Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

:vinke:

Jeg har fulgt med fra sidelinjen en god stund nå, og synes det var på tide at jeg hilste på.

Så godt at mannen endelig har bestilt seg time, dette var også en bøyg for gubben her. Han måtte heldigvis ta den prøven før første utredningstime på fertilitetsklinikken vi er på.

Jeg håper det blir en nydelig liten pergo-baby på dere :pls:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt mannen endelig har bestilt legetime!! :hoppe: Da er det bare å vente og se.. Krysser fingre!

Ja, endelig har mannen min tatt litt ansvar for å finna ut av ting, han også! :) Han hadde legetime i går, og fekk då henvisning til sædprøve på Haukeland. Han måtte sjølv ringa til sykehuset og avtala time, og fekk då vita at han tidlegast kunne koma om 1 1/2 veke. Men mannen min reiser på jobb i morgon, og blir vekke i 3 veker - så då blir han nødt til å venta med sædprøven til han kjem heim igjen. :( Kjedelig at det blir så lang tid å venta, og at mannen min ikkje rekker å få tatt sædprøven før han reiser på jobb. Men mannen min har iallfall fått time måndagen etter at han kjem heim (han kjem heim ein onsdag), og det blir i slutten av september.

Sjølv om det blir litt lang ventetid, så skjer det iallfall noko no! Og det blir veldig spennande å få resultatet av sædprøven til mannen min. Eg lurer sånn på om det berre er meg det er noko gale med, eller om problemet også ligger hos mannen min.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Jeg har fulgt med fra sidelinjen en god stund nå, og synes det var på tide at jeg hilste på.

Så godt at mannen endelig har bestilt seg time, dette var også en bøyg for gubben her. Han måtte heldigvis ta den prøven før første utredningstime på fertilitetsklinikken vi er på.

Jeg håper det blir en nydelig liten pergo-baby på dere :pls:

Så koselig at du har fulgt litt med i dagboka mi, og legger igjen ei helsing! :) Velkommen skal du vera, pusilus! :klem: Eg har jo sett deg inne i andre sine dagbøker, så du er på ein måte litt "kjent" for meg frå før. ;)

Ja, det tok jammen tid før mannen min også kom over den bøygen, og tok mot til seg og bestilte time til sædprøve. ;) Trur han trengte litt tid på seg til å bli komfortabel med tanken på å skulle gjera noko slikt. Men no trur eg mannen min tenker at det skal gå heilt greit, sjølv om han sjølvsagt ikkje gledar seg til å ta sædprøve. Virkar som om mannen min endelig har skjønt at det er viktig at han også blir undersøkt, og ikkje berre eg. Det er tross alt 14 månader sidan me vart prøvarar igjen, og han har nok innsett at det ikkje lenger berre er uflaks at eg enda ikkje har blitt gravid etter så lang tid...

Ja, no kryssar me fingrane for ein perfekt liten Pergobaby! :nigo:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skal innrømma at eg er deprimert, lei, redd, frustrert +++ for tida, og derfor ikkje har orka å skriva her inne på ei stund. Aldri før har eg vore så redd som det eg er no, for at eg aldri skal få bli mamma igjen. :( Eg har heile tida vore utålmodig, og synst prøvinga tar altfor lang tid. Men eg har heile tida følt meg sikker på at eg skal få fleire barn, enten at me får det til på eiga hand, ved hjelp av Pergo, og iallfall ved hjelp av prøverør, om ikkje noko anna skulle fungera. Men no er eg berre så ufattelig redd for at det allerede er for seint, og at ikkje ein gang prøverør kan fungera. :trist: Det kan henda at eg bekymrar meg uten grunn, men eg fryktar at det kan vera så ille som eg fryktar. Eg skal prøva å forklara litt nærmare...

