der eg brukar Pergo at det "berre" tar 8 månader. Viss han ikkje er det, så må eg jo nesten ta 2 månaders pause mellom Pergokurane i ein eller fleire syklusar. For det er jo dumt å ta Pergo i ein syklus der mannen min er vekke på jobb akkurat når eg har EL. Og eg skulle visst ikkje bruka Pergo 2 månader etter kvarandre, pga at det var dobbel kur. Og då går det isåfall lang tid før me kjem i prøverørskø.

Usj, kvifor skal alt ta så lang tid, når me allerede har prøvd i over 1 år uten resultat? :( Kryssar jo sjølvsagt alt eg har for at eg blir gravid når eg begynnar med Pergo, men ein veit jo aldri... Dessuten er det tomt for Pergo på alle apotek for tida, så då rekker eg ikkje å starta på min første Pergokur før tidlegaste neste syklus, viss mannen min er heime under EL då (det har eg ikkje sjekka enda...). :sukk:

Eg har frå før tatt blodprøvar i 2 syklusar, for å sjekka om eg har eggløysing + HSG-røntgen, for å finna ut om eg hadde åpne eggledarar. Det sa eg til gynekologen, men det var jo forrige gang me var prøvarar at eg tok dei prøvane/undersøkelsane. Men det virka ikkje som om gynekologen meinte at det var nødvendig å ta desse prøvane på nytt igjen, sidan ho ikkje sa noko om det. For det einaste eg skulle prøva var Pergo, og viss ikkje det funka så vart det prøverør. Må seia at eg synst det virkar litt rart. For sjølv om eg fekk vita at eg hadde både eggløysing og åpne eggledarar forrige gang me var prøvarar, så kan jo ting ha forandra seg sidan den gang... Dessuten er det vel fleire andre undersøkelsar ein kan ta, før ein kan seia at ein er ferdig utreda? Det er vel noko som heiter laparaskopi eller noko slikt, som eg veit at mange får gjennomført i løpet av utredningsprosessen, før det blir aktuelt med prøverør. Ikkje at eg veit kva som er vanlig og ikkje vanlig å gjera. Men eg synst liksom det var litt lite å kun ta nokre blodprøvar av meg, og gi meg resept på Pergo - så var eg liksom ferdig utreda. Er det bra nok egentlig? :klø:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke noe som helst peiling på slik utredning, men hvert fall bra dere er i gang! :jepp: Krysser alt jeg har for at det ordner seg for dere på eget vis med hjelp av pergo, og at dere slipper prøverør!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Jeg har ikke noe som helst peiling på slik utredning, men hvert fall bra dere er i gang! :jepp: Krysser alt jeg har for at det ordner seg for dere på eget vis med hjelp av pergo, og at dere slipper prøverør!

Ja, det er iallfall godt at det endelig skjer noko!

Får virkelig håpa at me klarar det på eiga hand, enten med eller uten Pergo. Hadde vore så utrulig godt å sleppa prøverør. Det høyrest så skummelt ut alt det ein må gjennom, med egguttak, medisinar, sprøyter osv. Mannen min er heller ikkje noko positiv til prøverør, så håpar intenst at eg blir gravid før me kjem så langt, slik at slepper å bruka tid på å måtte overtala mannen min til det. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gløymte å skriva ein ting, då eg skreiv om utredningstimen i går. Gynekologen kunne sjå at eggløysinga hadde skjedd frå venstre eggstokk denne gangen! Synst det var litt gøy at ho kunne sjå det. Det må vel også bety at eg har hatt eggløysing denne syklusen, og det er jo kjempebra å vita. :)

Sa til mannen min at han måtte bestilla legetime i dag, men det har han sjølvsagt ikkje gjort. :kjefte: Har ikkje tal på alle gangane eg har bedt han om å gjera det, men han finner alltid unnskyldningar for å la vera. No er det like før eg ringer til legekontoret, og bestiller time for mannen min. For no er eg lei av å venta på at han skal få ut fingen!

Eg har ikkje lyst til å ta Pergo i mange syklusar, viss det er heilt bortkasta uansett. Og det er det jo, viss mannen min har veldig dårlig kvalitet på svømmarane sine. Då kan det like godt bli sendt søknad om prøverør med ein gang, så sparar me tid. For sjølv om mannen min har klart å gjera meg gravid ein gang før, så kan det berre ha vore ekstrem flaks. Eller at sædkvaliteten rett og slett har blitt dårligare sidan den gang. Eg begynnar nemlig å mistenka at problemet (eller iallfall ein del av problemet) kan liggja hos mannen min. Alle prøvane mine såg jo fine ut forrige gang eg vart utreda, eg hadde åpne eggledarar, og fekk bekrefta eggløysing i 2 syklusar (tok blodprøvar). Det var jo PCO den forrige gynekologen min mistenkte, men no var det som sagt ingen tegn til det. Såklart kan eg ikkje vita noko sikkert før eg har tatt blodprøvar, og fått svar på dei. Eg kan såklart ha for høgt stoffskifte (det var på grensa til å vera for høgt då eg fekk det målt for mange år sidan, men det var akkurat innanfor normalen), noko som kan føra til problem med å bli gravid. Eg kan ha dårligare eggkvalitet enn før, pga alderen min. Eller noko anna.

Mannen min har heile tida vore overbevist om at det er hos meg problemet ligger, etter forrige gang eg vart utreda, og gynekologen mistenkte både PCO og endometriose. Men eg trur han begynnar å innsjå at det like godt kan vera pga hans sædkvalitet, at me ikkje får det til. Merka det på han i går, når alt såg fint ut med meg på utredningen, at han vart litt nervøs for at det er han det er noko gale med. Det er iallfall viktig å finna ut av det, uansett om problemet ligger hos han, hos meg, eller hos oss begge. Så sjølv om mannen min nok gruar seg både til å ta sædprøve og å få resultatet, så er han jo berre nødt til å få det gjort! Det er tross alt mykje verre undersøkelsar ein må gjennom som kvinne, i ein utredningsprosess. Mannen slepper sånn sett egentlig veldig lett unna!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag, 12. august, kom mensen - så då er me i gang med PP14. :( Mannen min er iallfall heime under EL denne gangen, men det spørs om det hjelper så mykje... :sukk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mannen min har forresten endelig bestilt legetime no, og har fått time om eit par veker. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...