Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

TIPPELISTE:

- Marikke: 8. desember

- dreia: 14. desember

- Kakaoen: 15. desember

- Maiava88: 16. desember

- Luremegpå: 17. desember

- Blondie65: 20. desember

- Kommode: 21. desember

- Lollipop: 22. desember

- pysepusen: 23. desember

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Notert! :) Hadde ikkje gjort noko å født nokre dagar før termin, nei. ;)

Hehe, kjenner så absolutt til den ;)

Endret av Maiava88
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:fnise: Så koselig jeg er da ;) Ingen som vil tippe etter meg?

Nei, det er det ingen som får lov til. :fy_fy: Eg har nemlig bestemt at ungen skal vera ute før julafta! :lur:

Hehe, kjenner så absolutt til den ;)

Ja, ikkje sant! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

36 veker i dag, og formen er fortsatt heilt super! :nigo:

Eg har virkelig ingen som helst plager av noko slag, og synst det er ganske fantastisk. :) Eg har ikkje kjent antydning til bekkensmerter enda, eg sover godt om nettene. Må ikkje ein gang opp for å gå på do i løpet av natta. Og eg kjenner masse bevegelsar frå vesla i magen, noko eg synst eg veldig koselig. :) No er det faktisk berre 30 dagar igjen til termin (sjølv om tickeren min er litt feil) - og det er jo berre litt over 4 veker til! :overrasket: Kan ikkje heilt skjønna at det er så kort tid igjen før vesla er her. :hjerter_rundt:

Forrige gang eg var gravid, hadde eg bekkensmerter dei 10 siste vekene av svangerskapet. Klarte ikkje å snu meg i senga om natta, og måtte opp og gå på do fleire gangar i løpet av natta, fordi storesøster pressa så veldig på urinblæra mi heile tida. Følest litt rart at eg ikkje har nokon av desse plagene denne gangen. Svangerskapsplager blir jo ofte verre og kjem tidlegare for kvart svangerskap, men hos meg er det tydeligvis motsatt! Alderen min hadde eg også trudd at skulle gjera plagene mine verre enn sist, sidan eg ikkje akkurat blir ei ung mamma (har nettopp fylt 36). Blir jammen spennade å sjå om formen held seg like bra denne siste månaden av svangerskapet, eller om alle plagene kjem kasta over meg no!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg lurer på om hun ikke finner det for godt å dukke opp på Lucia-dagen, den 13. desember. :)

Ja, det skal du berre sjå på! ;) Skal få det med i tippelista. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kjenner eg er ørlite misunnelig på deg. Helsing ho som utset legginga fordi ho gruar seg til å stå i dusjen med bekkensmertene sine... Eg må nok ty til dusjstolen i kveld... :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

TIPPELISTE:

- Marikke: 8. desember

- Nótt: 13. desember

- dreia: 14. desember

- Kakaoen: 15. desember

- Maiava88: 16. desember

- Luremegpå: 17. desember

- Blondie65: 20. desember

- Kommode: 21. desember

- Lollipop: 22. desember

- pysepusen: 23. desember

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kjenner eg er ørlite misunnelig på deg. Helsing ho som utset legginga fordi ho gruar seg til å stå i dusjen med bekkensmertene sine... Eg må nok ty til dusjstolen i kveld... :sjenert:

Huff då, har du bekkensmerter allerede så tidleg i svangerskapet? :troest: Høyrest ikkje noko kjekt ut i det heile tatt. Var du mykje plaga med bekkenet forrige gang du var gravid og?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff då, har du bekkensmerter allerede så tidleg i svangerskapet? :troest: Høyrest ikkje noko kjekt ut i det heile tatt. Var du mykje plaga med bekkenet forrige gang du var gravid og?