I forrige veke fekk eg eit brev i posten frå Volvat, med resultat av blodprøvane eg tok på syklusdag 3 denne syklusen. I brevet står det at "eit eggstokkhormon er lettare forhøya, ellers er dei andre prøvane normale". Det står vidare at eg skal ta Pergo som avtalt, og koma tilbake og ta ny blodprøve etter 3 Pergokurar. Eg tenker først at dette høyrest jo bra ut, at alle prøvane er normale, med unntakk av eit eggstokkhormon, som er litt forhøya.

Men det er før eg begynner å søka rundt på nettet, for å finna ut kva slags egstokkhormon det kan vera snakk om, og kva det kan bety å ha eit forhøya eggstokkhormon. Ut frå det eg leser, finner eg ut at det sannsynligvis må dreia seg om eggstokkhormonet FSH. Og det som står om forhøya nivå av FSH, er at viss nivået av dette hormonet er ganske mykje høgare enn normalt, så har ein kome i overgangsalderen. :( Og det er då eg fått panikk for at dette kan bety at FSH er i ferd med å bli høgare (utanfor normalområdet) hos meg, fordi eg er i starten av overgangsalderen. Og at det berre vil stiga meir og meir.

Eg blir absolutt ikkje mindre beroliga når eg leser artiklar (+ ser på Puls på NRK), om temaet infertilitet. I ein artikkel eg fann på nettet, står det blant anna at 1 av 100 kvinner (1%) kjem i overgangsalderen allerede før dei fyller 40, mens 0,1% av alle kvinner kjem i overgangsalderen allerede før dei fyller 30. Dette blir kalla for tidleg overgangsalder. Når eg i NRK-programmet Puls også får høyra at kvinner er infertile så lenge som 10 år før mensen opphøyrer, og at det er umulig å merka på kroppen når dette skjer - gjer det meg enda meir bekymra. Eg er 33 år gammal (snart 34), viss nokon lurte.

Og viss dåke trur at det "berre" er pga det lett forhøya eggstokkhormonet (som eg ikkje med 100% sikkerhet veit at er FSH, sjølv om det er mest sannsynlig) at eg er bekymra - så er ikkje det den einaste grunnen! Denne syklusen min er nemlig fullstendig på bærtur. :( Mensen min, som alltid varer mellom 7 og 10 dagar, tok denne gangen slutt allerede på syklusdag 4 eller 5! Og tru meg, når eg seier at det er heilt unormalt for meg! I alle dei åra sidan eg fekk mesen for aller første gang, har mensen ALDRI vart mindre enn 7 dagar. Mellom 8 og 10 dagar er faktisk det normale. Og når eg i tillegg oppdagar EL-slim på syklusdag 5, så begynnar eg å skjønna at noko er riv ruskande gale.

Begynnar med EL-testing på CD10, og testane er då negative - sjølv om streken på testen er synlig. Eg brukar kun digitale EL-testar, for å få eit klart svar, men eg kikkar alltid på strekane etterpå likevel. Men etter nokre dagar forsvinner streken heilt, og berre kontrollstreken er synlig. Slik har det fortsatt, og testane er like negative kvar dag. :( No har eg kun ein EL-test igjen i den siste pakken eg kjøpte. Så i morgon blir siste testdag, så gir eg det opp. Har for lengst innsett at det ikkje blir noko eggløysing denne syklusen. Og det gjer meg så trist og redd, for dette har aldre skjedd før. :( Eg tok EL-testar kvar syklus då me var prøvarar forrige gang, og eg har brukt EL-testar i alle våre 14 prøvesyklusar så langt denne prøverunden - og det har aldri før skjedd at eg ikkje har fått positiv EL-test i løpet av ein heil syklus! Så kva i alle dagar er det som skjer med kroppen min no? Begynnar eg faktisk å koma i overgangsalderen allerede, og at menstruasjonen begynnar å bli ustabil + at eggløysinga forsvinner, og at dette kan vera forklaringa på det lett forhøya eggstokkhormonet? Uff, eg har ikkje ord for kor bekymra eg er no. :(

