Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

No har eg kjøpt nye EL-testar - så då startar eg testinga igjen i morgon, på dag 12 i syklusen. :) Berre synd at mannen min ikkje rekker heim i tide. Han kjem nemlig ikkje heim frå jobb før om 2 veker! :snurt:

Men EL-testing er spennande uansett - og ikkje minst, eg får oversikt over syklusen min. Håpar virkelig den har stabilisert seg ordentlig no, og at det er slutt på alt syklustullet eg har hatt etter fødselen.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Negativ EL-test i dag, som forventa. Håpar på positiv test om nokre dagar! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Måtte bare innom og fortelle at jeg har funnet en LANG mammabukse!!! På Den Kule Mage (www.denkulemage.no) har de en bukse fra 2wear som heter Twill, og den er så lang at den legger seg i folder rundt anklene :nigo::hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Måtte bare innom og fortelle at jeg har funnet en LANG mammabukse!!! På Den Kule Mage (www.denkulemage.no) har de en bukse fra 2wear som heter Twill, og den er så lang at den legger seg i folder rundt anklene :nigo::hoppe:

Så bra! :smilorange: Tusen takk for tipset! Eg skal sjekka ut den nettsida. :jepp: (Men trur ikkje eg tør å kjøpa noko mammabukse enda - må nesten sjå om eg blir gravid igjen først...).

Åååå - kupper dagboka :fnise: Hvordan er den i str?

Ja, det lurer eg også på. Håpar ikkje buksa er for vid i beina, for eg har veldig tynne bein. :fnise:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er ikke vid i beina nei, og størrelsen er omtrent sånn som jeg bruker til vanlig. Jeg var i butikken og prøvde først da, men tror ikke det skulle være noen store overraskelser :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

EL-testane er fortsatt negative, men no håpar eg snart det nærmar seg eggløysing! Synst tida går ekstremt seint for tida, sidan me ikkje får prøvd denne syklusen :( Det er så surt å gå glipp av denne prøveperioden også, så eg har aller mest lyst til å smugla mannen min heim ein av dei nærmaste dagane! :lur: Det hadde vore noko det! :fnise:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er ikke vid i beina nei, og størrelsen er omtrent sånn som jeg bruker til vanlig. Jeg var i butikken og prøvde først da, men tror ikke det skulle være noen store overraskelser :)

Høyrest veldig bra ut! :tommelopp: Den buksa må eg visst prøva å få tak i. Berre så synd at eg ikkje er gravid enda. :sur: Veit ikkje heilt om eg tar sjansen på å kjøpa mammabukse no, for tenk om eg ikkje blir gravid igjen i det heile tatt? :sjenert: Eller kanskje eg rett og slett berre skal kjøpa buksa med ein gang. :) For eg SKAL bli gravid igjen, same kva som må til - det har eg bestemt!!!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Selvfølgelig blir du gravid igjen :) Er jo ingenting som tilsier noe annet :) Men jeg tenkte litt sånn jeg også "tenk om". Meeen, det er jo bare tull :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Selvfølgelig blir du gravid igjen :) Er jo ingenting som tilsier noe annet :) Men jeg tenkte litt sånn jeg også "tenk om". Meeen, det er jo bare tull :)

Ja, eg trur og håpar jo at eg blir gravid igjen! :) Men eg fryktar at det tar enda lenger tid enn forrige gang, sidan eg ikkje er heilt ung. Vart gravid for første gang då eg var 31 år, og no er eg 33 - og det blir jo ikkje akkurat lettare å bli gravid med åra. Dessuten meinte gynekologen eg gjekk til forrige gang me var prøvarar, at eg hadde PCO, for eg hadde visst masse små og umodne egg i eggstokkane. :( Men eg synst det høyrtest litt rart ut. For eg har alltid fått positive EL-testar. I tillegg tempa eg forrige prøverunde, og alle tempekurvane mine tyda på at eg hadde eggløysing. Tok også blodprøve i 2 syklusar, som bekrefta at eg hadde hatt eggløysing.

Grunnen til at eg gjekk til gynekolog i utgangspunktet, var fordi eg hadde ein cyste på den eine eggstokken. Den vart oppdaga ved ein tilfeldighet då eg var på sykehuset og tok UL av urinblæra, pga gjentatte urinveisinfeksjonar. Legen som undersøkte meg då, henviste meg vidare til gynekolog pga cysten. Cysten forsvant forresten heilt då eg vart gravid, og det var visst veldig vanlig at det skjedde! :) Får berre håpa at den ikkje har kome tilbake igjen no.

Eg nytta iallfall sjansen til å be gynekologen min om å sjekka om alt såg normalt ut i livmora og eggstokkane, når eg først var der - sidan me var midt i prøvinga på den tida! ;) Veldig greit å bli undersøkt ordentlig - sjølv om eg ikkje var like glad for det gynekologen fann ut. Men eg vart jo gravid uten hjelp etter 8 prøveperiodar, så eg får berre kryssa fingrane for at me klarar det på eiga hånd ein gang til! Men går det 1 år uten at eg har blitt gravid, så bestiller eg nok ein time til gynekolog igjen. Men den tid, den sorg. Satsar sjølvsagt på at det ikkje blir nødvendig, og at eg blir gravid igjen veldig snart! :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men du har jo stabile sykluser? Trodde at man med PCO ikke hadde det jeg... Det er jo ingen markant nedgang i fruktbarheten før man er 35 vel, litt er det jo, men ikke veldig.

Dette har jeg tro på at kommer til å gå så fint jeg :) 33 er ingen alder :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men du har jo stabile sykluser? Trodde at man med PCO ikke hadde det jeg... Det er jo ingen markant nedgang i fruktbarheten før man er 35 vel, litt er det jo, men ikke veldig.