Eg var mindre plaga sist. Då kom det litt over halvvegs, og det var absolutt levelig. Denne gongen kjente eg antydningar alt i veke 5, og det har berre blitt verre. :forvirret:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg var mindre plaga sist. Då kom det litt over halvvegs, og det var absolutt levelig. Denne gongen kjente eg antydningar alt i veke 5, og det har berre blitt verre. :forvirret:

Huff, så slitsomt. :( Ikkje noko kjekt å ha det slik! :klem: Jammen er eg heldig, som slepper unna alle slike plager. Utfordringa for meg er å i det heile tatt klara å bli gravid. Men når eg først blir gravid, og alt er bra med babyen i magen, så har eg veldig enkle og problemfrie svangerskap. Er vel motsatt med deg - du blir lett gravid, mens det er svangerskapet som er den største utfordringa! Får berre håpa at du ikkje blir mykje verre enn det du er no, og at du har mulighet til å slappa mest mulig av i tida framover. Reknar med at du er sjukemeldit, viss du allerede no har såpass store bekkensmerter?

JEg tipper 21. desember jeg også :)

Ok, det er notert! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

TIPPELISTE:

- Marikke: 8. desember

- Nótt: 13. desember

- dreia: 14. desember

- Kakaoen: 15. desember

- Maiava88: 16. desember

- Luremegpå: 17. desember

- Blondie65: 20. desember

- Kommode: 21. desember

- pusilus: 21. desember

- Lollipop: 22. desember

- pysepusen: 23. desember

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg hatt min aller siste jobbdag! smil.gif Følest veldig rart at eg ikkje skal på jobb meir, før vesla kjem. blunket.gif Egentlig startar permisjonen min først neste tirsdag (27. november), då er det akkurat 3 veker igjen til termin. Men eg har nokre feriedagar til gode, som eg må ta ut før permisjonen startar. Derfor har eg hatt min siste jobbdag allerede i dag!

Håpar eg får nokre veker på meg no til å å gjera alt klart, før babyen kjem. Eg har ikkje forberedt nokon ting enda, så det er vel på tide at eg kjem i gang. sparke.gif

Men det er litt typisk - no i kveld hadde eg planar om å berre slappa av og kosa meg, og nyta at eg ikkje skal på jobb på leeeenge! Men så var eg på do litt tidlegare i kveld. Hadde akkurat reist meg opp og dratt opp trusa, då eg kjente at det rann, og trusa vart heilt våt. deppa.gif Det har skjedd fleire gangar tidlegare no i siste del av svangerskapet, at eg plutselig kjenner at det renner litt - og då er det ganske mykje utflod som kjem på ein gang. urk.gif Men då eg såg etter, var det ikkje vanlig utflod denne gangen. Det såg akkurat ut som vatn - heilt blankt og tynt som vatn. Og det var såpass vått i trusa, at eg var nødt til å bytta truse. Kom også litt meir "vatn" på papiret då eg tørka meg igjen.

Og no sit eg her i sofaen, og er livredd for å røra på meg. deppa.gif Har kome litt meir i trusa nokre gangar etterpå, men mindre enn første gangen. Er så redd for eg det er fostervatn-lekkasje. For eg har aldri før opplevd å ha utflod som er så tynn at den ser akkurat ut som vatn. Det er derfor eg fryktar at det er litt fostervatn som har rent ut.

Eg vil IKKJE ha nokon fødsel enda, altså! tullerdu.gif Eg er berre i veke 36, og eg har absolutt ingenting klart til babyen kjem. Eg skal heldigvis til jordmor i morgon, så då skal eg nevna det for henne, og spørja om det er mulig at det kan vera litt fostervatn som har kome, eller om det går an å ha utflod som ser ut akkurat som vatn. Får berre håpa at det ikkje kjem meir i løpet av kvelden/natta, for då blir eg skikkelig bekymra altså. deppa.gif

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!Ah.typisk hvis hun skulle komme nä ja!

Det er ikje slimproppen? Men du skal ringe føden når sånt skjer! Ring og oppdater! Lykke til og god natt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...