Har prøvd å ringa Volvat fleire gangar, for å få eit svar på kva slags eggstokkhormon det er snakk om, og kva det i så fall betyr. Og så har eg sjølvsagt tenkt å fortelja om den rare syklusen min, og be om å få tatt blodprøve i neste syklus, for å finna ut om eg har eggløysing. Men eg får jo aldri svar på noko som helst. Første gangen eg ringte, var det ingen gynekologar der som kunne svara meg på det eg lurte på. Ringte igjen seinare, og då var dei visst opptatt med noko anna. Men dama i resepsjonen som eg snakka med, skulle leggja igjen ein beskjed til avdelingen om at dei skulle ringa meg tilbake. Men eg har sjølvsagt ikkje fått nokon telefon, så eg blir nok nødt til å ringa tilbake enda ein gang.

Og så er det så typisk at dette skulle skje akkurat i denne syklusen, når mannen min har vore heime heile tida! Me har prøvd annankvar dag heilt sidan CD 9 eller 10. Men kva hjelper vel det, når eg tydeligvis har ein syklus uten EL! :sukk: Dette er berre trist og leit, og eg er så møkkalei av heile greiene at eg snart spyr. Kvifor kan det ikkje snart gå vår vei? Eg som alltid har ønska meg stor familie, og minst 4 barn - og så klarar me kanskje ikkje ein gang å gi godjenta vår så mykje som eit einaste lite søsken! :grine:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Æsj, no har eg fått bekrefta enda ein ting eg trudde om fertilitet, men som eg ikkje var 100% sikker på Og det er at jo tidlegare ein får mensen for første gang, jo lenger er ein fertil. Det vil altså seia at ei kvinne som får mensen i 9-10 års-alderen, kjem i overgangsalderen mange år seinare enn ei kvinne som har fått sin første menstruasjon i 15-16 års-alderen.

Ja, då er det berre å konstatera at det er enda ein ting som tyder på at eg kjem tidleg i overgangsalderen. Eg var nemlig nesten 16 år gammal då eg fekk min første mens. :cry3: Som om eg ikkje allerede var bekymra nok frå før, og så dette i tillegg...

No vil eg berre få henta ut egg med ein gang, før det er for seint! Men korleis skal det gå til, når me ikkje ein gang står i kø for prøverør? Eg skulle jo testa ut Pergo i fleire syklusar først, og så skulle me bli henvist til prøverør etter det, viss eg ikkje hadde blitt gravid ved hjelp av Pergo. Og deretter er det jo lang ventetid frå søknaden blir sendt, til me får koma i gang med prøverørsforsøk. Og når me endelig kjem så langt, så fryktar eg at eg allerede er infertil for lenge sidan! Er det på nokon som helst måte mulig å framskynda prosessen, viss det er mistanke om at ein er i ferd med å koma i overgangsalderen? Eller må ein stå like lenge i prøverørskø uansett alder og situasjon?

No har eg også funne ein artikkel på nettet, det der står at det er vanskelig å finna ut akkurat når overgangsalderen startar, fordi det skjer mange år før ein mistar menstruasjonen. Men ved å ta blodprøve ca på syklusdag 3, kan det tyda på at overgangsalderen har starta, dersom blodprøven viser eit FSH-nivå som er høgare enn normalområdet, :( No MÅ eg berre finna ut om det er FSH som er lettare forhøya hos meg! Ringte Volvat igjen i dag, for å få svar på det. Men det var sjølvsagt ingen gynekologar der i dag heller - ikkje før neste måndag! Trur snart eg blir gal! :sur: Kvifor skal det vera så vanskelig å finna ut meir om resultatet av blodprøvane eg tok? Føler at eg ikkje har tid til å berre gå rundt og venta, og ikkje vita noko som helst. No må det skje noko, og det må skje fort - ellers er eg redd for at det er for seint! :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Stakkars deg, Mirabella! :troest: Dette var mye på en gang. Men det er jo ikke sikkert det er FSH-hormonet det dreier seg om. Her må du få skikkelig svar fra Volvat. Det er det som er problemet med sånne prøvesvar, man få bare masse medisinsk språk som en ikke skjønner bæret av, og ingen forklaring ... Dårlig av Volvat å ikke kunne svare deg. Har du mulighet til å få en time til å diskutere prøvene, eller noe?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stakkars deg, Mirabella! :troest: Dette var mye på en gang. Men det er jo ikke sikkert det er FSH-hormonet det dreier seg om. Her må du få skikkelig svar fra Volvat. Det er det som er problemet med sånne prøvesvar, man få bare masse medisinsk språk som en ikke skjønner bæret av, og ingen forklaring ... Dårlig av Volvat å ikke kunne svare deg. Har du mulighet til å få en time til å diskutere prøvene, eller noe?