Dette har jeg tro på at kommer til å gå så fint jeg :) 33 er ingen alder :)

Eg har alltid hatt ganske stabile syklusar, men syklusane kan variera med nokre dagar frå månad til månad. Då me var prøvarar forrige gang, tempa eg jo. Det kunne då variera litt, kor mange dagar det gjekk frå første mensdag, til eg fekk positiv EL-test. Men tida frå EL til mens (lutealfasen) var nøyaktig like lang i alle dei syklusane eg tempa (og me var jo prøvarar i 8 månader, før det klaffa). Så lutealfasen min var iallfall 100% til å stola på i forrige prøverunde!

Etter fødselen har det derimot vore litt tull med syklusane mine. Reknar med at det har med amminga å gjera. Eg har som sagt hatt veldig seine eggløysingar, og for korte lutealfasar. Men no ser heldigvis syklusane mine ut til å vera tilbake til normalen igjen, så då håpar eg alt er som det skal vera! :)

Lurer veldig på eg også, om eg virkelig kan ha PCO, slik gynekologen min påstod. For eg har aldri hatt ekstremt lange syklusar, slik eg veit er vanlig hos personar med den diagnosen. Eg har heller ingen andre av dei typiske PCO-symptoma. I tillegg er eg veldig tynn - og etter det eg har skjønt, er det ganske uvanlig at slanke/tynne personar har PCO - for diagnosen har ofte samanheng med overvekt.

Og det at eg får positive EL-testar kvar einaste syklus, og at kurvane mine alltid viste tydeleg eggløysing då eg tempa forrige prøverunde + at eg fekk påvist eggløysing 2 gangar ved blodprøve - tyder jo heller ikkje på at eg har PCO. Men gynekologen eg gjekk til meinte iallfall at eg hadde masse små og umodne egg i eggstokkane, og dermed PCO, så ikkje veit eg...

Nei, eg føler meg absolutt ikkje gammal - så eg kryssar fingrane for at kroppen min er enig, og at eg blir gravid fort som fy! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag (11. januar) fekk eg positiv EL-test, på syklusdag 15! :nigo: Det synst eg var heilt supert, for det betyr at eg fekk tidlegare eggløysing denne syklusen også. :tommelopp: Faktisk var det på CD 15 eg fekk positiv EL-test, forrige gang eg vart gravid! :lur: Berre så utrulig synd at me ikkje får prøvd denne syklusen, sidan mannen min er på jobb i Nordsjøen for øyeblikket. :sur: Får berre kryssa fingrane for at det er slutt på syklustullet for godt no, og at neste prøveperiode gir resultat! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag (11. januar) fekk eg positiv EL-test, på syklusdag 15! :nigo: Det synst eg var heilt supert, for det betyr at eg fekk tidlegare eggløysing denne syklusen også. :tommelopp: Faktisk var det på CD 15 eg fekk positiv EL-test, forrige gang eg vart gravid! :lur: Berre så utrulig synd at me ikkje får prøvd denne syklusen, sidan mannen min er på jobb i Nordsjøen for øyeblikket. :sur: Får berre kryssa fingrane for at det er slutt på syklustullet for godt no, og at neste prøveperiode gir resultat! :)

Han får sende gutta per post da vettu :tommelopp::fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Negativ EL-test i dag, akkurat som i gravidsyklusen min! ;) Då fekk eg også positiv EL-test kun ein dag, også då på syklusdag 15! :Nikke: Vanlegvis har eg jo hatt 2 dagar på rad med positive EL-testar. Så eg har på følelsen at dette hadde blitt ein veldig bra prøveperiode, sidan den er lik gravidsyklusen min - og at eit superegg er på vei! :tommelopp: Derfor er det så ufattelig frustrerande at mannen min sit på ein plattform langt uti havet. :sur: Tenk berre kor spennande denne prøveperioden kunne ha blitt, viss mannen min var her no. Men neste prøveperiode, då MÅ det berre gå!!!!!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjem han heim tidsnok til neste PP? Utrulig slitsomt med menn som pendlar. Eg forstår eg er heldig slik.

:klem:

Mannen min kjem heim i neste veke, så han er heldigvis ikkje på jobb neste gang eg har eggløysing! :) Eg veit at han skal på eit kurs i løpet av neste friperiode, men eg veit ikkje akkurat når det er. Men han kan berre våga seg å reisa på kurs eller noko akkurat når eg har eggløysing neste gang - då set eg meg fullstendig på bakbeina! :kjempesinna: Og då tør nok ikkje mannen min noko anna enn å bli heime, håpar eg. :fnise:

Men eg får no virkelig håpa at kurset ikkje er akkurat når eg har eggløysing. Det ville ha vore ufattelig utgjort! Me har jo allerede gått glipp av 3 av 6 prøveperiodar, på grunn av jobben til mannen min - og det er litt for mykje. :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Mensen har fortsatt ikkje dukka opp - og godt er det! :) Så då kryssar eg fingrane for at den kjem på onsdag, for då er også denne syklusen min heilt perfekt! :tommelopp:

Berre så synd at me ikkje fekk prøvd denne syklusen, pga at mannen min var vekke under EL. :( Etter alle dei tullete syklusane mine etter forrige fødsel, er det typisk at mannen min er på jobb akkurat under EL, når eg endelig har ein normal syklus. Får berre håpa at det er slutt på tullesyklusane mine for godt, og at spiren sit i PP7! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Krysser også fingrene for at syklusen din blir som planlagt denne gang, og at mannen er hjemme neste gang det gjelder :klemmer:

Natti natt :natti:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...