Ja, det er noko dritt å gå rundt og bekymra seg, og ikkje vita kva som skjer med kroppen min. :(

Eg får nok ingen svar frå Volvat før tidlegast neste måndag nei, når det er nokon gynekologar tilbake der. Var visst ingen andre enn ein av gynekologane som kunne hjelpa meg. :sukk:

Mensen kom forresten i dag, og det betyr at denne syklusen vart på berre 21 dagar. Egentlig ikkje så rart, med tanke på at eg ikkje har hatt eggløysing denne syklusen, og at eg hadde EL-slim allerede på CD5! Eg ber høgare makter om at dette berre var eit eingangstilfelle, og at syklusane mine blir normale igjen heretter. Håpar så ubeskrivelig sterkt at bekymringane mine er ubegrunna, og at det lett forhøya eggstokkhormonet mitt ikkje er noko å bekymra seg for, og ikkje har noko som helst å gjera med at eg har kome i overgangsalderen. Men eg må innrømma at eg er skikkelig redd, og fryktar det verste. :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er me forresten inne i PP15, og det er iallfall ingen tvil lenger om at det ikkje berre er uflaks at eg enda ikkje har blitt gravid. :trist:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Hei!

Var på tide at jeg fant igjen dagboken din! Her har det skjedd mye!

Blir veldig lei meg på dine vegne når jeg ser at du har endel å stri med denne mnd!!

Men nå ser jeg at du ikke har oppdatert på en stund, så jeg lurer på hvordan ting har utviklet seg?

Håper virkelig det ordner seg, og at du ikke går helt ned i dalen, for du må ikke gi opp iallefall!!

:klemmer::klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Føler med deg, Mirabella ... :troest::klemmer:

Takk! :klem:

Mirabella, så trist med mange tunge tanker :kose:

Ja, det skal ikkje vera enkelt. :sukk:

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei!

Var på tide at jeg fant igjen dagboken din! Her har det skjedd mye!

Blir veldig lei meg på dine vegne når jeg ser at du har endel å stri med denne mnd!!

Men nå ser jeg at du ikke har oppdatert på en stund, så jeg lurer på hvordan ting har utviklet seg?

Håper virkelig det ordner seg, og at du ikke går helt ned i dalen, for du må ikke gi opp iallefall!!

:klemmer::klemmer:

Kjekt at du tittar innom! :) Velkommen skal du vera. :klem:

Ja, forrige syklus var superkjip, uten EL, og med dumme blodprøveresultat. :( Fortsatt har eg ikkje fått noko svar på kva slags eggstokkhormon som var lett forhøya, og kva det i så fall betyr. Etter masse fram og tilbake, var eg til slutt så "heldig" å få snakka med ein sjukepleiar på Volvat - sjølv om det i utgangspunktet var ein gynekolog eg hadde blitt lova å få snakka med. Og sjukepleiaran var jo totalt fjern, og kunne ikkje svara meg på noko som helst. Virka ikkje som om ho skjønte kva eg spurte om ein gang. Ho svarte berre i hytt og pine, og svarte aldri på det eg spurte om. At det går an! Det einaste eg ville vita, var kva for eit hormon som var lett forhøya, og kva det kunne bety. Men eg fekk absolutt ingen svar! Totalt hjelpelaus var ho, for å vera heilt ærlig. No har eg gitt opp heile Volvat, for alt har berre vore rot der, heilt frå eg prøvde å bestilla time der for første gang.

Sidan forrige gang eg skreiv her inne, har eg vore hos fastlegen min. Bestemte meg for å heller få hjelp vidare gjennom fastlegen min. For kva i alle dagar er vitsen ved å betala masse pengar for å få utredning på Volvat, når alt er berre rot der, og eg sit igjen enda meir forvirra, uvitande og bekymra, enn før eg gjekk dit? Eg fortalte fastlegen min om alt rotet det hadde vore med Volvat, og sa kva slags prøvar/undersøkelsar eg hadde tatt der. Me avtalte at eg i denne syklusen skal ta blodprøve heilt i starten av syklusen, for å sjekka ulike hormonnivå o.l. (tilsvarande den blodprøven eg tok på Volvat). Så skal eg ta ein ny blodprøve på CD21, for å sjekka om eg har hatt EL - sidan eg veit at eg ikkje hadde EL i forrige syklus. Fastlegen min anbefalte meg vidare å ta Pergo slik gynekologen på Volvat har sagt at eg skal gjera.

Fastlegen min henviste meg også til ein gynekolog. Ho sa at viss me skulle søka om prøverør, så måtte det gå gjennom ein gynekolog. Fekk faktisk brev i dag om at eg har fått time hos gynekolog i midten av november, så det er jo ei stund til. Og av alle ting, så låg det ved ei henvisning til mannen min om sædprøve, med beskjed om at han måtte avtala tidspunkt for sædprøve raskt, slik at resultatet av sædprøven var klart til eg hadde time i november. Litt rart, for eg sa nemlig til fastlegen min at mannen min allerede hadde fått time til sædprøve, men ho har kanskje misforstått? For mannen min var faktisk på Haukeland på måndag denne veka, og tok sædprøve! Det gjekk visst bedre enn han hadde frykta på forhånd, så det var jo greit. ;) Får berre håpa at resultatet av prøven er bra!

I brevet frå gynekologen låg det også eit tempeskjema, med beskjed om at eg måtte måla tempen kvar dag i 3 månader, for å finna ut om eg hadde EL. Hadde håpa at eg skulle sleppa det... Eg tempa i mange månader forrige gang me var prøvarar, og synst det var veldig nyttig. Men no har eg ei jente på snart 2 år, som ofte er våken i løpet av nettene - så det er langt frå kvar natt at eg får så mange timar samanhengande søvn. Så det spørs vel kor mykje det egentlig har for seg å tempa, men eg kan sjølvsagt gi det eit forsøk!

Mensen kom forresten i dag. :( Ikkje akkurat noko bombe, for mannen min var på jobb i Nordsjøen når eg hadde eggløysing. Det er berre så fryktelig kjipt å tenka på at me har begynt på PP16. :trist: Kan ikkje akkurat kalla oss for ferske prøvarar lenger då, nei! Det positive er iallfall at denne sykusen har vore normal, etter forrige tullesyklus. :) Eg fekk positiv EL-test på CD12 og CD13 (13. og 14. september). Synst jo det er litt tidleg med første positiv EL-test allerede på CD12, men slik har det vore ei stund no. Håpar ikkje det er eit dårlig tegn! Lutealfasen min hadde også normal lengd (14 dagar), akkurat så lang den pleier å vera. Og så kom mensen altså i dag, 29. september.

Eg skal lova deg at eg var så langt nede i kjellaren som det er mulig å koma, i forrige prøveperiode! :( Men eg er litt meir optimistisk no, sidan denne syklusen min har vore normal. Fastlegen min meinte også at det lett forhøya eggstokkhormonet blodprøven viste, kunne koma av at eg ikkje hadde EL forrige syklus - og at dette hormonet kan vera heilt innanfor normalen igjen i ei syklus der eg har EL. Så eg håpar jo at det stemmer, og at det ikkje er overgangsalderen som har kome kastande over meg så altfor tidleg...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Drittmensen kom i dag igjen, og me har begynt på PP17! :trist: Me fekk prøvd ordentlig denne prøverunden, men det hjelper jo ingenting. :(

No er eg så ufattelig lei, og orkar snart ikkje meir av dette her! Planen var at eg skulle ha begyt på Pergo denne syklusen. Men enda ein gang er det tomt for Pergo på alle apotek - så då blir det enda ein prøveperiode totalt uten spenning. :( For eg har ingen som helst tru lenger, på at me kan få det til uten hjelp. Til det har me hatt for mange nedturar...

Fortsatt har eg syklusar med veldig tidleg EL. Denne syklusen hadde eg positive EL-testar allerede på CD 11 og CD 12 (9. og 10. oktober) - og det er jo veldig tidleg. Tvilar egentlig på at egget rekker å bli skikkelig modent på så kort tid. Lutealfasen min er iallfall lang nok. Men det spørs vel om det hjelper så mykje, viss egget ikkje er modent nok når det løsnar frå eggstokken.

Mannen min har forresten fått resultatet av sædprøven han tok. Resultatet var ikkje akkurat noko å ropa hurra for. Han ligger heilt på grensa til å ha dårlig sædkvalitet. Ja, etter å ha undersøkt litt, så har eg vel funne ut at han har ganske mykje dårligare sædkvalitet enn gjennomsnittsmannen. Ikkje noko særlig oppløftande, når det nesten 100% sikkert er noko gale med meg og. :sukk:

Eg skal som sagt til ein ny gynekolog i midten av november. Har fått henvisning gjennom fastlegen min. Har tatt pause frå Volvat, for alt var berre rot der.

Denne prøverdagboka er jo berre nitrist, dessverre. Det var definitivt ikkje slik eg hadde sett for meg at denne dagboka skulle bli... No må det snart skje noko positivt!!!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

No er eg litt meir optimistisk igjen (så lenge det varer!) ;)

Eg har vore innom fleire apotek i det siste, inne i byn (Bergen), for å prøva å få tak i Pergo. Men det har som sagt vore heilt umulig å få. Tomt på alle apotek, og dei anar ikkje når dei får det inn igjen.

I dag var siste sjanse til å få tak i Pergo. Eg er på CD 4 i dag, og det var denne dagen i syklusen eg skulle starta på Pergokuren. Gjekk innom eit apotek utanfor byn, som ein aller siste mulighet - og vart kjempeoverraska og glad då dei faktisk hadde 3 pakkar med Pergo igjen! :) Eg skal ta dobbel kur, og trengte derfor 2 pakkar. Fann ut at det var liten vits i å kjøpa 3 pakkar, for det er jo berre nok til halve kuren, neste gang eg skal ta Pergo. Så då får eg berre kryssa fingrane for at Pergoen er på plass igjen på apoteka om eit par månader, viss eg treng fleire Pergokurar! Har tenkt å spørja gynekologen (har time i midten av november) om ho kan gi meg resept på Clomifen, viss det tar lang tid før Pergoen kjem tilbake på apoteka. Clomifen er eit alternativ til Pergo, som virkar på samme måte - og som for tida visstnok er lettare å få tak i enn Pergo.

Gruar meg litt til desse Pergokurane, for eg har høyrt om folk som får ein del bivirkningar av Pergo. Står bl.a i pakningsvedlegget at Pergo gir auka risiko for cystar på eggstokkane, og at ein ikkje skal bruka Pergo viss ein har cystar på eggstokkane. Eg hadde ein cyste på den eine eggstokken forrige gang me var prøvarar, som forsvant då eg vart gravid. Eg er litt redd for at eg skal få cystar igjen no når eg begynnar på Pergo, sidan eg har hatt det før. Men eg får berre håpa på at eg slepper unna slikt, og at Pergo er akkurat det som skal til for at eg skal bli gravid! Dei 2 første Pergotablettane er iallfall tatt i dag, så no blir det i det minste litt spenning i tida framover! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...